Hitta ett jobb
Hitta ett jobb som passar dig bland tusentals platsannonser i Europa. Träffarna har hämtats från EURES - den europeiska jobbportalen.
Vi har no ledig 60% vikariat som helsefagarbeidar
Alderspsykiatri SNR ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk helsefagarbeidar med nok audmjukheit til å kjenne si eiga styrke og begrensning nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe sine synspunkt inn til drøfting med kollega. Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på menneske som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det er forventa at du tåler å stå i det.
Seksjonen vår er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåvene til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD) ,alvorleg depresjon, angstliding, alvorleg spiseforstyrring og andre alvorlege psykiske lidingar. Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har 9 sengeplasser inkludert moglegheit for 2 intensivplasser - ingen akuttfunksjon. Innlegging skjer etter henvisning frå fastlege, sjukeheimslege eller annan lege/seksjon/avdeling i helseføretaket. Alderspsykiatri SNR gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunane
Kan dette vere noko for deg? Då håpar vi du søkjer – vi gleder oss til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Bidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing. Seksjonen har et stort fokus på miljøtiltak
- Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollega i sengeposten og poliklinikk
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak
- Halde seg fagleg oppdatert og følge seksjonen sine kompetansehevingstiltak
- Bidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunane
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/ hjelpepleiar
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv
- Du må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringar i organisasjonen vår
- Du må vere positiv og ein god relasjonsbyggar
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du er god til å samarbeide på tvers av yrkesgrupper
- Du har stor arbeidskapasitet
- Du er fysisk og psykisk eigna til stillinga
- Du må vere fagleg tydeleg og gje tilbakemeldingar til kollega både på det negative og positive
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Kontaktinformasjon
Marit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 26450 HJELSET
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5099214162
Stillingsprosent: 60%
Vikariat
Startdato: 01.04.2026
Sluttdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 06.04.2026
Om arbeidsgiveren:
Vi er ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag, og mange er interesserte i sakene våre. Derfor får vi mange innsynskrav i dokumenta våre. Vi er eit team som handterer innsynskrava og som saman har ansvaret for å vurdere og behandle krav om innsyn på vegner av tilsynet.
Innsynsteamet er plassert i avdeling innsyn og søknader i tilsynsdivisjon landdyr og slakteri. Som medlem i teamet vil du også ha høve til å bidra til utvikling av rutinar og prosessar. Avhengig av behov kan det også bli aktuelt med andre saksbehandlingsoppgåver innanfor ansvarsområdet til avdelinga.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med takhøgde for diskusjonar og spørsmål. Du vil gjennom saksbehandlinga få eit godt innblikk i ansvarsområda til Mattilsynet og bidra til at vi legg til rette for openheit og innsyn, samtidig som vi sikrar at vi overheld teieplikt og tek personvernomsyn.
Kontorstad i Oslo, Bergen eller Tromsø. Kontorstad ved andre av Mattilsynet sine kontor kan vera aktuelt etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Behandle innkomne innsynskrav etter reglane i offentleglova, forvaltingslova og GDPR
- Behandle avvik og klager til avslag i innsynskrav
- Ha dialog med dokumenteigarar og saksbehandlarar i Mattilsynet
- Ha kontakt med brukar dersom det er behov for oppklaringar
- Ha dialog med samarbeidande etatar
- Dialog med interessentar av innsynskrav
- Jobbe med forbetringar av rutinar og prosessar for å handtere innsynskrav
- Jobbe saman med andre i innsynsteamet og kvalitetssikre avgjerdene
- Andre oppgåver tilknytte ansvarsområdet til avdelinga ved behov
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Juridisk embetseksamen / mastergrad i rettsvitskap
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Interesse for og kjennskap til forvaltingsrett, offentleglova og GDPR
Det er ein fordel om du også har:
- Erfaring med saksbehandling i offentleg forvalting
- Interesse for offentlegheit i samfunnet
- Interesse for digitalisering og teknologi
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert, fleksibel og nøyaktig.
- Du må trivast med rutineoppgåver, samtidig som du kan bidra til utvikling av rutinar og prosessar.
- Du har gode samarbeidsevner og trivst godt med å jobbe i team, men kan også jobbe godt sjølvstendig.
- Du set deg raskt inn i aktuelle saksbehandlingssystem og digitale verktøy.
- Du er effektiv, samtidig som du varetar rettssikkerheit og samfunnsoppdrag.
I vurderinga av kandidatar vil vi legge vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Fast stilling som rådgivar (stillingskode 1434) eller seniorrådgivar (stilingskode 1364) med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida frå kr 650 000 til kr 800 000 for tilsvarande stillingar i Mattilsynet. For spesielt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare lønn.
