europass

Nájsť si prácu

Nájdite si vhodné pracovné miesto spomedzi tisícok príležitostí dostupných v celej Európe. Výsledky vyhľadávania zabezpečuje EURES - Európsky portál pre pracovnú mobilitu. 

Výsledky
Zobrazené 56452 Výsledky

Sort by
Gruppeleiar
KVAM HERAD SONE NORHEIMSUND
Norway, NORHEIMSUND

Er du ein framtidsretta og løysingsorientert leiar som vil vera med og utvikla heimetenesta i Kvam? 

Kvam heimeteneste gjev helsehjelp og praktisk bistand til omlag 200 brukarar som bur i området frå Kjepso til Ljones. Du vil leia ei personalgruppe med høg kompetanse og stor evne til å vera fleksible i arbeidskvardagen. Kvam heimeteneste har omlag 24 årsverk og saman med deg i leiarteamet har du assisterande gruppeleiar som også arbeider som sjukepleiar i gruppa.



Arbeidsoppgåver

  • Drift- og utviklingsoppgåver innan fag, personal og økonomi
  • Gje fagleg rettleiing til personalgruppa
  • Driva og delta aktivt i kontinuerleg forbedringsarbeid og endringsarbeid i tenesta
  • Bemanning- og arbeidstidsplanlegging i samarbeid med assisterande gruppeleiar og tillitsvalde
  • Jobbe etter tenesta sine mål om å skape tenester for framtida der heimetenester er eit sentralt satsingsfelt 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Leiarutdanning og/eller leiarerfaring innan helsesektoren er ei føremon. Dersom du ikkje har formell leiarutdanning, må du vera villig til å gjennomføre dette
  • Førarkort klasse B

 

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar. 

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som 

  • har stor arbeidskapasitet, er fleksibel og ser løysingar
  • har særs gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har fokus på systematisk arbeid med kontinuerleg utvikling av tenesta
  • er ein god rollemodell og skaper engasjement og entusiasme i personalgruppa
  • har fokus på- og ser verdien av- samarbeid og å sjå heilheit i heile pleie- og omsorgstenesta
  • stillinga passar for deg som trivst med ein variert arbeidskvardag der du må løyse ulike utfordringar

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der me jobbar godt saman for å utvikla kvarandre og tenestene 
  • Høve til personleg og fagleg utvikling
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar    

Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak.
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.   

Kontaktinformasjon

Ingunn Kråkevik, konst. leiar for legetenesta, +47 459 77 148
Annelin Aga, Gruppeleiar Kvam heimeteneste, 482 08 990

Arbeidsstad

Nedre Norheim 44
5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5031260863
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.12.2025

Om arbeidsgiveren:

Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av  regionsenteret vårt Norheimsund.

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir

Lærar 
ORSTAD SKULE
Norway, KLEPP STASJON

Undervisningsstilling mellomtrinnet / ungdomstrinnet

Orstad skule har ledig stilling som lærar på mellomtrinnet / ungdomstrinnet. Det er ønskelig med tysk i fagkretsen, og gjerne KRLE og spes.ped.

Orstad skule er en 1-10 skole med læringssenter som er lokalisert like ved Kverneland og Klepp stasjon. Det er totalt ca 320 elever og 65 ansatte. Skulen ligg i flotte omgjevnadar like ved flotte turområde slik som Kalbergskogen og Frøylandsvatnet.

Skulen er oppteken av å utvikle eit inkluderande fellesskap som fremjer helse, trivsel og læring for alle. Orstad skule bruker smart oppvekst som skal bidra til robuste barn og ungdom som taklar det livet byr på i medgang og motgang.

I Kleppskulen er kjernekomponentane den engasjerte eleven, profesjonelle læringsfellesskap og læreplanforståing. Me jobbar med profesjonsutvikling gjennom Lesson Study, og me bruker læringsbrett i opplæringa. Skulen sin visjonen er "Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra", og verdiane våre er å vere godt fagleg førebudd, ha eit trygt, ope og positivt læringsfellesskap, klare mål og forventningar til elevane og tydelege vaksne.

