europass

Finn en jobb

Finn den rette jobben for deg blant tusenvis av muligheter i hele Europa. Treffene kommer fra det europeiske nettverket for arbeidsformidling (EURES).

Resultater
Viser 47493 Resultater

Sort by
Vernepleiar - 100 % fast
VINJE KOMMUNE HEIMETENESTER SVINGEN BUFELLESSKAP
Norway, VINJE

Vil du jobbe med menneske, utvikle deg fagleg og få støtte frå dag ein?

Ved Svingen og Reini bufellesskap søkjer me ein engasjert vernepleiar som vil vere med å skape trygge og gode tenester for bebuarane våre.

Svingen og Reini er moderne bufellesskap med høvesvis 11 og 2 leilegheiter, og gode fellesareal både inne og ute. Me yter tilrettelagte tenester til menneske med ulike funksjonsnedsettingar i alle aldrar, og med varierande behov for hjelp. Arbeidet vårt handlar om å støtte den enkelte i kvardagslege gjeremål, med respekt og fagleg tryggleik.

Som nytilsett hos oss får du ein mentor som fylgjer deg tett. Du får tid til refleksjon, rettleiing og støtte – slik at du kjem godt i gang og blir trygg i rolla. Dette er ein del av vårt arbeid for å sikre god opplæring og trivsel frå fyrste dag.

Hos oss møter du eit godt arbeidsmiljø og ein positiv gjeng som støttar kvarandre. Me har eit breitt fagleg fokus og jobbar aktivt for å halde oss oppdaterte, slik at bebuarane får eit best mogleg tilbod. Me legg vekt på utvikling, kompetansebygging, tverrfagleg samarbeid og bruk av ny teknologi.

Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar fjerde helg.


Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøterapi og oppfylging av psykisk og fysisk helsetilstand hjå bebuarane
  • Kontakt med pårørande, verge og ulike samarbeidspartnerar
  • Koordinerande funksjon
  • Ansvarsvakt
  • Utarbeide vedtak etter kap. 9.
  • Fylgje opp og evaluere tiltak
  • Rettleiing til personalgruppa i faglege spørsmål
  • Medikamenthandtering

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som vernepleiar, men andre med relevant høgskuleutdanning kan også søkje
  • Ynskeleg med erfaring frå miljøarbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • Norsk kunnskapar, minimum nivå B
  • Førarkort klasse B for manuelt gir

Personlege eigenskapar

  • Du nyttar fagkunnskapen aktivt i det daglege arbeidet og bidreg til fagleg utvikling gjennom deling og samarbeid.
  • Du er fleksibel og har god evne til å planleggje og organisere arbeidet ditt.
  • Du tek ansvar, er tydeleg og kan sei ifrå når det trengs. 
  • Du er engasjert, har godt humør og bidreg aktivt til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø. 
  • Du arbeider sjølvstendig, men trivst også med samarbeid i team.
  • Du skapar trygge, gode relasjonar med bebuarar, pårørande og kollegaer.
  • Du er open for å ta i bruk velferdsteknologi som ein del av tenesteytinga, og ser moglegheiter i digitale løysingar.

Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

Me tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar og ansiennitet i tråd med lokal lønsstige
  • Vernepleiarar får eit lokalt tillegg på kr 48.000 over gjeldande tariff i 100 % stilling
  • Mentorprogram med oppfylging og støtte frå erfaren kollega
  • Fagleg rettleiing og kompetanseheving
  • Gode velferdsordningar med tilbod om bading i kommunale anlegg
  • God forsikrings- og pensjonsordning

 

Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. helse og omsorgslova § 5-4. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader, den skal ikkje leverast med søknaden. 


I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Hjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar Svingen og Reini, +47 97028218

Arbeidsstad

Åmotvegen 2
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5082460231
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.03.2026

Om arbeidsgiveren:

Me ynskjer deg velkomen til Vinje! 

Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie. 

Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.

Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus. 

Me håpar du vil trivast hjå oss! 

