europass

Leita að starfi

Finndu þér réttu vinnuna á meðal þeirra þúsunda atvinnutækifæra sem liggja á lausu vítt og breitt um Evrópu. Það er atvinnumiðlunarkerfi EURES - netsins sem býður upp á leitarniðurstöðurnar. 

Niðurstöður
Sýnir 47649 Niðurstöður

Sort by
Styrar Bergetippen barnehage
BERGETIPPEN BARNEHAGE
Norway, MOLDE

Stillinga som styrar er ledig frå 1. august 2026. Bergetippen barnehage ligg på fastlandsdelen av Aukra kommune, ca. 10 minutt med bil frå Molde sentrum. Frå hausten 2026 har barnehagen om lag 100 barn og 40 tilsette. Vi legg vekt på å ha eit godt og solid fagmiljø. Vi vil ha autoritative vaksne som bygger gode, varme relasjonar med barn, og vi lar oss inspirere av Reggio Emilia-filosofien sitt syn på barn og læring.

Vi søker ein inkluderande og utviklingsorientert barnehagestyrar med pedagogisk utdanning og erfaring, og helst også formell kompetanse og erfaring i leiing. Du har stor arbeidskapasitet, og di arbeidsform er systematisk og strukturert.

Vi ønskjer ein styrar som er inspirerande, engasjert, initiativrik og har godt humør. Personlege eigenskapar vert vektlagde.

Som leiar er du synleg og tydeleg, og legg til rette for samskaping og gode prosessar. Du må ha gode kommunikasjonsevner, samt evne til å ta avgjersler. Du har høge ambisjonar for barna, dei tilsette og barnehagen. Du kan bruke nynorsk som målform.

Styrar er ein del av kommunedirektøren si leiargruppe.

Vi har forventningar til at du…

  • vidareutviklar eit godt, trygt og inkluderande barnehagemiljø
  • er pådrivar for godt samspel med barn, foreldre, tillitsvalde og nærmiljø
  • bidreg til samhandling på tvers av einingane i kommunen
  • er god på økonomistyring
  • skaper eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein utviklande og spennande jobb i ein barnehage med dyktige medarbeidarar
  • Ei leiargruppe som vil ta vel imot deg, og gje deg plass
  • Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar

Særskilte krav

Det vert stilt krav om politiattest.

Prøvetid

Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste

Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følgje.

Søknad sendast

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad" innan søknadsfristen 13.april.

Kommunalsjef oppvekst og kultur, Jan Erik Hovdenak, tlf. 924 14 627


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Bergetippen barnehage ligg i Julsundet, på fastlandet i Aukra kommune. 15 min køyretur frå Molde. Barnehagen har 5 avdelingar for barn i alderen 1 - 6 år. Vi tilbyr eit godt fagmiljø med 50% barnehagelærarar. Vi har fokus på gode relasjonar og tilknyting. Vi er opptatt av utvikling og kvalitet i det pedagogiske arbeidet. Vi lar oss inspirere av Reggio Emilia-filosofien sitt syn på barn og læring. Vi har eit flott uteområde og nærmiljø som gir høve spanande og lærerike opplevingar. Følg oss på Instagram: bergetipptopp
Fagarbeidar - vaktmeistar og tømrar
LUSTER KOMMUNE - TEKNISK DRIFT
Norway, GAUPNE

Teknisk drift har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale bygg og utleigebustader, kommunale vegar, grøntanlegg og vatn- og avløpsnett i kommunen.

For tida er det tilsett over 40 personar ved teknisk drift. "Uteseksjon" held til i gode lokale i Gaupne medan reinhaldarar og vaktmeistarar møter/arbeider ved dei ulike bygga rundt i kommunen.

Stillingsinformasjon

  • To faste 100 % fagarbeidastillingar - som vaktmeistar og tømrar ved teknisk drift. 

Arbeidsoppgåver for stillingane

  • drift og vedlikehald av kommunale bygningar og bustader
  • drift av byggtekniske installasjonar
  • oppfølging av interne og eksterne kontrollar
  • drift av uteområde kring kommunale bygg
  • noko kontorarbeid/ bruk av dataverktøy
  • anna arbeid ved teknisk drift utifrå kvalifikasjonar

Kvalifikasjonar

Me søkjer etter personar med erfaring og kunnskap innan drift og vedlikehald av bygg. All relevant kompetanse vil bli vurdert.

