Post a aimsiú
Aimsigh an post ceart duitse as na mílte deiseanna atá ar fáil ar fud na hEorpa. Is é EURES - an Tairseach Eorpach um Shoghluaisteacht ó Phost go Chéile - a chuireann na torthaí cuardaigh ar fáil.
Vaksdal kommune ligg sentralt til mellom Voss og Bergen. Den norske kyrkja i Vaksdal omfattar seks sokn, og sju kyrkjer. Stamvegen mellom Bergen og Oslo, E16 samt Bergensbanen går gjennom store delar av kommunen og gjev effektiv kommunikasjon mot Voss og Bergen. Plasseringa gjer at ein kan nyta godt av både by- og bygdekultur. Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lag
To av kyrkjene i Vaksdal har form som katedral, langkyrkjer i stein med særdeles god akustikk. I Dale kyrkje er det eit tre-manuals elektropneumatisk orgel frå 1956 med 36 stemmer. Steinmeyer har mellom annan intonert orgelet. Dale kyrkje har òg eit Yamaha flygel frå 2006. I Vaksdal kyrkje er det eit 20 stemmers mekanisk Jehmlich orgel frå 1991.
Me søker etter,
kantorar/kyrkjemusikarar i 50% fast stilling.
Stillinga inneheld mellom anna speling til kyrkjelege handlingar og seremoniar og direksjon. Staben i Vaksdal kyrkjelege fellesråd er liten og me jobbar tett saman og spelar kvarandre gode. Det vil bli lagt vekt på at den som tiltrer stillinga har gode samarbeidsevner og er ein lagspelar. Ein vil ha moglegheit til å påverke eiga stilling og arbeidskvardag."
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre gudstenester og kyrkjelege handlingar, i samarbeid med prest og stab
- Spele akkompagnement og leie eventuelt korarbeid og konsertverksemd
- Bidra til eit breitt og variert musikalsk uttrykk i gudstenester og anna kyrkjeleg verksemd
- Utvikle song- og musikklivet i sokna
- Spele på andaktar ved institusjonar
- Noko møteverksemd og administrativt arbeid
Kvalifikasjonar
- Utdanning i samsvar med tenesteordninga for kantorar. Søkjarar med anna relevant kompetanse, realkompetanse eller kyrkjemusikalsk utdanning vert òg vurdert
- Meistring av kyrkjeorgel og/eller piano
- Erfaring med akkompagnement
- Banderfaring er ynskjeleg
- Dirigenterfaring frå barne- og ungdomskor er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er strukturert og sjølvstendig, og som trivst med å samarbeide – både med fast tilsette og frivillige. Du er ryddig, kreativ og løysingsorientert, og du har gode kommunikasjonsevner. Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.Arbeidsstad og vilkår
- Kontorstad: Kyrkjekontoret på Dale. Tenestested: alle seks sokn i Vaksdal
- Næraste overordna: kyrkjeverja
- Arbeidstid: fleksibel; kvelds- og helgearbeid må påreknast
- Løn: etter kyrkjeleg tariff og kvalifikasjonar
- Pensjon: KLP med 2 % innskot av brutto løn
- Krav: Førarkort klasse B og disponibel bil
- Krav: Medlemskap i Den norske kyrkja og politiattest
- Tilsetjing skjer i samsvar med lov, reglement og tariff. Søkjar må vera budd på eventuelle endringar i kommunestrukturen.
Søknad og kontakt
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Kyrkjeverje Bjart-Magnus Rosvold tlf 97 69 75 62. e-post br233@kyrkja.no
Eventuelt send søknad med CV og relevante attestar til Vaksdal kyrkjelege fellesråd, pb 113, 5721 Dalekvam
Kontaktinformasjon
Bjart-Magnus Rosvold, Kyrkjeverje, 97 69 75 62, br233@kyrkja.noElisabeth Verpelstad
Arbeidssted
Fabrikkvegen 35722 Dalekvam
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vaksdal kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 5138117499
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 21.08.2026
Om arbeidsgiveren: