europass

Znajdź pracę

Wybierz ofertę pracy stworzoną dla Ciebie spośród tysiąca ogłoszeń z całej Europy. Wyniki wyszukiwania udostępnia EURES - Europejski Portal Mobilności Zawodowej. 

Wyniki
Wyniki wyszukiwania: 55109 Wyniki

Sort by
Førsteamanuensis (100%) i fotografi
UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN
Norway, BERGEN

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Førsteamanuensis

Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %) i fotografi. Stillinga er ledig med oppstart etter avtale våren 2026.


Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søkjer ein førsteamanuensis til undervisning og kunstnarleg utviklingsarbeid, med vekt på fotografi. Aktuelle søkjarar må ha djup kunnskap og ein kunstnarleg praksis innan fotografiske metodar og teknikkar, samt innsikt i samtidsfotografisk teori. Dei må òg ha innsikt i den kritiske konteksten for fotografiets rolle frå arkiv til sosiale medium. Det er ønskjeleg at søkjaren har god kunnskap og forståing for det skandinaviske samtidsfotografiske feltet, samt interesse og innsikt i det breiare fotografiske feltet. Instituttet har både analoge og digitale verkstader, og vår nye førsteamanuensis må kunne rettleie og undervise på tvers av alle tekniske prosessar.  

Førsteamanuensis skal i tett samarbeid med kollegaer utvikle emne for BA- og MA-programma i samtidskunst. Undervisningsformene omfattar individuell rettleiing, grupperettleiing og utvikling/leiing av emne. Stillinga inkluderer 46 % tid til kunstnarleg utviklingsarbeid, og aktuelle søkjarar må delta i og bidra til utviklinga av den kunstnarlege forskingsaktiviteten ved Kunstakademiet. Førsteamanuensis er forventa å ha relevante faglege nettverk både lokalt og internasjonalt.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning, rettleiing og eksamensarbeid.
  • Ansvar for undervisningsopplegg i samsvar med studieplanar.
  • Undervisning innan fotografi, inkludert digitale prosessar, analoge teknikkar og mørkeromsarbeid.
  • Kunstnarleg utviklingsarbeid, inkludert prosjektutvikling/-leiing, ekstern finansiering og aktiv deltaking i forskingsgrupper.
  • Hovudrettleiar for BA-, MA- og Ph.d.-studentar.
  • Rekruttering av BA-, MA- og Ph.d.-studentar, inkludert opptaksarbeid.
  • Formidling av kunstnarleg utviklingsarbeid.
  • Organisering og tilrettelegging av undervisnings- og forskingsbaserte oppgåver.
  • Administrative og andre styringsoppgåver, inkludert komitéarbeid. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Stillinga som førsteamanuensis krev doktorgrad i kunstnarleg utviklingsarbeid innan relevant fagområde, eller tilsvarande kompetanse dokumentert gjennom kunstnarleg arbeid av tilsvarande omfang og kvalitet, kombinert med høgare grad eller tilsvarande innan fotografi.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd universitetspedagogisk basiskompetanse, som skal dokumenterast på grunnlag av eigen undervisning/rettleiing og gjennomført universitetspedagogisk utdanning (200 timar eller tilsvarande). Det krevjast:

  • Grunnleggande ferdigheiter i planlegging, gjennomføring, vurdering og utvikling av undervisning og rettleiing.
  • Evne til å reflektere over eiga rolle som undervisar og å kunne grunngje val i undervisning og rettleiing.

Kompetansen dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe med oversikt over og dokumentasjon på søkarens praktiske erfaring og gjennomførte kurs, samt eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og ein vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for instituttets stab og studentar. 
 

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Ein utvikla praksis innan fotografi med tilhøyrande tekniske ferdigheiter og kunnskap.
  • Undervisningserfaring på universitetsnivå.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.
  • Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
  • Organisatoriske ferdigheiter og erfaring.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, vere ansvarleg, fleksibel og imøtekomande.
  • Motivasjon for å utvikle relevante faglege nettverk både lokalt og internasjonalt.

Undervisningsspråket er primært norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjing. UiB tilbyr norskkurs og vil leggje til rette for at språkkravet kan oppfyllast.

Arbeidsstaden er på campus i Bergen, og det vert forventa fullt nærvær. 


Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) med årsløn kr 757 600 – 798 000 i 100 % stilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der søkaren gjer greie for si motivasjon for å søkje stillinga, og korleis eigne kvalifikasjonar og erfaringar er relevante for dei oppgåvene og krava som ligg til stillinga.
  • CV.
  • Vitnemål og attestar.
  • Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd.
  • Dokumentasjon av undervisningserfaring og pedagogiske kvalifikasjonar (pedagogisk mappe) (skjema til nedlasting/utfylling).

NB. Søknader vil bli vurderte basert på informasjonen som er tilgjengeleg i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Dersom originale dokument ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må stadfesta omsetjingar bli lagt ved på eitt av desse språka.

Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen. 


Generell informasjon:

For meir informasjon, kontakt instituttleiar Katrine Hjelde, telefon +47 455 19 545, e-post: Katrine.Hjelde@uib.no 

For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen, kontakt HR ved KMD, e-post: hrkmd@uib.no  

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.


Om arbeidsgiveren:

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Leiar for NAV Ullensvang
NAV ULLENSVANG
Norway, ODDA

 

'Vil du bidra til å utvikle framtidas arbeids- og velferdstenester?

Vi søkjer ein engasjert og tydeleg leiar som vil ta utfordringa med å vidareutvikle Nav Ullensvang. Hos oss får du ei sentral rolle i eit viktig samfunnsoppdrag: å få fleire i arbeid og sikre gode tenester til innbyggjarane.
Kontoret har 24 tilsette fordelt på statlege og kommunale stillingar, og du blir leiar for eit felles kontor med kommunalt tilsetjingstilhøve. Som leiar har du det faglege og administrative ansvaret, og den viktigaste oppgåva blir å sikre heilskaplege tenester og bidra til størst mogleg yrkesdeltaking.
Nav Ullensvang er ein del av Nav region Voss og Hardanger, og samarbeid på tvers av kommunar og internt i kommunen blir avgjerande for å lukkast. Stillinga rapporterer til kommunalsjef for Kultur, næring og samfunn i Ullensvang kommune og regionleiar i Nav region Voss og Hardanger.


Kva går jobben ut på?

  • Fag-, personal-, budsjett- og resultatansvar
  • Sikre effektiv drift og utvikling av velferdstenestene
  • Lede endrings- og forbetringsprosessar, inkludert digitalisering
  • Skape gode rutinar og systemretta arbeid
  • Aktiv kontakt med næringsliv, offentleg og frivillig sektor
  • Sikre samhandling og heilskap i tenestene
  • Systematisk HMS-arbeid og inkluderande arbeidsliv


Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/ eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Erfaring med leiing av team eller einingar
  • Erfaring med endringsleiing og omstillingsprosessar
  • Erfaring med strategisk planarbeid, budsjett og økonomistyring
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Forståing for leiing i todelt styringsmodell (stat og kommune)
  • Forståing for Nav sitt samfunnsoppdrag


Det er ein fordel om du har

  • Erfaring frå offentleg forvaltning og sakshandsaming
  • Erfaring med partssamarbeid og tverrsektorielt samarbeid
  • God digital kompetanse og evne til å ta i bruk nye løysingar
  • Førarkort klasse B


Kva ser vi etter hos deg?

Som leiar i Nav jobbar du tillitsbasert med ein motiverande og inkluderande leiarstil. Under utøving av tillitsbasert leiing er det viktig å skape tillit og sjå potensialet i dine tilsette.
Gode relasjonsevner og evne til å byggje eit inkluderande og godt arbeidsmiljø er særleg sentrale eigenskapar i denne rolla.

Vi ser etter ein kontorleiar med gode kommunikasjonsevner som motiverer tilsettgruppa og skapar eigarskap til felles mål og prioriteringar. I tillegg ønsker vi at vår nye leiar har 
interesse for å utvikle kontoret og drive endrings- og forbetringsarbeid. Du har god teknologiforståing og evne til å sette deg inn i nye løysingar og nytte digitale verktøy.  
Du skapar gode samarbeidsrelasjonar internt og eksternt, og handterer dei leiarmessige utfordringane som er knytt til ein todelt leiarmodell.


