Znajdź pracę
Wybierz ofertę pracy stworzoną dla Ciebie spośród tysiąca ogłoszeń z całej Europy. Wyniki wyszukiwania udostępnia EURES - Europejski Portal Mobilności Zawodowej.
Me søker etter miljøarbeidarar/miljøterapeutar til faste helgestillingar ved Hauatunet bufellesskap, på dag/kveld/natt. Me har ledige stillingar i ulike stillingsstørrelsar mellom 15% og 30%, arbeid 3. eller 6. kvar helg lang. Hauatunet er eit døgnbemanna bufellesskap for 8 personar med psykiske utfordingar.
Dersom ikkje kvalifiserte søknadar, kan det verte aktuelt med mellombels tilsettingar, for andre faggrupper.
Kva får du jobba med hos oss?
- Miljøarbeid
- Tilrettelegging og hjelp til daglege gjeremål
- Behandling, individuelle samtalar, rettleiing
- Samarbeid med andre tenester kommunalt/interkommunalt m.m.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Årsturnus.
- Kombinasjon av ordinære vakter og langvakter.
- 500 kr i stimuleringstillegg for langvakter laurdag/søndag.
- Helgeavtale - Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering.
- Frisk treningssenter i Ølen tilbyr bedriftsrabatt.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar.
- Sjukepleiar-/vernepleiarstudent evt. anna relvant helsefagutdanning.
- Det er ønskeleg med relevant erfaring frå psykisk helsearbeid og liknande bufellesskap.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
- Førarkort klasse B. Bruk av eigen bil kan førekomme.
Personlege eigenskapar:
- Reflektert, engasjert og løysingsorientert.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med bebuarane, deira pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar.
- Robust, trygg og open personlegheit.
- God arbeidskapasitet, er utholdande og tolmodig.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- I søknaden må du skrive om du ønskjer å arbeide på natt eller på dag/kveld.
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.Notevarp er ei avdeling under Bo og mestring i Midt Telemark kommune, lokalisert på Gvarv. Tenesta har 43 årsverk og 14 brukarar. Det er ein spanande og utfordrande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø. Vi kan tilby romsleg arbeidsmiljø, med gode kollegaer i alle aldrar, både kvinner og menn. Vi jobbar med brukar i fokus, har eit bredt fagmiljø med flere yrkesgrupper som jobbar i team.
Stillinga har jobb kvar 4 helg med langevakter på 12.5 timer alle dager.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid
- Følge dagsplaner
- Delta aktivt i teamet rundt bruker og ellers i miljøet
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeider
- Bestått test i norsk muntleg og skriftleg på minimum nivå B1
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4, Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som har mål og er resultatorientert
- Du som i tøffe og utfordrande situasjoner har evne til å behalde roen
- Vi samarbeider mye tverfagleg og derfor er gode samarbeidsevner Viktig
- Du må være besluttnings dyktig, arbeide selvstendig og ta ansvar
- Vere ein raus kollega som er ei støtte for andre
- Å kunne gje og ta imot konstruktive tilbakemeldingar
Personleg eigenskapar og egnahet vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Mona Beate Stokker, Avdelingsleiar, +47 48139236Arbeidsstad
Skrivarvegen 13810 Gvarv
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5128025384
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 22.06.2026
Søknadsfrist: 25.05.2026
Om arbeidsgiveren:
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.