Hledám práci
Najděte mezi tisíci příležitostmi v celé Evropě pracovní místo nejlépe odpovídající vašim představám. Výsledky vyhledávání čerpáme ze sítě EURES - Evropského portálu pracovní mobility.
Vi har ledig ei fast 100% stilling i seksjon sosial og familie. Seksjonen har eit fagmiljø med 14 engasjerte tilsette med barnevernfagleg, sosialfagleg og juridisk kompetanse. Bakgrunnen for stillinga er styrking av statsforvaltaren sitt tilsyn med barnevernsinstitusjonar, og vi har no fått rom for å tilsette ein ny medarbeidar.
Hos oss får du jobbe med viktige samfunnsoppgåver som tilsyn, rettleiing og utvikling av barnevernsfeltet. Arbeidet vårt har stor betydning for tryggleik og omsorg for barn, og du vil samarbeide tett med kommunar, institusjonar og nasjonale myndigheiter.
Vi søkjer etter deg som
- har sosialfag eller barnevernsfagleg utdanning frå høgskole/universitet (minimum bachelor)
- har relevant arbeidserfaring frå barnevernsteneste, barnevernsinstitusjon eller liknande
- kommuniserer godt med offentlege instansar og privatpersonar, skriftleg og munnleg
- er effektiv, sjølvstendig og leverer oppgåver innanfor frist
- har gode samarbeidsevner
Vi legg vekt på at du er personleg eigna og motivert for oppgåvene.
Politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader må kunne leggjast fram før tilsetting, jf. barnevernloven § 12-11 fjerde ledd.
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Hos oss får du
- interessante, varierte og utviklande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg, inkluderande og godt arbeidsmiljø
- ein meiningsfull og utfordrande jobb der du utgjer ein forskjell
- opplæring i regelverk og datasystem
- ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
- løn som 1434 rådgivar med lønsspenn frå kr 550.000,- til kr 750.000,- /1364 seniorrådgivar med lønsspenn frå kr 650.000,- til kr 800.000,- Lønsinnplassering avheng av kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønspolitikk. I særskilte tilfelle kan høgare løn vurderast. Stilling som seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
- moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
- høve til å trene i arbeidstida
Hos oss får du rammer som legg til rette for ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid. Vi veit at mange ønskjer seg ein kvardag med moglegheit for å veksle mellom å jobbe frå heimen og møtast på kontoret. Hos oss er hovudarbeidsstad kontoret. Vi kan sporadisk jobbe noko heimanfrå om arbeidsoppgåvene ligg til rette for det. Fast avtale om noko heimekontor kan vi inngå etter prøvetida.
Bli betre kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. https://www.statsforvalteren.no/more-og-romsdal/. Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Ann Lilly Inderhaug Orvik på telefon (Norge +47) 95921410.
Søknadsfrist: 4. januar 2026
Om arbeidsgiveren:
nullVi søkjer etter deg med interesse for rettstryggleik og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenestene
Hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal får du ein jobb som betyr noko – for pasientar, pårørande og samfunnet. Vi har no ledig ei nyoppretta fast stilling som rådgivar eller seniorrådgivar i seksjon helse.
Om seksjon for helse
Vi arbeider for berekraftige og trygge helse- og omsorgstenester. Seksjonen har ansvar for oppfølging av kommunale tenester, helsepersonell, tilskotsordningar, miljørettet helsevern og helseberedskap. Frå 1. juli 2026 kjem statsforvalterne til tek imot meldingar om alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenester. Vi samhandlar tett med kommunar, spesialisthelsetenesta, Statens helsetilsyn og Helsedirektoratet.Vi gir rettleiing til kommunar og innbyggjarar, behandlar klagesaker og fører tilsyn for å sikre kvalitet og rettssikkerheit. Arbeidet vårt er variert og samfunnsaktuelt – og du får stor moglegheit til å påverke og samle erfaring.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling av klager og tilsynssaker
- Rettleiing til verksemder, helsepersonell og innbyggjarar, til dømes gjennom tilsyn og formidling av regelverk.
- Bidra med faglege innlegg og opplæring
- Delta i utviklingsarbeid og samarbeid på tvers av fagområde
Vi søkjer etter deg som
- har norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning innan helse- og omsorgsrett. I særlege tilfelle kan lang og relevant praksis kompensere for vidareutdanning, dersom du har solid erfaring med arbeid der sjukepleiefaglege vurderingar blir kombinert med juridiske vurderingar i saksbehandling. (Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved autorisert omsetjing og godkjenning frå NOKUT).
- har erfaring frå offentleg forvaltning, og saksbehandling innan helse- og omsorgstenester vil bli vektlagt.
- kommuniserer godt både munnleg og skriftleg på norsk med både offentlege instansar og brukarar
- kan arbeide systematisk og innafor gitte fristar
- likar å jobbe analytisk og sjå samanhengar
- samarbeider godt og deler kompetanse
- trivst med saksbehandling
For å jobbe i seksjon for helse må du kunne sikkerheitsklarerast.
