Leita að starfi
Finndu þér réttu vinnuna á meðal þeirra þúsunda atvinnutækifæra sem liggja á lausu vítt og breitt um Evrópu. Það er atvinnumiðlunarkerfi EURES - netsins sem býður upp á leitarniðurstöðurnar.
Om stillinga
Sveio kommune har behov for støttekontakt til personar med psykisk utviklingshemming i ulik aldersgruppe. Me søkjer nå særskilt etter deg som har lyst å være støttekontakt for barn, ungdom og vaksne. Me oppfordrar spesielt menn til å søkje på stillinga som støttekontakt. Søknad kan leggjast inn kontinuerleg.
Støttekontaktar hjelper personer som har behov for sosial støtte i og utanfor heimen. Normalt er eit oppdrag på 12-16 timar pr. månad, fortrinnsvis utført på ettermiddag. Oppdragsavtalen vert fornya årleg.
Arbeidsoppgåver
Å vere støttekontakt innebærer at du besøker brukar heime, eller drar ut på aktivitater som er tilpasse brukars funksjonsnivå. Dette kan vere kino, kafébesøk, bading i symjehall, gå ein tur, handarbeid, samtalar eller andre aktivitetar.
Støttekontaktar hjelper personer som treng å bli tryggare på seg sjølv og som treng hjelp til å takle ulike livssituasjonar. Ein støttekontakt kan også bidra til at ein person kan klare å omgås andre mennesker i større grad.
Du bør ha fylt 18 år. Det vil være ein fordel om du kan disponere bil for å kunne dra ut på aktivitetar.
Brukar dekker eventuelle kostnadar til aktivitetar.
Kvalifikasjonar
Du treng ingen særskilte formelle kvaifikasjonar for å vera støttekontakt.
Personlege eigenskapar
- du må vere ein trygg og god omsorgsperson
- du må vere glad i å vere saman med andre mennesker
- du må kunne setje grenser
- du må tilpasse deg ulike situasjoner og personer
du må ha god norsk munnleg framstillingsevne
Det er krav om politiattest i henhald til lovverk
Vi tilbyr
- kjøregodtgjerelse etter statlege sats
- godgjering og utgiftsdekning etter kommunal sats
Om arbeidsgiveren:
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Einingane innan helse og omsorg i heile Stad kommune ønskjer fleire fritidskontakter og tilkallingsvikarar.
Ein fritidskontakt skal hjelpe andre personar til å ha ei aktiv og meiningsfylt fritid. Årsaker til at personar treng fritidskontakt er samansett. Det kan vere somatisk (kroppsleg) eller psykisk sykdom, skade eller lidelse, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Personar i alle aldersgrupper kan ha fritidskontakt.
Dersom dette kan vere noko for deg, skriv gjerne litt om dine interesser og kva aldersgruppe du kan tenke deg å jobbe med.
Fritidskontaktoppdrag kan vare frå 2 timar og oppover per veke. Tidspunkt for arbeidet avtalast mellom fritidskontakt og personen ein har oppdrag for.
Skriv i søknaden kva for ei stilling du søkjer på (fritidskontakt eller tilkallingsvikar) og kvar du helst vil jobbe, eller skriv at alle tenester kan vere av interesse, så vil vi ta kontakt med deg dersom du er aktuell.
Merk at du likevel må søkje på direkte utlyste faste stillingar, langvarige vikariat og ferievikariat. Denne utlysninga gjeld berre tilkalling og korte vikariat.
Arbeidsoppgåver
- Vikararbeid i helse- og omsorgseiningane: Heimetenesta, Seljetunet, Hogatunet, Miljøtenesta, Meistring og psykisk helse, Interkommunale helsetenester og Helse.
- Fritidskontakta si viktigaste oppgåve er å hjelpe den enkelte til ei meiningsfull fritid. Dette inneber å vere saman med den enkelte på ulike fritidsaktivitetar som t.d å gå på kino, kafé, trene, reise på turar saman mm.