Les meir om livet i Vinje her  

Sjå Vinjefilmen her 

Firda Billag Buss søker trainee: HR
FRAMTIDSFYLKET AS
Norway, FØRDE

Som trainee hos Firda Billag Buss vil du bidra til å forvalte vår viktigaste ressurs, nemleg sjåførane som køyrer bussane vår.

Stillinga skal styrke Firda Billag Buss si gjennomføringsevne i drift ved å sikre stabil tilgang på sjåførar og nøkkelkompetanse, rask og strukturert onboarding, samt systematisk oppfølging av kompetanse, HMS og kvalitet. I tillegg skal stillinga støtte driftsleiing i praktisk personaloppfølging og sikre at konsernets personalpolitikk blir etterlevd i kvardagen – med god informasjonsflyt og meir enhetlig praksis på tvers av avdelingar og leiarar.

Stillinga skal bidra til

  • rekruttering og tilsettingsprosessar
  • utvikle og forbetre interne opplæringsprogram
  • internkommunikasjon
  • rådgjeving og leiarstøtte i HR-spørsmål
  • administrativ støtte
  • Sikre mer systematisk og tidlig oppfølging av sykefravær og nærværstiltak, i samarbeid med ledere

Oppgavene vil om ønskelig kunne omfatte:

  • utreiing og analysere relevant HR-informasjon
  • arbeid med kultur og organisasjonsutvikling
  • employer branding og marknadsføring
  • innhaldsproduksjon til SoMe

Dine kvalifikasjonar som trainee:

  • utdanning på minst bachelornivå innan HR, organisasjonspsykologi eller andre relevante fag
  • god digital kompetanse
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Firda Billag Buss er eit dotterselskap av Firda Billag AS og Connect Bus Norge AS. Selskapet køyrer på offentlege kontraktar og har i dag transportansvar for lokale ruter i Sunnfjord og Nordfjord. Her har vi ambisjonar om vekst og riggar oss for å vinne fleire anbod. I tillegg køyrer ekspressrutene NW 431 og VY 170 og har ei eiga turbussavdeling. Selskapet har totalt 215 tilsette og 205 bussar. Hovudkontoret vårt ligg i Førde, og her sit trafikk- og planavdelinga for Sunnfjord, samt teknisk leiar og dagleg leiar.

Velkommen til oss

Som HR-trainee hos oss vil du få faglige utfordringar, men òg gode muligheter for individuell karriereutvikling. Vi er ein del av to større konsern som ein kan støtte seg på for vidareutvikling og fagleg støtte. Som arbeidsplass kan vi by på ein bransje med enorm yrkesstolthet, kjekke kollegaer med godt samhold, velferdsordningar og gode fremtidsutsikter. Vi er i dag ca 300 ansatte, og ser fram til å bli enda fleire, velkommen!

Framtidsfylket traineeprogram

Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir en smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor-, master- eller fagskoleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Krav til norskkunnskap: B1

Du vil jobbe som trainee i ett år – fra august til august.

Kontorets lokasjon: Førde er ein småby med ca. 11 0000 innbyggarar, omgitt av fantastisk natur. Fjell og fjord er tett på, men du finn samtidig alt du treng av byliv rett utanfor kontoret. Frå flyplassen vår på Bringeland går det fire daglege avgangar til Oslo, i tillegg til at vi har gode bussforbindelsar til Bergen og Oslo rett utanfor døra, sjølvsagt. Ynskjer du eit enda større nettverk enn det traineeprogrammet byr på har vi eit nettverk for unge arbeidstakarar - sjekk ut www.sunnfjordu40.no

Om arbeidsgiveren:

Akkurat no venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.

Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!

 Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.

Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.

Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!

Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.

Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.

Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.

Les meir på Framtidsfylket.no

Sommervikarer helse- og mestring
ROSSVOLLHEIMEN
Norway, BØRSA

Mer om oss her: Helse og mestring

Sommervikarer og ekstravakter søkes – Vi ønsker deg med på laget vårt innen helse og mestring!
Vi trenger deg sommeren 2026 (ukene 25–33) til våre tjenester:

Sommerjobb hos Hjemmetjenesten
Sommerjobb på Sykehjem (Rossvollheimen)
Sommerjobb hos Bo- og aktivitetstilbud for personer med funksjonsnedsettelser (BoA)

Hos oss får du en meningsfull jobb, gode kolleger og verdifull erfaring. Arbeidserfaring innen helse- og omsorg gir deg et solid grunnlag for videre yrkesliv. Opplæring gis i den enheten du skal jobbe hos.

