europass

Post a aimsiú

Aimsigh an post ceart duitse as na mílte deiseanna atá ar fáil ar fud na hEorpa. Is é EURES - an Tairseach Eorpach um Shoghluaisteacht ó Phost go Chéile - a chuireann na torthaí cuardaigh ar fáil. 

ar taispeáint
Torthaí 55242 ar taispeáint

Sort by
Førsteamanuensis (100%) i fotografi
UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN
Norway, BERGEN

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Førsteamanuensis

Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %) i fotografi. Stillinga er ledig med oppstart etter avtale våren 2026.


Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søkjer ein førsteamanuensis til undervisning og kunstnarleg utviklingsarbeid, med vekt på fotografi. Aktuelle søkjarar må ha djup kunnskap og ein kunstnarleg praksis innan fotografiske metodar og teknikkar, samt innsikt i samtidsfotografisk teori. Dei må òg ha innsikt i den kritiske konteksten for fotografiets rolle frå arkiv til sosiale medium. Det er ønskjeleg at søkjaren har god kunnskap og forståing for det skandinaviske samtidsfotografiske feltet, samt interesse og innsikt i det breiare fotografiske feltet. Instituttet har både analoge og digitale verkstader, og vår nye førsteamanuensis må kunne rettleie og undervise på tvers av alle tekniske prosessar.  

Førsteamanuensis skal i tett samarbeid med kollegaer utvikle emne for BA- og MA-programma i samtidskunst. Undervisningsformene omfattar individuell rettleiing, grupperettleiing og utvikling/leiing av emne. Stillinga inkluderer 46 % tid til kunstnarleg utviklingsarbeid, og aktuelle søkjarar må delta i og bidra til utviklinga av den kunstnarlege forskingsaktiviteten ved Kunstakademiet. Førsteamanuensis er forventa å ha relevante faglege nettverk både lokalt og internasjonalt.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning, rettleiing og eksamensarbeid.
  • Ansvar for undervisningsopplegg i samsvar med studieplanar.
  • Undervisning innan fotografi, inkludert digitale prosessar, analoge teknikkar og mørkeromsarbeid.
  • Kunstnarleg utviklingsarbeid, inkludert prosjektutvikling/-leiing, ekstern finansiering og aktiv deltaking i forskingsgrupper.
  • Hovudrettleiar for BA-, MA- og Ph.d.-studentar.
  • Rekruttering av BA-, MA- og Ph.d.-studentar, inkludert opptaksarbeid.
  • Formidling av kunstnarleg utviklingsarbeid.
  • Organisering og tilrettelegging av undervisnings- og forskingsbaserte oppgåver.
  • Administrative og andre styringsoppgåver, inkludert komitéarbeid. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Stillinga som førsteamanuensis krev doktorgrad i kunstnarleg utviklingsarbeid innan relevant fagområde, eller tilsvarande kompetanse dokumentert gjennom kunstnarleg arbeid av tilsvarande omfang og kvalitet, kombinert med høgare grad eller tilsvarande innan fotografi.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd universitetspedagogisk basiskompetanse, som skal dokumenterast på grunnlag av eigen undervisning/rettleiing og gjennomført universitetspedagogisk utdanning (200 timar eller tilsvarande). Det krevjast:

  • Grunnleggande ferdigheiter i planlegging, gjennomføring, vurdering og utvikling av undervisning og rettleiing.
  • Evne til å reflektere over eiga rolle som undervisar og å kunne grunngje val i undervisning og rettleiing.

Kompetansen dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe med oversikt over og dokumentasjon på søkarens praktiske erfaring og gjennomførte kurs, samt eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og ein vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for instituttets stab og studentar. 
 

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Ein utvikla praksis innan fotografi med tilhøyrande tekniske ferdigheiter og kunnskap.
  • Undervisningserfaring på universitetsnivå.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.
  • Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
  • Organisatoriske ferdigheiter og erfaring.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, vere ansvarleg, fleksibel og imøtekomande.
  • Motivasjon for å utvikle relevante faglege nettverk både lokalt og internasjonalt.

Undervisningsspråket er primært norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjing. UiB tilbyr norskkurs og vil leggje til rette for at språkkravet kan oppfyllast.

Arbeidsstaden er på campus i Bergen, og det vert forventa fullt nærvær. 


Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) med årsløn kr 757 600 – 798 000 i 100 % stilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der søkaren gjer greie for si motivasjon for å søkje stillinga, og korleis eigne kvalifikasjonar og erfaringar er relevante for dei oppgåvene og krava som ligg til stillinga.
  • CV.
  • Vitnemål og attestar.
  • Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd.
  • Dokumentasjon av undervisningserfaring og pedagogiske kvalifikasjonar (pedagogisk mappe) (skjema til nedlasting/utfylling).

NB. Søknader vil bli vurderte basert på informasjonen som er tilgjengeleg i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Dersom originale dokument ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må stadfesta omsetjingar bli lagt ved på eitt av desse språka.

Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen. 


Generell informasjon:

For meir informasjon, kontakt instituttleiar Katrine Hjelde, telefon +47 455 19 545, e-post: Katrine.Hjelde@uib.no 

For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen, kontakt HR ved KMD, e-post: hrkmd@uib.no  

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.


Om arbeidsgiveren:

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Er du praktisk anlagt og har teknisk forståing? Bli Arbeidsleiar Elektro i Ulstein
ULSTEIN ELEKTRO INSTALLASJON AS
Norway, ULSTEINVIK

Vi søkjer ein arbeidsleiar med ansvar for å sikre effektive elektroleveransar i våre prosjekt. Stillinga krev fagleg interesse for elektrofaget og evne til å handtere varierte oppgåver med høg grad av ansvar.

Suksesskriterier for å lukkast i stillinga er å ha gode samarbeidsevner, vere ein dyktig kommunikator og ein god rollemodell.

Kandidatar blir vurdert fortløpande.


Arbeidsoppgåver

  • Leie operatørteam inn mot planlagd framdrift og måloppnåing for tildelte prosjekt
  • Planlegge og koordinere aktivitet og ressursbruk saman med prosjektleiing
  • Bidra til kvalitetssikring av teknisk dokumentasjon og produksjonsgrunnlag
  • Rapportere status og framdrift til prosjektleiing
  • Sikre kvalitet, HMS og etterleving av gjeldande regelverk
  • Personalansvar

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som elektrikar/elektromontør Gr.L
  • Teknisk og tverrfagleg forståing av skipsbygging
  • Erfaring som elektrikar innan skipbygging
  • Gode IT kunnskapar; erfaring med prosjekteringsverktøy og AI
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Suksesskriterier for å lukkast i stillinga er å vere

  • Strukturert og løysingsorientert, slik at du har god kontroll over tidsfristar og leveransar
  • Kunnskapsorientert, deler villig av dine erfaringar og fokusera på både di og andre si utvikling
  • Reflektert og proaktiv, slik at du arbeider godt mot målsetnadane
  • Fokusert på god kommunikasjon og samarbeid og dermed lukkast i møte med tverrfaglege team
  • Sjølvstendig og har høge krav til eige arbeid og derfor levera god fagleg kvalitet

Vi tilbyr

  • Godt fagleg miljø
  • Fleksitidsavtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver

Kontaktinformasjon

Bjarte E. Kopperstad, Team Leader, 977 22 751, bjarte.kopperstad@ulstein.com
Stig Roppen, General Manager, 950 08 317, stig.roppen@ulstein.com

Arbeidsstad

Osnesvegen 110
6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Elektro Installasjon AS

Referansenr.: 5047293152
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026

Om arbeidsgiveren:

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen. 

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.


Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft,  ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester. 


Er du god på koordinering og klar for å ta fagleg ansvar? Bli Assisterande Prosjektleiar i Ulstein!
ULSTEIN ELEKTRO INSTALLASJON AS
Norway, ULSTEINVIK

Vi søkjer ein assisterande prosjektleiar med ansvar for å sikre effektiv samhandling mellom prosjekt og produksjon. Stillinga krev fagleg interesse for elektrofaget og evne til å handtere varierte oppgåver med høg grad av ansvar.

Suksesskriterier for å lukkast i stillinga er å ha gode samarbeidsevner, vere ein dyktig kommunikator og ein god rollemodell.

Kandidatar blir vurdert fortløpande.