  • For stillingen som fagarbeidar/ tømrar er fagbrev som tømrar ønskjeleg
  • Fagbrev innan aktuelt område for drift av bygg/vaktmeistar er: byggdriftar, tømrar, elektrikar, røyrleggar eller liknande
  • Førarkort klasse B (BE)
  • Kjennskap til internkontroll og HMT 
  • Kjennskap til bruk av data og styringsverktøy

Me legg vekt på

  • Gode kommunikasjonsevne
  • Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Kreativ og initiativrik
  • Serviceinnstilt

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar 

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har omlag 5.300 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert - frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal. Kommunen har gode tenester, styrings- og kvalitetssystem. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575
Me ynskjer jordmor til Suldal helsestasjon, er det deg?
SULDAL HELSETENESTER HELSESTASJON
Norway, SAND

Om stillinga

Suldal kommune har ledig 33 % fast stilling som jordmor frå snarast. Stillinga er organisert som ein del av eining helse, avdeling helsestasjon. Som jordmor vil ein være ein del av eit interkommunalt vaktsamarbeid med Sauda og Helse Fonna. Me har eit ungt og framoverlent arbeidsmiljø og kan tilby gode arbeids- og lønsforhold. Helse har mykje tverrfagleg samarbeid med heimesjukepleie, sjukeheimen, kreftkoordinator, fysioterapi og spesialisthelseteneste.

Kommunen vil vurdere moglegheiter for å tilpasse turnus dersom du ønskjer å pendle til Suldal for vaktstillinga. Det kan òg vere aktuelt å kombinere stillinga med andre sjukepleiaroppgåver dersom du ønskjer ei større stilling. Kommunen kan bidra med å skaffe bustad.

Arbeidsoppgåver

  • du inngår i vaktavtale om følgjeteneste mellom Helse Fonna, Suldal og Sauda kommune.
  • fødselshjelp

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer deg som har etterutdanning og autorisasjon som jordmor
  • Vera løysingsorientert
  • Ha gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Kjennskap til norsk helsevesen og kommunalt tenestetilbod
  • Førarkort klasse B, samt disponere eigen bil
  • Personlege eigarskapar vert vektlagt
  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Ha evner til å arbeida i team og sjølvstendig, samt vera strukturert
  • Ha evne til å bidra til gode føresetnadar for kompetanseoverføring til andre tilsette i kommunen
  • IKT kunnskap
  • Personlege eigarskapar vert vektlagt

Hos oss i Suldal kommune får du

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedrifthelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.

Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Ved Suldal helsestasjon har me helsesjukepleiarar, jordmor og barne- og familierettleiar. Me har kontor på Helsetunet på Sand saman med legar, fysioterapeutar, ergoterapeut og kreftkoordinator. Stillinga er organisert under eining helse. Helseavdelinga i Suldal har eit ungt og framoverlent arbeidsmiljø og tilbyr gode arbeids- og lønsforhold.
Dataingeniør 
TUSSA IKT AS AVD ØRSTA
Norway, HOVDEBYGDA

Tussa Energi

Tussa Energi er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Selskapet har hovudkontor i Ørsta og har om lag 30 medarbeidarar. Tussa Energi planlegg, byggjer og driv vasskraftverk, og kjøper og sel kraft i kraftmarknaden. 


Spennande stilling i krafthandelsavdelinga

Tussa Energi står ei digital omstilling der blant anna betre utnytting av data frå kraftverka våre står sentralt. Vi leitar no etter fleire dyktige kollegaer som kan bidra til omstillinga.

Tussa Energi har ansvar for vedlikehald og utvikling av eksisterande kraftverk, bygging av nye kraftverk og omsetjing av produsert kraft. 