For å bli tilsett som seniorrådgivar må du i tillegg ha:
- Relevant arbeidserfaring innan eitt eller fleire av seksjonen sine fagområde
- Solid kompetanse innan sakshandsaming, rettleiing eller utviklingsoppgåver
Hos oss får du
- ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
- jobbe med samfunnsaktuelle saker og bidra til rettstryggleik
- stor mogligheit for fagleg utvikling og variasjon i arbeidsoppgåver
- naudsynt opplæring i aktuelt regelverk og datasystem
- løn som 1434 rådgivar/1364 seniorrådgivar med lønsspenn frå kr 550.000,- til kr 760.000,- Lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønnspolitikk. Stilling som 1364 seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet.
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
- moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
- høve til å trene i arbeidstida
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Bli betre kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.(https://www.statsforvalteren.no/mr)
Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø.
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Karin Brigitte Müller Mikaelsen på telefon (Norge +47) 41495351.
Søknadsfrist: 04. januar 2026
Om arbeidsgiveren:
nullOm stillinga
Me har ledig 100% fast stilling som fysioterapeut frå snarast. Ynskjer du ein variert arbeidskvardag, med fagleg spanande utfordringar, er du velkomen til å søkje!
Aurland kommune har ein fagleiar fysioterapi, ein fysioterapeut og turnusfysioterapeut. Hovudoppgåva til fysioterapeutane er å gi behandling og oppfølging til pasientar med ulike behov, problemstillingar og funksjonsnivå.
Som fysioterapeut vil du ha eit sjølvstendig ansvar for eiga pasientliste og planlegging av arbeidskvardagen. Du vil jobbe tett med fagleiar om dei ulike oppgåvene, og få delansvar for rettleiing av turnusfysioterapeut.
Fysioterapitenester er organisert i kommunalområde helse og omsorg, og høyrer til stab / fagområde. Legekontor, ergoterapeut, kreftkoordinator, rus- og psykiatriteneste, folkehelsekoordinator med aktivitetsansvar, forvaltning og tildeling, koordinerande eining, fagutviklingssjukepleiar og kommunalteknikar høyrer også til her. Me har tett samarbeid med alle desse fagområda.
Det er også tverrfagleg samarbeid med dei andre avdelingane i helse og omsorg og med kommunalområde oppvekst.
Fysioterapeutane held til i gode og romslege lokaler i Fjordsenteret, med treningsrom, eigne behandlingsrom og felles kontorlandskap. I behandlinga nyttar vi også treningsrom, symjebasseng og terapibassenget i Aurlandshallen. Me tilbyr også behandling i pasienten sin heim, i institusjon, i barnehage og skule.
Aurland kommune har mål om at innbyggjarane skal ha moglegheit til å leve aktive og sjølvstendige liv og ta medansvar for eiga helse. Som fysioterapeut hjå oss vil du vere med å bidra til å nå dette målet, ved å ha fokus på pasienten si eigenmeistring og eigne ressursar. I ei tid der kommunen vil få fleire eldre, og fleire med samansette behov, er målet vårt å utvikle gode og berekraftige tenester som er rusta for framtida. Me satsar difor på velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og førebygging, som fysioterapeutane er ein viktig del av.
Arbeids- og ansvarsområde
- Utøve allmenn fysioterapi, i samsvar med kommunen sine gjeldande prioriteringar
- Koordinering og tverrfagleg samarbeid
- Rettleiing av pasient, samarbeidspartnarar og pårørande
- Dokumentasjon og elektronisk samhandling
- Handsaming av søknadar, tilvisingar og iverksetjing av tenester
- Rettleiing av fysioterapeut i turnusåret
Me tilbyr
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter tariff
- tilbod om minimum 6 års tilleggsansiennitet
- fleksitidsordning
- tenestebil
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- gratis inngang til symjehallen
- å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
- barnehageplass i Aurland barnehage, med atterhald om ledig plass.
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar
- Bachelor i fysioterapi med norsk autorisasjon
- Det er ynskjeleg med vidareutdanning, eller interesse for å ta vidareutdanning innan fagfelt som:
- geriatri
- rehabilitering
- barn og unge
- psykomotorisk fysioterapi
- lymfødem- og lipødembehandling - Gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Personlege eigenskapar
Me vil at du:
- Er serviceinnstilt
- Er fagleg dyktig
- Arbeider sjølvstendig
- Har god arbeidskapasitet
- Samarbeider godt med andre, og i team
- Har behova til brukaren i fokus
- Er ansvarsbevist, strukturert og lojal
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
- politiattest av nyare dato må leverast når du byrjar i stillinga
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Om arbeidsgiveren:
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vere Noreg si fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 830 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.