Når du søker, ber vi deg rangere hvor du helst vil jobbe (1 = mest ønsket, 3 = minst ønsket). Dette hjelper oss med å finne den jobben som passer deg best.
Klar for en givende sommerjobb?

Søk nå og bli en del av vårt team!

 

Arbeidsoppgaver og arbeidssted

  • Viktig at du rangerer hvor du ønsker å jobbe, slik at hvis du ikke får førsteønsket oppfylt så vet vi hva du har rangert som nummer to og tre. Det er også ønskelig at du skriver om du kan jobbe hele eller deler av sommerperioden (uke 25-33). Intervju vil holdes fortløpende og det betyr at det er bare å søke.
  • Rossvollheimen er det eneste helse og omsorgssenteret i Skaun kommune. Vi har flere ulike avdelinger som blant annet korttidsavdeling, skjermet enhet og langtidsavdelinger, dagtilbud/aktivitet for hjemmeboende, eget vaskeri og renhold, samt institusjonskjøkken. 
    Vi kan tilby deg en utfordrende og givende arbeidsplass. Du får mulighet til å bidra med meningsfulle aktiviteter for våre brukere, samt pleie. 
    Om du vil bli med på vårt lag og gi de beste tjenestene til våre brukere/innbyggere så søk til Rossvollheimen. 
  • Hos Hjemmetjenesten jobber du i hjemmet til pasientene. Vi krever førerkort til bil klasse B. Vi tilbyr blant annet praktisk bistand og hver dag er ulik den andre. Både hyggelig og givende.
  • Skaun bo- og aktivitetstilbud(BoA) består av;
    Solbakken helse- og mestringsbolig et døgnbemannet tilbud, som består av totalt ti boenheter. To av leilighetene er øremerket avlastning for barn.
    Meieribakken og Gullhaugtun er døgnbemannede boliger, som begge består av fire boenheter. BoA er for de som har en funksjonsnedsettelse - enten den er fysisk, psykisk eller sosial karakter. Vi yter tjenester for folk i alle aldere. Vi yter også ambulante tjenester.  
    Målet for BoA er at vi skal ha ansatte som er stolte av jobben de gjør. Vi skal ha en kultur som er preget av nytenkning og vilje til endring, for å gi våre beboere et best mulig tilbud innenfor de rammene vi har.

Skaun kommune har som visjon å være aktiv og attraktiv sammen. Verdiene våre er tydelig, raus og engasjert. Hvis du kan identifisere deg med vår visjon og verdier så vil du passe utmerket hos oss. 

Alle tre enheter har arbeidstid både dag, kveld og natt.

Håper at vi kan jobbe sammen i sommer!

                                                                                                                                                                                                                                     

Kvalifikasjoner

  • Gjerne med faglig bakgrunn og relevant erfaring. 

Personlige egenskaper

  • Vi ønsker at du har stå på vilje og at du er raus i møte med pasienter, brukere og kollegaer. Og at du kommuniserer godt. Har ei positiv innstilling. Og genuint interessert i å hjelpe mennesker.

Vi tilbyr

  • Verdifulle arbeidserfaringer, minner for livet og godt arbeidsmiljø sammen med trivelige kolleger
  • Lønn i henhold til lov- og avtaleverk

Kontaktinformasjon

Hilde Ofstad, Enhetsleder BoA, 95894563, Hilde.Ofstad@skaun.kommune.no
Randi Kjøren, Enhetsleder Hjemmetjenesten, 92264246, Randi.Kjoren@skaun.kommune.no
Camilla Sæther Jacobsen, Enhetsleder Rossvollheimen, 99772545, Camilla.Saether.Jacobsen@skaun.kommune.no

Arbeidssted

Meieriskogen 26
7353 Børsa

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Skaun kommune

Referansenr.: 5060685995
Stillingsprosent: 100%
Sommerjobb
Søknadsfrist: 30.03.2026

Om arbeidsgiveren:

20 minutter sørvest for Trondheim finner du Skaun kommune. Omringet av flott natur er Skaun midt i blinken for deg som ønsker nærhet til både naturen, fjorden og storbyen. Med E39 er det lett å komme seg hit, uansett om du kjører eller tar buss.

