Preseljenje u EU
Pronađite pravi posao za sebe među hiljadama mogućnosti dostupnih širom Evrope. Rezultate pretrage obezbjeđuje EURES - Evropski portal za radnu mobilnost.
Psykiatrisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus søker dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar til faste nattstillingar.
Vil du vere med å gjere ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar? Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, der tryggleik, kvalitet og omsorg står i sentrum.
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!
Det er ledig 80% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:
* Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S1 søker sjukepleiar eller vernepleiar, kvar 3. helg
* Avdeling akutt psykose, Seksjon S3 søker sjukepleiar eller vernepleiar, kvar 3. helg
* Psykiatrisk akuttmottak, PAM2 søker sjukepleiar eller vernepleiar, kvar 3. helg
Oppgi gjerne i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
Avdeling for Stemningslidingar tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar, blandingstilstandar og uavklarte tilstandar. Vi har to døgnseksjonar med totalt 23 døgnplassar.
Seksjon S1 er ein av dei to lukka døgnseksjonane med 8 ordinære døgnplassar og 3 psykiatriske instensivplassar. Den tverrfaglege behandlingen vi tilbyr blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. Vi tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Vi har om lag 70 fast tilsette, og behandlarteamet er sett saman av psykiatriske sjukepleiarar og vernepleiarar, helsefagarbeidarar, sosionom, psykiater, psykologspesialist, og lege i spesialisering (LIS1 og LIS3). S1 har eit godt og fagleg arbeidsmiljø, og søker deg som ønsker å bidra og ta del i å oppretthalde dette.
Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit aktivt miljø med varierande utfordringar.
Kontakt: Marte Bjørgve, Tlf. 55958712
Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og intensiv eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Seksjon S3 si oppgåve er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.
Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø og søker etter ein ny kollega som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: Sigurd Ulfeng Jakobsen, Tlf. 55958722
Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie. Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot pasientar som frivillig ønsker behandling og pasientar som er underlagd tvungent psykisk helsevern.
Vi har i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsettinga er å gi raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne eit grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. PAM2 er ein lukka post med 9 sengeplassar og skjerma eining. Tverrfagleg team består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.
Vi er ein spennande, hektisk og utfordrande arbeidsplass, der du får nytte din faglege og personlege kompetanse. Vi kan tilby deg ein spennande jobb i eit positivt, aktivt og målretta fagmiljø. Vi søker ein ansvarsbevisst sjukepleiar eller vernepleiar som trivst i eit aktivt miljø og bidrar til eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Kontakt: Anja Marie Engh, Tlf. 55956412
Kvalifikasjonar (overskrift)
Arbeidsoppgåver
- Ansvarsvakt
- Administrering av medisinar
Miljøterapeutisk arbeid:
- Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte og struktur for kvar enkelt pasient
- Observere og dokumentere
- Praktiske oppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Erfaring frå psykiatri er ønskeleg
- Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
Vi ønsker medarbeidarar som:
- har respekt for den enkelte pasienten
- er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
- har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible
- har gode kommunikasjonsevner
- har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar
- er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
- er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
- trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø
- ønsker og evner å motta rettleiing
Vi tilbyr
- Utfordringar og læresituasjonar
- Fadderordning
- Kursing i MAP - Møte med aggresjonsproblematikk
- Inkluderande arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling/tverrfagleg internundervisning
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson , oppgitt for dei enkelte stillinganeKarina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5040631765
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.12.2025
Om arbeidsgiveren:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFørsteamanuensis
Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %) i fotografi. Stillinga er ledig med oppstart etter avtale våren 2026.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Vi søkjer ein førsteamanuensis til undervisning og kunstnarleg utviklingsarbeid, med vekt på fotografi. Aktuelle søkjarar må ha djup kunnskap og ein kunstnarleg praksis innan fotografiske metodar og teknikkar, samt innsikt i samtidsfotografisk teori. Dei må òg ha innsikt i den kritiske konteksten for fotografiets rolle frå arkiv til sosiale medium. Det er ønskjeleg at søkjaren har god kunnskap og forståing for det skandinaviske samtidsfotografiske feltet, samt interesse og innsikt i det breiare fotografiske feltet. Instituttet har både analoge og digitale verkstader, og vår nye førsteamanuensis må kunne rettleie og undervise på tvers av alle tekniske prosessar.