Oppgåver du vil jobbe med

  • Leie og koordinere maritime elektroinstallasjonsprosjekt mot resultatmål
  • Kommersielt og økonomisk oppfølgingsansvar for budsjett vs kalkyler
  • Oppfølgingsansvar mot leverandørar og underleverandørar
  • Bidra til kvalitetssikring av teknisk dokumentasjon og produksjonsunderlag
  • Rapportere status og framdrift til både prosjektleiing og leiing
  • Sikre kvalitet, HMS og etterleving av gjeldande regelverk

Kunnskap og erfaring vi ser etter

  • Fagbrev som elektrikar/elektromontør Gr. L
  • Teknisk utdanning innan elektro, t.d. fagskule eller bachelor
  • Praktisk og tverrfagleg forståing av skipsbygging
  • Gode IT kunnskapar; erfaring med prosjekteringsverktøy og AI
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Suksesskriterier for å lukkast i stillinga er å vere

  • Strukturert og løysingsorientert, slik at du har god kontroll over tidsfristar og leveransar
  • Kunnskapsorientert, deler villig av dine erfaringar og fokusera på utvikling
  • Reflektert og proaktiv, slik at du arbeider godt mot målsetnadane
  • Fokusert på god kommunikasjon og samarbeid og dermed lukkast i møte med tverrfaglege team
  • Sjølvstendig og har høge krav til eige arbeid og derfor levera god fagleg kvalitet

Vi tilbyr

  • Godt fagleg miljø
  • Fleksitidsavtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver

Kontaktinformasjon

Per Jarle Ytrebø, Project Manager, 957 67 027, per.jarle.ytrebo@ulstein.com
Stig Roppen, General Manager, 950 08 317, stig.roppen@ulstein.com

Arbeidsstad

Osnesvegen 110
6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Elektro Installasjon AS

Referansenr.: 5047274462
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026

Om arbeidsgiveren:

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen. 

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.


Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft,  ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester. 


Er du praktisk anlagt og har teknisk forståing? Bli Arbeidsleiar Rør i Ulstein
ULSTEIN VERFT AS
Norway, ULSTEINVIK

Vil du bli utfordra til å skape kreative og gode løysningar for noverande og framtidige prosjekt?

På Ulstein Verft bygg vi avanserte spesialfartøy og tilbyr tenester og kvalitet innan både nybygg og ettermarknad. Nå søker vi ein tydeleg og engasjert leiar til røravdelinga – ein som skapar resultat gjennom samarbeid og fagleg styrke. I stillinga kombinera du operativt arbeid med strategisk utvikling av avdelinga. 

Vi vurdera jobbsøknadane fortløpande, så send oss gjerne din søknad snarast, og seinast innan 04.01.2026.


Oppgåver du vil jobbe med

  • Planlegging og leiing av arbeid ombord i nybygg og ved reparasjonsoppdrag
  • Time- og bemanningskontroll over eigne og innleigde ressursar
  • Rapportering av framdrift i samsvar med planlagde aktivitetar
  • Oppfølging av interne rutinar og kvalitetsprosessar
  • Delta på inspeksjonar og utføre kvalitetskontroll på utført arbeid

Kunnskap og erfaring vi ser etter

  • Fagbrev som rørleggar. Relevant erfaring frå maritim industri kan kompensere for manglande formell utdanning
  • God tverrfagleg teknisk forståing
  • God teikningsforståing
  • Erfaring frå skipsbygging og maritim næring vil bli vektlagt
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Gode datakunnskapar
  • Leiarferdigheiter; erfaring med personalansvar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interessert
  • Positiv, engasjert og med god arbeidsmoral
  • Sjølvstendig og med høge krav til eige arbeid
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Resultatorientert og initiativrik
  • God HMS-haldning

Vi tilbyr

  • Godt fagleg miljø
  • Fleksitidsavtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver

Oppstart etter avtale.

Kontaktinformasjon

Vidar Hungnes, Department Manager - Pipe & Machinery, +47 90960746, vidar.hungnes@ulstein.com
Anne Holm Roppen, HR Advisor, 48924332, anne.roppen@ulstein.com

Arbeidsstad

Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS

Referansenr.: 5046664917
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026

Om arbeidsgiveren:

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

Vil du arbeide på Sunnmøre museum i idylliske Borgundgavlen?
VITI SUNNMØRE MUSEUM
Norway, ÅLESUND

Stiftinga Viti har ei ledig stilling som museumsvert i perioden 16. juni til 30. september 2026.

Kvart år kjem det fleire tusen besøkande til Sunnmøre museum og vi søkjer etter deg som ønsker å skape ein hyggeleg og god oppleving for våre gjestar.

