Bø skule søkjer etter flinke og engasjerte tilkallingsvikarar som vil jobbe hos oss.
Om du er interessert i ein meiningsfull ekstrajobb, og har lyst til å bli
kjend med trivelege barn og unge, og kollegaer, send oss ein søknad i
dag.
Vi tek kontakt fortløpande med aktuelle søkarar etterkvart som behovet oppstår.
Arbeidsoppgåver
- Ha ansvar for ei klasse eller enkeltelevar
- Ha ansvar for elevar på SFO og i friminutt
- Ha ansvar for elevar som treng ekstra tilrettelegging
Kvalifikasjonar
Ønska kompetanse
- Lærarutdanning er ønskjeleg, men vi søker også lærarstudentar og barne- og ungdomsarbeidar/assistentar
- Erfaring med barn og ungdom er ønskjeleg
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
- God på relasjonsbygging
- Tydeleg på leiing i klasserommet
- Evner til å skape eit godt læringsmiljø
- Gode pedagogiske kunnskapar
- Fleksibel og med gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Ruth Olaug Tellnes, Rektor Bø skule, +47 99022024Arbeidsstad
Gamleveg 713802 Bø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5146778121
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2026
Om arbeidsgiveren:
Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.