Førsteamanuensis skal i tett samarbeid med kollegaer utvikle emne for BA- og MA-programma i samtidskunst. Undervisningsformene omfattar individuell rettleiing, grupperettleiing og utvikling/leiing av emne. Stillinga inkluderer 46 % tid til kunstnarleg utviklingsarbeid, og aktuelle søkjarar må delta i og bidra til utviklinga av den kunstnarlege forskingsaktiviteten ved Kunstakademiet. Førsteamanuensis er forventa å ha relevante faglege nettverk både lokalt og internasjonalt.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning, rettleiing og eksamensarbeid.
- Ansvar for undervisningsopplegg i samsvar med studieplanar.
- Undervisning innan fotografi, inkludert digitale prosessar, analoge teknikkar og mørkeromsarbeid.
- Kunstnarleg utviklingsarbeid, inkludert prosjektutvikling/-leiing, ekstern finansiering og aktiv deltaking i forskingsgrupper.
- Hovudrettleiar for BA-, MA- og Ph.d.-studentar.
- Rekruttering av BA-, MA- og Ph.d.-studentar, inkludert opptaksarbeid.
- Formidling av kunstnarleg utviklingsarbeid.
- Organisering og tilrettelegging av undervisnings- og forskingsbaserte oppgåver.
- Administrative og andre styringsoppgåver, inkludert komitéarbeid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Stillinga som førsteamanuensis krev doktorgrad i kunstnarleg utviklingsarbeid innan relevant fagområde, eller tilsvarande kompetanse dokumentert gjennom kunstnarleg arbeid av tilsvarande omfang og kvalitet, kombinert med høgare grad eller tilsvarande innan fotografi.
Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd universitetspedagogisk basiskompetanse, som skal dokumenterast på grunnlag av eigen undervisning/rettleiing og gjennomført universitetspedagogisk utdanning (200 timar eller tilsvarande). Det krevjast:
- Grunnleggande ferdigheiter i planlegging, gjennomføring, vurdering og utvikling av undervisning og rettleiing.
- Evne til å reflektere over eiga rolle som undervisar og å kunne grunngje val i undervisning og rettleiing.
Kompetansen dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe med oversikt over og dokumentasjon på søkarens praktiske erfaring og gjennomførte kurs, samt eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og ein vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.
Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.
Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for instituttets stab og studentar.
I tillegg vil det bli lagt vekt på:
- Ein utvikla praksis innan fotografi med tilhøyrande tekniske ferdigheiter og kunnskap.
- Undervisningserfaring på universitetsnivå.
- Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.
- Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
- Organisatoriske ferdigheiter og erfaring.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, vere ansvarleg, fleksibel og imøtekomande.
- Motivasjon for å utvikle relevante faglege nettverk både lokalt og internasjonalt.
Undervisningsspråket er primært norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjing. UiB tilbyr norskkurs og vil leggje til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Arbeidsstaden er på campus i Bergen, og det vert forventa fullt nærvær.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) med årsløn kr 757 600 – 798 000 i 100 % stilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev der søkaren gjer greie for si motivasjon for å søkje stillinga, og korleis eigne kvalifikasjonar og erfaringar er relevante for dei oppgåvene og krava som ligg til stillinga.
- CV.
- Vitnemål og attestar.
- Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd.
- Dokumentasjon av undervisningserfaring og pedagogiske kvalifikasjonar (pedagogisk mappe) (skjema til nedlasting/utfylling).
NB. Søknader vil bli vurderte basert på informasjonen som er tilgjengeleg i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Dersom originale dokument ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må stadfesta omsetjingar bli lagt ved på eitt av desse språka.
Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.
Generell informasjon:
For meir informasjon, kontakt instituttleiar Katrine Hjelde, telefon +47 455 19 545, e-post: Katrine.Hjelde@uib.no
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen, kontakt HR ved KMD, e-post: hrkmd@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om arbeidsgiveren:
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Vi søkjer ein arbeidsleiar med ansvar for å sikre effektive elektroleveransar i våre prosjekt. Stillinga krev fagleg interesse for elektrofaget og evne til å handtere varierte oppgåver med høg grad av ansvar.
