Finn en jobb
Finn den rette jobben for deg blant tusenvis av muligheter i hele Europa. Treffene kommer fra det europeiske nettverket for arbeidsformidling (EURES).
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:
- Kirurgisk klinikk
- Nevroklinikken, Nevrokirurgisk avdeling, Nevrologisk akuttpost
- Hjarteklinikken, Post 1s2v
- Lungeavdelinga, Post 1
- Kirurgisk serviceklinikk, Postoperativ seksjon
- Bemanningssenteret
- ReHabiliteringsklinikken, Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering - Post 1, Post 2
- Hudavdelinga, Hud poliklinikk og dagpost
Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Arbeidsoppgåver
Kirurgisk klinikk søker sjukepleiarar med driv og interesse for kirurgiske fag.
Ønsker du ein arbeidskvardag med fagleg breidde, varierte pasientforløp og gode utviklingsmoglegheiter? Ved Kirurgisk klinikk søker vi no sjukepleiarar som vil bli ein del av eit stort og spennande kirurgisk fagmiljø.
Klinikken vår har fem sengepostar, fire poliklinikkar, elektivt mottak/dageining og ei intensiveining for brannskadar. Våre fagområde er gastrokirurgi, urologi, karkirurgi, plastikkirurgi og dessutan bryst- og endokrinkirurgi. Vi har no ledige stillingar ved gastrokirurgisk sengepost. Undervegs i prosessen kan det bli ledige stillingar ved andre einingar/avdelingar i klinikken og søknaden din kan også bli vurdert for desse.
Har du eit spesifikt ønske om kvar du vil jobbe – eller er du nysgjerrig på fleire fagfelt og seksjonar? Uansett håpar vi å høyre frå deg.
Kontaktperson: Stine Steen Nøttveit, tlf. 98877954.
Nevrokirugisk avdeling søker sjukepleiar som trivst med eit høgt arbeidstempo, med god fagleg sjukepleie til pasientar i alle aldrar. Vi greier ut og behandlar vaksne og barn som treng kirurgisk behandling for skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg. Avdelinga har og landsfunksjon for stråleknivbehandling og behandling av vestibularisschwannom. Nevrokirurgisk avdeling har 25 senger inkludert ei overvakingseining på 9 senger. Vi har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi satsar på fagutvikling og har mellom anna innarbeidd fagutviklingstimar i vår årsturnus. Vi legg stor vekt på kontinuitet i behandlinga av pasientane våre, og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Kontakt: Åse Humberset, tlf. 55975662.
Nevrologisk akuttpost greier ut og behandlar sjukdom i nervesystemet. Vi er ein døgnpost med 30 senger, inkludert overvaking av hjerneslag og epilepsi. Hos oss treff pasientane eit kvalifisert team med tverrfagleg tilnærming. Vi kan tilby deg spennande, utfordrande, interessante og lærerike arbeidsdagar. Les meir om oss her.
Kontakt: Laila Kvalvåg, tlf. 55975041.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Hjarteavdelinga post 1s2v er ein stor hjartemedisinsk sengepost med 42 senger og ca 100 tilsette. Posten handterer både pasientar som treng hjelp straks og elektive pasientar. Vi har både lokal- og regionalfunksjon. Hovudgrupper av pasientar vi behandlar er pasientar med hjarteinfarkt og UAP, hjartesvikt, hjarterytmeforstyrringar og andre hjartemedisinske tilstandar som t.d. myokardit og perikarditt.
Kontakt: Beate Solheim Hansen tlf 55972202.
Lunge post 1 – eit kraftsenter innan lungemedisin
Lunge post 1 er mellom dei største og mest avanserte lungemedisinske einingane i landet. Vi står i front innan pasientbehandling, utdanning og forsking, og er stolte av å vere ein leiande aktør på nasjonalt nivå. Her kombinerer vi sengepost med respiratorisk overvaking (ROE), og tilbyr høgspesialisert behandling til pasientar med komplekse behov.
Av våre 16 senger er inntil 8 dedikert til pasientar som trenger tettere respiratorisk oppfølging med respiratorisk støtte, som BiPAP eller respirator. Vi tar imot pasientar med alvorleg kols, respirasjonssvikt og lungebetennelse – og gir dei trygg, kompetent og omsorgsfull behandling i eit miljø prega av fagleg styrke og kontinuerleg utvikling.
Kontakt: Lillian Hopland, tlf. 55973552.
Postoperativ seksjon er ein dynamisk og spennande arbeidsplass der ein overvakar og behandlar ca 12 000 pasientar årleg. Vi overvakar barn og vaksne, hovudsakleg etter generell kirurgi. Vi tar og imot eit stort antall øyeblikkelig hjelp og traumepasientar. Vi legg til rette for gode opplæringsplanar med fagsjukepleiar og kontaktsjukepleiar ved oppstart. Vi har allsidige arbeidsoppgåver og og varierte pasientgrupper: Ortopediske, kirurgiske og hovud-hals-pasientar. Ønskeleg med 2 års relevant erfaring og gjerne erfaring frå postoperativ avdeling, spesialisthelsetenesta. Erfaring frå kirurgiske pasientar er ein fordel. Vi har 3-delt turnus og jobbar 16 helgar på 52 veker.
Kontakt: Mette Ravnøy, tlf. 55972436.
Bemanningssenteret
Vanskeleg å velje avdeling? Bemanningssenteret søkjer sjukepleiarar som ønskjer ein variert og spennande arbeidskvardag på tvers av fleire avdelingar. Vi har ledige 100 % faste stillingar med arbeid i snitt kvar 3. helg. Vi har årsturnus, og du får stor innverknad på eigen turnus. Her får du brei erfaring, fagleg utvikling og ein kvardag med stor variasjon. Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss får du fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging frå leiar og resten av teamet. Nokre av stillingane vil ha oppstart med sommervikariat ved ei av fødeavdelingane på KK. Dette gir ein unik moglegheit til å få erfaring frå eit spennande og fagleg sterkt miljø før vidare arbeid gjennom Bemanningssenteret.
For deg som trivst med nye utfordringar, samarbeid på tvers av fagmiljø og ønskjer ein variert arbeidskvardag, kan dette vere stillinga for deg.
Kontakt: Linda Greve Iversen, tlf. 55976900.
Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering.
Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf 55918484 eller Anja Margrethe Jordal, Tlf. 55918425.
Hudavdelingen består av poliklinikk, dagpost og hud- og revmatologisk sengepost, vi treng no sjukepleiar til poliklinikk, men kombinert stilling kan bli aktuelt. Hovudoppgåvene er å diagnostisere og behandle hudsjukdommar og seksuelt overførte infeksjonar. Dei vanlegaste hudsjukdommane er psoriasis, eksem, allergiske sjukdommar, blemmesjukdommar, hudkreft og kroniske sår. Arbeidsoppgåver er behandling, førebygging og opplæring. Poliklinikk inkluderar dagpost og poliklinikk for seksuelt overførte infeksjonar.
Kontakt: Trude Gildestad tlf. 55974037.
Du må:
- Du har eller får norsk autorisasjon innan sommaren 2026
- Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
- Erfaring frå helse- og omsorg er eit pluss, men ikkje eit krav
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
- For nokre avdelingar er det krav om tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr helsepersonelloven § 20a og politiregisterloven § 39 første ledd
Vi tilbyr:
- Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
- Gode utviklingsmoglegheiter – både fagleg og personleg
- Lønn etter gjeldande avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilgang til vårt idrettslag – HSI – med mange aktivitetar og eit sosialt fellesskap
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelingaArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5125256540
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026
Om arbeidsgiveren:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Psykiatrisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus søker dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar til faste nattstillingar.
Vil du vere med å gjere ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar? Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, der tryggleik, kvalitet og omsorg står i sentrum.
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!
Det er ledig følgande faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:
* Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S6 har ledig 80% faste stillingar, 2-delt turnus og kvar 3. helg
* Avdeling Alderspsykiatri har ledig 60% fast stilling og søker sjukepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg
* Psykiatrisk akuttmottak, PAM1/PAM2 har ledig 80-100% fast stilling og søker sjukepleiar eller vernepleiar, pt kvar 3. helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn om å søke
* Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS) har ledig 80% fast stilling, langvakter på 12,25 time, med arbeid kvar 4. helg. Det er krav om gyldig politiattest
* Avdeling spesialisert psykose, Seksjon S5 har ledig 80% fast stilling, 2-delt turnus og kvar 3. helg. Her kan også 100% stilling vurderast om ønskeleg
Oppgi gjerne i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
Avdeling Stemningslidingar har eit godt og kompetent arbeidsmiljø og avdelinga tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.
Seksjon S6 er ein lukka korttidsseksjon med 12 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet.
Kontakt: Jan Legreid, Tlf. 55958762/ 95045861
Avdeling Alderspsykiatri greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er nær samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, og psykiatrisk sjukdom og biologiske, psykologiske eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, psykose, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand.
