europass

Leia töö

Leidke sobiv töö tuhandete võimaluste seast üle kogu Euroopa. Otsingutulemused edastab teile Euroopa tööturuasutuste võrgustik EURES. 

Tulemused
Kuvatakse 55638 Tulemused

Sort by
HR-rådgjevar
SULDAL KOMMUNE FELLESTENESTENE KOMMUNEDIREKTØR, STAB
Norway, SAND

Suldal kommune lyser ut 100 % fast stilling frå 1.februar 2026.

Suldal kommune er i ei spanande utvikling, og me ser etter ein HR-rådgjevar som kan vere ein trygg og støttande ressurs når endringar skjer. Suldal kommune er ein kommune med rundt 530 tilsette, hjå oss får du ei sentral rolle i å styrke leiarar og bidra til utviklingsarbeid på tvers av heile organisasjonen. Suldal kommune er ein LEAN-kommune, og me har fokus på forbetringsarbeid i heile organisasjonen.

Om stillinga
Du blir ein av to likestilte HR-rådgjevarar i kommunen, og saman løyser de både operative og strategiske oppgåver. I Suldal kommune er me opptatt av å arbeida på tvers av fag. Difor skjer HR-arbeidet i nær kontakt med kommunikasjon, slik at ein saman utviklar gode løysingar for organisasjonen. Som HR-rådgjevar jobbar du i eininga Organisasjon og innbyggarkontakt som består av tilsette som jobbar med merkantile oppgåver, politisk sekreteriat, kommunikasjon, post og arkiv.

Arbeidsoppgåver
Som HR-rådgjevar vil du ha ei variert og viktig rolle i organisasjonen. Du gjer rådgjeving og støtte til leiarar i HR-relaterte spørsmål og sikrar at kommunen har god kompetanse på lov- og avtaleverk, HMS-arbeid, sjukefråværsoppfølging, forsikring og pensjon. Du leier ulike utviklingsprosjekt, skriv saker til politisk handsaming og deltek i lønsforhandlingar. I tillegg bidreg du til digitalisering og effektivisering, fasiliterer ulike utval og deltek i prosjekt som styrkar kommunen si evne til å løyse samfunnsoppdraget. I dette arbeidet vil du ha tett samarbeid med tillitsvalde og verneombod. Arbeidsoppgåvene kan bli justerte etter behov.

Kvalifikasjonar
Høgare utdanning frå høgskule eller universitet innan relevant fagfelt.
Det er ønskjeleg, men ikkje eit krav, om erfaring innan arbeid med HR.
Suldal kommune nyttar nynorsk som skriftspråk, og me ønskjer at du har god evne til å uttrykkje deg både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar
Me legg stor vekt på personleg eignaheit. Me ser etter ein person som trivst med utfordringar og ansvar, som er modig, open og tillitsvekkande. Du har høg integritet, er bevisst rolla di, ser moglegheiter og er løysingsorientert. Du kan og vil ta ansvar, du har evne til å bygge gode relasjonar og skape samarbeid på tvers av organisasjonen.

Kva tilbyr me?
Støtte til deler av medlemskap på treningssenteret Stas-Knallform.
God opplæring og moglegheit for vidareutdanning og kurs.
Rekrutteringsbustadar du kan søkje om å få leige. Sjå meir informasjon på heimesida vår.
Løn etter avtale

Har du lyst til å vere med og forme framtida i Suldal kommune? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Lytt gjerne til Suldal kommune sin podcast Kraftlaget der første episode handlar om blant anna Organisasjon og innbyggarkontakt.

Har du spørsmål utover det som kjem fram i stillingsannonsa kan du ta kontakt med HR-rådgjevar Gorm Hol på mob 45 65 14 89 eller HR-rådgjevar Elise Nedrejord på mob 95 98 58 34.

Send oss søknaden din og bli med på Kraftlaget vårt!