Kvalifikasjonar
- Alle som ønskjer det kan registrere open søknad for vikararbeid i helse og omsorg
- Som fritidskontakt må du sette deg inn i andre sin situasjon og ha lyst til å gjere noko meiningsfylt i samspel med andre
- Dersom du er aktuell vil du bli kontakta
- Du er gjerne i eit relevant studieløp
- Alle som arbeider i helse og omsorg må levere gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Du er interessert i andre menneske og i tenesteområdet
- Du tek rettleiing og er flink til å følgje prosedyrar på arbeidsplassen
Vi tilbyr
- Ekstravakter, tilkallingsavtaler og kortvarige vikariat
- Løn etter tariff. Du skriv timeliste.
Dersom du er ferdig utdanna og søkjer fast arbeid ber vi om at du følgjer med på utlyste stillingar og legg inn ein søknad!
Det er fint om du sjølv trekkjer søknaden din i Webcruiter når du ikkje lenger er aktuell for vikararbeid.
Kontakt oss gjerne om du lurer på noko!
Kontaktinformasjon
Ann Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97723146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.noHeidi Munch Starheim, Einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no
Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72, annette.hovden@stad.kommune.no
Grete Aud Totland, Einingsleiar Interkommunale helsetenester, 95819005, grete.aud.totland@stad.kommune.no
Linda Gotteberg, einingsleiar helse, 41694203, linda.gotteberg@stad.kommune.no
Arbeidsstad
6740 Selje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5152331406
Stillingsprosent: 23%
Søknadsfrist: 04.01.2027
Om arbeidsgiveren:
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Har du lyst på ein spanande jobb som kan gjere kvardagen lysare for andre i Fjord kommune?
Hovudmålet med ei aktivitetskontakt er å gje den enkelte ei meiningsfull fritid og eit meir sosialt liv. Ei aktivitetskontakt hjelper å styrke personen sine fritidsinteresser og sosiale nettverk. Både born, ungdom og vaksne med ulik grad av behov for tilrettelegging kan trenge aktivitetskontakt. Personen sine ønsker, draumar og behov skal vere i fokus. Det å vere aktivitetskontakt skal vere givande og kjekt, samtidig som du gir eit forsvarleg og godt tilbod. Det kan vere turar, besøk heime eller på kafe, kino, svømming, trening, bibliotek, og mykje anna.
Eit oppdrag kan variere i timetal, men oftast to timar per veke. Løn etter timesatsar, og køyregodtgjering i oppdraget kan avtalast med forvaltningskontor etter individuell vurdering.
Det blir kravd godkjent politiattest for å bli aktivitetskontakt, og du har teieplikt.
Du får nødvending rettleiing. Dette er viktig både for eigen trivsel og kjensle av å meistre oppdraget, samt kvalitet i tilbodet.
Søknader vert behandla fortløpande
Arbeidsoppgåver
- Vere med brukar på aktivitetar
- Fritidskontakt
- Trening- og fritidskompis
Kvalifikasjonar
- Fylt 16 år
- Politiattest
- behersker norsk godt
- Bilsertifikat (ønskeleg)
Personlege eigenskapar
- Stabil og påliteleg
- Gode samarbeidsevner
- Respekt for andre menneske
- Overskot til å gje av deg sjølv
- Positiv og god motivator
- Ser moglegheiter istadenfor begrensingar
Vi tilbyr
- Omfanget på eit oppdrag kan variere i timetal, men oftast to timar per veke.
- Lønn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Kristin Midtbust, Saksbehandlar tildelingskontor, 41867956Hilde Christin Rognsø Furstrand, Saksbehandlar, 41867955
Arbeidsstad
Olavsgata 106210 VALLDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommuneReferansenr.: 5120057607
Stillingsprosent: 1%
Anna
Søknadsfrist: 31.08.2026
Om arbeidsgiveren:
null- rad s metalnom robom u malo i veleprodaji
- rukovanje viličarom