Αναζήτησε εργασία
Βρείτε τη θέση που σας ταιριάζει από χιλιάδες ευκαιρίες που προσφέρονται σε όλη την Ευρώπη. Τα αποτελέσματα της αναζήτησης παρέχονται από την EURES - την Ευρωπαϊκή πύλη για την επαγγελματική κινητικότητα.
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAForskar
Vi ønsker deg velkommen som søkjar til ei stilling som forskar (100 %) i KI-formidling ved SLATE, Det psykologiske fakultet, knytt til AI LEARN. Dette er ei mellombels stilling på 1,5 år, med tilsetjing frå november 2026. Arbeidsstad er Bergen.
Om AI LEARN
AI LEARN er eit nytt nasjonalt senter som er dedikert til å styrke menneskeleg læring gjennom ansvarleg, menneskesentrert kunstig intelligens. I ei verd kor KI-system endrar måten vi lærar, arbeider, skapar, leiar og deltek i demokratiet på, tek vårt senter for seg moglegheitene og farane ved hybrid intelligens – menneske og maskinar som arbeider og lærer saman. Vårt mål er å etablere eit internasjonalt leiande tverrfagleg knutepunkt som fremmer grunnleggande forsking, ansvarleg innovasjon, robust styring og brei kapasitetsbygging. AI LEARN er eit konsortium beståande av 34 nasjonale og internasjonale partnarar frå akademia og offentleg og privat sektor.
Seks nasjonale forskingssenter for kunstig intelligens startar opp hausten 2025. Her skal forskarar samarbeide på tvers av fagfelt for å møte utfordringane i samfunnet, forstå korleis KI påverkar oss, utvikle ny teknologi og fremme innovasjon i både næringsliv og offentleg sektor. Sentra er ein del av og finansiert av regjeringa si milliardsatsing på kunstig intelligens dei neste fem åra (regjeringen.no) gjennom Forskningsrådet.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Som nasjonalt senter har AI LEARN ansvar for kommunikasjon, formidling, nytting av resultat (DEC), interessentdialog, og kapasitetsbygging mot ulike målgrupper. I denne samanhengen søker AI LEARN ein KI-forskingsformidlar som vil delta i senteret sin interne og eksterne kommunikasjon.
Trivs du med å byggje bru mellom forsking og samfunn, og er opptatt av å gjøre kompleks kunnskap forståelig og relevant – håper vi at du søker på denne stillinga!
Arbeidsoppgåver:
Vi treng ein person som kan gjere forsking forståeleg og relevant for ulike målgrupper. Du vil arbeide med både praktisk kommunikasjon og forsking på formidling, KI-kompetanseutvikling og samfunnsdialog.
1. Innhaldsproduksjon og forskingsformidling
- Oversett kompleks forsking på KI, læring, styring og etikk til tydelege og engasjerande bodskap på norsk og engelsk.
- Planlegge og produsere innhald for:
- nettsider og nyheitssakar
- sosiale media, nyheitsbrev og kampanjar
- kronikkar, reportasjar, pressemeldingar
- podkast, video, infografikk og enkle animerte format
- policy briefs og korte kunnskapsnotat til besluttarar
- Samarbeide tett med forskarar og partnarar for å utvikle kommunikasjonspakker knytt til konkrete prosjekt, case-studiar og pilotar.
2. Arrangement, nettverk og interessentdialog
- Planlegge og organisere:
- AI LEARN si årlege showcase-konferanse
- seminar, webinar, kurs og panelar
- arenaer for samskaping med brukarar (elevar, lærarar, leiarar, borgarar).
- Vidareutvikle relasjonar til:
- nasjonale og internasjonale nettverk (AI LEARN International Network, NORA, Digital Norway, European EdTech Alliance m.fl.)
- direktorata, kommunar, fylkeskommunar og andre offentlege aktørar
- teknologi- og edtech-bedrifter, NGO-ar og interesseorganisasjonar.
- Bistå i oppbygging og drift av NEXUS-aktivitetar og andre kapasitetsbyggjande tiltak for ulike målgrupper.
3. Forsking, utprøving og evaluering
- Delta i eller initiere prosjekter som undersøker:
- kordan ulike målgrupper forstår og bruker kunnskap om KI
- kordan KI-løysningar kan støtte læring, kritisk og kreativ tenking og borgarleg deltaking
- kva for formidlingsformer og læringsopplegg som faktisk verker (f.eks. mini-kurs, spillbasert læring, museumsopplegg, citizen-workshops)
- Ha god kontakt i møte med forskarar, partnarar, politikarar og forvaltning
- Designe og gjennomføre enkle undersøkingar (spørjeundersøkingar, intervju, fokusgrupper, web-statistikk) for å evaluere formidlingstiltak og kapasitetsbyggjande aktivitetar
- Bidra til rapporter, vitskaplege publikasjonar og populærvitskapelege tekster om vitskapskommunikasjon, AI-kompetanse og samfunnsdialog
4. Administrasjon
Det kan bli lagt til andre administrative oppgaver til stillinga som i andre forskarstillingar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du må:
- ha oppnådd mastergrad innan kommunikasjon, journalistikk, medievitskap, samfunnsvitskap eller humaniora
- ha erfaring med forskings- og kunnskapsformidling, gjerne frå universitet og høgskole, forskingsinstitutt, direktorata eller større kunnskapsorganisasjonar
- ha svært gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på norsk og engelsk
- erfaring fra forskingsprosjekt eller evaluering (enkle metodar som spørjeundersøkingar, kvalitative intervjuar, effektmåling av kommunikasjon)
- erfaring med:
- tekstproduksjon til ulike kanalar og målgrupper
- innhaldsproduksjon for digitale flater (f.eks. nettside, SoMe, nyheitsbrev)
- design, utvikling og etablering av kommunikasjonsstrategi
- ha erfaring med å planlegge og gjennomføre arrangement (seminar, konferansar, webinar el.l.)