Vi nyttar dataplattforma Azure, der vi brukar verktøy som Databricks, dbt og Terraform for å byggje og vidareutvikle plattforma. Vi nyttar GitHub med CI/CD-løp for trygg og effektiv utvikling. Som presentasjonsflater og brukargrensesnitt nyttar vi Power BI, Docker og Streamlit. Integrasjon og dataflyt frå produksjonssystem (OT) er ein viktig del av arbeidet, og vi satsar på løysingar som gjer denne informasjonen meir strukturert, påliteleg og lett å utnytte vidare. Vi vurderer løpande bruk av nye verktøy som t.d. Grafana for visualisering og overvaking.

Du treng ikkje å kunne alle verktøya frå før. Det viktigaste er at du er nysgjerrig, lærevillig og har lyst til å vere med og byggje gode, framtidsretta dataløysingar saman med oss.

Du vil blant anna jobbe med:

  • Vidareutvikling av Tussa Energi si dataplattform
  • Dataflyt mellom kraftverk, SCADA-system og måleverdidatabase
  • Dataforvalting, -kvalitet, -analyse og -innsikt
  • Utvikling av løysingar for avviksdeteksjon og prediktivt vedlikehald i grensesnittet mellom OT og IT
  • Industrielle kommunikasjonsstandardar som OPC UA
  • Standardisering av data

Vi ynskjer deg som har:

  • Høgare utdanning innan kybernetikk, industriell matematikk, datateknologi, informatikk eller anna relevant fagfelt (bachelor eller master).
  • God kjennskap til Python og SQL.
  • Interesse for dataanalyse og maskinlæring i industrielle prosessar.
  • Erfaring med (eller ynskjer å lære meir om) datamodellering, IaC i Azure, Databricks, Kubernetes, Kafka og CI/CD i Github Actions.
  • 3+ års arbeidserfaring

Søknad
Du må ikkje oppfylle alle punkta for å søkje. Har du relevant bakgrunn og er motivert for stillinga, vil vi gjerne høyre frå deg.


Vi tilbyr

  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit solid selskap med høg aktivitet
  • Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
  • Gode velferds-, pensjons- og forsikringsordningar

Før tilsetting vil vi gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetting vert gjort med føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.


Om arbeidsgiveren:

Tussa er eit leiande energi - og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med over 300 medarbeidarar. Konsernet har som visjon å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør. 

Konsernet sitt hovudkontor ligg i Ørsta – i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.

100% fast lærarstilling, programfag innan Teknologi og industrifag (TIF)
ØLEN VIDAREGÅANDE SKULE
Norway, ØLEN

100% fast lærarstilling, programfag innan Teknologi og industrifag (TIF)

Frå 1.august  2026 er det ledig 100% fast stilling i programfag på teknologi og industrifag, fordelt med undervisning både i Sandeid fengsel og på skulen i Ølen. 

Krav til stillinga:

  • Relevant utdanning og praksis i relevante fag 
  • Godkjend pedagogisk utdanning                             
  • Godkjend politiattest
  • Det er krav om at søkjar har fagbrev

Om det ikkje melder seg søkjarar med både relevant undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning kan andre søkjarar bli vurdert.

Ved skulen er det ma. behov for auka kompetanse i CNC-maskinering, Pneumatikk og hydraulikk, styringsteknikk. Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing. Personar med undervisningserfaring vert føretrekte. Fleksibilitet og gode samarbeidsevner er naudsynt. 

For stillinga gjeld:

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk

Korleis søkje:

Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.

CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.

Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase – Hjelp for jobbsøkjarar

Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.


Om arbeidsgiveren:

Rogaland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsgivarane i Rogaland, med rundt 4300 tilsette. Me jobbar saman for eit grønt og attraktivt Rogaland.

Vil du vere med å bygge eit betre Rogaland saman med flinke og engasjerte kollegaer?

Ølen vidaregåande skule er ein kombinert skule som pr. i dag har ca 315 elevar og om lag 70 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialisering, påbygg, idrettsfag, elektro og datateknologi, teknologi og industrifag, bygg og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag. I tillegg har me tilrettelagt opplæring  i lita gruppe. Skulen er ein av fire i Rogaland som driv fengselsundervisning.

