europass

Αναζήτησε εργασία

Βρείτε τη θέση που σας ταιριάζει από χιλιάδες ευκαιρίες που προσφέρονται σε όλη την Ευρώπη. Τα αποτελέσματα της αναζήτησης παρέχονται από την EURES - την Ευρωπαϊκή πύλη για την επαγγελματική κινητικότητα. 

Αποτελέσματα
Εμφάνιση 47220 Αποτελέσματα

Sort by
ID 1053 Barne- og ungdomsarbeidar – to vikariat i skule og SFO (62 % og 89 %)
RIMBAREID BARNE- OG UNGDOMSSKULE
Norway, FITJAR

Ønskjer du å jobbe i skule og SFO? Me søkjer ein trygg og tydeleg relasjonsbyggjar.

Rimbareid barne- og ungdomsskule er ein 1-10. skule med om lag 360 elevar. Skulen ligg flott til på Rimbareid i Fitjar kommune med utsikt over store delar av bygda, og står fram som attraktiv med nytt tilbygg, rehabilitert bygningsmasse og oppgradert uteområde.

Rimbareid skule skal vere ein inkluderande skule, der alle kjenner at dei høyrer til. Me strekk oss etter å stimulere elevane si nysgjerrigheit, lærelyst og meistringsglede gjennom tilrettelagt, utforskande og praktisk undervisning.

Stillinga på 89% er i skule og SFO. Ledig frå dags dato og ut året, kan bli forlenga.

Stillinga på 62% er i skule. Ledig frå dags dato fram til skulen tar sommarferie.


Me søkjer etter medarbeidarar som har:

• Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eventuelt anna relevant utdanning og erfaring.
• Godt humør og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
• Evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig.

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.

Me tilbyr:

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.

  • Interessante og utviklande arbeidsoppgåver i eit støttande, triveleg og profesjonelt arbeidsmiljø. Me har fokus på å vidareutvikla ein inkluderande skule.

Me ber om at du skriv i søknaden kva stillingsstorleik du ønskjer

Send inn oppdatert CV og referansar når du søkjer. Godkjente kopiar av vitnemål og attestar vert etterspurt i samband med innkalling til intervju.

Søkjarar må leggja fram politiattest før dei tek til i stillinga, jf. Opplæringslova §17-11

Om arbeidsgiveren:

Rimbareid barne- og ungdomsskule er ein 1.--10. skule med om lag 350 elevar. Han ligg flott til på Rimbareid med utsikt over store delar av bygda. Skulen framstår som attraktiv med nytt tilbygg, rehabilitert bygningsmasse og oppgradert uteområde. Visjonen for skulen er kunnskap og venskap hand i hand.

Fitjar kommune er liten i innbyggjartal, men stor på naturopplevingar og fellesskap. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og eit mylder av øyar og skjer.

Gode butilhøve, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår. Kommunen har 3 200 innbyggjarar og ei positiv folketalsutvikling.

Strandaskulen har ledig stilling som rektor på Tau skule!
STRANDA KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON
Norway, JØRPELAND

Skulen har ca. 350 elevar på 1.-7. trinn og ligg fint plassert i sentrum av Tau mellom Tau ungdomsskule og Strand videregående skule. Ny hovudbygning med mellom anna flotte rom til dei praktiske og estetiske faga og eit fint uteområde blei tatt i bruk hausten 2019. Skulen har fokus på lesing og eit inkluderande læringsmiljø.

Alle skulane i Strand arbeider etter felles utviklingsplan og me samarbeider tett med utdanningsregion Midt-Rogaland og Universitetet i Stavanger om lokal kompetanseutvikling.

 

Me søker etter ein leiar som:

- vil vidareutvikla eit trygt, varmt og inkluderande læringsmiljø

- vil leia og vidareutvikla skulen sitt profesjonsfellesskap

- vil leia og motivera medarbeidarar til samarbeid og målretta innsats til det beste for elevane

- ønskjer å vidareutvikla satsinga på lesing ved skulen

- forvaltar skulen sine samla ressursar på ein måte som sikrar god elevtilpassa undervisning

- sikrar god elevmedverknad, og eit godt samarbeid med føresette og eksterne samarbeidspartnarar

- har leiarerfaring og leiing som del av sin formelle kompetanse

 

Me kan tilby:

