Om stillinga og arbeidsstaden
Bufdir, avdeling tilskot har ledig eit vikariat i 100 % frå september 2026 til og med juni 2027.
Kva får du jobbe med hjå oss?
Du får gode kollegaer i ei stor og spennande avdeling med eit godt arbeidsmiljø.
Bufdir forvaltar tilskot til frivillige organisasjonar, stiftingar, kommunar og andre aktørar. Tilskotsordningane er mellom anna retta mot barn og unge, familiar og par, likestilling, deltaking, ikkje-diskriminering, inkludering og vald i nære relasjonar.
Arbeidsområdet er knytt til Bufdir si tilskotsforvalting. Dette inneber sakshandsaming av søknadar og rapportar, kontroll av rekneskap samt oppfylging av dei som får tilskot (råd og rettleiing). Direktoratet gir råd til ulike departement om utforming av tilskotsordningane og rapporterer om måla vert nådd. Oppgåvene kan vere knytt til tilskotsordningar på fleire av Bufdir sine fagområde.
Som medarbeidar får du ein jobb der du verkeleg ser resultat av arbeidet ditt. I avdeling tilskot blir du ein del av eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Kollegaene dine har variert utdanning og erfaring. Når du jobbar hjå oss, vil du i periodar oppleve stort arbeidspress og høge krav til effektivitet, noko vi trur du vil trivast med fordi du har godt humør og tek ting raskt.
Kva slags bakgrunn har du?
Du må ha relevant utdanning frå universitet eller høgskule, vi legg stor vekt på juridisk utdanning på bachelorgradnivå. Du har erfaring og kompetanse på nokre av fagområda der Bufdir forvaltar tilskot. Vi legg og stor vekt på at du har jobba med tilskotsforvalting i staten dei seinare åra. Anna erfaring med tilskotsforvaltning vil òg telle positivt. Det er ein fordel om du har erfaring eller kunnskap om utsette grupper og familiar. Har du erfaring frå frivillige organisasjonar og dei som jobbar for og med våre målgrupper tel det òg positivt. Her kan erfaring frå organisasjonar som jobbar for personar med funksjonsnedsetting være spesielt relevant. Erfaring med rettleiing, informasjonsarbeid, kontrollarbeid og budsjett/rekneskap set vi òg høgt.
Du har godt forvaltingsskjøn og har kjennskap til reglement, lov- og regelverk på tilskotsområdet, samt det politiske landskapet stillinga opererer i. Du kan legge fram ei sak ryddig både skriftleg og munnleg. Du skal ha god erfaring med bruk av elektroniske system og programvare som trengst i ein moderne arbeidskvardag. Relevant erfaring og kompetanse med programvare vi nyttar i Bufdir generelt, og i tilskotsforvatninga spesielt, er spesielt nyttig og vert tillagt vekt.
For stillingskoda 1408 førstekonsulent, vil krava til erfaring og kompetanse knytt til fagområde i Bufdir, tilskotsforvaltning og forvaltningsskjønn vere lågare.
Kva for person ser vi etter?
Du likar å samarbeide med andre og er tydeleg på kva du forventar. Du vil ha kontakt med dei som søkjer tilskot og som vil ha råd og rettleiing, så du er serviceinnstilt, tolmodig og har ei positiv haldning. Du jobbar systematisk og effektivt og har orden i sakene dine òg i travle tider. Arbeidsoppgåvene vil variere, og du er fleksibel og trivst med både rutine- og utviklingsarbeid. I ein hektisk arbeidskvardag er det avgjerande med eit godt arbeidsmiljø. Difor er òg kva du kan tilføre arbeidsmiljøet særs viktig for oss.
Kva får du hjå oss?
Har du lese heilt hit, vonar vi at jobben er interessant for deg. Sidan vi er eit direktorat, kan vi ikkje tilby deg firmabil og bonusar. Men til gjengjeld får du vere med på å løfte oss slik at vi kan gje, utsette grupper, barn, unge og familiar eit endå betre tilbod, og det meiner vi har stor verdi i seg sjølv. Men du får sjølvsagt òg løn! Nøyaktig kor mykje du får i året, kjem an på kvalifikasjonane dine, men ho vil liggje mellom 484 000 - 750 000 kroner. Du vil få stillingskoden 1408 førstekonsulent eller 1434 rådgjevar. Er du rasande flink, kan høgare løn vurderast.
I tillegg får du alle goda ved å vere tilsett i staten, det vil mellom anna seie fleksitid og sumartid, samt høve til å trene i arbeidstida. Du får òg medlemskap i Statens pensjonskasse, noko som inneber ei god tenestepensjonsordning og yrkesskade- og gruppelivsforsikring. Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagd til avdeling tilskot.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren:
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er et statlig forvaltningsorgan underlagt Barne- og familiedepartementet (BFD).
Våre hovedoppgaver ligger innen områdene oppvekst, barnevern, familievern, adopsjon, likestilling og ikke-diskriminering, samt vold og overgrep i nære relasjoner.
Bufdir styrer Bufetat, som har ansvar for det statlige barne- og familievernet. Direktoratet ble etter en lovendring 1. januar 2014 fagorgan for hele barnevernet, det vil si både det kommunale og det statlige.
På vegne av departementet behandler vi saker knyttet til barnevernsloven, adopsjonsloven, barneloven, ekteskapsloven og rettferdsvederlag. Rettssikkerhet, legitimitet, likebehandling, ivaretakelse av mangfold og saksbehandling av høy kvalitet er sentralt for direktoratet.
Direktoratet er faglig rådgiver for departementet og kompetanseorgan på våre områder, både for sektoren, andre offentlige organer og allmennheten. En viktig funksjon er å fremskaffe og formidle solid kunnskap innen våre ansvarsområder.
Bufdir er nasjonalt kontor for gjennomføringen av EU-programmet Aktiv Ungdom (nå Erasmus+). Vi forvalter også tilskuddsordninger på vegne av departementet.