Tilbod om utdanning er ein viktig del av rehabiliteringsarbeidet i fengsla våre. I Sandeid fengsel er det 88 soningsplassar, og mange av dei innsette er tilknytt skulen. Opptak skjer fortløpande, og utdanningsløpa vert tilpassa den enkelte. Det krev fleksibilitet frå lærarane si side, ein må tilpasse opplæringa til dei elevane ein til ei kvar tid har, og ein må handtere raske endringar i elevmasse og oppgåver.   

Ølen vgs er MOT-skule, og er kjenneteikna av godt læringsmiljø, gode faglege resultat og høg trivsel. 

For meir info: www.olen.vgs.no

Me ynskjer oss medarbeidarar som er positive, engasjerte, fleksible, involverande og tydelege. I tillegg er samarbeidsevne og -vilje nødvendig. 

Helsefagarbeidar Kulatoppen Omsorgssenter HDO
MÅLØY OMSORGSENTER KULATOPPEN
Norway, DEKNEPOLLEN

Kulatoppen HDO har 32 heildøgns-bemanna omsorgsbustadar (HDO) fordelt på 4 avdelingar.

Kulatoppen heimeteneste HDO treng autoriserte fagpersonar i faste stillingar som kan jobbe 2-delt turnus som kan inkludere nattevakter. 

Vi har ein fantastisk arbeidsplass med godt arbeidsmiljø i eit moderne og velutstyrt omsorgssenter som bidrar til fagleg utvikling og trivsel både for bebuarar og tilsette.

Er du utdanna og autorisert helsefagarbeidar? Søk stilling hos oss og bli med i vårt team der du kan bidra til gode brukaropplevingar, godt kollegialt samarbeid og framtidsretta tenesteutvikling.  

 Kulatoppen omsorgssenter har eigen instagramkonto - sjekk gjerne denne på Instagram https://www.instagram.com/kulatoppen?igsh=MXNzaDlnc216NjQzOQ


Arbeidsoppgåver

Daglig stell, pleie og yte god omsorg for pasientar
Utføre gode kliniske vurderingar i samarbeid med sjukepleiar
Dokumentere observasjonar og vurderingar
Skrive pleieplanar og IPLOS
Utføre fagprosedyrer
Veilede, undervise og informere pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
Medikamenthandtering
Halde orden og struktur i avdelinga
Miljøarbeid - ivareta psykososiale behov hos pasienten
Motivere og engasjere pasienter til måloppnåelse og deltagelse 
Tverrfaglig samarbeid
Lindrande omsorg og terminalpleie

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar 

Har gyldig arbeids- og oppholdstillatelse.

Beherskar norsk skriftleg og muntleg tilsvarande B2

Beherskar dei vanlegaste IKT-verktøy samt har god kunnskap om bruk av dokumentasjonsverktøy

Lærlingar og praksiskandidatar som avslutter utdanning vår-26 kan også søkje

Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på personlege eigenskapar som: 
Har positive haldningar og set brukaren i fokus 
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
Er fleksibel, strukturert, løysingsorientert og arbeider sjølvstendig
Evne og ynskje om å  tileigne seg ny kunnskap og nytte dette aktivt i arbeidet
Har evne til refleksjon og empati
Arbeider tverrfagleg i team og på systemnivå

Vi tilbyr

  • God opplæring
  • Utfordringar og spennande arbeidsoppgåver
  • Dyktige medarbeidarar
  • God pensjonsordning og løn etter kommunal tariff
  • Kompetanselønn
  • Tenesta har langvakter etter ynskje planlagt i årsplan
  •  Fagarbeider får tillegg på kr. 7000,-  pr. år
  •  Etter 10 års ansiennitet kr. 15000 ekstra i året 

Kontaktinformasjon

Tone Husevåg, Tenesteleiar Kulatoppen, +47 99473470

Arbeidsstad

Ytre Kulen 73
6718 Deknepollen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 5088177411
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026

Om arbeidsgiveren:

Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.  Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.  I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Helse og omsorg søkjer medarbeidar
AUKRA OMSORGSSENTER
Norway, AUKRA

 

Vi ønskjer ny medarbeidar til teamet vårt! Om du har du fagbrev oppfordrar vi deg til å søkje stilling som helsefagarbeidar hos oss.