Ikkje vent med fristen til å søkje, me kjem til å invitera inn aktuelle søkjarar fortløpande til intervju. Velkommen til ein spennande arbeidsplass!


Arbeidsoppgåver

  • vere faglærar i tysk og KRLE i tillegg til spes.ped på mellomtrinn / ungdomstrinn
  • planleggja og gjennomføra ei variert, utforskande og inkluderande undervisning med vekt på å utvikla den faglege og sosiale kompetansen til elevane
  • sørgja for eit trygt, inkluderande og godt skule - og klassemiljø for alle
  • delta aktivt i profesjonsfellesskapet

Kvalifikasjonar

  • du må ha godkjent lærarutdanning med tysk i fagkretsen . Det er ønskeleg at du har fleire undervisningsfag gjerne KRLE og spes.ped
  • du har god forståing og kjennskap til  læreplanverket
  • du har god kunnskap i norsk både munnleg og skriftleg
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt

I tråd med opplæringslova er tilfredstillande politiattest ei forutsetning før tilsetting.

Attestar og vitnemål

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kan gi uttelling på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

  • du vert motivert av å gjere ein forskjell for elevane
  • du er ein dyktig klasseleiar
  • du er ein trygg relasjonsbyggar med eit positivt elevsyn
  • du er god til å samarbeide med både elevar, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • du er fagleg oppdatert og trivst med utviklingsarbeid
  • du er løysningsorientert, fleksibel og sjølvstendig
  • du har godt humør

Vi tilbyr

  • ein spanande, krevande og viktig jobb i eit energisk og positivt arbeidsmiljø
  • gode muligheter for fagleg og personleg utvikling

Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons - og forsikringsordninger. Ansettelse skjer for øvrig på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysning, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler. Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk.

 

Kontaktinformasjon

Randi Harveland, rektor, +47 41292877

Arbeidsstad

Skogvegen 26
4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5050658814
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 05.01.2026
Sluttdato: 19.06.2026
Søknadsfrist: 22.12.2025

Om arbeidsgiveren:

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

 

Forskar 1109 (to mellombelse stillingar) i algoritmar
UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN
Norway, BERGEN

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Forskar 

Ved Institutt for informatikk er det ledig to mellombelse stillingar som forskar i algoritmar.
Stillingane er for ein periode på 2 år og knytt til ERC Advanced-prosjektet «New Horizons of Parameterized Complexity» (NewPC). Ønskeleg oppstart av stillingane er april 2026.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Prosjektet har som mål å utvikle multivariate algoritmiske og kompleksitetsverktøy for optimeringsproblem som involverer geometriske og algebraiske objekt som punkt, vektorar, lineære rom og matriser.


Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innanfor datavitskap/informatikk eller matematikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med forsking på høgt nivå, dokumentert gjennom publikasjonar i dei fremste konferansane innan algoritmar som FOCS, STOC, SODA, ICALP eller SOCG, og/eller maskinlæring som NeurIPS, ICML eller ICLR, er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 657 000,- ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert. 
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

professor Fedor Fomin, Institutt ved informatikk, UiB: fedor.fomin@uib.no eller professor Inge Jonassen, instituttleiar ved Institutt for informatikk, UiB: inge.jonassen@uib.no


For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Maria Svåsand, Fakultet for naturvitenskap og teknologi, UiB: maria.svasand@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

   

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Om arbeidsgiveren:

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Ferievikar 2026 - Sjukepleiar, vernepleiar, sosionom og helsefaglege studentar m.m.
HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND BEHANDLINGSSENTER
Norway, ÅLESUND

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Avdeling for TSB Ålesund har behov for ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2026. Vi tilbyr tverrfaglig spesialisert behandling til personer med rusmiddelavhengighet, samt personer i legemiddelassistert rehabilitering (LAR). Vi treng sjukepleiarar, vernepleiarar, barnevernspedagogar, sosionomar, miljøterapeutar og studentar innan sjukepleie, helsefag, psykologi og sosialt arbeid. Stillingane inneber både dag-, kveld- og nattevakter.

Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. veke 25 t.o.m. veke 33:

  • Korttids døgn rusbehandling TSB Ålesund
  • Avrusing rusbehanding TSB Ålesund

Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter avdelinga sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV. 


Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i miljøterapeutiske aktivitetar og praktiske oppgåver
  • Utifrå kvalifikasjonar kan ein få andre arbeidsoppgåver, t.d medikamenthandtering 

Kvalifikasjonar

  • Helse-/sosialfagleg utdanning/bakgrunn
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Fullstendig førarkort klasse B med manuell gir

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du er serviceinnstilt til pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
  • Fagleg interessert og lærevillig

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Gratis parkering

For meir informasjon om vår region, sjå her og her.

Kontaktinformasjon

Astrid Birgitte Aakernes, Seksjonsleiar, Avrusing rusbehandling TSB Ålesund, +47 70 17 13 38, Astrid.Birgitte.Aakernes@helse-mr.no
Linn Therese Reiakvam, Seksjonsleiar, Korttids døgn rusbehandling TSB Ålesund, +47 70 17 13 84, linn.therese.reiakvam@helse-mr.no
Line Olaisen, Teamkoordinator, Avrusing rusbehandling TSB Ålesund, +47 70 17 13 34

Arbeidsstad

Vestmoa 27
6018 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5044743969
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2026

Om arbeidsgiveren:

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Vil du vera med å gjera ein forskjell kvar dag?
SANDEID OPPVEKSTSENTER
Norway, SANDEID

Er du ein engasjert og dyktig lærar som ønskjer å gjera ein forskjell for elevane våre? 

  • Sandeid oppvekstsenter består av ein 1-7 skule med 111 elevar og ein barnehage med 64 barn. Tilsaman er me omlag 45 tilsette med assistentar/fagarbeidarar, miljøarbeidarar pedagogar, inkludert 14 lærarar.

Frå desember 2025 av har me ledige vikariat i inntill 100% lærarstilling ut skuleåret 2025-2026, med mogelegheit for forlenging.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning i tråd med læreplanverket og lokale mål.
  • Tilpassing av undervisninga til elevane sine føresetnader og behov, slik at alle får moglegheit til å lykkast.
  • Å skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmiljø der elevane trivst og utviklar seg.
  • Oppfølging av elevane si faglege og sosiale utvikling gjennom vurdering og rettleiing.
  • Samarbeid med kollegaer, leiing, føresette og andre aktørar for å sikre god oppfølging av elevane.
  • Deltaking i fagleg utvikling, teamarbeid og profesjonsfellesskap for å styrke undervisningspraksisen.
  • Bidra aktivt til vidareutvikling av skulen som ein lærande organisasjon.
  • Varierte og meningsfulle oppgåver som gjer ein forskjell for elevane kvar dag.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
  • Gratis parkering
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. For kontaktlærarar vil du få eit kontaktlærartillegg på kr. 27.000 til kr. 38.000, avhengig av antall elevar du er kontaktlærar for. 

Kvalifikasjonar:

  • Relevant og godkjent lærarutdanning, gjerne med kunst & handverk som eit av faga.
  • Erfaring frå undervisning både på mellomtrinnet og småtrinnet.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk. 

Personlege eigenskapar:

  • Du er positiv, har engasjement for barn og unge og har lyst til å gjera ein forskjell for elevane.
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du kan arbeida sjølvstendig, så vel som i team.
  • Du har ei løysingsorientert tilnærming til arbeidsutfordringar.
  • Du er ein autoritativ vaksen.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.
Gynekolog, Voss sjukehus
HELSE BERGEN HF VOSS SJUKEHUS
Norway, VOSS

Søkjer du ein kvardag med nærleik til frisk luft og fjell? Men samstundes ynskje om å arbeide i eit spanande og utfordrande sjukehusmiljø?
Velkomen til Voss!

Voss Føde- og gynekologisk avdeling søkjer etter nye kollegaer. Vi har ledig 100% fast stilling og 100% vikariat som overlege. Her møter du eit ungt fastbuande overlegekollegium som alle har fått si spesialistutdanning i Helse Bergen. Oppstart etter avtale. Vikariatet er frå 05.01.26 - 03.01.27 med moglegheit for forlenging.   