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Om Suldal kommune Skattkammeret Suldal er den geografisk største kommunen i Rogaland, med rundt 3 800 innbyggarar. I Suldal har me alt frå lune fjordar til vide fjellområde og høge toppar. Her ligg det til rette for eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter, du kjem frå 0 til 1000 meter over havet på 40 minutt. Det er flotte merka turløyper i heile kommunen, skianlegg på Gullingen og eit aktivt båtliv. Me har aktive og gode lokalmiljø, koselege tettstader, og eit rikt og variert kulturliv. Eit innhaldsrikt og aktivt kulturhus ligg i kommunesenteret Sand. Her ligg og sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og ikkje minst Suldal Bad. I grendene er det mykje aktivitet i form av kultur arrangementer og ein befolkning som er oppteken av å utvikle grendene våre. Kraftkommunen Suldal har eit godt og allsidig tenestetilbod, med 436 årsverk. Suldal kommune er i stadig utvikling og har eit stort arbeid på gang for å bli ein LEAN-kommune.
Maskinsjef i ressursgruppa - spennande og variert arbeid i region Vestland
FJORD1 AS
Norway, HORDVIK
Fjord1 har no ei fast stilling som maskinsjef i ressursgruppa for våre samband i region Vestland

 

I denne rolla vil du vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband etter behov. Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som maskinsjef. Du må kunne tilpasse deg endringar og nye situasjonar, og ha evna til å ta raske og gode avgjerder når det trengst.

Dersom du ønskjer ein jobb der ingen dagar er heilt like, og der du får både utfordringar og utviklingsmoglegheiter, er dette stillinga for deg.

Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på to veker arbeid og to veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timars arbeidsavtale og oppstart etter avtale.

For å kunne utføre stillinga må du disponere eigen bil, då du vil ha teneste på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad.


Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav.
  • Vedlikehald av maskineri og komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
  • Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert følgt og at det er samsvar med ISM-koden. 
  • Opplæring av personell under si leiing.
  • Oppgåver knytt til alarminstruks.
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemte og reservedelsoversikt.
  • Akrivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
  • Føre maskinsdagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.
  •  

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat.
  • Høgspentkurs.
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta.
  • Krise- og passasjerhandtering.
  • Gyldig helseerklæring.
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som er ansvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner, høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag der endringar kan oppstå.

 

    Vi tilbyr

    • Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Det Norskse Maskinistforbund.
    • Fast ansettelse i et solid og anerkjent selskap
    • Turnus: 2 veke på og 2 veker av
    • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
    • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.

     

    Kontaktinformasjon

    Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.no

    Arbeidsstad

    Fv269 5108
    5108 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5047127436
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 12.11.2025

    Om arbeidsgiveren:

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Assisterande einingsleiar Manger heimeteneste 
    ALVER KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON KNARVIK
    Norway, MANGER

    Om stillinga som Assisterande Einingsleiar 

    Stillinga som assisterande einingsleiar er ei nyoppretta stilling som rapporterer direkte til einingsleiar. Assisterande einingsleiar har personal- og fagansvar i si avdeling, men har ikkje heilskapleg ansvar. Som assisterande einingsleiar kan ein få delegert enkeltoppgåver innan for eksempel  økonomi og HMS- arbeid. Assisterande einingsleiar er ein del av avdelinga si leiargruppe. 

    Stillinga er ei dagstilling ( 37,5 t/v) 

    Ved ferieavvikling og anna kortvarig fråvær vil ein kunna få endra ansvarsområde/oppgåver innafor den ordinære stillinga som assisterande einingsleiar. Ved lengre fråvær av einingsleiar vil ein ved behov kunne verte konstituert jmf HTA § 13.4 

    Me har jobba over tid med heiltidskultur, og er i ein prosess med tenestestyrt bemanning og oppgåvedeling for å kunne yte gode og bærekraftige tenester i framtida. 

    Assisterande einingsleiar skal saman med  einingsleiar i avdelinga være med på å utvikle tenesta og bidra til felles kulturbygging. Som ein del av leiarteamet i avdelinga er du med på å drive internt organisasjonsarbeid, for å sikre likeverdige, gode og bærekraftige tenester i framtida.

    Alver kommune er i ein omstillingsprosess " Alver kommune i endring og omstilling 2026" der me saman skal byggje Alver-laget for framtida.