Kvifor velje oss

  • Ei sentral leiarrolle med stor påverknadskraft innan eit viktig samfunnsområde
  • Eit kompetent og engasjert arbeidsmiljø med høg trivsel
  • Ei rolle i sektoren KNS og organiseringa av denne i Ullensvang kommune
  • Fleksibel arbeidstid og gode ordningar for pensjon og forsikring
  • Løn etter avtale


Vi er opptekne av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Stillinga er ledig frå 01.01.2026.


Spørsmål om stillinga kan rettast til  regionleiar Eirik Verpelstad tlf. 91152458.

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49
Politibetjent 3/2/1
KRISTIANSUND POLITISTASJON
Norway, KRISTIANSUND N

Om stillinga

Vi har ledig ei fast stilling ved vår seksjon for vakt og beredskap i Kristiansund. Det kan oppstå fleire ledige faste stillinger og vikariat. 

Politibetjent innan vakt- og beredskapsteneste skal på døgnkontinuerleg basis bidra til å sikre tryggleik for innbyggjarane gjennom kriminalitetsførebygging som hovudstrategi. I periodar må du pårekne arbeid innan etterforsking og andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter deg som er interessert i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom sine haldningar og handlingar i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vurderinga vår av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid innan vakt og beredskap i turnusteneste etter gjeldande tenestelister
  • Utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
  • Kriminalitetsførebyggjande arbeid
  • Andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
  • Bidra med rettleiing og ved opplæring/kompetansehevande tiltak
  • Kan påleggast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert: 

  • Bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skulen. Vitnemål og karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx
  • lP4-godkjenning, eventuelt må du kunne bli godkjent på nytt
  • Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiaftest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga

Det er også ønskjeleg med:

  • Erfaring frå politistilling
  • Gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skulen
  • Etter-/vidareutdanning frå Politi(høg)skulen og/eller anna relevant tilleggsutdanning
  • Anna relevant erfaring

Personlege eigenskapar

  • Robust, med dette meiner vi at du må tole å stå i tøffe psykiske og fysiske oppdrag
  • Har gode haldningar og samarbeidsferdigheiter, trivst med å arbeide i team
  • Løysingsorientert og evner å ta raske avgjerder
  • Har gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å byggje tillit hos publikum
  • Har ønskje om fagleg utvikling og bidrar til kunnskapsdeling

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Ein utfordrande og givande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida
  • Stillinga vert lønna som politibetjent 3/2/1 (stillingskode 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse jf. kompetansekriteriene for politibetjenter, med årslønn:
    o Politibetjent 3: Frå kr. 590 000 - kr. 680 000
    o Politibetjent 2: Frå kr. 535 000 - kr. 585 000
    o Politibetjent 1: Frå kr. 510 000 - kr. 560 000
  • Ved endring av tjenesteområde vert det gift lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
  • Godtgjersle etter gjeldande ATB på for tida kr. 44 708 og tillegg for eventuell turnusteneste
  • For særskilt kvalifiserte kandidatar kan noko høgare lønn bli vurdert
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på www.spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Staiens pensjonskasse
  • Mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei lA-bedrift og knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Om arbeidsgiveren:

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.

Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.

Chef – Full-Time Winter Season 2026 - Accommodation Provided
FRICHS HOTEL OG SPISERI ILSETRA AS
Norway, ØYER

Are you a skilled chef who wants to work a full winter season surrounded by beautiful Norwegian mountains and ski slopes? Ilsetra Hotel is looking for a full-time chef for the winter season 2026, from January until around Easter.

 

You will be part of a small, dedicated kitchen team and will work on a shift schedule together with two other chefs. You will take part in the full daily operation including breakfast, lunch and dinner service.

