Er du ein engasjert og dyktig lærar som ønskjer å gjera ein forskjell for elevane våre?
- Sandeid oppvekstsenter består av ein 1-7 skule med 111 elevar og ein barnehage med 64 barn. Tilsaman er me omlag 45 tilsette med assistentar/fagarbeidarar, miljøarbeidarar pedagogar, inkludert 14 lærarar.
Frå desember 2025 av har me ledige vikariat i inntill 100% lærarstilling ut skuleåret 2025-2026, med mogelegheit for forlenging.
Kva får du jobba med hos oss?
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning i tråd med læreplanverket og lokale mål.
- Tilpassing av undervisninga til elevane sine føresetnader og behov, slik at alle får moglegheit til å lykkast.
- Å skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmiljø der elevane trivst og utviklar seg.
- Oppfølging av elevane si faglege og sosiale utvikling gjennom vurdering og rettleiing.
- Samarbeid med kollegaer, leiing, føresette og andre aktørar for å sikre god oppfølging av elevane.
- Deltaking i fagleg utvikling, teamarbeid og profesjonsfellesskap for å styrke undervisningspraksisen.
- Bidra aktivt til vidareutvikling av skulen som ein lærande organisasjon.
- Varierte og meningsfulle oppgåver som gjer ein forskjell for elevane kvar dag.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
- Gratis parkering
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. For kontaktlærarar vil du få eit kontaktlærartillegg på kr. 27.000 til kr. 38.000, avhengig av antall elevar du er kontaktlærar for.
Kvalifikasjonar:
- Relevant og godkjent lærarutdanning, gjerne med kunst & handverk som eit av faga.
- Erfaring frå undervisning både på mellomtrinnet og småtrinnet.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
Personlege eigenskapar:
- Du er positiv, har engasjement for barn og unge og har lyst til å gjera ein forskjell for elevane.
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du kan arbeida sjølvstendig, så vel som i team.
- Du har ei løysingsorientert tilnærming til arbeidsutfordringar.
- Du er ein autoritativ vaksen.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.