Hitta ett jobb
Hitta ett jobb som passar dig bland tusentals platsannonser i Europa. Träffarna har hämtats från EURES - den europeiska jobbportalen.
Då kan dette vere stillinga for deg.
Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement – og kollegaer som ser kvarandre og stiller opp når det trengst.
Vi arbeider med hemodialyse, nyremedisinsk poliklinikk og transplantasjonsutgreiing. Som sjukepleiar hos oss får du følgje pasientar gjennom sårbare og krevjande forløp, og du får tid og rom til å bli trygg i det spesialiserte fagfeltet.
Opplæring og fagleg utvikling er ein naturleg del av jobben. Vi har to-delt turnus, med arbeid kvar tredje helg på medisinsk sengepost.
For å gi deg ei trygg og god oppstart, tilbyr vi opplæringsvakter i forkant. Difor ønskjer vi at du kan starte så snart det passar for deg – men vi er fleksible og finn ei løysing saman.
👉 Høyrest dette ut som noko for deg?
Kva går jobben ut på?
- Sjukepleie, oppfølging av pasientar som får hemodialyse og sjukepleie til pasientar ved medisinsk sengepost kvar 3. helg
- Opplæring og rettleiing av pasientar etter prinsippa for primærsjukepleie.
- Pasientoppfølgjing av hemodialyse.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Må kunne norsk skriftleg og munnleg.
- Relevant sjukehuserfaring frå nefrologi er ein fordel.
- Gode tekniske og systematiske ferdigheita og grunnleggende datakunnskaper.
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- har struktur og fokus på nøyaktighet i det du gjer
- er oppteken av å skape gode møte med både pasientar og kollegaer
- tek initiativ og er ikkje redd for å gripe nye utfordringar
- trivst med å samarbeide på tvers av fag og yrkesgrupper
- stiller opp og gjer det som trengst – også når det hastar
- er med på å skape eit trygt og støttande arbeidsmiljø
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
- høgt fagleg nivå og kollegaer som deler kunnskap
- moglegheit for både fagleg og personleg utvikling
- ein arbeidsplass som er IA-bedrift og legg til rette ved behov
Kontaktinformasjon
Kristine Aasheim Imsland, Avdelingsleiar Medisinsk avdeling, kristine.aasheim.imsland@helse-fonna.noArbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5036182253
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Søknadsfrist: 05.01.2026
Om arbeidsgiveren:
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar får du eit sentralt ansvar for å leie og utvikle avdelinga pedagogisk, fagleg og organisatorisk. Dette omfattar mellom anna:
- heilskapleg personal- og elevansvar
- leiing av pedagogiske utviklingsprosessar i samarbeid med lærarar og leiargruppa
- å motivere og støtte tilsette og elevar i arbeidet med eit trygt, inkluderande og profesjonelt læringsmiljø
- aktiv deltaking i skolens profesjonelle læringsfellesskap og strategiske utviklingsarbeid
- ansvar for avdelinga sine internasjonaliseringsprosjekt
- drift, økonomi og dagleg organisering av avdelinga
- arbeid i fagsystem innan fag- og timefordeling, timeplanlegging og oppfølging av elevar med ulike behov
Kvalifikasjonar
Vi er på jakt etter ein avdelingsleiar med undervisningskompetanse, gjerne innan programområdet, god kjennskap til bransjane og leiarerfaring.
Du må like å drive utviklingsprosessar saman med lærarane og resten av leiargruppa, og ha elevane si læring og trivsel som målsetjing. Ein avdelingsleiar hos oss må kunne handtere eit høgt arbeidstempo, raske skifter og søke gode løysingar på utfordringar i skulekvardagen.
Det er forventa at du har digital kompetanse til å utnytte fylkeskommunen sine IKT-løysingar, og ser potensiale i ny teknologi.