En jobb i Skaun kommune er en jobb du kan vokse i, både faglig og personlig. Du vil få jobbe med engasjerte og kompetente medarbeidere innenfor et bredt spekter av fagområder. De viktigste kollegene dine er likevel først og fremst de 8500 innbyggerne. Det er sammen med dem vi skal skape et aktivt og attraktivt samfunn som er godt å jobbe, bo og leve i.

Kommunesenteret i Skaun er Børsa, og det er også der du finner Skaun rådhus. Kommunen består ellers av lokalsenteret Buvika, samt grendesentrene Viggja, Eggkleiva, Jåren-Råbygda og Venn. 

 
Ringevikar ved Odda barneskole, SFO
ODDA BARNESKOLE
Norway, ODDA

Ringevikar ved Odda barneskole/SFO: 

Oppstart etter avtale

Odda barneskole er ein barneskule, 1.- 7. trinn, med ca. 300 elevar og ca.70 tilsette. Skulen ligg i sentrum av Odda og skuleplassen er ein viktig arena for born og unge som bur sentralt, også i fritida. Skulen er organisert med tre parallellklassar på kvart trinn, med eit SFO- team som er delt i to basar. Administrasjonen består av rektor, to avd.leiarar, SFO- leiar og merkantil, og i tillegg har skulen sosiallærar i delstilling. Personalet består elles av lærarar, fagarbeidarar, assistentar og miljøterapeutar. 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • vera ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen 
  • skapa eit godt miljø for utvikling, læring og trivsel 
  • vera aktiv med borna i leik og bidra til aktivitet 
  • ha eit godt og positivt samarbeid med kollegaer og føresette 

 

Ynskte kvalifikasjonar: 

  • barne- og ungdomsarbeidar 
  • erfaring frå arbeid med barn og unge 
  • søkjarar med annan relevant utdanning kan bli vurdert  

 

Vi ser etter deg som: 

  • likar å arbeida med barn og unge 
  • har positivt elevsyn og gode evner til å byggja relasjonar 
  • er sjølvstendig og fleksibel 
  • har gode samarbeidsevner 
  • er robust, omsorgsfull og tolmodig 
  • er løysningsorientert og initiativrik 

   

Det vert lagt stor vekt på å vera personleg eigna for stillinga. 

 

Vi tilbyr: 

  • Interessant og spennande arbeid med barn og unge 
  • Dyktige, positive og løysingsorienterte kollegaer 
  • Lærerike arbeidsdagar i høgt tempo 
  • Lønn etter hovudtariffavtalen 

 

  

Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og 

 

Krav: 

  • Politiattest

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49
Ferievikarer sommeren 2026 – Helse og omsorg
DOVRE KOMMUNE ADMINISTRASJONSAVDELING
Norway, DOVRE

Dovre kommune søker deg som vil ha en sommerjobb der du er med på å gjøre dagen bedre for andre! I helse- og omsorgstjenesten søker vi ferievikarer i perioden 22. juni- 16. august 2026. I tillegg har vi behov for tilkallingsvikarer som kan starte så snart som mulig, både før og etter sommerperioden. Søknadsfrist: fortløpende.

Vi ser etter deg som:

  • Trives med å hjelpe andre

  • Liker varierte oppgaver

  • Ønsker erfaring innen helse og omsorg

  • Trives med samarbeid og hyggelige kollegaer

  • Er pålitelig og positiv


Har du kompetanse innenfor de ulike fagene, slik som sykepleier, vernepleier, helsefagarbeider eller kokk, er det flott. Du kan også være student. Om du ikke har erfaring fra å jobbe innen helse/kjøkken, vil du få god opplæring**.**Det viktigste er at du har lyst til å bidra og å lære.

Har du lyst til å jobbe i Dovre, men er ikke herfra? Si ifra -- vi kan hjelpe deg å finne et sted å leie.

Vi søker primært deg som har fylt 18 år, men du kan også søke hvis du har fylt 16 år og ønsker å prøve noe nytt og meningsfullt. For å kunne jobbe i hjemmesykepleien og tilrettelagte tjenester må du ha fylt 18 år og ha førerkort.

Du må legge fram godkjent politiattest.


Dette kan du jobbe med:

Fredheim omsorgssenter

Avdelinger

På de ulike avdelingene på Fredheim vil du hjelpe beboerne med daglige gjøremål og bidra til trivsel og hyggelige stunder. Arbeidet innebærer pleie og omsorg, blant annet bistand i stell og ved måltider.

Kjøkken

På kjøkkenet lager og serverer du mat til beboerne, og sørger for rydding og oppvask i etterkant.


Hjemmetjenesten

Hjemmesykepleie:

I hjemmesykepleien besøker du brukere i deres eget hjem og hjelper dem i hverdagen. Du gir støtte til personlig stell, måltider og medisiner. Du skaper trygghet gjennom samtaler, tilstedeværelse og omsorg.

Hjemmehjelp/praktisk bistand:
Her hjelper du til med praktiske oppgaver i hjemmet (dagtid på hverdager).

Brukerstyrt personlig assistent (BPA)

Dagtid ukedager i perioden 27.juli -- 16.august 2026

Som BPA bidrar du til at personer med funksjonsnedsettelser kan leve livet sitt slik de ønsker. Du bistår i hverdagen hjemme og på fritidsaktiviteter. Du hjelper til med praktiske oppgaver og personlig assistanse, og støtter brukeren i selvstendighet, mestring og trygghet. Du jobber tett på bruker og får god opplæring og tydelige oppgaver.


Tilrettelagte tjenester

I tilrettelagte tjenester jobber du med mennesker som trenger litt ekstra støtte i hverdagen. Du bidrar til trygghet, mestring og gode opplevelser. Du hjelper til med daglige gjøremål og aktiviteter, og skaper gode relasjoner som gir en meningsfull hverdag. Du kan jobbe både i bofellesskap og med individuell oppfølging.

K55 En avdeling med individuell oppfølging av en beboer. Du er med på å bidra til en meningsfull hverdag, relasjonsbygging, trygghet, mestring og gode opplevelser. Du må like å være ute og kunne delta på ulike aktiviteter. Du må kunne jobbe i team, ha god fysisk form og kunne jobbe langvakter da vi har døgn i vår turnus.

Vi tilbyr:

  • God opplæring, veiledning og trivelige kollegaer

  • En meningsfull jobb i et inkluderende og godt arbeidsmiljø

  • Et spennende, tverrfaglig og utviklende arbeidsområde

  • Lønn etter avtale/tariff og pensjonsordning i KLP. For øvrig gjelder vanlige kommunale ansettelsesvilkår

  • Mulighet for oppdrag som tilkallingsvikar før og etter sommeren


Kontaktperson for de ulike avdelingene:

Fredheim: linda.slette@dovre.kommune.no Tlf. 90413935

Hjemmetjenesten: Lene.vadet@dovre.kommune.no Tlf. 48078638

Tilrettelagte tjenester: bente.holum@dovre.kommune.no Tlf. 48995938

Tilrettelagte tjenester K55: yvonne.gulliksruddovre.kommune.no Tlf: 48179889


Beskriv hvilken avdeling du ønsker å jobbe på i søknaden.

Søknader vil bli behandlet fortløpende.

Om arbeidsgiveren:

Dovre kommune er ei fjellbygd med noen av Norges mest spektakulære nasjonalparker innenfor kommunegrensa. Her finner du frisk fjelluft, trivelige folk og store naturopplevelser rett utenfor stuedøra. Selv om vi ligger høyt til fjells, er vi sentralt plassert. Herfra kan du reise klimasmart med Dovrebanen til både Oslo og Trondheim og med Raumabanen til Åndalsnes.