Vi søkjer deg som har erfaring innanfor generelle gynekologiske problemstillingar i poliklinikken og på operasjonsstova. Du må samstundes beherska fødselshjelp godt og trivast med vaktarbeid på fødegangen, samt poliklinisk oppfølging av risikogravide frå vårt distrikt. Arbeidsoppgåvene vil vere både innan fødselshjelp, gynekologi og oppfølging av nyfødde. Vaktordninga er for tida 5-delt med heimevakt på kveld og natt.

Det blir født kring 400 born på Voss i året. Ved sida av å ha sett til at alt gjekk fint for seg med dei, gjennomfører vi kring 3000 polikliniske konsultasjonar og 300 operasjonar. Vi utfører dei fleste inngrep innanfor benign gynekologi. Vi har stor fokus på faglig utvikling og vi ventar at du har det samme. Vi samabeider tett med Kvinneklinikken på Haukeland. 

Generelt om Voss sjukehus:
Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.

Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjend gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset, og ein flott golfbane. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.


Arbeidsoppgåver

  • Poliklinikk
  • Operasjonar
  • Visittgang/postarbeid
  • Vurdere tilvisingar
  • Fødselshjelp og oppfølging av nyfødde
  • Undervising og rettleiing av LIS1 og LIS3
  • Delta i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i gynekologi
  • Du må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø 
  • Du er bevisst eigne avgrensingar, ber om hjelp samt melder avvik om det oppstår
  • Du har engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring 

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeidar strukturert og målretta
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Kan delegere og følgje opp delegerte oppgåver 

Vi tilbyr

  • Vi har eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling
  • Tilpassa onboarding på nærare fastsette vilkår
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Voss sjukehus vil kunne hjelpe med passande bustad
  • Voss har ei sterk identitet som ei kultur- og naturbygd, og tek vèl i mot nye innbyggjarar


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kathrine Woie, Seksjonsoverlege, +47 97176463

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16
5704 Vossevangen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5025225009
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 14.12.2025

Om arbeidsgiveren:

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Tilkallingsvikarar/helgestillingar ved heimeteneste og rehabilitering
TIME KOMMUNE HJEMMETJENESTER AMBULERENDE
Norway, BRYNE

Tilkallingsvikarar / helgestillingar i Time kommune.      

Det vil til tider vera behov for ringevikarar og helgestillingar i verksemda heimetenester og rehabilitering.  

Alle avdelingane i verksemda samarbeider tett, men spesifiser i søknadsteksten kva for ei avdeling du ønsker å arbeida i.   


Verksemda har fire avdelingar med  mellom anna heimesjukepleie, bufellesskap, dagsenter og korttids- og rehabiliteringsavdeling.   

Avdeling nord:  Avdelinga held til på Kvernaland omsorgssenter og har bufellesskap for eldre, dagsenter og heimetenester ute i brukaren sin heim.   
Avdeling aust: Avdelinga held til på Sivdamsenteret på Bryne og gjev heimetenester i brukaren sin heim. Nattpatrulja dekker heile kommunen.   
Avdeling vest: Avdelinga held til på Sivdamsenteret på Bryne og har bufellesskap for eldre i tillegg til heimetenester ute i brukaren sin heim.   
Korttid- og rehabiliteringsavdelinga: Avdelinga held til på Sivdamheimen og har 24 plassar for pasientar som treng korttidsopphald og rehabilitering.     


Leiarane i dei forskjellige avdelingane vil ved behov ta kontakt med deg direkte dersom det er aktuelt å setta opp eit intervju. 
Det finnes stipendordningar for sjuke- og vernpleiarstudentar. 
Det er krav om politiattest for alle områda. 

Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysning, og du vil kun få ei bekrefting på at me har mottatt søknaden din. Det vil ikkje bli sendt avslag.  

        

Arbeidsoppgåver

Pleie- og omsorgsoppgåver i brukaren sin heim, på bufellesskap eller på korttids- og rehabiliteringsavdelinga.    
Utdeling av legemiddel.   
Stell og pleie oppgåver.   
Klargjering av måltid.    
Dokumentasjon.   
Samarbeid med brukar og pårørande.  

