No kan DU vera med å gjera ein forskjell.
Er du engasjert i barn og unge og vil ha ein meiningsfull og viktig jobb? Me har ledig ei fast stilling og eitt vikariat 100% stilling som kontaktperson i Etne Vindafjord barnevernteneste i perioden.
Det kan bli aktuelt med to vikariat dersom det blir interne tilsetjingar i ulike utlyste stillingar i tenesta. Alle stillingar er med oppstart 01.05.26 og vikariat har eitt års varigheit, med moglegheit for forlenging.
Etne Vindafjord barnevernteneste er samansett av ulike team:
- Melding, undersøking og hjelpetiltak (MUT).
- Omsorg (oppfølging av barn i fosterheim og andre plasseringar utanfor heimen) og ettervern (oppfølging av ungdom mellom 18 og 25 år).
- Miljøarbeidarar (tiltak i form av oppfølging i heimen, oppfølging i ettervern og tilsyn under samvær)
Barneverntenesta mottek rettleiing og miljøterapeutiske tiltak frå Familieteamet i kommunen.
Hjå oss er me opptekne av brukarmedverknad, samarbeid med familien og barnets stemme. Dette forutsett at våre tilsette har gode kommunikasjonsferdigheiter, evne til å danne relasjonar og har eit positivt menneskesyn.
I arbeidet i barneverntenesta møter ein menneske i kriser og ein involverar seg i komplekse familiesituasjonar. Då er det viktig at ein kan vera omsorgsfull og tydeleg, og at ein evnar å handtere og tåle konfliktar og sterke kjensler.
Kvardagen i barneverntenesta er prega av varierte dagar, både i høve arbeidsoppgåver og tidspress. Ein må trivast med eit høgt tempo og evne å strukturere sin eigen arbeidskvardag. Som kontaktperson i barneverntenesta må ein vera robust og ha fokus på sjølvivaretaking. Tenesta er opptekne av oppfølging av dei tilsette både i høve deira faglege utvikling, oppfølging i sakene og personleg utvikling. Dette føregår i individuell rettleiing, fagmøte i tenesta, fagutvikling for team eller heile tenesta, og i fellesskapet med kollegaer.
Arbeidet utførast i hovudsak på dagtid, men nokon timar med ettermiddag/kveldsarbeid må påreknast.
Me treng nokon som evnar å jobbe målretta og som kan konkretisere og dokumentere arbeid og utvikling i saker. Barneverntenesta har ei omfattande dokumentasjonsplikt og ein må vera førebudd på kontinuerleg skrivearbeid som ein del av kvardagen. Ein del av dokumentasjonsarbeidet handlar om å analysere og vurdere dei opplysningar ein har, for å gjere barnevernfaglege vurderingar utifrå barnets beste.
Godt arbeidsmiljø er ein viktig føresetnad for å gjere ein god jobb, å gje god oppfølging til brukarane våre og å utvikle seg fagleg. Etne Vindafjord barnevernteneste mottok i 2024 arbeidsmiljøprisen for Vindafjord kommune og me jobbar målretta med å ha eit positivt og ivaretakande arbeidsmiljø.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Sakshandsaming knytt til barnevernlova og oppfølging av enkeltsaker.
- Oppfølging av saker inneber samtalar med barn, samtalar med foreldre, observasjonar av samspel, heimebesøk og tilsynsbesøk.
- Deltaking i og leiing av samarbeidsmøte med instansar.
- Skriftleg dokumentasjon av barneverntenesta sitt arbeid og våre vurderingar fortløpande.
- Førebuing til og vitnemål i rettsprosessar for nemnd og tingrett.
Kvalifikasjonar:
- Treårig høgskuleutdanning, fortrinnsvis bachelor i barnevern eller sosionom. Andre relevante utdanningar kan vurderast.
- God formidlingsevne i norsk, munnleg og skriftleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Førarkort klasse B.
- Det må framvisast politiattest for å jobba i barneverntenesta.
Personlege eigenskapar:
- Trygg og tillitsvekkande.
- Positiv og løysingsorientert.
- Evne til å jobba effektivt og strukturere eigen arbeidsdag.
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men også vera ein del av eit fagleg team.
- Evne til nytenking, kritisk refleksjon og opptatt av personleg fagleg utvikling.
- Evne til å motivere for endring og å sjølv vera endrings- og utviklingsfokusert.
- Evne til samarbeid med familiar, samarbeidspartnarar og kollegaer.
- Ei god kollega og ei støtte for dine medarbeidarar.
- Opptatt av eit positivt menneskesyn og brukarmedverknad.
Personlege eigenskapar vil bli særskilt vektlagt.
Me kan tilby:
- Eit kollegafellesskap som består av engasjerte og faglege sterke sosialarbeidarar som er opptekne av å gjere ein forskjell for familiane me jobbar med og for å skape ein god arbeidsplass.
- God opplæring over tid og tilbod om relevant fagleg påfyll og moglegheit for ulike former for kompetanseheving. Til dømes vidareutdanningar og ulike kurs og sertifiseringar.
- Tilhøyra i eit team der ein får drøfte faglege synspunkter og utfordringar, samt lære av kvarandre.
- Tett oppfølging frå kollegaer i kvardagen og jamleg individuell rettleiing, både i opplæringa og i arbeidskvardagen vidare.
- Ein fleksibel og variert arbeidskvardag, der ein får vera med å forma arbeidsdagane sjølv.
Som tilsett i Vindafjord kommune:
- Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.