    Arbeidsoppgåver

    Personalansvar 

    • Direkte personalansvar for delar av personalgruppa i avdelinga

    Fagansvar

    • Saman med einingsleiar ha ansvar for å sikre at kvaliteten på tenestene er innanfor ramma av dei ressursane avdelinga disponerer.
    • Ansvarleg for at fagområdet nyttar Kvalitetssystemet og tenesteproduksjonen og nyttar avvikssystemet i oppfylginga
    • Gjennomføre internkontrolltiltak innanfor fagområdet
    • Sørge for naudsynt fagleg samordning på tvers av linjeorganiseringa
    • Ansvarleg for at dei tilsette samla sett har tilstrekkeleg og relevant kompetanse
    • Ta initiativ til og gjennomføre fagleg forbetrings- og utviklingsarbeid
    • Ansvarleg for ei brukar- og serviceorientert utvikling av tenester i fagområdet
    • Sikre god løpande dialog med brukarar og pårørande

     


    Kvalifikasjonskrav

            Krav til kompetanse 

    • 3 årig bacherlorutdanning i sjukepleie
    • Norsk autorisasjon
    • Førarkort klasse B 

      Ønska kompetanse 

    • Erfaring og god kjennskap frå arbeid i heimetenesta 
    • Erfaring og kjennskap med organisering av drift i heimetenesta
    • God digital kompetanse 
    • Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" ( test i norsk på høgare nivå) 

    Personlege eigenskapar

    Me søkjer etter deg som er ein fagleg trygg sjukepleiar, og som ynskjer å leie andre. Du kan jobbe sjølvstendig, være strukturert og evnar å prioritere oppgåver ut frå dei krav som vert stilt til tenesta. I tillegg til å være fleksibel og ha god gjennomføringsevne, er du god til å motivere og rettleie personalet i den daglege drifta.

    Du er løysingsorientert, har god kommunikasjonsevne, og er ein god rollemodell for dine kollegaer. 


    Vi tilbyr

    • Fagleg og personleg utvikling
    • Leiaropplæring
    • Høg kompetanse i avdelinga med stort fokus på kvalitet i tenesta
    • Dedikerte kollegaer som har brukar i fokus
    • Allsidig og lærerikt arbeidsmiljø
    • Lønn: Etter avtale 

    Om arbeidsgiveren:

     

    Heimetenesta i Alver er organisert i 6 ulike geografiske soner- Manger, Frekhaug, Knarvik, Alversund/Seim, Ostereidet og Lindås. Dagsentra for heimebuande er og organisert under heimetenesta , og samarbeider tett med avdelingane. Alle avdelingane nyttar Mobil Omsorg og me har eit stort fokus på velferdsteknologi.
     

     

    Heimetenesta på Manger er lokalisert sentralt på Radøy. Avdelinga er samansett av sjukepleiarkompetanse, helsefagarbeidarkompetanse, heimehjelparar og assistentar.

    Avdelinga har pr i dag ca 23 årsverk som gjev tenester til heimebuande på Radøy. Avdelinga har eit personale med god erfaring og kompetanse som har fokus på å levere gode tenester.

    Heimetenesta er i ein omstillingsprosess der me jobbar med tenestenivå, oppgåvedeling og ressursfordeling for å nytte ressursane til det beste for dei me yter tenester til.

    Vil du bli vår nye maskinsjef
    FJORD1 AS
    Norway, MÅLØY

    Er du klar for å bli ein del av eit leiande selskap innan ferjenæringa? Fjord1 er ein sentral aktør innan den maritime sektoren og strebar etter å vere den sikraste og mest pålitlege leverandøren av ferje- og hurtigbåttransport i markneden!

    Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i ressursgruppe til våre samband i Sogn og Fjordane.

    Som maskinsjef i ressursgruppe vil du vere utsjekka på ei rekke samband i området, og du vil også bistå med oppstart av sambandet Lavik-Oppedal som Fjord1 overtar 1.9.26. I tillegg skal du også sikre at opplagsferje har forsvarleg tilsyn.

    Kvifor velje oss?

    • Variert og spanande arbeid: Du vil få en variert arbeidskvardag, med ulike oppgaver.
    • Fleksibel skiftordning: 2 veker på, og 2 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
    • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
    • Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!

    Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!


    Arbeidsoppgåver

    • Teknisk leiar, og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
    • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
    • Skal saman med skipsførar bidra til at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM-koden
    • Sørge for opplæring av personell under si leiing
    • Oppgåver knytt til alarminstruks
    • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemte og reservedelsoversikt
    • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
    • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
    • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
    • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
    • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
    • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde

     

    Kvalifikasjonar

    • Minimum M3
    • Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsforskrifta
    • Krise- og passasjerhandtering
    • Gyldig helseerklæring

    Personlege eigenskapar

    Vi søker en dyktig og engasjert maskinsjef som trives med ansvar og har en lidenskap for drift og vedlikehold av maskineri. Du må ha teknisk innsikt, gode lederegenskaper og evnen til å sikre effektiv og trygg drift om bord.

    Vi tilbyr

    • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Det Norske Maskinistforbund
    • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
    • Attrakive velferdsordningar.
    • Skiftordning: 2 veker på, og 2 veker av

    Kontaktinformasjon

    Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47330488, sigrunn.hellebust@fjord1.no

    Arbeidsstad


    6700 Måløy

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5046550917
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 04.01.2026

    Om arbeidsgiveren:

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Overlege gynekologi og fødselshjelp
    HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK
    Norway, ÅLESUND

    Vi har ledig 100% vikariat for overlege med kompetanse i gynekologisk kirurgi og interesse for generell gynekologi! 

    Oppstart er frå snarast, og varigheita på vikariatet er 1 år.

    Ålesund sjukehus, har omtrent 1 300 fødslar per år. Vi har 10 spesialistar og 8 legar i spesialisering. Ein av overlegane og ein LIS har PhD og enda ein overlege jobbar med sin PhD. Avdeling for Kvinnesjukdomar, barnemedisin og habilitering er ei mellomstor avdeling i nasjonal samanheng. Dette inneber at vi har dei fleste gynekologiske og obstetriske problemstillingar i vår avdeling. Dette skapar lærerike og interessante arbeidsdagar.

    Hos oss er arbeidsmiljøet godt, vi jobbar tett saman, både vi legane oss imellom og saman med anna sjukehuspersonell. Du er velkomen som søkjar til ein meiningsfylt arbeidskvardag!


    Arbeidsoppgåver

    • Gynekologiske operasjoner
    • Avdelingsarbeid
    • Poliklinisk virksomhet
    • Vaktarbeid på bakvaktsnivå
    • Arbeid på føde- og barselavdelingen hovedsakelig på vakttid

    Kvalifikasjonar

    • Du må ha godkjent spesialitet innan gynekologi og fødselshjelp
    • Du er ein erfaren operatør innen laparoskopi og uro-gynekologi
    • Du er STAN-sertifisert

    Personlege eigenskapar

    • Du er strukturert og jobber løysningsorientert
    • Du er teamorientert og jobbar på lag
    • Du må beherske godt norsk munntleg og skriftleg

    Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

    Vi tilbyr

    • Sterkt tverrfagleg samarbeid
    • Ein inkluderande arbeidsplass
    • Løn etter gjeldande overeinskomstar
    • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

    Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

    Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre degLes meir her!

    Kontaktinformasjon

    Lena Elisabet Huttner, Seksjonsleiar, Lena.Huttner@helse-mr.no

    Arbeidsstad

    Åsehaugen 5
    6017 Ålesund

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

    Referansenr.: 5041819854
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Søknadsfrist: 30.12.2025

    Om arbeidsgiveren:

    Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


    Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


    Vil du jobbe ein stad du får tillit, ansvar og høve til å gjere ein forskjell?
    SENTRALADMINISTRASJON SOGNDAL
    Norway, SOGNDAL

    Heimetenesta i Sogndal søkjer nye kollega! 

    I Sogndal utviklar me tenester som set menneske i sentrum, både dei som får hjelp og dei som gir ho. Alle stillingane er i utgangspunktet knytt til heimetenesta i Sogndal, og nokre er organiserte gjennom bemanningssentralen. Det betyr at du får solide rammer, god opplæring og varierande oppgåver i eit fagmiljø som verdset utfordringar. 

    Hjå oss får du:

    • Varierte og fagleg spennande dagar 
      Du møter menneske i ulike livssituasjonar og får bruke heile kompetansen din, frå kliniske vurderingar til relasjonsarbeid og oppfølging i heimen. 

    • Sjølvstende og eit sterkt lag rundt deg 
      Du arbeider sjølvstendig ute i felt, men har alltid eit støtteapparat av kollegaer som er tilgjengeleg når du treng dei. 

    • Ein arbeidsplass som utviklar seg 
      Me testar nye løysingar, lærer av erfaringar og utviklar tenestene saman. Du får høve til å påverke arbeidsmåtar og fagleg retning. 

    • Tid til å vere til stades 
      Me veit at kvalitet krev ro, tryggleik og gode relasjonar. Me legg til rette for ein arbeidskvardag der du faktisk får gjort arbeidet grundig. 

    • Eit liv nær natur, aktivitet og fellesskap 
      Sogndal gir deg balanse. Ei meiningsfull stilling med fjord, fjell og fritidsliv rett utanfor døra.

    Dette kan passe for deg som:

    • Er fagleg trygg, nysgjerrig og engasjert 

    • Trivst med ansvar og tek initiativ 

    • Samarbeider godt og møter menneske med varme og profesjonalitet 

    • Ønskjer ein arbeidsplass som satsar på utvikling og nye idear 

    Hjå oss kan du jobbe som:

    • Sjukepleiar 

    • Vernepleiar 

    • Helsefagarbeidar 

    • Student innan helse eller sosialfag med ønske om relevant erfaring 

    Klar for å bli ein del av heimetenesta i Sogndal? Me tilset fortløpande og oppmodar deg til å søkje tidleg.

    Skriv gjerne kva type jobb og stillingsstorleik du er interessert i, me ser fram til å bli kjent med deg!  

    Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
    Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.
    Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

    Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

     


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Om arbeidsgiveren:

    Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837
    Støttekontakt
    KLEPP KOMMUNE HELSE OG VELFERD ETATSADMINISTRASJON
    Norway, KLEPPE
    Tenesteområde helse og velferd i Klepp kommune søker utadvendte og ansvarsbevisste personar til støttekontaktoppdrag for barn, ungdom eller vaksne med ulike utfordringar.

    Dette er ikkje ei vanleg utlyst stilling der ein er garantert svar eller avslagsbrev, men ein stad du kan visa du er interessert  for oppdrag og kor fagansvarleg for støttekontaktordning og leiar for Miljøtenesta med visse mellomrom er innom og leiter etter nye støttekontaktar. 

    I periodar er behovet for godkjente støttekontaktar større enn andre periodar og vi er derfor avhengig av å opparbeide oss en «bank» med ledige støttekontaktar. Dette betyr at du kan bli kalla inn til intervju, men får kanskje ikkje oppdrag med det same.

    Arbeidsoppgåver

    • En støttekontakt er ein ven, ledsager og motivator for at personer som treng det, skal komme seg ut på fritidsaktiviteter saman med andre
    • Et oppdrag er oftast på 2-3 timer per veke
    • Du må ha evne til å gi eit planlagt og gi eit forutsigbart tilbod. Alle oppdrag er individuelt tilpassa 
    • Nokre gonger vert støttekontakttenesta gitt som gruppe tilbod - og det er behov for ein person som kan å lede eit gruppetilbod

    Kvalifikasjonar

    • Du må helst vere over 16 år og ha i en stabil livssituasjon
    • Du er god på kommunikasjon. Du forstår og snakkar godt norsk og har god kjennskap til norsk kultur. Minimum nivå B1
    • Vi er opptatt av at oppdraget skal vere meiningsfylt for deg og den du er støttekontakt for.
    • Opplæring vil bli gitt
    • Politiattest vert kravd.
    • Det er ønskeleg med sertifikat og bil.
    •  
    •  Attester og vitnemål
      Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.

    Personlege eigenskapar

    • Vi søker personar som er interessert i å jobbe med menneske og som er gode på å skape gode relasjonar
    • Du ønskjer å bidra til at personar som treng det, skal få ei aktiv og kjekk fritid
    • Du er kreativ, strukturert og god til å planlegge aktivitetar i samarbeid med tenestemottakar.  
    • Det er ein fordel å ha kjennskap til fritidstilboda i Klepp og omliggjande kommunar.

    Vi tilbyr

    • Du vil få eigen rettleiar
    • Opplæring og rettleiing i oppdraget
    • Lønn og utgiftsdekning etter gjeldande satsar for Klepp kommune
    • Ta kontakt med fagansvarleg for tenesta på mobil 90207778 dersom du lurer på noko

    Kontaktinformasjon

    Alice Hageland, avdelingsleiar, 41265762

    Arbeidsstad

    Olav Hålands Veg 8
    4351 Kleppe

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Klepp kommune

    Referansenr.: 4907072229
    Stillingsprosent: 0%
    Anna
    Søknadsfrist: 31.12.2025

    Om arbeidsgiveren:

    Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

    Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

    Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

    Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

    Lumityöntekijä, Iisalmi
    Rekry Group Oy
    Finland, Kuopio
    Lumityöntekijöitä Iisalmeen – talvikausi lähestyy Talvi tekee taas tuloaan ja sen myötä myös lumityöt. Etsimme useampia reippaita lumityöntekijöitä Iisalmeen tulevalle talvikaudelle. Työpäivät alkavat usein aikaisin aamulla, jolloin lapiot, kolat ja harjat otetaan käyttöön ja taloyhtiöiden pihat, kulkuväylät ja kadunvarret laitetaan kävelykuntoon. Työtä tehdään silloin, kun lunta tulee – välillä arkena, välillä viikonloppuna eli homma sopii erityisesti sinulle, joka olet joustava ja tykkäät vaihtelevista työpäivistä Tässä työssä tärkein pätevyys on hyvä peruskunto ja reipas ote tekemiseen. Palkkauksessa noudatetaan kiinteistöpalvelualan työehtosopimusta. Jos nautit ulkotyöstä ja et kaihda fyysistä tekemistä - lähetä hakemuksesi ja tutustutaan lisää! Mikäli sinulla herää kysyttävää, soita tai laita viestiä Jarmo Rönkölle, p. 044 248 0936. Tell a friend. Tiedätkö sopivan tekijän tähän tai muuhun tehtävään? Vinkkaa meille ja nappaa palkkio! REKRY GROUP OY / EIKÄ TÖISSÄ VIELÄ KAIKKI * Satoja tuttuja, tuhansia mahdollisuuksia * Paikallisen liike-elämän tuntemus avaa tuhansia mahdollisuuksia työllistymiseen lukuisille eri aloille * Haemme jatkuvasti työntekijöitä sekä pitkiin että lyhyisiin työsuhteisiin. * Mahdollisuuksia on tarjolla ikään tai kokemukseen katsomatta, niin kokeneille tekijöille kuin uraansa vasta aloitteleville, lukuisilta toimialoilta. * Yhdellä hakemuksella monta mahdollisuutta! * Hakemalla meille laajennat omia mahdollisuuksia työllistymisestäsi. Saat meidän laajat verkostot käyttöösi. * Avullamme voit työllistyä monenlaisiin tehtäviin Kuopion, Iisalmen ja Tampereen alueella sekä lähikunnissa. * Vuokratyön tarjoamisen lisäksi teemme suorarekrytointeja, joten liittymällä CV-kantaamme avaat mahdollisuudet myös unelmatyöpaikkasi löytymiselle. Inhimillisyys, tasa-arvo ja toisten kunnioittaminen ovat meille tärkeitä arvoja. Meillä saat olla juuri se kuka olet. Rekry Group Oy on henkilöstövuokraukseen ja suorarekrytointeihin sekä rekrymarkkinointiin keskittynyt palveluyritys. Toimintamme kulmakiviä on paikallisuus, positiivisuus, aktiivisuus, tavoitettavuus, nopeus, helppous ja luotettavuus. Keskeistä toiminnassamme on tehokas ja luotettava rekrytointiprosessi sekä vahva osaaminen markkinoinnista. Olemme sitoutuneet kohtelemaan jokaista työnhakijaa sekä -tekijää yhdenvertaisesti ja syrjimättä.
    CNC-koneistaja (Koneistus Veljekset Alho Oy)
    Apuvoima Pirkanmaa Oy
    Finland, Vesilahti
    Toiveissa vakituinen päivätyö koneistuksen parissa? Etsimme nyt ammattitaitoista CNC-koneistajaa Koneistus Veljekset Alholle Vesilahdelle! Etsinnässä on henkilö, jolta löytyy ainakin jonkin verran työkokemusta cnc-koneistuksen parista. Talossa työskennellään pääsääntöisesti Daewoon Fanuc-ohjatuilla koneilla, valitun henkilön työt tulevat painottumaan cnc-sorveille. Kappaleita valmistetaan pitkälti vakiintuneille asiakasyrityksille. Työssä tarvitaan ohjelmointitaitoa. Ohjelmien työstöön käytössä on WinCAM-ohjelmisto. Kappaleiden koot vaihtelevat noin