Kvalifikasjonar

Me treng fleire gode faste tilsette eller vikarer med ulik bakgrunn, for eksempel:   
  
-offentleg godkjenning som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar/hjelpepleiar.   
-sjuke-/vernepleiestudentar vert oppmoda til å søka.   
-elevar med helsefagleg bakgrunn.   
-assistentar.   
  
Erfaring frå heimetenester og/eller korttid- og rehabilitering er ein fordel, men opplæring vert gjeve viss du ikkje har erfaring.   
  
Du må vera over 18 år.   
Du må kunna gjera deg godt forstått på norsk, både munnleg og skriftleg (minimum B2).  
Du må ha sertifikat for personbil for å jobba ute i heimetenesta.   
Det er krav om politiattest.     

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • Du må kunna arbeida sjølvstendig i ein hektisk arbeidskvardag og vera fleksibel då arbeidet stadig er i endring.   
    Du må vera god på kommunikasjon og vera ansvarsbevisst.   
    Du må ha evne og vilje til å tileigna deg ny kunnskap som er nødvendig for arbeidet.   
    Du bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø. 
    Personlege eigenskapar vert vektlagde.    

Vi tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff/avtale
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
  • Stillingsstørrelse etter avtale.   
    Kandidatar vert vurderte fortløpande.   

    Tykkjer du dette høyres spennande ut? Sjå filmen frå avdelingane våre.  
     
    https://play.mediaflowpro.com/ovp/16/15GE737L02   


Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.

 

Kontaktinformasjon

Jeanette Øyen, Avdelingsleder, 45204744, jeanette.oyen@time.kommune.no

Arbeidsstad

Røyrvika 12
4340 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5020993348
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 25.09.2026

Om arbeidsgiveren:

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Tilkallingsvikar Raus Bufellesskap
OSTERØY KOMMUNE RAUS BUFELLESSKAP
Norway, HAUS

Om stillinga

Raus bufellesskap er eit bufellesskap i eininga Psykisk helse og rusomsorg. Eininga består av psykiatrisk heimeteneste, kommunal psykolog, bufellesskapet og tilbodet Kroken som gjev tenester til personar med rusproblem. 

I bufellesskapet bur det 6 bebuarar fordelt på 2 hus. I hus 1 jobbar det ein døgnvakt og ein mellomvakt. Hus 2 jobbar det to på døgnvakt. I tillegg er det nokre boliger tilknytta bufellesskapet som får oppfølgning. Vi gjev tenester til vaksne personar med psykiske lidingar og/eller rusproblematikk. 

Vi søkjer etter deg som likar å arbeide tett på mennesker og som vil være med å bidra til aktive og meiningsfulle dagar til bebuarne i bufellesskapet. Det er også viktig at du er ein som kan gi trygg og god hjelp i faste kvardagsrutinar.

I bufellesskapet jobbar dei døgnturnus og langvakter, vi treng dyktige folk på tilkalling til både døgnvakter og langvakter. 


Arbeidsoppgåver

  • Gje bistand til bebuarar i dagleglivets aktiviteter 
  • Bidra til å skape eit godt sosialt fellesskap 
  • Ha fokus på aktivitet i kvardagen 
  • Bidra til å skape trivsel og tryggleik 
  • Hjelp, rettleiing og støtte til daglege aktiviteter 
  • Miljøarbeid
  • Delta i legemiddelhandtering ved behov 
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver
  • Journalføring. Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.

Kvalifikasjonskrav

  • Interesse for omsorgsfag og arbeid med mennesker med psykiske lidingar 
  • Student eller ferdig utdannet innen vernepleier, sjukepleie, helsefagarbeider eller annen relevant utdanning 
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå brukargruppa
  • Førerkort klasse B 
  • Det er påkrevd med gyldig politiattest ved tiltredning
  • Søkjarar utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk

Vi tilbyr

  • Ein arbeidstad i naturskjønne omgjevnadar i nydelege Haus
  • Høgt fagleg kolleganivå og eit godt arbeidsmiljø
  • Stor fagleg variasjon
  • Døgnvakter eller langvakter 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar, for tida i KLP
  • Gode parkeringsmoglegheiter
. Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY

Kven er du? 

