Vil du vere med og skape ein skulekvardag der elevane blir sett, utfordra og inspirert – kvar einaste dag?
Ved Kviteseid skule har vi ledig inntil 300 % årsvikariat som lærar frå 01.08.2026, med moglegheit for fast tilsetjing. Stillingane kan bli delte, og endeleg stillingsstorleik vil bli fastsett ut frå skulen sitt behov og søkjarane sin kompetanse. Vi søkjer etter engasjerte, trygge og relasjonssterke lærarar som ønskjer å vere med og vidareutvikle skulen vår – både fagleg og sosialt.
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar
-
Godkjent pedagogisk utdanning i tråd med opplæringslova
-
Undervisningskompetanse for grunnskulen (1--7 og/eller 5--10)
-
Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
-
Ønskeleg med kompetanse innan spesialpedagogikk
-
Ønskeleg med fagkompetanse innan musikk og framandspråk
Personlege eigenskapar
-
Er ein tydeleg og varm klasseleiar
-
Bygg gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
-
Har høge ambisjonar på elevane sine vegner
-
Er strukturert, løysingsorientert og fleksibel
-
Trivst i samarbeid og bidreg positivt i fellesskapet
-
Er utviklingsorientert og open for nye arbeidsmåtar
Arbeidsoppgaver
-
Planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning i tråd med LK20
-
Skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmiljø
-
Følgje opp og analysere elevane si læring og utvikling
-
Tilpasse opplæringa til elevar med ulike behov
-
Delta aktivt i profesjonsfellesskapet og utviklingsarbeid ved skulen
-
Samarbeide tett med kollegaer, føresette og eksterne instansar
- Kontaktlæraransvar kan vere aktuelt
Vi tilbyr
-
Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
-
Engasjerte og dyktige kollegaer
-
Moglegheit til å påverke og utvikle skulen vidare
-
Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar
-
Lønn etter gjeldande avtaleverk
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om arbeidsgiveren:
Kviteseid skule ligg flott til i hjartet av Telemark, med naturen som ein naturleg del av
skulekvardagen. Vi er ein skule der elevane skal oppleve meistring, trivsel og tilhøyrsle, og der dei vaksne jobbar tett saman i eit profesjonelt læringsfellesskap.
Hos oss møter du kollegaer som deler, støttar og spelar kvarandre gode -- og som har eit felles mål om å gjere ein forskjell for elevane.