Ønsker du et rikt liv i et engasjert og trygt lokalsamfunn, vil vi ta godt i mot deg.

Ferievikarar
BU- OG AVLASTNING ADMINISTRASJON
Norway, ÅLESUND

Vi i Bu -og avlastningstenesta treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2026. Vi treng sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar, studentar og ufaglærde. Stillingane er i en variasjon av langvaktsturnus, todelt turnus og nattevakter med inntil 14,5 timers vakter eller nattevaktsturnus. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.  

Bu- og avlastingstenesta yt tenester til born og ungdommar med særskilte behov, derunder utviklingshemning, autisme og psykiske lidingar. Vi har fokus på at borna og ungdommene skal ha eit meiningsfullt liv med god livskvalitet. Dei fleste har behov for langsiktig omsorg med miljøterapeutisk tilrettelegging. Dei treng trygge og gode rammer, samt personer som er aktive, og har som har lyst å ge dei kjekke opplevingar. Her kan du utøve godt miljøarbeid ved hjelp av dine personlege eigenskapar og kreativitet, som ein del av eit faglig kompetent miljø. April 2024 flytta vi inn i heilt nye lokaler på Flisnes. Her har vi samla alle tenestane våre under ett tak. Vi  tilbyr tenester både på døgnavlasting, barnebustad og aktivitetsavlasting. 

Vi ynskjer at søkjar har erfaring frå barn og unge. Det vil bli lagt vekt på personlige eigning som trygghet, stabilitet og gode holdninger.  

Det er behov f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 34 i avlastingstenesten og bornebustadar.  

Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter verksemda sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det er viktig for oss at du kan jobbe sammenhengende gjennom sommeren. Stillingsprosentane kan variere noko utifra kor mykje en kan jobbe. 


Arbeidsoppgåver

  • Miljøtilrettelegging
  • Aktivitetar
  • Pleie og omsorg
  • Medisinsk behandling og oppfølging
  • Daglege rutineoppgåver i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Søkar bør helst vere fylt 18 år.
  • Søkarar bør helst kunne jobbe minimum 5 veker samanhengande, hvorav i heile juli.
  • Det krevst norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR) for framandspråklege kandidatar.
  • Ved tilbod om stilling blir det stilt krav om tilfredsstillande politi, tuberkulin- og MRSA attest.
  • Vi søkjer etter miljøterapeuter, helsefagarbeidarer eller pleiemedarbeidarar. Det er ikkje krav til spesifikk utdanning, men du må ha interesse for faget og det å kunne gi bistand og samhandle med personer med nedsatt funksjonsevne.
  • Søkjarane må ha sertifikat for personbil.
  • Vi oppfordrar også studentar om å søkje.

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du må kunne samarbeide med både kollegaer og pårørande
  • Du har gode evner til etablering av gode relasjonar
  • Vi søkjer medarbeidarar som har interesse for å arbeide med målgruppa.
  • Du må arbeide sjølvstendig, men likevel samhandle godt med dine kollegaer.
  • I nokre tilfeller vil du møte utfordringar der utagerande åtferd forekommer, der du må følgje rutinar og praksis.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Arbeidstad i heilt nye lokaler på Flisnes
  • Ferdig utdanna sjukepleiarar og vernepleiarar kan få ein bonus på kr 12 400,-. Kriteria er at ein etter avtale med leiar må arbeide til saman 6 veker sommarvikar i 100 % stilling i perioden veke 24 – 34 i 2026. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Gjeld sjukepleiar- og vernepleiarstillingar i aktiv pleie innan kommunalområde Helse og omsorg og Velferd og sysselsetting. Bonusordninga gjeld for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonusen vert avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller anna fråvær. Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.

Kontaktinformasjon

Stine Sørland, Avdelingsleiar, 901 82 360, stine.sorland@alesund.kommune.no
Anne Iren Istad Heggheim, Avdelingsleiar, 948 15 863, anne.iren.istad.heggheim@alesund.kommune.no
Karina Hanken Grønstad, Verksemdsleiar, 970 98 576, karina.hanken.gronstad@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Brisingstubben 6
6013 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5050368850
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026

Om arbeidsgiveren:

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Jobb i barnehage - open søknad
KVAM HERAD SENTRALADMINISTRASJON
Norway, STRANDEBARM

Har du lyst å vera med å skapa gode barndomsminne og livsglede for barnehagebarn i Kvam? 

Barnehagane i Kvam har kontinuerleg behov for vikarar og me treng deg med på laget vårt.

Registrer søknad og CV her ved å velja "Søk på stillinga". Ta kontakt med vikarkoordinator dersom du treng rettleiing. 

Denne annonsa gjeld søknad om arbeid som vikar i barnehageåret 2025/2026. Søknadane vil verta behandla fortløpande og søkjarlista til stillingsannonsa vert nytta som vikarliste til barnehagane våre. Du vil bli kontakta av vikarkoordinator dersom du vekkjer vår interesse og me ser deg som ein aktuell vikar.

Ledige vikariat og faste stillingar vert utlyst på heimesida vår og dei må du søkja på særskilt. 

 

Vil du vita meir om barnehagane i Kvam herad eller ynskjer å ta direkte kontakt med barnehagestyrar, sjå informasjon på https://www.kvam.no/tenester/barn-ungdom-og-familie/barnehage/


Arbeidsoppgåver

  • Gje omsorg, ha tilsyn og vera i leik med enkeltbarn og/eller barnegrupper
  • Tilretteleggja for, leia og delta aktivt med barna i aktivitetar og rutinesituasjonar
  • Vera ein god rollemodell
  • Bidra til eit godt foreldresamarbeid
  • Samarbeida med andre og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Lyst og motivasjon for arbeid i barnehage
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid i barnehage
  • Relevant utdanning og/eller praksis, som feks barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar
  • Gode norskkunnskapar; bestått A2 i skriftleg framstilling og B1 i lese-, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

Ved nytilsetjing vert det stilt krav om politiattest utan merknader, jfr. Barnehagelova §19,. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Politiattesten må vera av nyare dato, og ikkje eldre en 3 månader.

Personlege eigenskapar

  • Du er påliteleg, omsorgsfull og engasjert
  • Du er fleksibel og ansvarsfull
  • Du møter barn, kollegaer og føresette på ein respektfull og inkluderande måte
  • Du er leiken og likar å vera aktiv i samspel med barn
  • Du trivst ute i alle årstider

Me tilbyr

  • Ein interessant og utviklande jobb i godt og fagleg arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter til å påverka eigen arbeidsdag
  • Opplæring 
  • Flotte, nye lokale med fine uteområde og nærmiljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

 

Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Ann Christin Olsen, Administrasjonsmedarbeidar barnehage, 901 53 232
Evy Bekkesletten, Administrasjonsmedarbeidar barnehage, 488 60 046
Ingunn Mo, Leiar for barnehage, +47 997 38 755

Arbeidsstad

Tangeråshagen 12
5630 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 4991156480
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 30.06.2026

Om arbeidsgiveren:

Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av  regionsenteret vårt Norheimsund.