- Ein arbeidsplass der vi samarbeider og hjelper kvarandre
- Arbeid med eit spennande og viktig samfunnsoppdrag
- Gode arbeidstidsordningar (fleksibel arbeidstid, sommartid og vintertid), og moglegheit for heimekontor etter nærare avtale med leiar
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon: Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Kristin Lervåg på telefon 92 05 68 50, om du har spørsmål om stillinga.
Slik søker du
Vi tek berre imot søknader elektronisk. Vi ber om at du lastar opp vitnemål via Vitnemålsportalen. Dette sikrar ei enkel og sikker overføring av dokumenta dine. For meir informasjon om korleis du bruker Vitnemålsportalen, besøk vitnemålsportalen.no Søkarar som ikkje har moglegheit for det, legg inn attestar og vitnemål som vedlegg til søknaden. For å bli vurdert må du laste opp vitnemål/karakterutskrift.
Vi håper å høyre frå deg!
Visjonen vår er at vi saman tryggjer framtida for menneske, dyr og natur. For å lykkast med dette er vi i gang med ei omfattande utvikling av organisasjonen, korleis vi jobbar saman og korleis vi utviklar løysingar med vekt på brukarane sine behov. Vi er 1.200 kollegaer med kompetanse på tvers av mange fagfelt, som for eksempel veterinærfaget, næringsmiddelproduksjon, biologi, utvikling, jus og forvaltning. Det gleder oss at vi har stige på omdømmemålingar i offentleg sektor, fordi vi er avhengig av tillit og jobbar hardt for å opplevast som ein hjelpar. Vi er til stades i heile landet og utviklar oss kontinuerleg. Mattilsynet rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Les meir på mattilsynet.no.
Inkludering og mangfald er ein styrke for Mattilsynet. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene på ein enda betre måte. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer jobb hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Vi nyttar informasjonen berre til å velje ut riktige kandidatar og til anonymisert statistikk.
Om arbeidsgiveren:
nullTilrettelagte tenester f.t Varafjell avlastning har ledig:
- faste stillingar i turnus; 3x 100 % - med arbeid for tida kvar 4. helg (langvakt på helg)
Tilrettelagte teneste gjev tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Eininga gjev tenester i Bjørnafjorden vest og i Bjørnafjorden aust, og består av avlastning for born og unge, bufellesskap og dagsenter.
Arbeidsstad og Arbeidsoppgåver
Stillingane er for tida på Varafjell avlastningssenter. Avlastningssenteret ligg strategisk plassert, nær skule, idrettsplass og friluftsområde og har tilbod for born og unge med nedsatt funksjonsevne.
Varafjell har ledige fagarbeidarstillingar for deg som ønskjer ein meiningsfull og variert arbeidskvardag. Du vil arbeide tett med barn og unge med ulike behov, og bidra til tryggleik, meistring og gode opplevingar. Stillingane inneber og ei viktig rolle i å støtte og avlaste familiar med krevjande omsorgsoppgåver, i eit fagmiljø prega av samarbeid, kompetanse og engasjement. Arbeidsoppgåver grad knytt opp mot barn med behov for tett oppfølging.
• Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. I funksjonen inngår førebygging, habiliteten og rehabilitering.
• Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne.
• Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
• Du må vere villig til å ta på deg hovudkontaktarbeid og /eller koordinatorarbeid. Dette arbeidet inneber blant anna å følgje særskilt med på barnet sitt tilbod, stille på møter og vera ein aktiv deltakar i utvikling av barnet sitt tilbod.
• Vidare må du rekne med å arbeide aktivt saman med, og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sine pårørande, familie, vener og hjelpeapparatet elles.
Kvalifikasjonar
• Du har autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men søkjarar med relevant arbeidserfaring, innan brukargruppa, vil også verta vurdert.
• Du har erfaring frå arbeid med born/ungdom med nedsett funksjonsevne
• Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
• Kjennskap og erfaring frå helse og omsorgstenestelova kap. 9 er ønskjeleg
Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Det vert lagt særleg vekt på di kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Kven er du?
Fordi du ønskjer å vere ein del av eit spennande arbeidsmiljø, er denne stillinga heilt perfekt for deg. Du ønskjer utfordringar og er opptatt av å ivareta barnet som om det var ditt eige. På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gi barnet eit godt heiltidstilbod.
• Du er sjølvstendig og har opparbeida deg gode samarbeidsevner
• Du er klar for noko nytt og spennande
• Du er endringsvillig og spontan og du ønsker ein jobb der utfordringane står i kø.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?