Preseljenje u EU
Pronađite pravi posao za sebe među hiljadama mogućnosti dostupnih širom Evrope. Rezultate pretrage obezbjeđuje EURES - Evropski portal za radnu mobilnost.
Arbeidsoppgåver
- HR-støtte til kommunen sine leiarar
- Utarbeiding/vedlikehald av kommunen sine personalreglement
- Utlysing av stillingar / systemansvarleg for kommunen sitt rekrutteringsystem
- Sekretærfunksjon for kommunen sitt arbeidsmiljøutval/adminstrasjonsutval
- Løn- og refusjonsoppgåver
- Ansvar for kommunen sitt avvikssystem
- Saksbehandling kring frikjøp tillitsvalte
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan HR, personaladministrasjon, økonomi eller tilsvarande. Lang erfaring innan relevante arbeidsområde kan oppvege for manglande
formalkompetanse.
- Erfaring med HR-prosessar og lønsarbeid (gjerne frå offentleg sektor).
Personlege eigenskapar
- Kan arbeide sjølvstendig og systematisk
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Er initiativrik, løysingsorientert og trivast med å styre eigen kvardag
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kan prioritere mellom arbeidsoppgåver i ein travel kvardag
- Har gode digitale kunnskaper
Vi tilbyr
- Ei spennande stillling med varierte arbeidsoppgåver
- Opplæring/innføring i arbeidsoppgåvene
- God pensjonsordning
- 10 års inngangsansiennitet og eige ansiennitetssteg på 22 år
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
Kontaktinformasjon
Jarle Bruun Olsen, Kommunalsjef økonomi, 35048403, jarle.olsen@nissedal.kommune.noArbeidsstad
Treungvegen 3983855 TREUNGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 5042427675
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.01.2026
Om arbeidsgiveren:
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Arbeidsoppgåver
- vikarhandtering
- sakshandsaming for rektor
- kontakt med elevar og føresette
- innkjøp
- praktiske oppgåver
- handsaming/rapportering av timar/lønnsutbetaling, budsjett, fakturering
Kvalifikasjonar
- god kompetanse i bruk av IT-verktøy. Vi nyttar verktøy som ACOS Websak, Visma Enterprise, Framsikt, Tieto RS og IST
- god norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne
Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse. Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Personlege eigenskapar
- nøyaktig og strukturert
- har god samarbeids-, og kommunikasjonsevne, og er serviceinnstilt
- har erfaring med personaladministrative oppgåver og sakshandsamarerfaring, samt erfaring innan lov og avtaleverk for skulen
- har erfaring med budsjettarbeid
- tek ansvar for fellesoppgåver og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- set deg raskt inn i nye dataløysingar
Vi tilbyr
- gode løns-og pensjonsvilkår
- tilgang til god kompetanseutvikling
- eit spanande og dynamisk kollegium!
Kontaktinformasjon
Jan Solheim, Konstituert rektor ved Florø Ungdomsskule, +47 91586981Arbeidsstad
Havrenesvegen 46905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5053388357
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.01.2026
Om arbeidsgiveren:
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Vi har eit godt arbeidsmiljø, flott uteområde og nærleik til flotte naturområde med både fjell, vatn og turstiar.
Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har nettbrett som digitalt verktøy.
Arbeidsoppgåver
- Sette leik og aktivitet i fokus.
- Legge til rette for at barna skal få positive opplevingar kvar dag.
- Vere tydelege og tilgjengelege vaksne, som har tid til å lytte og snakke med barna.
- Lære barna å vise omsyn til kvarandre.
- Ha god dialog med føresette.
- Vere kreative saman med barna.
- Vere tydelige og ansvarlige rollemodellar.
Kvalifikasjonar
Vi søker primært etter deg som har fagbrev, men også søkarar utan formell utdanning, men med erfaring frå tilsvarande arbeid er velkomne til å søke.Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss ein kollega som:
- viser engasjement og godt humør.
- likar å samarbeide, dele og reflektere saman med kollegaane sine.
- er oppteken av eit trygt og godt skulemiljø.
- er positiv og ønskjer å bidra sosialt både inn mot elevar og tilsette.
Vi tilbyr
- Ei stor, aktiv og flott barnegruppe.
- Positive, engasjerte og inkluderende personalgruppe.
- Lønn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Ole Martin Tonheim, RektorHarald Weibust, Undervisningsinspektør
Arbeidsstad
Bratthaugmyra 396030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 5050175298
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 05.01.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 19.12.2025
Om arbeidsgiveren:
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9800 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.
Meir informasjon om Sula kommune her
Me søkjer trygg, omsorgsfull og utviklingsorientert fagsjukepleiar med ei viktig rolle i omsorgstenesta vår. Me har ledig 100% vikariat i perioden frå 12.01.2026 til 15.11.2026.
Er du den me treng i vårt team?
Korleis vil arbeidsdagen din sjå ut som fagsjukepleiar?
Som fagsjukepleiar vil du ha hovudansvar for oppfølging av pasient og pårørande på Årdal sjukeheim. Du vil vidare ha ansvar for at alle pasientar har primær og sekundærkontakt, samt fagleg utvikling av tenesta. Du vil ha sjukepleiefagleg oppfølging og kvalitetssikring av tenesta i samarbeid med avdelingssjukepleiar. Du vil også vere koordinator mot andre avdelingar i pleie og omsorg. Du vil også få ansvar for å bidra med undervising og fagleg rettleiing av helsepersonell i pleie og omsorg, årshjul, fagdagar, kompetanseheving og samarbeid med ressursgrupper.
Kan arbeid som fagsjukepleiar passe for deg?
For å vere fagsjukepleiar er det krav om godkjend sjukepleieutdanning med norsk autorisasjon. Personlege eigenskapar vil bli viktige for oss. Du må like å ha ansvar og vere fagleg interessert i eldreomsorg. Me ynskjer ein engasjert fagsjukepleiar som er løysingsfokusert, og som kan trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø med varierte utfordringar. Me jobbar etter eit prinsipp basert på fagleg kompetanse og tillit til at den vert nytta på best måte. Alle tilsette må bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Kva kan me tilby deg?
Me kan tilby ein meiningsfull jobb med trygge og forutsigbare rammer. I Årdal kommune har me gode pensjons- og forsikringsordningar, samt bedriftshytte på Skeikampen. Du vil bli løna utifrå utdanning og praksis jamfør hovudtariffavtalen.
I den aktuelle perioden for vikariatet vil det vere dagtid midt i veka, og 7 arbeidshelger. i Forbindelse med arbeidshelger vil det vere ein fridag i forkant av arbeidshelg og ein fridag i veka etter arbeidshelg.
Ring oss gjerne for ein uforplikta prat.
Sidan me har behov for snarleg tilsetjing kan me komma til å kalle inn aktuelle kandidatar fortløpande.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune. I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule. På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram. Velkomen til oss i Årdal !Gulen kommune søker rådgjevar med ansvar for internkontroll og digitalisering
Gulen kommune søker ein framtidsretta og utviklingsorientert rådgjevar med ansvar for internkontroll, digitalisering og sikkerheit.
Dette er ei 100% fast stilling, med oppstart snarast/etter avtale. Stillinga rapporterer til leiar for innbyggarservice.
Kommunen satsar sterkt på digitalisering, effektivisering og god styring. I samarbeid med IKT Nordhordland jobbar vi målretta med innovasjon, sikkerheit og kontinuerleg forbetring av tenestene våre.
Me tilbyr
- Ei spanande og utviklande rolle i ein kommune med store ambisjonar for framtida
- Varierte arbeidsoppgåver og høve til å påverke utviklinga av organisasjonen
- Eit godt arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Ansvarsområde/arbeidsoppgåver
- Hovudansvar for kvalitet og internkontroll, inkludert rutinar, system og forankring i organisasjonen
- Sikkerheitskoordinator (SK) – Ansvar for GDPR og personvernarbeidet
- Rådgjeving og sakshandsaming innan relevante område, som ROS-arbeid, beredskap, innkjøp og digitalisering
- Bidra til utvikling og implementering av digitale verktøy og prosessar i heile organisasjonen.
- Samarbeid med IKT Nordhordland, KS og andre eksterne partnarar
- Andre relevante oppgåver etter kvalifikasjonar og behov
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet (minimum fagbrevnivå kan vurderast ved særleg relevant erfaring)
- Erfaring frå prosjektleiing, implementering eller arbeid med kvalitetssystem
- Erfaring frå offentleg sektor er ein fordel
- God kompetanse innan personvern, informasjonstryggleik og bruk av digitale verktøy
- Gode norskkunnskapar – både skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Strukturert, sjølvstendig og analytisk
- Utviklingsorientert, med interesse for forenkling og forbetring
- God gjennomføringsevne og samarbeidsevne
- Evne til å involvere, motivere og bygge tillit på alle nivå
- Initiativrik, løysingsorientert og handlekraftig
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkarjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Om arbeidsgiveren:
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg
ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har no ei ledig stilling som 1.maskinist (M3-sertifikat) i sambandet Drag - Kjøpsvik, p.t. MF Fannefjord.
Kvifor velje oss?
- Variert og spanande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spanande arbeidsoppgaver.
- Fleksibel turnus: Sjøvakt - 3 veker på, og 3 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Reise: reisekostnader til/frå jobb blir dekka.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi.
Nyutdanna oppfordres til å søke!
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Ihht aktuell stillingsinstruks
Kvalifikasjonar
- 1.maskinist: M3 -sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
- Vi søker en engasjert og dyktig 1. maskinist som kan ta ansvar for vedlikehold og drift av maskineriet om bord. Du må være strukturert, løsningsorientert og ha fokus på sikkerhet og effektivitet i arbeidet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar.
- Skiftordning: 3 veker på, og 3 veker av.
Kontaktinformasjon
Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, sigrunn.hellebust@fjord1.noArbeidsstad
8590 Kjøpsvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5022808720
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.12.2025
Om arbeidsgiveren:
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.