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
  • Gode samarbeidsevner og er ansvarsbevist
  • Tryggleik i faget
  • Du er punkleg, til å stole på og er lojal mot fellesbeslutningar
  • Du er nysgjerrig, open og har evne til å refektere 
  • Du må være ein person som likar ei utfordring, er løysningsorientert og nytenkande
  • Du er påliteleg, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar
  • Gode kommunikasjonsferdigheter og er lett å prate med
  • Du er fleksibel og gjør det som er naudsynt

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetting.

Vi vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar. Du kan difor bli kontakta sjølv om søknadsfristen ikkje er utgått. 


Om arbeidsgiveren:

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

Sairaanhoitaja Attendo Jyrin hoivakoti Liperi (Ylämylly)
Attendo Oy
Finland, Ylämylly
Sairaanhoitaja ikäihmisten pariin Attendo Jyrin hoivakoti Liperi – Olemme täällä sinua varten!Jokainen asukkaamme ansaitsee tulla kohdatuksi omana itsenään ja elää täyttä elämää. Attendolaisena olet tärkeä osa tätä tehtävää.Sairaanhoitajat ovat tiimimme kantavia voimavaroja, tärkeitä hengenluojia ja vahvoja vaikuttajia.Heidän ansiostaan asukkaamme saavat hyvää hoitoa ja heidän arkensa on turvallista ja mielekästä. Siksi haluamme sinun viihtyvän ja kokevan olevasi juuri oikeassa paikassa, tekemässä työtä, jolla on merkitys.Mitä sinä pääset tekemään?Asukkaiden kokonaisvaltaisesta hyvinvoinnista huolehtiminenLääkehoidon toteuttaminen ja seurantaYhteistyö asukkaiden läheisten kanssaMukana kotimme hoitotyön kehittämisessäMoniammatillinen yhteistyö muiden ammattilaisten kanssaTehtävä on kokoaikainen ja toistaiseksi voimassa oleva. Työtä tehdään arkiaamuissa ja työsuhteen aloituksen ajankohdasta voimme sopia kanssasi.Tutustu meidän arkeemme kotisivuilla Attendo Jyri / Instagramissa: @attendojyriMitä edellytämme sinulta?Sairaanhoitajan tutkinto javahvaa osaamista tiimityöstä ja ikäihmisten hoitotyöstä sairaanhoitajanaTartuntatautilain 48§:n tarkoittama rokotussuoja asiakkaiden ja potilaiden suojaamiseksi koko työsuhteen voimassaoloajan ajaksiHygieniapassi tai valmius sen suorittamiseen kolmen kuukauden kuluessa työsuhteen aloittamisestaSujuvaa suomen kielen taitoRikosrekisteriote yli kolmen kuukauden mittaisessa työsuhteessa (alaikäisten, iäkkäiden ja vammaisten kanssa toimiessa)Sote-ammattikortti eli varmennekorttiArvostamme aitoa kiinnostusta ja kokemusta työskentelystä hoivaa ja tukea arkeensa tarvitsevien asukkaidemme kanssa. Kohtelet asukkaita, heidän läheisiään ja työkavereitasi lämpimästi. Sinulla riittää huumorintajua ja ymmärrät ihmisten erilaisuutta. Työskentelet erinomaisesti tiimin jäsenenä, mutta kykenet myös itsenäisiin päätöksiin ja voit toimia ammatillisena tukena lähihoitajille. Kannat vastuuta, tartut innoissasi haasteisiin ja olet avoin uusille ideoille.Mitä tarjoamme sinulle? Kuljemme rinnallasiAttendolla esihenkilösi ei ole kaukana, vaan mukana arjessa – tukemassa ja kulkemassa rinnallasi. Meillä olet tärkeä osa moniammatillista tiimiä, joka tekee kodista kodin asukkaillemme. Tuemme kehittymistäsiAttendolla kehittymismahdollisuudet ovat täyttä totta, eivät pelkkää puhetta. Meillä on laaja koulutustarjonta, ja kannustamme kaikkia työntekijöitämme kouluttautumaan ja halutessaan myös etenemään urallaan. Joustamme kanssasiTasapaino työelämän ja muun elämän välillä on meille tärkeää. Meillä saat vaikuttaa työvuoroihisi ja sovittaa työn elämäsi eri vaiheisiin.Työsuhde-etuihimme kuuluvat esimerkiksi:Ilmainen kahvi/tee töissä sekä ateriaetuKattava työterveyshuoltoLiikuntaa ja kulttuuria mahdollistava ePassi, jota voit käyttää esimerkiksi elokuva- ja konserttilippuihin tai urheiluharrastukseesiHenkilöstöetuohjelma, joka tarjoaa etuja usealle eri palveluntuottajalleTyösuhteen ehdoissa ja palkkauksessa noudatamme yksityisen sosiaalipalvelualan työehtosopimusta. Palkkaus / palkkaluokka tehtävään on G22D.Lisäksi maksamme 1.8.2025 voimaan tulleen Ysos Tes mukaisen paikallisen erän, jonkasuuruus on 85,77€/kk kokoaikaisesti työskentelevälle henkilölle.Huomioithan, että olemme savuton työpaikka. Kiinnostuitko?Hakuaikaa on 31.12.2025 asti, mutta älä jää odottamaan, vaan hyödynnä mahdollisuus päästä osaksi tiimiämme – täytämme paikan heti, kun sopiva hakija löytyy! Lisätietoja tehtävästä antaa Attendo-kodin johtaja. Lähetäthän työhakemuksesi vain rekrytointijärjestelmän kautta.Täällä sinua varten Attendo-kodin johtajan yhteystiedot:Maarit Venäläinenmaarit.venalainen@attendo.fi050 596 4687Rekrytointiprosessin päätyttyä tulemme lähettämään lyhyen kysymyksen, jolla kartoitamme hakijoiden tyytyväisyyttä rekrytointiprosessiimme.Attendo – Tulevaisuuden hoivan suunnannäyttäjäAttendo on Pohjoismaiden johtava hoivapalveluiden tarjoaja. Tehtävämme on vahvistaa ihmistä niin, että jokainen, joka meillä asuu, saa elää omannäköistään täyttä elämää.Tarjoamme hoivaa ja asumispalveluita ikäihmisille, kehitysvammaisille, vammautuneille, päihde- ja mielenterveyskuntoutujille sekä lastensuojelun ja terapian tarpeessa oleville.Asukkaillemme olemme ennen kaikkea koti, sidosryhmillemme kumppani ja yhteiskunnassa vahva muutosvoima. Yli 18000 työntekijäämme palvelee yli 400 toimipisteessä ympäri Suomen.Vahvistamme ihmistä. Katsomme eteenpäin. Ratkaisemme yhdessä. Me olemme Attendo.www.attendo.fi
Lähihoitaja Attendo Hillankukka Rovaniemi
Attendo Oy
Finland, Rovaniemi
Lähihoitaja ikäihmisten pariin Attendo Hillankukkaan Rovaniemelle – Olemme täällä sinua varten!Jokainen asukkaamme ansaitsee tulla kohdatuksi omana itsenään ja elää täyttä elämää. Attendolaisena olet tärkeä osa tätä tehtävää. Lähihoitajanakartoitat asukkaiden voimavarat, tunnistat heidän avun tarpeensa sekä suunnittelet, toteutat ja arvioit asukkaiden toimintakykyä ja hoitoa yhdessä asukkaiden kanssa. Työpanoksesi avulla Attendo-kotiemme asukkaat nauttivat hyvästä, laadukkaasta arjesta. Tehtävä on määräaikainen 30.8.2026 asti.Työ on 2-vuorotyötä ja työsuhteen aloitus mahdollisimman pian/sopimuksen mukaan.Mitä edellytämme sinulta? Sosiaali- ja terveysalan perustutkintoa (lähihoitaja) Tartuntatautilain 48§:n tarkoittama rokotussuoja asiakkaiden ja potilaiden suojaamiseksi koko työsuhteen voimassaoloajan ajaksi Hygieniapassi tai valmius sen suorittamiseen kolmen kuukauden kuluessa työsuhteen aloittamisesta Sujuva suomen kielen taito Rikosrekisteriote yli kolmen kuukauden mittaisessa työsuhteessa (alaikäisten, iäkkäiden ja vammaisten kanssa toimiessa) Sote-ammattikortti eli varmennekortti Lähihoitajat/Ohjaajat ovat sydämellisiä tiimityöskentelijöitä, jotka tarttuvat rohkeasti toimeen ja innostuvat uusista ideoista. Asiakaslähtöisyys, ystävällisyys ja vastuuntuntoisuus kuvaavat hyvin näitä hoiva-alan rautaisia ammattilaisia. He ottavat itsenäisesti vastuuta ja tuovat positiivista, avuliasta energiaa tiimeihimme.Mitä tarjoamme sinulle? Kuljemme rinnallasi Attendolla esihenkilösi ei ole kaukana, vaan mukana arjessa – tukemassa ja kulkemassa rinnallasi. Meillä olet tärkeä osa moniammatillista tiimiä, joka tekee kodista kodin asukkaillemme. Tuemme kehittymistäsi Attendolla kehittymismahdollisuudet ovat täyttä totta, eivät pelkkää puhetta. Meillä on laaja koulutustarjonta, ja kannustamme kaikkia työntekijöitämme kouluttautumaan ja halutessaan myös etenemään urallaan. Joustamme kanssasi Tasapaino työelämän ja muun elämän välillä on meille tärkeää. Meillä saat vaikuttaa työvuoroihisi ja sovittaa työn elämäsi eri vaiheisiin.Työsuhde-etuihimme kuuluvat esimerkiksi: Ilmainen kahvi/tee töissä sekä ateriaetu Kattava työterveyshuolto Liikuntaa ja kulttuuria mahdollistava ePassi, jota voit käyttää esimerkiksi elokuva- ja konserttilippuihin tai urheiluharrastukseesi Henkilöstöetuohjelma, joka tarjoaa etuja usealle eri palveluntuottajalle Työsuhteen ehdoissa ja palkkauksessa noudatamme yksityisen sosiaalipalvelualan työehtosopimusta. Palkkaluokka tehtävään on G20cHuomioithan, että olemme savuton työpaikka.Kiinnostuitko?Hakuaikaa on 23.12.2025asti, mutta älä jää odottamaan, vaan hyödynnä mahdollisuus päästä osaksi tiimiämme – täytämme paikan heti, kun sopiva hakija löytyy! Lisätietoja tehtävästä antaa Attendo-kodin johtaja. Lähetäthän työhakemuksesi vain rekrytointijärjestelmän kautta. Täällä sinua varten Attendo-kodin johtajan yhteystiedot:Anna Kolsianna.kolsi@attendo.fi044-4944390Rekrytointiprosessin päätyttyä tulemme lähettämään lyhyen kysymyksen, jolla kartoitamme hakijoiden tyytyväisyyttä rekrytointiprosessiimme. Attendo – Tulevaisuuden hoivan suunnannäyttäjä Attendo on Pohjoismaiden johtava hoivapalveluiden tarjoaja. Tehtävämme on vahvistaa ihmistä niin, että jokainen, joka meillä asuu, saa elää omannäköistään täyttä elämää.Tarjoamme hoivaa ja asumispalveluita ikäihmisille, kehitysvammaisille, vammautuneille, päihde- ja mielenterveyskuntoutujille sekä lastensuojelun ja terapian tarpeessa oleville.Asukkaillemme olemme ennen kaikkea koti, sidosryhmillemme kumppani ja yhteiskunnassa vahva muutosvoima. Yli 18000 työntekijäämme palvelee yli 400 toimipisteessä ympäri Suomen.Vahvistamme ihmistä. Katsomme eteenpäin. Ratkaisemme yhdessä. Me olemme Attendo.www.attendo.fi

Go to top