Vi ønskjer deg som elskar utfordringar og brenner for å gi besøkande våre det lille ekstra, samtidig som du bidreg til et positivt og godt arbeidsmiljø. Du liker å jobbe med mat og menneske, og er sjølvstendig, initiativrik, løysingsorienterte og serviceinnstilt.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • Betene resepsjon / butikk og yte service

  • Mottak av cruisegrupper og andre publikumsgrupper

  • Opning og stenging av museet

  • Sal av billetter og butikkvarer samt kassaoppgjer

Vi søker deg som er

  • Imøtekomande og blid

  • Interessert i historie

  • Sal og serviceinnstilt

  • Punktleg

  • Sjølvstendig og har gode planleggingsevner

  • Ansvarsfull og tar ansvar for egne oppgåver


Språkkunnskapar utover norsk og engelsk vil telle positivt.

Personlege eigenskapar og erfaring blir vektlagt.

Arbeidsdagen er lagt opp med turnus basert på 37,5 timar i veka, med vakter måndag til fredag. Ved eventuell uttak av ferie, må dette skje i fellesferien. Den første 1 månaden er prøvetid.

Vi kan tilby

  • ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø

  • løn i SK 1078 betjent med løn frå kr 389 100 med aktuell lønsplassering i statens sitt lønsregulativ ut frå kvalifikasjonar, ansiennitet og erfaring.

  • Medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.

Arbeidsstad: Sunnmøre museum

Søknadsfrist: 05.01.2026

Send en kortfatta søknad med CV til post@vitimusea.no

Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju og vi ynskjer då referansar, vitnemål og attestar.

Stillingane ligg i avdeling for administrasjon og publikumsmottak.

Les og sjå meir om oss:

www.vitimusea.no

Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.

Om arbeidsgiveren:

Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Museet er ein profesjonell vitskapleg institusjon med i overkant av 60 tilsette og mange frivillige. Viti er organisert i 3 museumsfagavdelingar; kulturhistorisk avdeling, avdeling for samlingsforvaltning og kunstfagleg avdeling. I tillegg kjem administrasjonsavdelinga. Administrasjonen ligg i Ålesund, og dei spesialiserte museumsarenaene ligg i kommunane Ålesund, Sykkylven, Volda og Ørsta. Samlingane omfattar både natur-, kyst-, by- og industrihistorie, samtidskunstkunst, jugendstil og folkemusikk..

Lagermedarbeidar/Spesialarbeidar
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS
Norway, BERGEN

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 750 medarbeidarar. Forsynings- og innkjøpssenteret er ei av einingane i Hospitaldrift.

I Forsynings- og innkjøpssenteret inngår innkjøpsseksjonen, sentralt varemottak og sentrallager for forbruksvarer. Vårt mål er å forenkle kvardagen til avdelingane ved å ha eit breitt spekter av standardprodukt, effektiv varehandtering og hjelpe med bestillingsprosessane av varer og tenestar til einingane.

Vi søker etter 2 engasjerte og pålitelige lagermedarbeidarar til vårt varemottak og lager. Vi ser etter deg som er fysisk robust og trives med praktisk arbeid. Viktige egenskaper for oss er å vera punktlig, nøyaktig og effektiv og bidra til godt miljø. 

Det er høgt arbeidstempo i avdelinga og arbeidet er fysisk krevande. Arbeidstid er for tida måndag til fredag kl.07.00 – 15.00.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene består av lager- og logistikkaktivitetar som lossing av bilar, varemottak, behandle vareordrar, plukke, pakke, og sende varer til sjukehusets einingar
  • Til jobben høyrer også kundekontakt med ulike avdelingar med

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg at søkar har fagbrev i logistikk
  • Søkar bør ha erfaring med lagerarbeid og trucksertifikat T1, helst T4
  • Søkar må ha erfaring i bruk av PC og standard PC-program
  • Det er ønskeleg med erfaring frå SAP eller liknande logistikksystem og bruk av Teams
  • Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Nøyaktig i arbeidet
  • Gode samarbeidsevne og godt humør
  • Like sjølvstendig arbeid
  • Serviceinnstilt og punktlig
  • Takle variasjon i arbeidsmengde og høgt tempo
  • Ønske om å medverke i forbetringsarbeid

Vi tilbyr

  • Løn iht gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Oppstart etter nærare avtale

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Tove Kvam, Einingsleiar, 47650862

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5041160757
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.12.2025

Om arbeidsgiveren:

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Elsker du å hjelpe? Trenger du en ekstra jobb? Jeg vil gjerne høre fra deg!
PRIMA
Norway, ELVERUM

Jeg er ei dame midt i 30-årene med BPA som trenger flere til teamet som assisterer meg i hverdagen.