 

Your responsibilities:

  • Prepare and cook breakfast, lunch or dinner for hotel guests and groups
  • Work with à la carte, buffet and 3-course menus
  • Follow a rotating shift schedule together with the two other chefs
  • Contribute to menu planning together with the head chef
  • Ensure good routines for hygiene, cleanliness and food safety in the kitchen
  • Assist with goods receiving, stock rotation and basic ordering
  • Work closely with the rest of the team to deliver high-quality guest experiences

We offer:

  • 100% seasonal full-time position from January until around Easter 2026
  • Staff accommodation available at the hotel
  • Competitive salary
  • A unique work environment in the Norwegian mountains
  • A friendly and professional workplace with a small international team

Who you are:

  • Trained chef or have solid experience from professional kitchens
  • Comfortable working in a busy service environment
  • Experience with à la carte, buffet and 3-course service
  • Responsible, structured and able to work independently
  • Team player with a positive attitude
  • Fluent in English (Norwegian is a plus, but not required)
  • Valid Norwegian residence permit or EU/EEA citizenship
  • You have a car since the accommodation is some kilometers away from the hotel. We also have a company car you could borrow.

Interested in a winter season in the Norwegian mountains?
Send your CV and a short motivation to paul@utelivpartner.no  or apply on this website.
We are reviewing applications on a rolling basis. We are looking forward to hearing from you!

Om arbeidsgiveren:

Ilsetra Hotel is located about 2.5 hours from Oslo, at the top of Hafjell, nearly 1000 meters above sea level. Here you will find a cozy mountain resort with four apartment buildings, and in the main building, you’ll find our restaurant, bar, lounge, and wellness area with an outdoor heated pool and various saunas. Ilsetra has a unique location that allows you to enjoy fresh mountain air while being close to nature and trails. Ilsetra Hotel by Frich’s is a complete event hotel in the mountains, focusing on togetherness, Norwegian food culture, and authentic mountain experiences.
20% stilling som Prosjektleder for BTI (Bedre Tverrfaglig Innsats)
LUND KOMMUNE KJØKKEN OG VASKERI
Norway, MOI
Lund kommune søker en engasjert og dedikert prosjektleder for BTI-arbeidet i kommunen. BTI står for Bedre Tverrfaglig Innsats, og stillingen handler om å sikre godt samarbeid mellom tjenester for barn og unge. Prosjektlederens ansvar blir å lede og koordinere implementeringen av BTI-handlingsveilederen i kommunen. 

Arbeidsoppgaver

  • Lede implementering og opplæring i BTI
  • Oppdatere og vedlikeholde BTI-nettsiden
  • Koordinere innsats og sikre fremdrift i BTI-arbeidet gjennom å motivere og engasjere ansatte i tjenestene som jobber med barn, unge og familier
  • Analysere og systematisere kunnskap og informasjon
  • Planlegge og koordinere relevant kompetanseheving
  • Delta i tverrfaglig arbeid i Lund kommune
  • Rapportere på tilskuddsmidler
  • Samarbeide med KoRus Vest om prosjektet
 

Kvalifikasjoner

3-årig relevant utdannelse høyskole/universitet 

Personlige egenskaper

  • har evne til å motivere og skape engasjement
  • har evne til å jobbe selvstendig, samt ha gode samarbeidsevne
  • har pågangsmot og liker utfordringer
  • har kommunal systemforståelse
  • har god analysekompetanse
  • har erfaring fra prosjektarbeid/prosjektledelse, helst med BTI
  • har kjennskap til det å jobbe med barn, unge og familier i en kommune
  • har god skriftlig fremstillingsevne og gode IKT-ferdigheter
  • har erfaring med å planlegge og gjennomføre fagutvikling og kompetanseheving
 

Vi tilbyr

  • Meningsfylt og fleksibelt arbeid
  • Tilsetting på kommunale vilkår
  • Lønn i henhold til HTA og kvalifikasjoner
  • Kommunal pensjonsordning

Betingelser:

  • Den tilsatte må fremlegge plettfri politiattest
  • Søkere må beherske norsk skriftlig og muntlig
  • Ikke norske statsborgere må fremlegge gyldig arbeidstillatelse
  • Arbeidstaker har plikt til å gjennomgå tuberkulosekontroll i henhold til gjeldende regelverk
  • Søkerlisten er offentlig

Kontaktinformasjon

Arne Tregde, Kommunalsjef helse og omsorg, 48897524

Arbeidssted

Moiveien 9
4460 MOI

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Lund kommune

Referansenr.: 5053063204
Stillingsprosent: 20%
Annet
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 26.12.2025

Om arbeidsgiveren:

Lund kommune ligger sør i Rogaland ved grensen til Agder, og har et folketall på ca. 3200 innbyggere.  Lund er en av de fire Dalanekommunene sammen med Eigersund, Bjerkreim og Sokndal. Lund kommune samarbeider både østover med Listerkommunene og vestover med bl.a. Dalanekommunene for å løse deler av tjenestetilbudet.
 
Kommunesenteret i Lund er Moi, hvor også rådhuset er lokalisert. Ualand og Eik er sentrum i hhv. Heskestadbygda og Hovsherad.
 
Næringslivet i Lund er variert.  Vi har alt fra store industribedrifter til små spennende nisjebedrifter. Lund er en av fem Magmakommuner. Geologi og natur inviterer til gode opplevelser for den friluftsinteresserte.

Rådgiver GIS og geografiske data
KVÆFJORD KOMMUNE FELLESADMINISTRASJONEN
Norway, BORKENES

Om stillingen

Kvæfjord kommune søker en rådgiver innen GIS og geografiske data. Hos oss får du ansvar for å videreutvikle og drifte viktige data- og kartløsninger som brukes i planlegging, samfunnsutvikling og tjenesteproduksjon. Stillingen passer for deg som ønsker en rolle der fagkunnskap får direkte betydning for kommunens arbeid – og hvor du både jobber praktisk og analytisk


Arbeidsoppgaver

  • Vedlikeholde og utvikle kommunens databaser og kartløsninger, med særlig vekt på matrikkel.
  • Arbeide systematisk med kvalitet i geografiske data og gjennomføre analyser som brukes i kommunens saksbehandling og beslutninger.
  • Forvalte planregister og bistå i planbehandling, herunder rådgivning om bruk og tolkning av plandata.
  • Utføre oppmålingsarbeid.
  • Samhandle med interne fagmiljø og eksterne leverandører.
  • Utvikle arbeidsprosesser og digitale løsninger som gjør data enklere å bruke for ansatte og innbyggere

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høyere utdanning innen GIS, geomatikk, datavitenskap eller tilsvarende. Relevant erfaring kan erstatte formell utdanning.
  • Erfaring med geografiske analyser og databehandling er en fordel.
  • Kjennskap til aktuelle systemer (f.eks. ISY GIS, ACOS Eiendom, GEMINI, KOMTEK) er ønskelig.
  • Erfaring fra matrikkelarbeid og planforvaltning er en fordel.
  • Kunnskap om matrikkelloven og kommunalt oppmålingsarbeid er ønskelig.
  • Gode norskkunnskaper, muntlig og skriftlig.

Personlige egenskaper

  • Arbeider ryddig og selvstendig.
  • Har evne til å forstå komplekse faglige problemstillinger.
  • Samarbeider godt og kommuniserer presist.
  • Bidrar til et arbeidsmiljø preget av faglig integritet og tydelige leveranser.

Vi tilbyr

  • Oppgaver som spenner fra forvaltning av matrikkel og planregister til utvikling av digitale arbeidsprosesser.
  • Samarbeid med fagmiljøer innen plan, oppmåling og digitalisering.
  • Lønn etter avtale, fleksibel arbeidstid
  • Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordninger gjennom offentlig tjenestepensjon. Dette gir deg trygghet med livsvarig alderspensjon, uførepensjon og etterlattepensjon, samt gunstige forsikringsordninger. I tillegg får du mulighet til AFP (avtalefestet pensjon) og solide rettigheter som sikrer økonomisk forutsigbarhet.

Om arbeidsgiveren:

Kvæfjord kalles ofte jordbærkommunen, og det er ikke uten grunn – her gror det godt, både for folk og fellesskap. 

Kommunen ligger sentralt på Hinnøya, bare 20 minutter fra Harstad, men med storslått natur som nærmeste nabo. Fjell, fjord og fiskevann ligger rett utenfor døra, og turmulighetene er mange, enten du trives best med fjellsko, ski eller fiskestang.

Her finner du små skoler med god lærertetthet, et aktivt og trygt lokalsamfunn og alt du trenger i hverdagen.
På fritiden kan du ta med barna i svømmehallen, på konsert i Fram, eller besøke Mylderhuset, vårt nyåpnede kreative møtested for små og store.

Kommunens visjon er «Kvæfjord kommune – en ren fornøyelse!», og det er nettopp slik vi ønsker at du skal ha det hos oss.

Kvæfjord er en kommune i utvikling, med korte avstander, rause folk og plass til å leve godt. 

DRIFTSINSPEKTØR
K SÆTRE & SØNNER AS
Norway, AUSTRHEIM

Vi søker en motivert person med maritim bakgrunn og interesse for drift og kvalitetssikring til en sentral rolle i oppfølgingen av våre fartøy.

Hva vi ser etter

Vi søker en motivert og faglig sterk person som kan følge opp våre fire skip i drift, samt bidra aktivt i utviklingen av vårt kvalitetssikringssystem. Stillingen vil spille en sentral rolle i arbeidet med å tilpasse systemene våre til nye krav og vår satsing på elektriske kystfartøy.

Ønsket kvalifikasjoner:

  • Erfaring fra maritim drift, gjerne som styrmann, kaptein, maskinist, inspektør eller tilsvarende rolle.

  • Gode skriftlige og muntlige ferdigheter i norsk og engelsk.

  • Gode IT-ferdigheter og erfaring med digitale systemer/vedlikeholdsverktøy

  • Evne til å arbeide selvstendig, være fleksibel og løsningsorientert.

  • Sterk samarbeidsevner og positiv innstilling.

  • Fløgende kurs er en fordel, men ikke et krav:

    • ISM Internal Auditor

    • DPA Course

    • ISPS CSO-kurs

Arbeidsoppgaver

Vi tilbyr en variert og spennende arbeidshverdag med mange utfordrende oppgaver som f. eks.:

  • Oppfølging av fartøyenes kvalitetssikringssystemer

  • Videreutvikling og forbedring av kvalitetssystemet for sikker og effektiv drift

  • Gjennomføring av interne revisjoner (audit)

  • Oppfølging av skipenes sertifikater og sikkerhetsutstyr

  • Kommunikasjon og koordinering med skip, klasse, flaggstad og PSC

  • Deltakelse ved verkstedsopphold, inspeksjoner og skipsbesøk.

Vi tilbyr

Som drifts inspektør vil du få en variert og viktig rolle i oppfølgingen av rederiets fartøy og daglige drift. Du vil arbeide tett med både sjø-og landorganisasjonen og være en nøkkelperson i rederiets operative arbeid.

  • En selvstendig og ansvarsfull stilling

  • Varierte arbeidsoppgaver i et lite, solid og uformelt rederi

  • Tett samarbeid med mannskap, verft, leverandører og myndigheter

  • Mulighet for faglig utvikling innen drift, kvalitet og sikkerhet

  • Fleksibilitet, inkludert mulighet for noe hjemmekontor

  • Lønn etter avtale og i henhold til erfaring og kvalifikasjoner

Om arbeidsgiveren:

K. Sætre & Sønner AS er et norsk, familieeid rederi lokalisert i Austrheim Kommune, omtrent èn times kjøring nord for Bergen.

Vi har i mange år levert transport av bulk og stykkgods i Nordsjøen, og eier og administrerer i dag fire skip innen dette segmentet.

Vi er nå i gang med en større flåtefornyelse, der elektriske løsninger og batteridrift står sentralt.

Personlig assistent søkes til ung, engasjert og aktiv arbeidsleder
PRIMA ASSISTANSE AS AVD OSLO
Norway, OSLO

Hei! Jeg er en glad ung mann på 23 år som trenger brukerstyrt personlig assistanse. Jeg sitter i rullestol og trenger bistand til alle dagligdagse gjøremål. Som min personlige assistent vil du både hjelpe meg med generelle daglige oppgaver og ulike aktiviteter.

I hverdagen liker jeg å følge med på hva som skjer innenfor nyhetsbildet, politikk og teknologi. Jeg driver også egen bedrift, så positivt om du har erfaring med sosiale medier og salg/markedsføring. Det er fint om du klarer å stå på ski, da jeg har min egen fritidsbolig på Geilo. Av andre interesser liker jeg Gaming, pluss alt som har med motor å gjøre. Jeg har nettopp begynt å trene, så om du har erfaring innen trening og er teknisk anlagt er dette et stort pluss! Jeg liker også å reise, så fint om du har mulighet til å være med og assistere meg i varmere strøk. Jeg bor 16 minutter med tog fra Oslo S og gangavstand fra stasjonen.