 

Om eininga/avdelinga

Heimetenestene i Aukra ønskjer seg ny medarbeidar,  som kan vere med på å omstille og vidareutvikle eit allereie godt tenestetilbod. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande, og vi satsar på å legge til rette for opplæring og fagleg utvikling. Eininga kan tilby alternative turnusordningar med langvakter til dei som måtte ønskje det. Heimetenestene leverer tenester både på øy og fastland, og basen er lokalisert i Aukra Omsorgssenter.

Om du har fagbrev som helsefagarbeidar og er motivert til å vere leverandør av gode tenester i Aukra kommune, kan dette vere ei stilling for deg. Arbeidet krev at du er sjølvstendig og løysningsorientert. Har du interesse for velferdsteknologi og digitalisering vil det vere ein fordel, då dette er ein del av kvardagen. Utover dette forventar vi at du tåler omstilling, tek varierte oppgåver, tek på deg oppgåve som rettleiar til lærlingar og nytilsette, og tek initiativ når nye arbeidsoppgåver og funksjonar skal fordelast mellom medarbeidarane.


Kvalifikasjonar;
Fagbrev som helsefagarbeidar eller tilsvarande
Autorisasjon
God på observasjon, kartlegging og relasjonsbygging
Godkjent politiattest
Sertifikat klasse B
Digital kompetanse
Godt munnleg og skriftleg språk (nynorsk)
Personleg eigna for stillinga


Kompetanseheving
Tilbod om deltaking på kurs og opplæring
Tilgang på e-læringskurs
Støtte til etter- og vidareutdanning som kommunen etterspør jfr. kommunen si kompetanseplan


Vi tilbyr

Alternativ arbeidstidsordningar
Godt arbeidsmiljø
Løn etter tariff
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Pleie og omsorg har nytt omsorgssenter som sto ferdig i 2018. Tenester er samlokaliserte i omsorgssenteret med lang- og korttidsplassar i sjukeheim, 20 heildøgns omsorgsbustadar og dagsentertilbod for eldre og yngre. Legevaktsatelitt, som vert drifta av sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleie. Kjøkkenet i omsorgssenteret leverer heimlaga middagar til bebuarar ved sjukeheim og til heimebuande. Eining Helse ligg i nærleiken av Aukra Omsorgssenter og det er etablert eit tett samarbeid mellom fastlegar, fysio- og ergoterapeutar, avdeling for i psykisk helse, institusjonstenester og heimetenester. Eininga organiserer heimesjukepleie, praktisk bistand, teneste for psykisk helse og rus, dagsenter for eldre og yngre samt demenskoordinator, kreft- og palliasjonskoordinator og hjelpemiddelansvarleg. Basen til heimesjukepleia ligg i Aukra Omsorgssenter, som sto ferdig bygd i 2018. I omsorgssenteret har heimesjukepleia ansvar for 20 bustadar med heildøgns omsorg.
Miljøassistent/miljøarbeidar
ÅRDAL KOMMUNE BU- OG MILJØTENESTA URAVEGEN
Norway, ÅRDALSTANGEN

Me søkjer ny kollega i 81% vikariat i Uravegen bufellesskap, kanskje det er deg me leitar etter?

Vikariatet er ledig frå 01.04.2026, fram til 31.12.2026.

 

Kven er me og korleis er det å jobbe hjå oss?

Bu- og miljøtenesta yter tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Alle som vert tilsett i bu- og miljøtenesta vert for tida tilsett i dei ulike avdelingane. Dette betyr at ein kan måtte byte avdeling internt i bu- og miljøtenesta ved endring i tenesta.

Det er døgnkontinuerleg turnus i bufellesskapa med utvida arbeidstid. Det vil seie at det er lange vakter, opptil 12,5 timar. Alle tilsette må pårekne seg å arbeide både lange vakter, natt og helg.

Uravegen bufellesskap er eit burettslag med fleire bueiningar der kommunen yter helse- og omsorgstenester. Arbeidsoppgåvene er dagleg omsorg og miljøterapeutisk arbeid i tenesta til den enkelte. Den som vert tilsett skal tilrettelegge og delta i tenestemottakar sine aktivitetar, både arbeid og fritid/fysisk aktivitet. Den som vert tilsett skal samarbeide med alle som bur i burettslaget.

Arbeidet består òg av praktiske gjeremål i bustad og andre oppgåver delegert frå leiar.

Kollegagruppa er motiverte medarbeidarar med høg kompetanse og lang erfaring, som vil ta godt imot deg.

 

Kvalifikasjonskrav

Det er ikkje krav om formell kompetanse, men søkjarar som har erfaring med liknande arbeid, samt  fagleg driv og interesse for brukargruppa vil verte føretrekt. Personlege eigenskapar vil verte vektlagt. Me set pris på motiverte og fleksible tilsette. Du må ha førarkort klasse B, og du må meistre å kunne køyre stor bil. 

 

Hjå oss får du ein meiningsfylt og variert arbeidskvardag med trygge rammer, samt gode pensjons- og forsikringsordningar. Det er løn etter hovudtariffavtalen (assistent/fagarbeidar, avhenging av kompetanse). Alle tilsette hjå oss har tilgang til bedriftshytte på Skeikampen.

 

Anna stilling kan bli ledig som følge av denne tilsetjingsprosessen, skriv gjerne noko om du kan vera aktuell dersom andre vikariat vert ledige.

 

Har du spørsmål? Ring oss gjerne for ein uforplikta prat!


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune. I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule. På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram. Velkomen til oss i Årdal !
Vi søker regnskapsfører til rollen som Controller til Sanna (Søk uten CV og søknadsbrev)
ANSETTR AS
Norway, OSLO

Klar for å bli med å bygge neste generasjons regnskapstjeneste, sammen med et ambisiøst og energisk team av regnskapsførere, utviklere og kommersielle kremmere? Sanna har fått nesten 1000 kunder på fire måneder, og nå utvider vi teamet. I denne omgang ser vi etter en erfaren regnskapsfører til rollen som Controller.

Sanna er et nytt og annerledes regnskapsmiljø. Kundene strømmer til. Ikke fra andre regnskapsbyråer, men fra de store "gjør det selv"-systemene. Vi tilbyr komplett regnskap, altså både system og tjenester, til prisen av et system. Dette muliggjøres gjennom vårt egenutviklede regnskapssystem, som lar teamet jobbe svært effektivt ved hjelp av omfattende automatisering og aktiv bruk av KI.

Som ansatt i Sanna blir du ikke en del av et tradisjonelt regnskapsbyrå, men et teknologiselskap som leverer regnskapstjenester. På sikt vil prosessene i stor grad være automatiserte, og regnskapsførerne vil jobbe som fagressurser med ansvar for kontroll og håndtering av mer komplekse problemstillinger.

Akkurat nå er vi et sted midt i mellom, men her går utviklingen fort, så om ikke lenge er vi der.


Rollen

Sanna er i ferd med å etablere seg som Norges nye regnskapsmiljø. Vi får over 200 nye kunder hver måned, og bygger nå teamet som skal sikre kvalitet i regnskapene og håndtere lovpålagte oppgaver. Du som kommer inn nå, blir med fra en tidlig fase -- med store muligheter for påvirkning og utvikling.


Arbeidsoppgaver

  • Onboarding av nye kunder

  • Kundedialog og oppfølging

  • Kontroll av regnskaper, innlevering av oppgaver og årsoppgjør

  • Rådgivning og analyse

  • Bidra til å finne nye områder som kan effektiviseres


Vi kan tilby:

  • Et fremoverlent og annerledes regnskapsmiljø som driver utviklingen i bransjen

  • Mulighet til å ta del i selskapets verdiskaping gjennom aksjeprogram

  • Et energisk og inkluderende arbeidsmiljø med dyktige kolleger

  • Gode betingelser med konkurransedyktig lønn, helseforsikring og attraktive goder

  • En mer variert og fremtidsrettet arbeidshverdag med økt fokus på analyse og controlling

  • Mulighet for lederansvar i takt med selskapets vekst

  • Sosiale aktiviteter og arrangementer som styrker samholdet

  • Trygghet gjennom en solid investorbase kombinert med dynamikken i et oppstartsselskap


Vi ser ikke nødvendigvis etter deg som er statsautorisert regnskapsfører, men erfaring fra regnskapsbyrå er essensielt. Det viktigste for oss er hvem du er: Du er energisk, positiv og bidrar til at Sanna fortsetter å lykkes.