Jeg bor i egen leilighet sammen med katten min, bruker rullestol grunnet funksjonsnedsettelsen min og trenger assistanse i og utenfor hjemmet til å gjøre og leve som alle andre.

Jeg er ei rolig dame, som er glad i turer med og uten bilen min, trene, høre på- og lage musikk, se på filmer og serier, reise, lage mat og være sosial med gode venner.

Jeg har faste assistenter i dag, men trenger tilkallingsvikarer ved sykdom og ved behov og søker etter en som har lyst å bli godt kjent med meg og være en del av min hverdag.

Det aller viktigste for meg er at vi har en god kjemi, da vi skal være tett sammen i mitt hjem.

Dine arbeidsoppgaver som min assistent vil blant annet være:

·      Noe husarbeid

·      Bistå i handling

·      Være med på aktiviteter (gå tur, trening, kino m.m)

Du må være

·      Kvinne grunnet arbeidets art

·      Rolig, blid og sosial

·      Fleksibel

·      Stabil og pålitelig

·      Ha noen felles interesser med meg

·      Ha førerkort klasse B

Hva kan jeg tilby:

·      En meningsfull jobb

·      Kurs gjennom Prima Assistanse

·      Lønn og andre vilkår ihht. Landsoverenskomsten for BPA

·      God opplæring og oppfølging

·      En meningsfull jobb hvor du kan gjøre en forskjell

·      Varierte arbeidsoppgaver hvor ingen dag er helt lik

·      Mulighet for å kose med katt på jobb

·      Mulighet for snarlig oppstart

Kan dette være en jobb du kan tenke deg? Da ønsker jeg å høre fra deg!

Skriv i søknadsteksten om hva som er dine sterkeste sider, hvordan du er som person og hvilke interesser vi har felles.

Kun aktuelle kandidater vil bli kontaktet til intervju og intervjuer gjøres fortløpende.

Jeg vil være din arbeidsleder, mens Prima Assistanse vil være arbeidsgiver.

Om arbeidsgiveren:

BPA er en forkortelse for brukerstyrt personlig assistanse. Det er i hovedsak en alternativ måte å organisere praktisk bistand på for funksjonshemmede. BPA skiller seg fra mer tradisjonelle tjenester ved at det er personen med assistansebehov som selv bestemmer hvordan assistansen skal være. BPA er et frigjørings- og likestillingsverktøy som bidrar til at den med assistansebehov får frihet til å leve et selvstendig og aktivt liv - på lik linje med andre i samfunnet. Prima Assistanse har spesialisert seg på BPA, og er i dag en betydelig leverandør i hele Norge. Vi jobber hver dag for å bidra til at funksjonshemmede får den friheten og assistansen som er nødvendig for å kunne leve et selvstendig liv. Vi er opptatt av å levere et godt konsept, kvalitet i alle ledd, å ha profesjonelle medarbeidere og gode rutiner, slik at vi sammen bidrar til en suksessfull hverdag. For mer informasjon: www.prima-assistanse.no
Medisinstudent med lisens
HELSE FØRDE HF NORDFJORD PSYKIATRISENTER
Norway, NORDFJORDEID

Nordfjord psykiatrisenter sine to døgnpostar har to ledige ferievikariat for medisinstudentar med lisens i ferieperioden: 22.06.2026 - 16.08.2026.

Seksjon rus har 10 døgnplassar og gjev tilbod om tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Sengeposten har ei tverrfagleg personalgruppe - her jobbar mellom anna psykolog, sosionom, overlege, lege i spesialisering, helsesportspedagog, fysioterapeut, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar. 

Seksjon døgn har 12 døgnplassar og er ein felles psykose - og allmenpsykiatrisk døgnpost med ei tverrfagleg personalgruppe - her jobbar mellomanna psykolog, overlege, sosionom, lege i spesialisering, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar. 

Kandidatar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte ut frå dette, det er difor viktig at dette vert opplyst om tydeleg i søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Pasientansvarleg koordinator
  • Pasientbehandling 
  • Dagarbeidstid mandag til fredag, vaktarbeid inngår ikkje i vikariatet

Kvalifikasjonar

  • Legelisens, men kandidatar utan lisens kan også søkje
  • Gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
  • Kandidatar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte ut frå dette, det er difor viktig at dette vert opplyst om tydeleg i søknaden. 

