Longva barnehage ligg flott til midt på øya på Flemsøy/Skuløy. Barnehagen har naturen tett på, med gode høve til turar i skog, fjell og fjøre, som ein nyttar heile året til utforsking, leik og læring.
Longva barnehage vart ny kommunal barnehage i Haram 1. august 2025, og har i dag 16 barn frå 1-5 år, og ei personalgruppe med god fagleg kompetanse.
Frå 1.august 2026 har Longva barnehage behov for barnehagelærar i 100% stilling, der 50% er fast og 50% er vikariat, men med moglegheit for fast. Vi søker deg som er trygg og engasjert, og som set barnet sitt beste i sentrum og bidreg til fellesskap, trivsel og kvalitet i barnehagen.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet, i tråd med ramme - og lovverk (jf. Barnehageloven og Rammeplan for barnehage)
- Rettleie og sørge for at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
- Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda han/ho er sett til
Kvalifikasjonar
For stilling som barnehagelærar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
Søkar må vidare:
- Levere oppdatert politiattest
- Jobbe i tråd med barnehagelova
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. For å bli fast eller mellombels tilsett som barnehagelærar, må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar kunne dokumentere sine norskferdigheiter (jf. barnehageloven § 28). Søkar skal legge resultat av språktest saman med søknad og CV.
- Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som har evne til å:
- Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring
- Jobbe sjølvstendig og vere synleg i gruppa
- Motivere og vere ein pådrivar i både det praktiske og faglege arbeidet
- Bruke kompetansen du har, samt halde deg oppdatert både fagleg og det som elles skjer på eigen arbeidsplass
- Vere kreativ, jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping
- Vere bidragsytar i ein levande og lærande organisasjon, både i kvardagen og på personalmøte, planleggingsdagar og i oppfølging av kurs
- Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov
- Jobbe målretta, syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
- Samarbeide med styrar, pedagogisk leiar, andre tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnarar som til dømes skule, PPT, barnevern og helsestasjon
- Vere ein god rollemodell
- Vere inkluderande og bidra til eit godt arbeidsmiljø/ psykososialt miljø for både barn og vaksne, her under utøve nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar jf barnehagelova
- Sikre barna sin rett til medverknad og involvering
Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
- Løn etter gjeldande tariff
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Reidunn Rogne Flem, Barnehagestyrar, 99526013, reidunn.rogne.flem@haram.kommune.noArbeidssted
Øvstevegen 2126293 Longva
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Haram kommuneReferansenr.: 5119922452
Stillingsprosent: 50%
Fast, Vikar
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 25.05.2026
Om arbeidsgiveren:
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.