Det er en fordel viss du har:
- erfaring frå større tverrfaglege prosjekt knytt til KI-forsking
- erfaring frå arbeid i eller mot universitets- og høgskulesektor, skule, utdanning eller offentleg forvaltning.
- erfaring med enkel grafisk design, foto, video, podkast eller andre format for visuell og audiovisuell formidling.
- erfaring med samarbeid med media og journalistar
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein person som:
- trivs med å bygge bru mellom forsking og samfunn, og er opptatt av å gjere kompleks kunnskap forståeleg og relevant
- kombinerer strategisk blikk med gjennomføringskraft
- er nysgjerrig på KI og endringane teknologien skapar for læring, arbeid og demokrati
- er trygg i møte med ulike målgrupper
- arbeider strukturert, sjølvstendig og planmessig, og trivs i tverrfaglege team
- har høg etisk bevisstheit og identifiserer seg med verdiar knytt til menneskerettigheiter, demokrati, inkludering og ansvarleg teknologiutvikling
- er utadretta og likar ein dynamisk arbeidsdag med høgt tempo
- er oppsøkande i kontakta med både forskarar, partnarar og interessentar
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi kan tilby:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Brutto årsløn som forskar (stillingskode 1108) kr 584 500 - 640 000 i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om din motivasjon for å søke stillinga ved AI LEARN og denne typen vitskapskommunikasjon
- CV
- 2-3 relevante arbeidsprøver (f.eks. artiklar, kampanjar, rapporter, SoMe-eksemplar eller annet forskings- eller formidlingsarbeid)
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar
- Relevante vitnemål og attestar
- Dersom du har utanlandsk utdanning må du leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Professor og senterleder, Barbara Wasson, SLATE, barbara.wasson@uib.no, +47 91141297
- Forskings- og innovasjonsleder AI LEARN, Hiwa Målen, SLATE, hiwa.malen@uib.no +47 47043470
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om arbeidsgiveren:
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat i medievitskap ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år. 25 % av samla tilsetjingstid er karrierefremjande og skal utførast ved instituttet. Dette inkluderer i stor grad undervisningsoppgåver.
Dette er ei opa utlysing, men vi ber søkar om å utvikle eit prosjekt som rettar seg mot den faglege innretninga til ei eller fleire av dei seks forskingsgruppene i medievitskap:
- Forskingsgruppe for Film, fjernsyn og visuell kultur: Forskar på eit spekter av uttrykk - film, video, foto, teikneseriar, tv - og på grunnspørsmål i fagfelta medieestetikk og visuell kultur.
- Gruppe for studium av medieindustri og journalistikk: Er tverrfagleg og utforskar ulike faglege perspektiv som undersøkande journalistikk, sport og kultur; digitale teknologiar; journalistrolla og profesjonsideologi; og driv undersøkingar av mediepolitikk, etikk, økonomi og journalistikkens publikum.
- Forskingsgruppe for retorikk, demokrati og offentleg kultur: Forskar på korleis ein brukar kommunikasjon til å argumentere, overtyde, og skape eller uttrykke identitet og identifikasjon – som individ, i organisasjonar og i samfunn.
- Mediebruksgruppa: Forskar på korleis menneske – som publikum, brukarar og borgarar – relaterer seg til media, og korleis ein gjennom media relaterer seg til kvarandre og til samfunnet.
- Gruppe for framveksande medium: Forskar på dei skiftande teknologiane, formar for og bruk av moderne audiovisuelle medium, med eit kombinert fokus på nye produksjonsteknologiar (til dømes utvida verkelegheit, virtuell produksjon og KI) og den nye bruken av etablerte audiovisuelle teknologiar som t.d. videospel og strøyming av video.
- Gruppe for kultur, ulikhet og demokrati (KUD): Forskar på samanhengar mellom kultur- og mediefeltet (forstått som publikum, bruk, tekstar, institusjonar og politikk) og sosial ulikskap, med spesielt fokus på implikasjonar for demokrati, deltaking og medborgarskap.
For meir informasjon om forskingsgruppene og instituttet, sjå instituttet si heimeside: https://www.uib.no/infomedia. Ta gjerne kontakt med leiar for aktuell(e) forskingsgruppe(r).
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Mastergrad i medievitskap eller nærskylde fagområde, inkludert tilsvarande utanlandske utdanningar. Graden må vera avlagt innan fristen for søknaden.
- Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, ha stor arbeidskapasitet, og entusiasme for forskning.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
- Det er ein fordel om søkar beherskar norsk som undervisningsspråk.
- Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagd. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
- Arbeidsstad for denne stillinga er Bergen, og arbeidet krev at du er fysisk til stades ved instituttet dagleg.
Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga:
Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er karrierefremjande arbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om ph.d. -utdanninga:
Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
- Stilling som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 593 700 brutto. Automatisk lønsutvikling for opptil 4 år med 3 % årleg stiging.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Prosjektet:
Ei kortfatta prosjektskildring på 5-8 sider (inkludert kjeldeliste) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga. Fakultetet har utarbeida ei rettleiing for skriving av prosjektskildringa.
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
- Prosjektskildring
- CV
- Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
- Relevante attestar
- Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- Eventuelle publikasjonar
Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida.
Søknadsfrist: dato 01.10.2026.
Generell informasjon:
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar: Bjørnar Tessem bjornar.tessem@uib.no
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Christine Bresil christine.bresil@uib.no
Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar: Elina Troscenko elina.troscenko@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
For å fremje betre kjønnsbalanse blant stipendiatar innan medievitskap oppmodar vi særleg menn om å søkje stillinga. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om arbeidsgiveren:
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.