Seksjonen har ei døgneining med 12 sengeplassar. Seksjonen har i tillegg polikliniske og ambulante tenester. Seksjonen er no lokalisert i Glasblokkene på Haukeland universitetssjukehus.
Kontakt: Seksjonsleiar Cathrine Stue Børhaug, Tlf. 55974535/ 45246187
Psykiatrisk akuttmottak (PAM) har flytta inn i nye, flotte lokale på Sandviken sjukehus - bli med inn og sjå
Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie. Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot pasientar som frivillig ønsker behandling og pasientar som er underlagd tvungent psykisk helsevern.
På sengepostane (PAM1/PAM2) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Postane er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst. Vi er ein spennande, hektisk og utfordrande arbeidsplass, der du får nytte din faglege og personlege kompetanse. Vi kan tilby deg ein spennande jobb i eit positivt, aktivt og målretta fagmiljø. Vi søker ein ansvarsbevisst sjukepleiar
Kontakt PAM1: Pål Audun Hegland, Tlf. 55958510 eller Gunn Andersen, Tlf. 55958712
Kontakt PAM2: Anja Marie Engh, Tlf. 55956412 eller Vemund Lægreid Grønstøl, Tlf. 55956412
Kvalifikasjonar (overskrift)
Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS) er organisert under Avdeling for spesialisert psykosebehandling (ASP) i Psykiatrisk klinikk, og er ein lukka seksjon som tilbyr (re)habilitering og behandling til personar med psykoselidingar i kombinasjon med kompliserande tilstandar, utviklingshemming eller utviklingsforstyrring. Seksjonen er ein del av det som i framtida skal inngå i Nye Sandviken – eit område under utvikling med mål om å tilby heilskaplege og langsiktige behandlingstilbod til pasientar med samansette behov.
Arbeidet i seksjonen er tverrfagleg, og teamet består mellom anna av psykiater, psykolog, sosionom, sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar. Hovudfokuset er å byggje relasjonar som støttar ei trygg overgang til bustad, i samarbeid med innsøkjande instansar og kommunale tenester. Miljøterapien omfattar systematisk kartlegging og utvikling av ADL-ferdigheiter (aktivitetar i dagleglivet), stimulering av interesser og bruk av sanserom for kjensleregulering. Som ein del av behandlingstilbodet tilbyr vi også musikkterapi og fysioterapi, og har treningsfasilitetar som gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk. Dette gir eit heilskapleg rehabiliteringstilbod, der både psykisk og fysisk helse står sentralt i behandlinga. Stilling inneber gyldig politiattest iht Helsepersonelloven § 20a.
Kontakt: Silje Madeleine Mihle Hop, Tlf 55958630 eller Lena Thomsen Bruåsdal, Tlf. 55958878
Avdeling spesialisert psykose, Seksjon S5 er ein lukka akuttpost med 12 behandlingsplassar, der 2 av sengene er intensivsenger. Vi er lokalisert i Psykiatrisk klinikk, Sandviken. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar og vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna, eigna behandlingstilbod. Gjennomsnittleg liggetid er 4 veker. Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg særleg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling.
S5 er ein spennande og lærerik arbeidsplass, der dei tilsette ser og oppmuntrar kvarandre. Vi er kjend for vår høge, faglege kompetanse innan psykosebehandling og for vårt gode og inkluderande arbeidsmiljø. Her lærer du mykje om psykose, men også om deg sjølv. Dei fleste av våre tilsette har vidareutdanning innan rus og psykiatri og personalgruppa er godt samansett av både kvinner og menn i forskjellig alder, bakgrunn og kultur. Dette gjer at vi har eit veldig godt arbeidsmiljø, der tilsette blir verande lenge.
Kontakt: Liv Mala, Tlf. 55958706
Arbeidsoppgåver
- Ansvarsvakt
- Administrering av medisinar
Miljøterapeutisk arbeid:
- Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte og struktur for kvar enkelt pasient
- Observere og dokumentere
- Praktiske oppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Erfaring frå psykiatri er ønskeleg
- Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
Vi ønsker medarbeidarar som:
- har respekt for den enkelte pasienten
- er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
- har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible
- har gode kommunikasjonsevner
- har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar
- er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
- er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
- trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø
- ønsker og evner å motta rettleiing
Vi tilbyr
- Utfordringar og læresituasjonar
- Fadderordning
- Kursing i MAP - Møte med aggresjonsproblematikk
- Inkluderande arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling/tverrfagleg internundervisning
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.noArbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5105765309
Stillingsprosent: 80, 60%
Fast
Søknadsfrist: 10.05.2026
Om arbeidsgiveren:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.