Finn en jobb
Finn den rette jobben for deg blant tusenvis av muligheter i hele Europa. Treffene kommer fra det europeiske nettverket for arbeidsformidling (EURES).
Om stillinga
Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga er den største avdelinga hos Statsforvaltaren i Rogaland og har stor breidde i ansvar og oppgåver innafor helse- sosial- og barnevernsområdet. Avdelinga blir styrka i 2026 med meir midlar og utviklingsarbeidet som følger med dette.
Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga har ansvar for gjennomføring av statleg helse- og omsorgspolitikk, mellom anna folkehelsearbeid, førebyggjande helsetenester og oppfølging av statlege handlingsplanar på avdelinga sine områder. Avdelinga har eit omfattande ansvar for tildeling av tilskot til kommunar, samtidig som utviklingsarbeidet og inneber informasjons- og rettleiingsverksemd.
Avdelinga fører tilsyn med helse- og omsorgstenestene og alt helsepersonell, barnevernstenestene og dei sosiale tenestene i fylket.
Tilsynet skjer ved planlagde og hendelsesbaserte tilsyn med kommunar, spesialisthelsetenesta og verksemder.
Vidare skal avdelinga ivareta rettstryggleiken for den einskilde gjennom handsaming av rettigheits- og klagesaker etter helse-, omsorgs-, sosial- og barnevernslovgjevinga.
Statsforvaltaren i Rogaland har ei landsdekkande funksjon innanfor helse, helseberedskap, drikkevatn, næringsmiddel og reinhald i petroleumsnæringa på norsk kontinentalsokkel.
Statsforvaltaren i Rogaland er kontaktfylkeslege for Helse Vest.
Statsforvaltaren i Rogaland søkjer avdelingsdirektør/fylkeslege til helse-, sosial- og barnevernsavdelinga vår. Dette er ei spennande leiarstilling i eit tverrfagleg miljø med stor samfunnsbetydning. Som ein del av embetsleiinga får du høve til å påverke utviklinga av helse- og omsorgstenester i fylket – og bidra til rettstryggleik for innbyggjarane.
Arbeidsoppgåver
Som fylkeslege/avdelingsdirektør er du, saman med to assisterande avdelingsdirektørar, leiar for ei avdeling med 50 engasjerte medarbeidarar.
Avdelingsdirektøren:
- har det overordna faglege og administrative ansvaret for avdelinga
- har ansvar for å leie og utvikle arbeidet i avdelinga
- har økonomi- og resultatansvar for avdelinga
- ansvar for verksemdplanlegging og risikostyring
- deltar saman med embetsleiinga og dei andre avdelingsdirektørane delta i planlegging og gjennomføring av Statsforvaltaren sine samla oppgåver
- skal ta initiativ til samarbeid og samordning, både internt og med kommunar, fylkeskommune og andre offentlege og private verksemder
- skal ha kontakt mot media og skal vektleggje informasjon internt og eksternt
Kvalifikasjonskrav
Du er ein dyktig leiar som har:
- har medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon som lege
- har godkjent spesialitet i eit klinisk fag eller samfunnsmedisin, søkjarar utan ferdig spesialistgodkjenning kan og søkje
- har god fagleg innsikt i deler av avdelinga sin arbeidsoppgaver og blikk for samspelet mellom desse og samfunnet
- har gode leiareigenskapar og relevant Ieiarerfaring
- kunnskap om delar av fagfeltet til avdelinga
- evne til å prioritere og skape resultat
Personlege eigenskapar:
- evne til å utvikle og motivere kunnskapsmedarbeidarar
- god arbeidskapasitet og evne til å jobbe strukturert og nøyaktig
- gode formidlingsevner munnleg og skriftleg
- god relasjonell kompetanse
Vi legg vekt på at den vi ser etter, skal vere personleg eigna til stillinga.
Du må kunne sikkerheitsklarerast.
Vi tilbyr
- lønn etter avtale i stilling som fylkeslege
- høve til å påverke samfunnsutviklinga i ein spennande region
- ordna og fleksible arbeidsforhold og statleg avtaleverk
- god pensjonsordning, gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
- fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
- HjemJobbHjem-ordning
Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.
Slik søkjer du
Alle som søkjer stillinga, må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attester. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Offentleg søkjerliste utarbeidast etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjerliste må dette grunngjevast. Du vil få varsel om reservasjon ikkje tas til følgje.
Om arbeidsgiveren:
Statsforvaltaren er Kongen og regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling, som er retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter.
Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statlege verksemder i fylket.
Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følgje opp berekraftmåla på fagområda våre, og skal som ein del av arbeidet vårt formidle relevant kunnskap til andre aktørar i regionen.
Statsforvaltaren har oppgåver innan fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca. 200 tilsette.