Vikariat i 100% stilling : 1. september 2026 - 31. august 2027 - hovudsakleg nattevakter
Brukerstyrt personlig assistanse er ein måte å organisere praktisk bistand til personar med nedsett funksjonsevne. Ordninga omfattar hjelp til dagleglivets praktiske gjeremål både i og utanfor heimen.
Vi søker etter helsefagarbeiderar og/eller andre med helsefagleg erfaring/kompetanse, for arbeid i turnus med tredje kvar helg, per idag hovudsakleg nattevakter.
Ei av brukarane som treng assistentar er ei blid og livsglad dame som flytta til Åseral i haust. Her har ho sin næraste familie, med barn og barnebarn. Ho har hatt MS i mange år og sit i elektrisk rullestol. Det er fint for ho å komme seg ut med bilen sin for køyreturar eller på besøk til familie og vener. Ho liker og å gå på kafe og konsertar.
I tillegg har vi avlastningstilbod for ungdom der vi og treng vikarar.
Arbeidsoppgaver
- Personleg stell
- Lage mat
- Husarbeid
- Hjelp til trening
- Vere med på turar, konserter kafebesøk, handling
Kvalifikasjoner
- Helsefagarbeidar og/eller andre med helsefagleg erfaring/kompetanse.
- Anna relevant erfaring eller utdanning kan bli vurdert (arbeid med menneske)
- Gode kommunikasjons og samarbeidsevner
Personlige egenskaper
- Fleksibel og arbeidsvillig
- Tålmodig og utadvendt
- Ansvarsfull
- Sjølvstendig, løysingsorientert – må kunne ta initiativ til å sjå kva som må gjerast i heimen
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.
Førerkort klasse B er nødvendig, og du må vere villig til å køyre brukar sin bil for rullestol, med manuell gir.
Gyldig politiattest må kunne leggast fram ved tilsetting (ikkje eldre enn 3 månadar)
Vi tilbyr
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med løn iht hovudtariffavtalen.
- Varierte og meiningsfylte oppgåver i samarbeid med hyggjelege og kompetente medarbeidar
- Rettleiing og naudsynt opplæring
- Vi kan hjelpe til å finne bustad
- Gratis SFO
- Barnehageplass
Kontaktinformasjon
Laila Ljosland, Einingsleiar Helse og velferd, +47 41322847Arbeidssted
Bordalsbakken 104540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommuneReferansenr.: 5153015249
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.08.2026
Om arbeidsgiveren:
Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.