Personlege eigenskapar
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar knytt til stillinga:
- du er ein synleg leiar som involverer, skaper engasjement og tillit
- du har evne til å setje klart definerte mål og arbeide strategisk
- du er god på relasjonsbygging
- du lyttar til medarbeidarane og er god på kommunikasjon og samarbeid
Vi tilbyr
en utfordrende stilling i et arbeidsmiljø kjennetegnet av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
-veiledning for nytilsatte
-god tilgang til faglige nettverk og faglig utvikling
-et arbeidsmiljø og en organisasjonskultur preget av et godt og tett samarbeid
-offentlig pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
-lønn etter avtale
Kontaktinformasjon
Roger A. Fylling, rektor, +47 93441678, roger.fylling@mrfylke.noJørgen Ljoså, Ass.rektor, 92862930
Arbeidsstad
Yrkesskolevegen 206011 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5046671672
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2025
Om arbeidsgiveren:
Borgund vidaregåande skole er ein av dei største vidaregåande skolane i Møre og Romsdal og held til i Spjelkavik i Ålesund kommune.
Skolen har til saman nesten 1100 elevar og 235 tilsette. Vi har sju ulike yrkesretta utdanningsprogram og eiga avdeling for tilrettelagt undervisning. I tillegg har skolen eit kompetansesenter (BORK) som gir tilbod til vaksne elevar og kurs for næringslivet. Vi har også ansvar for undervisninga ved Ungdomspsykiatrisk avdeling (UPA-skolen) og ved Ålesund fengsel.
Søfteland barneskule har ledig ein fast stilling i 89 % som fagarbeidar/assistent i skule og SFO frå 11.01.26.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda våre er trygge og inkluderande skulemiljø og lesing i alle fag som grunnleggande ferdigheit.
Arbeidsstad
Søfteland barneskule ligg like ved riksvegen på veg mot Os sentrum når du kjem frå Bergen. Vi har 210 elevar og 35 tilsette. Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Ros og oppmuntring er vi rause med. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt barna.
Les gjerne meir om skulen på heimesida: www.softeland.skule.no
Arbeidsoppgåver
Arbeid med barn i skule og SFO. Våre nye medarbeidarar har ei viktig rolle i arbeidet med å skape trygge og gode rammer for læring og utvikling for elevane i tida dei er på skulen.
Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne-og ungdomsarbeidarfaget, men søkarar med anna relevant udanning og erfaring vil bli vurdert. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK dir. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Eigenskapar
Vi ønsker ein strukturert og tydeleg medarbeidar, med gode evner til å kommunisere, og som er glad i å jobbe med barn. I tillegg til formell kompetanse legg vi stor vekt på personlege eigenskapar.
Engasjement, fleksibilitet, samarbeid, og vilje til endring og utvikling er viktig for oss.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?Vil du jobbe der det skjer – og der du får brukt både hovudet og hendene?
I Felles akuttmottak tek vi imot rundt 60 pasientar i døgnet – alt frå små skadar til livstrugande tilstandar. Hos oss er ingen dagar like, og du blir del av eit fagmiljø som samarbeider tett og støttar kvarandre.
👉 Søk i dag – vi gler oss til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Mottak, stabilisering og behandling av pasientar med behov for akutt hjelp.
- Samhandling i tverrfaglege team.
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette.
Tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for 12-timars turnus.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Vidareutdanning i akuttsjukepleie.
- Minimum 2 års erfaring frå akuttmottak eller annan relevant erfaring kan kompensere for manglande vidareutdanning.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- trivst med høgt arbeidstempo og faglege utfordringar
- samarbeider lett med andre, men tek òg sjølvstendige val
- tek ansvar og bidreg aktivt i kvardagen
- kommuniserer tydeleg og med omtanke
- har god digital kompetanse
- møter andre med respekt, deler kunnskap, og er med på å skape ei positiv stemning i avdelinga.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Ei variert stilling der du får brukt faget ditt – og utvikla deg vidare gjennom nye oppgåver og erfaringar i kvardagen.
- Høve til 12-timars turnus (etter avtale og i tråd med gjeldande ordningar).
