Om stillinga og arbeidsstaden
Kollen ungdomsbase skal åpne ei ny avdeling i Molde med plass til tre ungdommar. I den samanheng skal vi tilsette 4 nye vakne nattevakter i 84% stilling. Institusjonen skal framleis ha ei avdeling på Kollen i Vestnes Kommune og det vil vere eit tett samarbeid mellom dei to avdelingane. Eininga vil tilsaman ha plass til sju ungdommar.
Kollen ungdomsbase er ein statleg barnevernsinstitusjon for ungdom i alderen 13-18(20) år som av ulike årsaker har behov for omsorg utanfor heimen. Ungdommane er plassert etter Lov om Barneverntenester. Kollen ungdomsbase har ei sosialpedagogisk tilnærming med vekt på kognitiv miljøterapi i tillegg til traumesensitiv omsorg. Vi legg vekt på at ungdommane innanfor trygge rammer, og i samhandling og aktivitet med vaksne, skal oppleve meistring og ny læring for å oppnå endring og utvikling. Målet for miljøterapien er at ungdommane skal utvikle hensiktsmessige tanke- og handlingsmønstre slik at dei kan handtere kvardagen sin på ein best mogleg måte.
Arbeidstida for nattevaktene på Kollen ungdomsbase er frå kl 23.00 til 08.00. I stillinga jobber du og nokre dag- og kveldsvaktar og har arbeid kvar fjerde helg. Meir inngåande informasjon om turnus blir gitt under intervju.
Arbeidsoppgåver
Målet for stillinga er å vareta ungdommane og halde oppe ro på avdelinga nattetid.
Korleis oppnå dette målet:
- Rettleie og setje grenser på ein utviklingsstøttande måte.
- Ulike praktiske oppgåver som trengst for å drifte alle heimar.
- Krise- og stresshandtering.
- Handtere og arbeide førebyggjande mot hendingar der barn og ungdom kan skade seg sjølv eller andre.
- Bidra til å vareta rettstryggleiken til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon.
- Reflektere over eiga rolle og funksjon i møte med barn, unge, familiar, kollegaer og samarbeidspartnarar (etisk refleksjon).
- Følgje opp planar på ein fagleg og systematisk måte.
Kva bakgrunn har du?
Må-krav:
- Du må ha minimum treårig relevant høgskule-/universitetsutdanning, gjennomført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng innanfor relevante fagområde.
- Studentar som er i ferd med å gjennomføre bachelorutdanning i sosialt arbeid, barnevernspedagog eller vernepleie kan også vurderast.
- For søkjarar utan relevant bachelorutdanning vil vi kunne vurdere søkjarar med minimum 3 års relevant barneverns- og/eller institusjonserfaring.
- Kommunisere godt på norsk tilsvarande nivå B2.
- Ha førarkort minimum klasse B.
Bør-krav:
- Nyare relevant erfaring frå arbeid med ungdom
- Kompetanse på å gjere faglege vurderingar, tilpasse tiltaka til ungdommane og dokumentere desse skriftleg.
- Evne til å forstå og fasilitere endringsprosessar, på individuelt og systemisk nivå.
- Robust helse, då arbeidet med målgruppa er psykisk og fysisk krevjande
Personlege eigenskapar
Kven ser vi etter:
- Du har evna til å meistre stress gjennom å sjå utfordringar som handterlege, meiningsfulle og kontrollerbare.
- SDu har evna til å betrakte, sortere og skilje mellom eigne og andres opplevingar, synspunkt, oppfatningar eller behov.
- Du identifiserer deg med, oppfører deg og arbeider i tråd med samfunnsoppdraget vårt og kjerneverdiane våre «Respekt, openheit, deltaking».
- Du er motivert for å jobbe for barnets beste.
Kva får du hos oss?
- Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog, 1508 vernepleier med lønn p.t. kr 500 000 – 615 000 pr. år. Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1185 spesialutdannet sosionom, 1509 spesialutdannet vernepleier, 1510 spesialutdannet barnevernspedagog p.t. kr 550 000- 655 000 pr. år.
- Søkjarar som ikke har fullført høyere utdanning, men har minimum fullført 90 studiepoeng innanfor relevant fagområde, blir innplassert i stillingskode 1488 miljøterapeut, kr 443 000 – 550 000 pr. år.
- Søkjarar med mindre enn 90 studiepoeng eller utan påbyrja utdanning blir lønte i stillingskode 1486 miljøarbeid, p.t. kr 410 000 – 520 000 pr. år. Fagarbeidarar med relevant fagutdanning blir lønte i stillingskode 1203 fagarbeidar med fagbrev, p.t. kr 440 000 – 530 000 pr. år.
- Lønn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
- Hos oss vil du få:
- kurs, personalsamlingar og sosiale tiltak saman med gode kollegaer
- godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen
- rettleiing i kognitiv terapi
- tilbod om kompetanseheving
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagd til Kollen ungdomsbase, avdeling Molde.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren:
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.