- ein jobb som gjer meining, meistring og eit profesjonelt handlingsrom

- ein spennande og utviklande jobb i ei kunnskapsbedrift med høg kompetanse

- eit aktivt pedagogisk miljø kor det blir lagt vekt på samarbeid og personleg og fagleg utvikling

- samarbeid i lokale og regionale leiarnettverk 

- gode støttefunksjonar innan fag, personal og økonomi

- ein profesjonell skuleeigar kor du blir ein del av eit større rektorkollegium med pågangsmot og godt humør

 

Kvalifikasjonar

-       Relevant høgare pedagogisk utdanning

-       Formell leiarutdanning

-       Skuleleiarerfaring

-       Erfaring med kvalitetsutvikling og pedagogisk utviklingsarbeid

-       Interesse for drift og økonomistyring

-       God skriftleg og munnleg framstillingsevne

 

Andre krav

Det blir krevd politiattest før oppstart i stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Strand er den største kommunen i Ryfylke med ca. 14.000 innbyggere og er inne i en spennende utvikling. Vi har fastlandsforbindelse til nabokommunen Stavanger, noe som knytter Strand enda tettere til Nordjæren. Folketall og næringsliv er i god vekst. Jørpeland er kommune- og regionsenter i Strand kommune - også på Tau vokser både næring og sentrumsfasiliteter. Ikonet og turistmagneten Preikestolen ligger i Strand.
Frukostansvarleg med hjarte for heimelaga mat. Gloppen Hotell på Sandane - 100% stilling
GLOPPEN HOTELL
Norway, SANDANE

Vi søker etter frukostansvarleg frå 25. mai 2026. Søknadsfrist snarast -- vi vurderer søknadar fortløpande.

Hos oss er frukosten meir enn berre eit måltid -- det skal vere ei oppleving. Vi legg vekt på heimelaga mat, gode råvarer og små detaljar som gjer at gjestene kjenner seg velkomne.

💡 Kven søker vi etter?

Vi søker en frokostansvarleg som elsker tidlige morgener, lukta av nybakt brød og gleda av å gi gjestane den beste starten på dagen.

👨 🍳 Dine oppgåver

  • Lage og presentere ein innbydande frukostbuffé.

  • Tilberede varm og kald frukostmat.

  • Bake og lage pålegg og smårettar frå botnen av når det er mogleg.

  • Sørgje for at buffeen alltid er innbydande og godt fylt.

  • Halde kjøkenet ryddig og organisert.

  • Vere med på å skape gode morgonar for gjestene våre.

🎯 Vi ser etter deg som

  • Har lidenskap for mat og stoltheit i arbeidet ditt.

  • Likar å glede andre menneske.

  • Har sans for det heimelaga og ekte.

  • Trivst med å starte dagen tidleg.

  • Kan arbeide sjølvstendig, men også i lag med andre.

  • Gjerne har erfaring frå hotell, kafé eller restaurant.


Vi tilbyr

  • Du får vere med å utvikle ein frukost vi er stolte av.

  • Vi elsker lokal mat og drikke, og lager det meste sjølve.

  • Høve til å arbeide kreativt med gode råvarer.

  • Gleda av å gi gjester ein fantastisk start på dagen.

📍Stad: Gloppen Hotell, Sandane


Kan du tenke deg å jobbe hos oss?

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Smil frå team-Gloppen Hotell :)

Om arbeidsgiveren:

Gloppen Hotell har tradisjonar tilbake til 1829. Hotellet ligg i Nordfjord i hjartet av Fjord Norge og er kjende for vår prisvinnande lokalmat, store aktivitetstilbod og laksefiske. Hotellet er i stadig utvikling og vi søker no etter ein ny, motivert ansatt som vil vere med i eit dynamisk, ungt og utviklingsorientert team.

Pedagogisk leder/barnehagelærer 
EIKEN BARNEHAGE
Norway, EIKEN
Eiken barnehage har ledig to års vikariater som pedagogisk leder fra 1.8.2026 til 31.07.2027. Hægebostad barnehage har ledig ett års vikariat fra 01.08.2026 til 31.07.2027. Det er mulig at enkelte stillinger blir faste. Stillingsbehovet kan endre seg. 

Arbeidsoppgaver

Ansvar for utvikling og gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på avdelingen i samarbeid med andre ansatte i barnehagen
Praktisk og pedagogisk arbeid med barn og barnegrupper
Ansvar for planlegging, evaluering og dokumentasjon av den daglige virksomheten, og ansvar for at planene blir gjennomført
Ansvar for å medvirke til utforming, gjennomføring, evaluering og dokumentasjon av planer for enkeltbarn og barnegruppen som helhet
Viser initiativ, engasjement og evne til å håndtere alle sider ved arbeidet på avdelingen, og bidrar til at arbeidsoppgavene blir løst på best mulig måte
Deltakelse i lek og aktiviteter med barna
Ansvar for daglig kontakt og samarbeid med foreldre/foresatte i samarbeid med de andre på avdelingen
Bidra for utvikling av det faglige miljøet og for et godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjoner

Godkjent barnehagelærerutdanning
Beherske IKT til eget planarbeid
Gode norskferdigheter, både skriftlig og muntlig
Helse som gjør det mulig å være aktiv voksen i lek på alle aldersgrupper både ute og inne sammen med barna

Personlige egenskaper

Engasjert i barns utvikling og har barnet i fokus
Løsning og utviklingsorientert
Positiv rollemodell for barn og voksne
Opptatt av kvalitet i barnehagen
Ønsker å bidra til at barn får en trygg og positiv start
Glad, engasjert, nærværende og omsorgsfull
God på samarbeid, er leken og tydelig og bidrar positivt i arbeidsfellesskapet

Vi tilbyr

Spennende utfordringer i verdens viktigste jobb
Deltakelse i en lærende organisasjon som har høyt fokus på refleksjon og faglig utvikling
Et positivt og godt arbeidsmiljø
Avlønning iht. tariffavtale gode pensjons og forsikringsordninger, og lokalt ped leder tillegg. 

Hægebostad kommune omfattes også av den sentrale ordningen for nedskriving av studielån.

Kontaktinformasjon

Synnøve Hultin, Enhetsleder, 480 79 219
Irene Handeland, Enhetsleder, 454 25 922

Arbeidssted

Ola Garsons v. 4
4596 Eiken

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Hægebostad kommune

Referansenr.: 5094124259
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026

Om arbeidsgiveren:

Hægebostad kommune tilbyr drømmejobben http://xn--drmmejobben-hgb.com/ En jobb med mening der mennesker står i sentrum.  Hægebostad er en liten kommune vest i Agder der vi er "saman om ei positiv utvikling"
Danselærer
MIDT-TELEMARK KULTURSKOLE
Norway, BØ I TELEMARK

Midt-Telemark kulturskole er organisert under eining for kultur og fritid. Det er omlag 7 årsverk i ulike stillingsprosentar knytt til kulturskolen som tel rundt 400 elevplassar. Midt-Telemark kulturskole har hatt ei positiv utvikling gjennom fleire år. Rektor i kulturskolen er næraste overordna.
Kulturskolen er lokalisert i Gullbring kulturhus og på Gvarv skole.
Midt-Telemark kulturskole gir tilbod om musikk, dans, visuell kunst og teater. Midt-Telemark kulturskole samarbeider tett med dei friviljuge laga innan kulturfeltet som korps, spelemannslag og kor.

Nome kulturskole samarbeider tett med Midt-Telemark kulturskole som òg har ledig 30% fast stilling som danselærer (frå 01.08.2026)
Det vil vere mogleg å kombinere desse to stillingane, og søkarar oppfordrast til å søke på begge.


Arbeidsoppgåver

  • Undervise i ulike dansesjangere

Kvalifikasjonar

Ønska kvalifikasjonar

  •  Dansefaglig og pedagogisk utdanning er ønskelig.

    Særskilde krav

    • Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

    Personlege eigenskapar

    Kulturskolelæraren må 

    • kunne jobbe sjølvstendig
    • ha gode evne til samarbeid/samhandling

    Personelge eigenskapar vektleggast.

    Vi tilbyr

    • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
    • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

    Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

    Kontaktinformasjon

    Guri Røsok, Kulturskolerektor, +47 99391171

    Arbeidsstad

    Gullbringvegen 34
    3800 Bø

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

    Referansenr.: 5070328359
    Stillingsprosent: 30%
    Fast
    Startdato: 01.08.2026
    Søknadsfrist: 06.04.2026

    Om arbeidsgiveren:

    I staben (den sentrale administrasjonen) jobbar me for heile kommunen. Me er tre einingar som ivaretek oppgåver innan personalforvaltning, kommunikasjon, service, arkiv, politisk sekretariat og økonomiforvaltning. Kultur og fritid er også organisatorisk plassert i staben. Staben er i hovudsak ein tilretteleggar, rådgjevar og støtte til leiarane i rolla deira. Me skal sørgje for gode arbeidsprosessar, system, retningslinjer ol., og bidra til å sikre god medråderett mellom tilsette og kommunen som arbeidsgjevar. Me har også ansvar for informasjon og dialog med innbyggjarane gjennom ma. heimeside og sosial medie.

    Staben blir leia av kommunedirektør og held til i kommunehuset i Bø.

    Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

    Bli tilkallingsvikar i Sunnfjord kommune
    SUNNFJORD KOMMUNE , SENTRALADMINISTRASJONEN
    Norway, FØRDE

    Ønskjer du å gjere ein forskjell for menneske i ulike livssituasjonar? Sunnfjord kommune treng fleire tilkallingsvikarar i heile kommunen, og vi leitar no etter deg som vil bidra til gode, trygge og meiningsfulle kvardagar for innbyggjarane våre.

    Vi har behov for vikarar i:

    • bu- og miljøtenestene
    • heimetenestene
    • omsorgssentra

    Som tilkallingsvikar blir du ein viktig ressurs når behovet oppstår. Du får varierte arbeidsdagar, nye erfaringar og moglegheit til å utvikle deg i ei spennande og samfunnsnyttig rolle.

    Vi har behov for tilkallingsvikarar i alle geografiske område i Sunnfjord kommune. I søknaden ønsker vi at du skriv kvar i kommunen du kan tenke deg å jobbe, slik at vi kan kople deg til rett eining og arbeidsstad.

    Krav til søkar:

    • Uavhengig av om du har fagbrev eller formell utdanning, er du velkomen til å søke. Vi ser etter både assistentar og personar med relevant fagkompetanse som ønsker å jobbe med menneske og bidra i tenestene våre.
    • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
    • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
    • godkjent politiattest
    • gode IKT kunnskapar
    • bør ha førarkort klasse B

    Vi søker deg som:

    • har eit ekte engasjement for å jobbe med menneske med ulike behov, og møter kvar enkelt med respekt og omsorg
    • trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team
    • er ein god lagspelar som bidreg til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø
    • er fleksibel, trygg og open for endringar
    • held deg fagleg oppdatert og er ein pådrivar for kvalitet og god etisk praksis

    Vi kontaktar aktuelle søkarar og lagar avtalar fortløpande, så ikkje vent med å sende inn søknad!

    Du søker elektronisk.

    Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

     


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Om arbeidsgiveren:

    Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
    Støtte til barn med behov for tegnspråkopplæring
    HOLVIK BARNEHAGE
    Norway, MÅLØY

    Ønsker du å jobbe med tegnspråk i barnehage?

    Holvik barnehage i Kinn kommune har behov for bemanning med tegnspråkkompetanse.

    Erfaring fra arbeid med barn er foretrukket.

    Ved tilsetting må det legges fram politiattest av ny dato.

    Ønsket oppstart er 01.08.2026, men tiltredelsesdato kan diskuteres.


    Arbeidsoppgåver


    Du vil ha hovedansvar for at et barn med tegnspråk som morsmål, tilegner seg språkkunnskaper.

    Du vil jobbe som en del av personalet på avdeling i barnehagen. Et hovedmål hos oss er at alle barn skal kjenne glede og mestring i et inkluderende fellesskap, og da forgår tegnspråkopplæring også som en naturlig del av "livet" på avdelingen. Arbeidsoppgavene vil diskuteres med aktuelle kandidater, med utgangspunkt i dette:

    - ansvar for tegnspråkopplæring

    - være en god språkmodell

    - ansvar for IUP og være med i ansvarsgruppe

    - lede arbeidet med tegnspråk på avdelingen

    - delta i arbeidet for at alle barna på avdeling skal være inkludert i fellesskapet

    - ansvar for samarbeid med Statped og PPT

    - foreldresamarbeid

    - pådriver for tegnspråk i barnehagen

     

    Kvalifikasjonar

    Vi søker deg som har tegnspråkkompetanse og ønsker å jobbe med barn.
    Du er positiv, løsningsorientert og liker å jobbe med mennesker.
    Erfaring fra arbeid med barn blir vektlagt.

