Om stillinga og arbeidsstaden
Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Bregnetunet, har ledig 1 x 87 % fast våken nattevakt stilling som miljøterapeut, med arbeidshelg kvar 3. helg, samt at ein har vakter i turnus som ein får vere med ungdomane på dag/kveld. Vi har også ledig 25 % helgestilling, som jobbar kvar 4. helg. I noverande turnus har vi 5 tilsette på dagtid, 5 tilsette på kveld og to vakne + ein kvilande nattevakt.
Sogn og Fjordane ungdomssenter har to avdelingar, Meltunet i Nordfjordeid og Bregnetunet i Førde. Bregnetunet tek imot plassering etter bvl. §§ 6-1 og 6-2.
Bregnetunet ligg sentralt i Sunnfjord kommune med nærleik til eit variert fritidstilbod, som er ein viktig del av den miljøterapeutiske oppfølginga av ungdomane våre.
Sogn og Fjordane ungdomssenter gir omsorg og oppfølging til ungdom som treng plassering utanfor heimen. Arbeidet er forankra i traumebevisst omsorg, miljøterapi og relasjonsbygging, med mål om å styrkje ungdom si sjølvkjensle, sjølvregulering og evne til å skape gode relasjonar og ta gode val.
Som miljøterapeut arbeider du målretta med fagleg oppfølging av ungdomane, både sjølvstendig og i team, i tråd med gjeldande faglege retningslinjer.
Vi er stolte av vårt viktige samfunnsoppdrag og arbeider aktivt med utvikling og endringsarbeid for både ungdom og tilsette.
Du kan lese meir om oss på heimesida : Sogn og Fjordane ungdomssenter | Bufdir
Grunna behov for kjønnsbalanse i personalgruppa oppmodar vi menn til å søkje. Det kan også verte ledig vikariat.
Arbeidsoppgåver
- Du deltek og har ansvar for møter som omhandlar ungdomane.
- Du deltek i fagmøter og rettleiing.
- Du utfører praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktane.
- Du utfører rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon via intern dokumentløysing.
- Du deltek i overlapping ved vaktskifte, ansvar for praktiske oppgåver og rutinar i institusjon.
- Praktiske og fysiske arbeidsoppgåver er ein del av arbeidskvardagen.
- Vi har tett samarbeid med ungdomen, foreldre, nettverk, kommune, politiet, kriminalomsorg, konfliktrådet, skule og helse (BUP).
Kva bakgrunn har du?
- Det vert i utgangspunktet krevd treårig høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar, men søkare med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykologi eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning.
- Kandidatar utan høgskuleutdanning, men som har relevant erfaring og er godt personleg eigna, kan og vurderast.
- For alle søkarar vert det lagt vekt på erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe/arbeid med ungdom med utfordrande åtferd.
- Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
- Det er ønskjeleg at du har kjennskap til Barnevernlova og barnevernets arbeid.
- God kunnskap i bruk av IT-verktøy.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Krav om førarkort for personbil.
Kven er du
- Du har god fysisk og psykisk helse da oppgåvene kan vere å innhente ungdomar på rømmen, tvangssituasjonar og andre fysisk og psykiske krevjande oppgåver.
- Du er ein robust miljøterapeut, herunder tåler belastingar over tid, handterer stress godt, står trygt i motstand og avvisning, jobber godt med kontroll og ytre motivasjon og ser dei små framskritt utan store endringar.
- Du har god gjennomføringsevne, er ein lagspelar og er uthalden og lojal til din leiar og kollegaer.
- Du er tydeleg og regulert i din kommunikasjon og grensesetting.
- Du er klok, modig og komfortabel i krevjande situasjonar og konfliktar.
- Du tåler å møte kraftige uttrykk og søkjer hjelp når eigne kjensler hindrar utvikling for ungdomen.
- Du er ryddig og forstår og etterlever grunnleggande struktur i miljøterapien.
- Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeidar aktivt for å skape forståing og endring.
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du tar ansvar har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
Vi tilbyr
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg standard og gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. Du vil få rettleiing og jobbe saman med støttande kollegaer i ein meiningsfull kvardag, med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
Hos oss får du vere med på å vidareutvikle tilbodet til barn, unge og familiar – eit arbeid vi meiner har stor verdi i seg sjølv.
Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
Løn - og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring:
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 640 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr. 540 000 – 690 000 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 580 000 – 690 000 pr. år.
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 530 000 pr. år, 1203 fagarbeidar, p.t. kr. 440 400 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000.
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagt til Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Bregnetunet.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
- Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
- For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
- Ber også om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, og skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
Om arbeidsgiveren:
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.