- Eit arbeidsmiljø med godt samhald – der vi samarbeider tett, støttar kvarandre og har det triveleg på jobb.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Trude Karoliussen, Funksjonsleiar, +47 91856627, trude.karoliussen@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5052118975
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 29.12.2025
Om arbeidsgiveren:
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Er du klar for å jobbe 2 veker og nyte 3 veker fri?
Fjord1 styrkjer beredskapen i sambandet Jektevik - Nordhuglo - Hodnanes. I samband med dette blir det oppretta eit nytt skift og skiftordninga vil bli endra. Vi har difor ei ledig stilling som matros, p.t. om bord på MF Julsund.
MF Julsund blei bygd i 2004, men blei i 2019/2020 oppgradert og ombygd til hybrid der batteri er primær-energikjelde for framdriftssystemet.
Det vil være ein fordel å bu lokalt, då ein ikkje bur om bord på frivakt.
Tilsetjing skjer etter avtale, med ønskje om oppstart snarast mogleg. Vi ansetter fortløpande!
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Ferdigheitssertifikat matros eller nødvendig fartstid for å kunne tjenestegjere som matros
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper skriftlig og muntlig
Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom RLF/NHO og Norsk Sjømannsforbund
- Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
- Skiftordning: 12 timar på og 12 timar av – 1 veke dag og 1 veke natt. 2 veker på jobb og 3 veker fri.
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
Fv495414 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5047038722
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.12.2025
Om arbeidsgiveren:
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Vi søkjer ein maskinsjef til vår moderne, elektriske ferje MF Sunnylvsfjord – spennande jobb nær Ålesund. Fleksibel turnus 2 veker på/2 veker av - døgnskift. Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid.
Kvifor velje oss?
- Variert og spanande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spanande arbeidsoppgaver.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!
- Hybel i Eidsdal: Dersom ein ønsker å bu der på frivakt.
Arbeidsoppgåver
Som maskinsjef vil du ha hovudansvaret for den tekniske drifta av ferja.
Dette inkluderer:
- Sikre at alt teknisk utstyr fungerer i samsvar med gjeldande krav.
- Vedlikehald av maskineri og system gjennom AMOS vedlikehaldssystem.
- Oppfylging av sikkerheitsstyringssystemet i samarbeid med skipsførar.
- Opplæring og oppfølging av mannskap under din leiing.
- Overvaking av brennolje-, smøreolje- og ferskvatnforbruk.
- Budsjettering og bestilling av reservedelar.
Er dette deg?
Du trivst med ansvar og tekniske utfordringar, og likar å jobbe i eit miljø der samarbeid og kommunikasjon er nøkkelen til suksess. Du er løysingsorientert, serviceinnstilt og tek initiativ når det trengst. Med godt humør og ei positiv innstilling bidrar du til eit godt arbeidsmiljø og trivsel om bord. I tillegg brenn du for å vere med på den grøne utviklinga i maritim sektor og jobbe med moderne teknologi.
- M3-sertifikat (minimumskrav)
- Sikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandteringskurs
- Gyldig helseerklæring
Kva kan vi tilby?
- Eit solid fagmiljø med gode kollegaer og moglegheit for vidare utvikling
- Gode velferdsordningar: Tilgang til firmahytter, gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hybel i Eidsdal tilgjengeleg for frivakter dersom du ikkje bur lokalt.
- Skiftordning: 2 veker på, 2 veker av, døgnskift
Interessert? Send inn søknaden din i dag og bli ein del av den fine gjengen på MF Sunnylvsfjord – vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontaktinformasjon
Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, jill.juberg@fjord1.noArbeidsstad
6200 Stranda Municipality
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4996799624
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.12.2025
Om arbeidsgiveren:
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Bu- og miljøtenesta i Balestrand søkjer ein leiar som vil vere tett på folk, tett på fag og tett på utviklinga av gode tenester.
Me treng deg som vil vere med og skape ein trygg og meiningsfull kvardag for innbyggjarar med ulike funksjonsnedsettingar, og ein arbeidsplass der medarbeidarane får vekse.
Tenesta omfattar tre avdelingar og eitt aktivitetssenter, og blir leia av to likeverdige avdelingsleiarar. Du blir ein del av eit erfarent og støttande leiarteam
Arbeidsoppgåver
I denne rollen får du ansvar for både retning og rytme i kvardagen. Du skal mellom anna:
- Leie den daglege drifta av bustadene i Balestrand
- Ha personalansvar for engasjerte og dyktige medarbeidarar
- Følgje opp økonomi, budsjett og ressursbruk
- Sørgje for at tenestene er i tråd med lovverk og faglege krav
- Utvikle gode arbeidsformer og berekraftige tenester
- Bidra til eit arbeidsmiljø prega av tillit, læring og fagleg styrke
Kven ser me etter?
Me ser etter ein leiar som både er varm og tydeleg, og som trivst i ein kvardag som endrar seg. Du får ting gjort, men du gjer det gjennom involvering, fagleg tryggleik og gode relasjonar.
Me forventar at du
- Har høgare utdanning innan helse eller sosialfag (minimum bachelor)
- Kjenner lovverk og faglege retningslinjer godt
- Kan bruke digitale verktøy som ein naturleg del av arbeidskvardagen
- Kommuniserer tydeleg og skaper tillit
- Er lærevillig, nysgjerrig og trygg
- Har evne til å sjå både detaljar og heilskap
- Gjerne har erfaring frå prosjektarbeid eller teamleiing
- Engasjement for endring og utviklingsarbeid
Leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav. Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt. Me trur at riktig person kan lære mykje, så lenge viljen, vurderingsevna og haldningane er på plass.
Me tilbyr
- Ei meiningsfull leiarstilling der du får påverke utviklinga av tenestene
- Eit fagmiljø med høg kompetanse og godt samarbeid
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Løn etter avtale og pensjonsordning i klp
Me ønskjer at arbeidsplassen skal spegle mangfaldet i samfunnet, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Det er seks månaders prøvetid i stillinga.
Opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde etter offentleglova § 25. Søkjarar blir varsla dersom det skjer.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837Vil du jobbe med gjestekommunikasjon, service og opplevingar – midt i ein av Vestlandets mest levande fjelldestinasjonar?
Myrkdalen Fjellandsby er kjent for snørike vintrar, familievennleg skikøyring og eit stort utval av aktivitetar året rundt. No søker vi ein bookingmedarbeidar som vil bli ein viktig del av gjestereisa vår – frå første kontakt til opphaldet er bestilt og klart.
Rolla passar perfekt for deg som likar struktur, service og kundekontakt, og som blir motivert av å hjelpe gjester med å planlegge minnerike dagar i fjellet.
Om jobben
Som bookingmedarbeidar blir du ein del av ein erfaren og triveleg gjeng som handterer alt frå individuelle bestillingar til pakkar, grupper og turoperatørar. Arbeidskvardagen er variert, og du jobbar tett med resepsjon, aktivitetsteamet og andre avdelingar for å sikre ei sømlaus oppleving for gjestene.
Du jobbar hovudsakleg på dagtid – og får ein kontorjobb med mykje menneskekontakt.
Arbeidsoppgåver
- Svare på førespurnadar via telefon, e-post og bookingverktøy
- Rettleie gjester om overnatting, aktivitetar og pakkeløysingar
- Registrere, oppdatere og kvalitetssikre reservasjonar
- Følgje opp grupper, turoperatørar og samarbeidspartnarar
- Bidra til gode rutinar, struktur og effektiv drift
Vi ser etter deg som kjenner deg igjen i dette:
- Serviceorientert, løysingsfokusert og glad i mennesker
- Kommuniserer godt på norsk/skandinavisk og engelsk
- Har erfaring frå kundeservice, resepsjon, booking eller sal (fordel, ikkje krav)
- Har god digital kompetanse og lærer nye system raskt
- Erfaring med HotSoft, Citybreak eller SuperOffice er ein fordel, men ikkje strengt nødvendig
Hjå oss får du:
- Ein variert kvardag med mykje kontakt med gjester og kollegaer
- Moglegheit for utvikling innan booking, salg, kundereise eller reiseliv
- Arbeidsmiljø prega av trivsel, støtte og høg fagleg standard
- Rabattar og fordelar på aktivitetar og opplevingar i Norway’s Best
- Konkurransedyktige vilkår, gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass midt i fjellbygda – med naturen rett utanfor døra
Arbeidstad: Myrkdalen Hotel, Myrkdalen
Oppstart: Etter avtale
Norway’s best Group AS (NBG) er eit leiande norsk reiselivskonsern, med nokre av Norges mest spektakulære natur- og kulturbaserte reiseopplevingar i sin portefølje. Vår hovudaktivitet foregår i Flåm og Myrkdalen. Med fyrtårnprodukta Flåmsbana og UNESCO-området Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei mest populære reisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen har vi den største skidestinasjonen på Vestlandet. I tillegg har selskapet aktivitet i Aurland, Lærdal, Geiranger og Oslo. NBG har ein omsetnad på vel 850 MNOK, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Konsernet eig Myrkdalen Fjellandsby, The Fjords og 50% av Flåmsbana. Gjennom dotterselskapet Norway’s best AS eig og driftar konsernet fire hotell, 14 restaurantar, to bakeri, i tillegg til Flåmsbanamuseet og Aurland Skofabrikk. Selskapet har også ein stor kommersiell avdeling som marknadsfører og seljer våre og andre aktørar sine produkt til gjester over heile verda. I Norway’s best Group AS verdset vi naturen, miljøet og dei lokalsamfunna vi opererer i. Ved å gjere vårt ytterste for å redusere vår miljøpåverknad og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer vi å bidra til ei framtidsretta og berekraftig reiselivsnæring. Våre ansatte er kjernen i verksemda og vi ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Om arbeidsgiveren:
nullUlstein Power & Control er Ulstein Group sitt systemintegrasjons- og serviceselskap, og leverer avanserte maritime kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og utland.
I stillinga som Senior Engineer Power Systems, bidreg du i eit innovativt og engasjert miljø, med høve til personleg og fagleg utvikling. Du vert ein del av eit fagleg sterkt team som er sentralt i utviklinga av berekraftige kraftsystem til nybygg og retrofit. Har du erfaring med, eller ønskje om å arbeide med DC- og/ eller MV-system vil det være ein fordel.
Vi ser etter kandidatar som ønskjer å påverke og skape resultat i samarbeid med andre, og utøve verdiane våre gjennom å «Innovere, engasjere og avansere».
Ulstein Power & Control har hovudkontoret sitt i Ulsteinvik, og avdelingskontor ved Moa i Ålesund
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som Senior Engineer Power Systems vil du få molegheit til å delta aktivt i utvikling av løysningar knytt til det grøne skiftet. Du vil delta i utvikling av framtidig Powerarkitektur og få ansvar for engineering, oppfølgning og kontroll av prosjektleveransar.Andre relevante arbeidsoppgåver er:
- systemintegrasjon av Power- og automasjonsløysingar
- design og oppfølging av Powerløysingar
- teknisk støtte til serviceingeniørar
Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Vi ønsker å komme i kontakt med deg som har høgare utdanning innen elektro. Du har god forståing og interesse for marine kraftsystem og automatisering, samt kjennskap til skipssystem og maritim industri. Teknisk erfaring frå skip blir vektlagt, men vi vil også vurdere nyutdanna.Videre ser vi for oss at du har
- kompetanse på kortslutningsberekningar og selektivitetsanalysar
- gode evner til kommunikasjon og samarbeid
- vilje til å søkje ny kunnskap og dele erfaringar
Ulstein tilbyr
- Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
- Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
- Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, god pensjonsordning og gode forsikringsordningar.
Arbeidsstad vil vera ved kontoret vårt i Ulsteinvik. Vi tilbyr god fleksibilitet og har også eit kontor i Breivika, Ålesund, som kan nyttast.
Kontaktinformasjon
Stephen Thorheim Røyset, Project & Engineering Manager, 958 61 161Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Power & Control ASReferansenr.: 5051084045
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026
Om arbeidsgiveren:
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Power & Control AS tilbyr service og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.