    Personlege eigenskapar

    Vi søker deg som:
    - kan arbeide selvstendig og i team
    - bidrar positivt i en lærende organisasjon
    - er inkluderende og bidrar et godt arbeidsmiljø

     

    Vi tilbyr

    Fast stilling i Kinn kommune. Tariffløn og god pensjonsordning i KLP.
    Kinn kommune har kompetanselønssystem.

    Kontaktinformasjon

    Line Hodnefjell, Tenesteleiar Holvik Barnehage, +47 97765011

    Arbeidsstad

    Blomsterdalen 1
    6700 Måløy

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Kinn kommune

    Referansenr.: 4887828618
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Startdato: 01.08.2026
    Søknadsfrist: 30.04.2026

    Om arbeidsgiveren:

    Vår visjon:
    I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.  Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.386 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.  I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.

    Sommarjobb Sandane
    SPAREBANK 1 SOGN OG FJORDANE AVD FELLESADMINISTRASJON
    Norway, SANDANE

    Vil du ha ein sommarjobb der du møter kundar ansikt til ansikt og får innsikt i korleis bank fungerer i praksis? 

    No søkjer vi sommarvikar til kontoret vårt på Sandane. Stillinga gjeld arbeid tysdag – torsdag kl 09.00-15.00, gjennom heile sommaren. Her blir du ein del av eit lokalt bankmiljø med tett kontakt med kundane våre og ein variert arbeidskvardag. 

    Du vil jobbe med daglige banktjenester og kundemottak. Det betyr at du er eit viktig kontaktpunkt for kundane som kjem innom kontoret. 

    Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere: 

    • ta imot og rettleie kundar i kundemottaket 
    • hjelpe med banktjenester som konto, kort og betaling 
    • rettleie kundar i bruk av digitale løysingar 
    • handtere enkle førespurnader og sørgje for vidare oppfølging ved behov 
    • bidra til orden og struktur i den daglege drifta på kontoret 

    Dette er ei rolle for deg som likar å møte folk, trivst med ansvar og ønskjer å vere eit positivt ansikt utad for banken. 

    Kven ser vi etter 

    Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, strukturert og trygg i møte med ulike typar kundar. Du kommuniserer tydeleg, både munnleg og skriftleg, og handterer digitale verktøy på ein god måte. 

    Du tek ansvar for eigne oppgåver og bidreg til eit godt samarbeid på kontoret. Erfaring frå service eller kundearbeid er ein fordel, men ikkje eit krav. Du får nødvendig opplæring. 

    Vi ønskjer at du kan jobbe tysdag – torsdag heile sommaren, og evt ved behov.  

    Hos oss blir du ein del av den daglege drifta på kontoret på Sandane. Du jobbar saman med erfarne kollegaer og får oppgåver som betyr noko i kvardagen. 

    Ein sommarjobb hos oss gir deg innsikt i korleis bank fungerer frå innsida og erfaring du kan ta med deg vidare. 

     
    Arbeidsstad: Sandane 

     
    Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med banksjef Odd Kjetil Tonning.  

     

    Om arbeidsgiveren:

    SpareBank 1 Sogn og Fjordane er den sjuande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 78 milliardar kroner og nær 300 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.
    Tilkallingsvikar
    GVARV SKOLE
    Norway, GVARV

    Gvarv skole søkjer etter omsorgsfulle og engasjerte tillkallingsvikarar. Om du er interessert i ein meiningsfull ekstrajobb, og har lyst til å bli kjend med trivelige barn- og ungdom i et godt kollegialt miljø, send oss ein søknad i dag.

    Gvarv skole er ein 10. årig skule.

    Vi søkjer tilkallingsvikar til alle våre tre avdelinger; skole, SFO og Rubinstep (avdeling for barn med særskilde behov)

    Vi tek kontakt fortløpante med aktuelle søkjarar etterkvart som behov melder seg.

    Arbeidsoppgåver

    • ha ansvar for ei klasse eller enkeltelevar
    • ha ansvar for elevar på SFO og i friminutt
    • ha ansvar for elevar som treng ekstra støtte
    • arbeide ein til ein med elevar

    Kvalifikasjonar

    Ønska kvalifikasjoner

    • Lærerutdanning er ønskjeleg, men vi søker og lærarstudentar, barne- og ungdomsarbeidar eller assistentar
    • Erfaring med barn- og ungdom er ønskjeleg

    Særskilde krav

    • Krav om politiattest, jf.  Opplæringsloven § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

    Personlege eigenskapar

    • God på relasjonsbygging
    • Tydelig leiing i klasserommet
    • Evner til å skape eit godt arbeidsmiljø
    • Pedagogiske kunnskapar, kunne sjå kva eleven treng
    • Fleksibel og gode samarbeidsevner
    • Kunne bli kalt ut på arbeide på kort varsel.

    Personlege eigenskapar vektleggast.

    Vi tilbyr

    • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

    Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

    Kontaktinformasjon

    Marianne Strandberg, Ass. rektor, +47 91395932

    Arbeidsstad

    Tinghaugvegen 1
    3810 Gvarv

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

    Referansenr.: 5089661286
    Stillingsprosent: 0%
    Anna
    Søknadsfrist: 30.04.2026

    Om arbeidsgiveren:

    Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.

    Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

    Bli en nøkkelressurs i et av Vestlands mest anerkjente regnskapsbyrå
    AVAL AS
    Norway, RÅDAL

    Er du en statsautorisert eller erfaren regnskapsfører som ønsker å jobbe i et stabilt og fremtidsrettet regnskapsbyrå?

    Nå søker vi deg som trives med ansvar, liker kundekontakt og ønsker å være en del av et selskap som kombinerer solid fagkompetanse og en inkluderende kultur.

    Hos oss får du fleksibel arbeidstid, mulighet for hjemmekontor ved behov, parkering på stedet og gode ordninger for pensjon, kurs og helse.

    Vi tror på langsiktige relasjoner, både med kunder og medarbeidere, og ønsker deg som vil være med videre på reisen.

     

    Arbeidsoppgaver

    • Regnskapsføring A–Å
    • Utarbeide og kvalitetssikre perioderegnskap, årsregnskap og skattemeldinger
    • Oppfølging av egen kundeportefølje
    • Sikre etterlevelse av lover og regelverk
    • Dele kunnskap og bidra til utvikling internt
    • Delta i interne prosjekter og bidra til kontinuerlig forbedring av arbeidsprosesser.

    Ønskede kvalifikasjoner

    • Statsautorisert regnskapsfører eller lengre erfaring som regnskapsfører
    • Over 5 års erfaring fra regnskapsbyrå
    • Erfaring med regnskap A–Å, lønn, rapportering og rådgivning
    • Gode IT-ferdigheter og interesse for KI
    • Gode norskkunnskaper, både muntlig og skriftlig

    Personlige egenskaper

    • Strukturert, nøyaktig og kvalitetsbevisst
    • Trives med kundekontakt og ansvar for egne leveranser
    • Samarbeidsvillig og positiv bidragsyter i miljøet
    • Løsningsorientert, faglig engasjert og trygg i rollen som rådgiver

    Vi tilbyr

    • Selvstendig rolle med egen kundeportefølje
    • Fleksibel arbeidstid og mulighet for hjemmekontor ved behov
    • Parkering for alle ansatte
    • Fri telefon og tilgang til kurs og etterutdanning
    • Gode pensjons- og forsikringsordninger
    • Sosialt og inkluderende arbeidsmiljø med årlige utenlandsturer

     

    Vi i Servtech Personell bistår vår kunde i rekrutteringsprosessen og ser fram til å motta din CV og søknad. Søk gjerne så snart som mulig gjennom vår søkefunksjon.

    Om arbeidsgiveren:

    Aval er et Godkjent regnskapsselskap som er medlem av Regnskap Norge og er en Miljøfyrtårn-sertifisert bedrift. Selskapet ble etablert i 1990. Vi har kunder i de fleste bransjer og benytter ledende systemløsninger på markedet, blant annet Visma, 24sevenoffice, PowerOffice Go, Tripletex og Uni Micro.

     

    I dag består Aval av 13 ansatte, hvorav 7 er statsautoriserte regnskapsførere. Selskapet har et solid fagmiljø med høy kompetanse, og legger stor vekt på kvalitet, faglig utvikling og tett samarbeid i team. Vi har en flat struktur og et uformelt arbeidsmiljø preget av engasjement, humor og samhold.

    Go to top