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Trivst med å jobbe i tverrfagleg team 
  • Personleg eigna vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • God opplæring
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling 
  • Gratis bustad

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord

Kontaktinformasjon

Arild Krogh Nøstdal, Seksjonsleiar NPS Rus, 57864342/ 57864330
Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar NPS Døgn, 57864335/ 57864330

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 9
6770 NORDFJORDEID

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5023395732
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 04.01.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Pleiemedarbeidar
VANYLVEN HELSE- OG OMSORGSSENTER
Norway, FISKÅ

Er du omsorgsfull, engasjert og glad i å jobbe med mennesker? Er du ungdom, pensjonist eller midt i mellom? Da er du vikaren vi søkjer etter!

Vanylven helse og omsorgssenter er et omsorgssenter med både langtidsplassar, korttidsplassar, rehabiliteringsavdeling og palliativ omsorg. Vi legg vekt på å gi brukarane våre tryggleik, omsorg og ei meningsfull kvardag. Hos oss jobbar vi tverrfagleg og har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid står sentralt.

Vi ønsker deg velkomen til vårt team! Send inn søknad og bli ein del av ein arbeidsplass med dyktige kollegaer, faglege utfordringar og ei meiningsfull kvardag.


Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie- og omsorgsarbeid i tråd med gjeldande rutinar og retningslinjer.
  • Bistå pasientar med personleg stell, måltid, aktivitet og sosial deltaking.
  • Bidra i rehabilitering og oppfølgning av pasientar med ulike behov.
  • Observere, dokumentere og rapportere endringar i pasienten sin helsetilstand.
  • Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre faggrupper.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå arbeid i pleie- og omsorgstenesta er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
  • Interesse for å arbeide med eldre og menneske med ulike omsorgsbehov.
  • Dokumentere og beherske digitale verktøy
  • Gode språkkunnskaper i norsk både munnleg og skriftleg 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • Gode samarbeidsevner og respekt for pasientar og kollegaer
  • Du er lærevillig og open for rettleiing og nye oppgåver
  • Evne til å møte menneske med ro, respekt og omsorg
  • Godkjent politiattest

 

Personlege eigenskapar


  • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
  • Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
  • Du tek initiativ, er positiv, tilpasningsdyktig og tek ansvar
  • Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Personlege egenskapar blir vektlagt 
 

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar
  • Spennande og variable kvardagar
  • Moglegheit for eigenutvikling
  • Positivt og godt etablert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Godt samarbeid både internt i avdelinga og tverrfagleg
  • Løn etter gjeldande tariff, gode pensjonsordningar, viser til lønnspolitisk plan.

Kontaktinformasjon

Katrin Brekke Sunde, avdelingsleiar avd. 2, +47 70030221

Arbeidsstad

Rådhusvegen 1
6143 Fiskå

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune

Referansenr.: 5027179867
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 24.10.2025
Søknadsfrist: 31.12.2025

Om arbeidsgiveren:

Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar. 

Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar. 
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar. 

Velkomen til å søkje hjå oss! 

Helse og omsorg- helgevakt og tilkallingsvikarar
STRANDA KOMMUNE SUNNYLVEN OMSORGSSENTER
Norway, HELLESYLT

Vi søker etter tilkallingsvikarar i Sunnylven distrikt. Arbeid i turnus som inneber vakter på dag, kveld og helg. 

Sunnylven distrikt består av 23 omsorgsbustadar og i tillegg blir det gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til eit varierande antal heimebuande.

Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Vi kontaktar aktuelle søkjarar ved behov.


    Arbeidsoppgåver

    • Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad
    • Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar

    Kvalifikasjonar

    Erfaring frå pleie- og omsorgstenestene er ein fordel, men ikkje eit krav. 

    Personlege eigenskapar

    • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg.
    • Interesse for faget.
    • Vi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov

    Vi tilbyr

    Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk

    Løn etter kvalifikasjonar 

    Kontaktinformasjon

    Inga Synøve Maråk Vinje, Fagleiar, 46411188
    Elisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183

    Arbeidsstad

    Hellesyltvegen 17
    6218 Hellesylt

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Stranda kommune

    Referansenr.: 5025149629
    Stillingsprosent: 50%
    Vikar
    Søknadsfrist: 15.01.2026

    Om arbeidsgiveren:

    Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

    Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. 

    Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt
    .

    I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.   

    Offentleg tenestepensjon for nytilsette

    Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

    Go to top