I samband med ferieavvikling søkjer Sande kommune vikarar til reinhaldsteamet vårt. Reinhaldsteamet er organisert under Teknisk sektor og er leia av ein eigen fagkoordinator. Teamet har ansvar for reinhald av alle kommunen sine bygg, til dømes sjukeheimen, skular, barnehagar, bibliotek, legekontor og rådhuset med meir.
Har du lyst på ein variert og kjekk sommarjobb? Då inviterer vi deg til å søkje stilling som ferievikar!
Behovet er mellom veke 27 og 33. Det er mogleg å arbeide heile eller delar av perioden. I søknaden ber vi deg skrive når du vil jobbe og når du eventuelt treng fri i sommar. Søknadane vert vurderte ut i frå behov og ønske.
Arbeidsoppgåver
Som ferievikar skal du utføre reinhald ved kommunen sine bygg.
Det vert gitt god opplæring.
Kvalifikasjonar
- Du bør helst fylle 18 år i 2026, men yngre søkjarar kan verte vurderte.
- gode muntlige norskkunnskaper
- personlig eigenskapar vektleggast
Personlege eigenskapar
Du må
- vere pliktoppfyllande og sjølvstendig
- vere fleksibel
- samarbeide godt med andre
- ha lyst til å lære
- bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- ein spennande og utfordrande sommarjobb
- eit triveleg arbeidsmiljø
- læring og erfaring
- tilsetjing i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale
Kontaktinformasjon
Kjell Martin Vikene, Teknisk sjef, +47 90882170Arbeidsstad
Rønnebergplassen 76084 Larsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sande kommuneReferansenr.: 5094757968
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 31.03.2026
Om arbeidsgiveren:
Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.