Søk uten CV og søknadsbrev ved å klikke på "Gå til søknad".

Om arbeidsgiveren:

Ansettr er et fullservice rekrutteringsbyrå. Vårt team består av erfarne markedsførere og rekrutterere som jobber i team for du skal tiltrekke, engasjere og ansette de beste kandidatene.

Livsglad og aktiv jente søker positive og engasjerte assistenter
PRIMA ASSISTANSE AS AVD MIDT-NORGE
Norway, RANHEIM

Jeg heter Elida og er 18 år.

Litt om meg. Jeg er en livsglad jente som nå søker etter de kuleste assistentene som kan bistå meg med praktiske gjøremål i hverdagen fordi jeg er blind.

Jeg har mange interesser, deriblant sosiale medier og spill. Dyr er en lidenskap og jeg har 2 hunder selv. Jeg synes Minecraft og TikTok er gøy så det er supert om du deler mine interesser for dette.

Svømming og klatring er også noe jeg aktiviserer meg innenfor, og vi kan også drive med kunst og håndverk sammen. Så her er mulighetene mange. Kanskje du har noen forslag til aktiviteter vi kan gjøre sammen også? Jeg er med!

Dine arbeidsoppgaver vil være å bistå meg med mine fritidsaktiviteter samt praktiske gjøremål som handling, matlaging, rydding og vasking etc.

Litt om deg: Jeg søker etter unge assistenter som liker de samme tingene som meg. Gjerne jenter på grunn arbeidets art. Har du erfaring med blinde eller har kreative ideer for å få ei blind jente i aktivitet er det supert!

Jeg har behov for assistanse på ettermiddagen på mandager og på fredager samt en helg i måneden, men ansetter gjerne to assistenter for å dekke behovet. Perfekt jobb for deg som er student, eller ønsker en deltidsjobb med mening.

Det er ønskelig at du har førerkort og disponerer egen bil.

Det er mamma som er arbeidsleder for BPA ordningen min og Prima Assistanse er arbeidsgiver for assistentene mine. Det betyr at det vil være mamma som blir din nærmeste leder i hverdagen. Vi er opptatt av at du har et trygt og godt arbeidsmiljø og får god veiledning og opplæring.

Prima Assistanse tilbyr

  • En meningsfylt jobb som fremmer likestilling 
  • Gode arbeids- og lønnsbetingelser gjennom tariffavtale 
  • En selvstendig jobb med varierte oppgaver
  • Egen kontaktperson ved lokalkontor
  • Kurs

Håper å høre fra deg, da skal vi ha det mye morsomt sammen.



Om arbeidsgiveren:

BPA er en forkortelse for brukerstyrt personlig assistanse. Det er i hovedsak en alternativ måte å organisere praktisk bistand på for funksjonshemmede. BPA skiller seg fra mer tradisjonelle tjenester ved at det er personen med assistansebehov som selv bestemmer hvordan assistansen skal være. BPA er et frigjørings- og likestillingsverktøy som bidrar til at den med assistansebehov får frihet til å leve et selvstendig og aktivt liv - på lik linje med andre i samfunnet. Prima Assistanse har spesialisert seg på BPA, og er i dag en betydelig leverandør i hele Norge. Vi jobber hver dag for å bidra til at funksjonshemmede får den friheten og assistansen som er nødvendig for å kunne leve et selvstendig liv. Vi er opptatt av å levere et godt konsept, kvalitet i alle ledd, å ha profesjonelle medarbeidere og gode rutiner, slik at vi sammen bidrar til en suksessfull hverdag. Nysgjerring på hvordan det er å jobbe hos oss? Les mer på vår karriereside: https://prima-assistanse.no/karriere/jobbe-som-bpa-assistent/

Go to top