Jeg ser at du er...

  • Høflig, punktlig og glad i nye utfordringer.
  • Selvstendig, ansvarsfull og pålitelig
  • Fleksibel med mulighet for å reise

Arbeidstid og stillinger:

  • Fast stilling som dagarbeider mandag og torsdag kl. 08:00-16:00.
  • Fleksibel tilkallingsassistent som har mulighet til å ta på seg dag, kveld og nattevakter ved behov.

Jeg er på ferie fra 25.12.2025 til 23.01.2026 og oppstart blir derfor ikke før 26.01.2026.

Kvalifikasjoner:

  • Må ha førerkort klasse B, manuelt førerkort er ikke nødvendig
  • Fremlegge gyldig politiattest
  • Personlig egnethet og kjemi vektlegges
  • Aktuelle kandidater kontaktes for intervju fortløpende og vi ansetter så fort vi finner riktige kandidater.

Jeg ser frem til å høre fra deg!

Om arbeidsgiveren:

BPA er en forkortelse for brukerstyrt personlig assistanse. Det er i hovedsak en alternativ måte å organisere praktisk bistand på for funksjonshemmede. BPA skiller seg fra mer tradisjonelle tjenester ved at det er personen med assistansebehov som selv bestemmer hvordan assistansen skal være. BPA er et frigjørings- og likestillingsverktøy som bidrar til at den med assistansebehov får frihet til å leve et selvstendig og aktivt liv - på lik linje med andre i samfunnet. Prima Assistanse har spesialisert seg på BPA, og er i dag en betydelig leverandør i hele Norge. Vi jobber hver dag for å bidra til at funksjonshemmede får den friheten og assistansen som er nødvendig for å kunne leve et selvstendig liv. Vi er opptatt av å levere et godt konsept, kvalitet i alle ledd, å ha profesjonelle medarbeidere og gode rutiner, slik at vi sammen bidrar til en suksessfull hverdag. For mer informasjon: www.prima-assistanse.no
ZÁMEČNÍK/ZÁMEČNICE, Montéři kovových konstrukcí
DT Mostárna, a.s.
Czechia, Prostějov
NÁSTUP MOŽNÝ IHNED Kontaktní osoba Matoušek Petr, tel. 606 021 171 (volat 6:00-14:00), e-mail: matousek@dtmo.cz Požadujeme: výhodou je vyučení v oboru zámečník, znalost čtení výkresové dokumentace a konstrukčních rozpisek, základní kurz svařování v ochranné atmosféře ZK 135, vazačský a jeřábnický průkaz Nabízíme: Finanční ohodnocení v závislosti na praxi a zkušenostech. Perspektivní zaměstnání, příspěvek na závodní stravování, příspěvek na penzijní pojištění, montážní příplatky, 5 týdnů dovolené, zvyšování kvalifikace, 13. plat, 14. plat, vánoční odměna v závislosti na výsledcích firmy, pravidelné lékařské prohlídky, firemní akce
prodavač/ka grilovaných kuřat, Obsluha v zařízeních rychlého občerstvení
Country Grill ČR, s.r.o.
Czechia, Bohušovice nad Ohří
Jsme firma, která provozuje síť mobilních prodejen s grilovanými specialitami. Hledáme prodejce / griléra, který bude 4 dny v týdnu připravovat a prodávat na 4 prodejních místech v regionu. Nabízíme nadprůměrnou mzdu, práci 4 dny v týdnu, zaškolení, zázemí stabilní firmy, dobré jméno značky, dlouhodobý pracovní poměr, vánoční volno 2 týdny. Grilér se stará zejména o kvalitu, prodej a své zákazníky. Nakládání vozu, jeho večerní sanitaci atp. neprovádí grilér, ale zaměstnanci v zázemí pobočky. Požadujeme: ŔP sk. B, zdravotní průkaz, upravený zevnějšek a chuť pracovat. Nabízíme: stravenkový paušál První kontakt telefonicky /Tel.: 602266795 / nebo e-mailem.

Go to top