nyrkinkokoisista aina halkaisijaltaan puolimetrisiin. Töitä tehdään Vesilahdella muutaman hengen porukassa päivävuorossa. Työt alkavat sopimuksen mukaan sopivan tekijän löydyttyä ja haussa on vakituinen työntekijä. Kyseessä on rekrytointitoimeksianto, eli valittu työntekijä työllistyy suoraan Koneistus Veljekset Alhon kirjoille. Tarjolla on siis: - pitkäaikainen työpaikka perinteikkäässä perheyrityksessä - laadukas konekanta työsi tekemiseen - motivoiva palkkaus osaamisen mukaan (16 €/h ->, palkkatoiveita toki kuunnellaan) sekä kilpailukykyiset edut (mm. laaja työterveyspalvelu). Toivomme hakijoilta: - motivaatiota ja halua sitoutua pitkäaikaiseen työpaikkaan - hyvää koneistusosaamista ja halua oppia lisää - tekemisen meininkiä ja tiimityötaitoja. Rekrytoinnin hoitaa kokonaisuudessaan Apuvoima, kaikki lisätiedot ja yhteydenotot: HR-päällikkö Jani Raatikainen, jani.raatikainen@apuvoima.com / 044 493 8210. Hae paikkaa linkin kautta tai lähetä hakemus ja tiedot oleellisesta työhistoriastasi sähköpostitse osoitteeseen jani.raatikainen@apuvoima.com . Ehdokkaita haastatellaan jo hakuaikana, joten toimi pikaisesti! Koneistus Veljekset Alho – kowan teknolokian osaamista jo vuodesta 1980 Koneistus Veljekset Alho tarjoaa alihankintakoneistusta yrityksille. Yli 90 prosenttia valmistettavista tuotteista menee välillisesti vientiin. Yksi vientimaistamme on esimerkiksi Saksa. Asiakaspalvelu ja hyvä laatu on meille sydämen asia. Luotettavuus ja hyvä kumppanuus ovat avainasemassa. Toimitusajat ja hinnat pidämme aina kohtuullisina. Olemme saaneet myös tunnustusta toiminnastamme; Koneistus Veljekset Alho Oy on valittu Vesilahden vuoden yrittäjiksi vuonna 2015. http://koneistusalho.fi/ APUVOIMA ON REKRYTOINNIN AMMATTILAINEN Vuokraamme ja rekrytoimme motivoituneita työntekijöitä useille eri aloille. Palvelemme asiakkaitamme koko Suomen alueella.
    C-kortillinen kaivinkoneenkuljettaja
    Aaltovoima Oy
    Finland, Espoo
    Haemme Pk-seudulle / Uudellemaalle c-kortin omaavaa ammattitaitoista kaivinkoneenkuljettajaa. Töitä vähintään loppukaudeksi, hyville läpi vuoden. Tehtäviisi kuuluu monipuoliset kaivuutyöt, pääosin talonpohjia yms myös haastavissa paikoissa. Kykynet myös itsenäiseen työskentelyyn eli osaathan siis tulkita kuvia. 3D kokemus plussaa, muttei pakollinen. Lisäksi tulet siirtelemään kalustoa työmaiden välillä, jonka vuoksi c-kortti on vaatimuksena. Oman auton käyttömahdollisuus ja erinomainen suomen kielentaito ehdottomat, sillä työmaita on useampi eikä kaikkiin pääse helposti julkisilla. Täytä hakemus pikimmiten, paikat täytetään heti sopivien löydyttyä. AALTOVOIMA - AALLON VOIMALLA TÖIHIN Aaltovoima Oy on moderni rekrytointi- ja henkilöstövuokrausyritys. Perusta toiminnallamme on luotettavuus ja joustavuus. Keskeisimpiä arvojamme ovat työntekijöiden viihtyvyys ja positiivisen ilmapiirin vaaliminen työyhteisöissä. Jokainen työntekijä ja asiakas on meille tärkeä. Henkilöstöllämme on yhteensä kymmenien vuosien kokemus rakentamisen, logistiikan, teollisuuden ja palvelualojen rekrytoinneista henkilöstövuokrausalalla. Palveluitamme ovat henkilöstövuokrauksen ohella joustorekrytointi, urakat, suorarekrytointi ja ulkoistus. ____________________ Yhteistyöterveisin, Henrika Grönholm Myyntikonsultti Aaltovoima Oy henrika.gronholm@aaltovoima.fi Puh. 040 4823 283

    Go to top