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir

Levyseppä
Carrot Varsinais-Suomi Oy
Finland
Levyseppä Etsimme asiakkaallemme satakunnan alueelle levyseppiä. Sinulla on teknisten piirustuksien lukutaito ja kolmiulotteinen hahmottaminen hallussa. Työ on teräsrakentamista eli levytyö- ja hitsauskokoonpanoa. Työtä on tarjolla toistaiseksi. Työ alkaa heti tai sopimuksen mukaan. Asiakkaamme on tilauskonepaja. Kuinka haen Carrotille? Voit jättää hakemuksesi oheisen linkin kautta. Jos olet jo aiemmin jättänyt hakemuksen Carrotille, voit hakemuslomakkeen kautta myös kirjautua sisään käyttäjätunnuksillasi ja päivittää aiempaa hakemuspohjaasi jättääksesi hakemuksen tähän työpaikkaan. Carrotille työhakemuksen jättäminen on helppoa ja nopeaa, ja olemme yhteydessä kaikkiin työhakemuksen jättäneisiin. Kartoitamme osaamisesi ja toiveesi työpaikan suhteen, ja tarjoamme sinulle yhdellä hakemuksella yhteydet satoihin työpaikkoihin, sekä koko elämän mittaisia urapolkuja! Tarvittaessa lisätietoja tästä työpaikasta saat soittamalla Johannalle numeroon 040 809 4999, ark. klo 9-16. Jos sinulla on kysyttävää työpaikkoihimme, työnhakuun tai palveluihimme liittyen, löydät yhteystietomme myös osoitteesta Nähdään Carrotilla! Carrot on nopea, välittävä ja vastuullinen työelämän kumppani, jonka tärkeimpänä tavoitteena on olla luomassa hyvää työelämää kaikille. Tarjoamme valtakunnallisesti henkilöstövuokraus-, rekrytointi- ja ulkoistuspalveluita sekä toimimme strategisena HR-kumppanina asiakkaillemme. Carrot on toiminut jo vuodesta 1998. Carrot – Muuttuvan työelämän asiantuntija
Kaivinkoneenkuljettaja Tuusulaan
Amiko Kanta-Häme Oy
Finland, Tuusula
Haemme asiakkaallemme kaivinkoneenkuljettajaa Tuusulan alueelle, 3D osaaminen vaaditaan. Tyypillisiä työtehtäviäsi ovat rakennusten kaivuutyöt, salaojien ja sadevesien kaivuut, teiden ja pihojen maanrakennukset, kunnallistekniikan kaivuut, piha- ja viherrakentaminen, rakennusten purkutyöt ja verkonrakennustyöt. Edellytämme sinulta aiempaa kokemusta kaivinkoneenkuljettajan työstä. Eduksi katsomme kokemuksen eri kokoisista ja alustaisista kaivinkoneista. 3D-osaaminen vaaditaan. Toivomme sinun olevan oma-aloitteinen ja innokas ammattilainen. Suomen kielen taito on tehtävässä pakollinen. Arvostamme työturvallisuutta. Odotamme, että sinulla on työturvallisuuskortti ja tieturva 1 kortti. Työ alkaa heti, arvioitu kesto noin viikon, mutta asiakkaalla saattaa olla tarve pidempiaikaiselle työntekijälle. Palkkaus osaamisen mukaan. Infra-alan tes käytössä. Mikäli kiinnostuksesi heräsi, lähetä hakemuksesi meille mahdollisimman pian osoitteessa amiko.fi. Mahdollisiin kysymyksiisi vastaa Amikon Tarmo, 0505532819 tarmo.laakso@amiko.fi
Myymäläpäällikkö Helsingin keskustaan
Vertico Group Oy
Finland, Helsinki
Myymäläpäälliköksi erikoistavaraliikkeeseen Helsingin Kamppiin? Etsimme asiakkaallemme myymäläpäällikköä Helsingin Kampissa sijaitsevaan erikoistavaramyymälään, jolla on loistotuotteet ja hyvä maine. Liike on toiminut jo pitkään menestyksekkäästi. Tulet luotsaamaan oman tiimisi huipputuloksiin omalla esimerkilläsi. Vastaat myynnin lisäksi henkilöstöstä (työvuorosuunnittelu), esillepanosta, tilauksista ja varsinkin timanttisesta asiakaspalvelusta. Odotamme sinulta kokemusta erikoistavarakaupan eri toiminnoista, hyvää kielitaitoa (englanti) ja asiakaspalveluasennetta. Tarjoamme sinulle vakituisen työn viihtyisässä ympäristössä ja laadukkaan tuotevalikoiman. Pääset itse myös vaikuttamaan myymälän tulevaisuuden kehitykseen. Lisätietoa antaa arkiaamuisin 8-9 välillä Verticolla Sami (050 361 2636) Hae paikkaa pikaisesti, sillä työt alkavat jo toukokuussa!

Go to top