Suksesskriterier for å lukkast i stillinga er å ha gode samarbeidsevner, vere ein dyktig kommunikator og ein god rollemodell.
Kandidatar blir vurdert fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Leie operatørteam inn mot planlagd framdrift og måloppnåing for tildelte prosjekt
- Planlegge og koordinere aktivitet og ressursbruk saman med prosjektleiing
- Bidra til kvalitetssikring av teknisk dokumentasjon og produksjonsgrunnlag
- Rapportere status og framdrift til prosjektleiing
- Sikre kvalitet, HMS og etterleving av gjeldande regelverk
- Personalansvar
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som elektrikar/elektromontør Gr.L
- Teknisk og tverrfagleg forståing av skipsbygging
- Erfaring som elektrikar innan skipbygging
- Gode IT kunnskapar; erfaring med prosjekteringsverktøy og AI
- Gode norsk- og engelskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Suksesskriterier for å lukkast i stillinga er å vere
- Strukturert og løysingsorientert, slik at du har god kontroll over tidsfristar og leveransar
- Kunnskapsorientert, deler villig av dine erfaringar og fokusera på både di og andre si utvikling
- Reflektert og proaktiv, slik at du arbeider godt mot målsetnadane
- Fokusert på god kommunikasjon og samarbeid og dermed lukkast i møte med tverrfaglege team
- Sjølvstendig og har høge krav til eige arbeid og derfor levera god fagleg kvalitet
Vi tilbyr
- Godt fagleg miljø
- Fleksitidsavtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
Kontaktinformasjon
Bjarte E. Kopperstad, Team Leader, 977 22 751, bjarte.kopperstad@ulstein.comStig Roppen, General Manager, 950 08 317, stig.roppen@ulstein.com
Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Elektro Installasjon ASReferansenr.: 5047293152
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026
Om arbeidsgiveren:
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft, ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester.
Vi søkjer ein assisterande prosjektleiar med ansvar for å sikre effektiv samhandling mellom prosjekt og produksjon. Stillinga krev fagleg interesse for elektrofaget og evne til å handtere varierte oppgåver med høg grad av ansvar.
Suksesskriterier for å lukkast i stillinga er å ha gode samarbeidsevner, vere ein dyktig kommunikator og ein god rollemodell.
Kandidatar blir vurdert fortløpande.
Oppgåver du vil jobbe med
- Leie og koordinere maritime elektroinstallasjonsprosjekt mot resultatmål
- Kommersielt og økonomisk oppfølgingsansvar for budsjett vs kalkyler
- Oppfølgingsansvar mot leverandørar og underleverandørar
- Bidra til kvalitetssikring av teknisk dokumentasjon og produksjonsunderlag
- Rapportere status og framdrift til både prosjektleiing og leiing
- Sikre kvalitet, HMS og etterleving av gjeldande regelverk
Kunnskap og erfaring vi ser etter
- Fagbrev som elektrikar/elektromontør Gr. L
- Teknisk utdanning innan elektro, t.d. fagskule eller bachelor
- Praktisk og tverrfagleg forståing av skipsbygging
- Gode IT kunnskapar; erfaring med prosjekteringsverktøy og AI
- Gode norsk- og engelskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Suksesskriterier for å lukkast i stillinga er å vere
- Strukturert og løysingsorientert, slik at du har god kontroll over tidsfristar og leveransar
- Kunnskapsorientert, deler villig av dine erfaringar og fokusera på utvikling
- Reflektert og proaktiv, slik at du arbeider godt mot målsetnadane
- Fokusert på god kommunikasjon og samarbeid og dermed lukkast i møte med tverrfaglege team
- Sjølvstendig og har høge krav til eige arbeid og derfor levera god fagleg kvalitet
Vi tilbyr
- Godt fagleg miljø
- Fleksitidsavtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
Kontaktinformasjon
Per Jarle Ytrebø, Project Manager, 957 67 027, per.jarle.ytrebo@ulstein.comStig Roppen, General Manager, 950 08 317, stig.roppen@ulstein.com
Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Elektro Installasjon ASReferansenr.: 5047274462
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026
Om arbeidsgiveren:
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft, ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester.