Vil du vere med å gjere ein forskjell?
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som controller med tilleggsoppgåver innan drift ved Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde. Vår noverande controller skal pensjonere seg, og vi ser etter ein erstattar som kan vere med å vidareutvikle økonomi- og verksemdsstyringa i verksemda.
Om lag halvparten av av stillinga vil vere knytt til controlleroppgåver som økonomi- og verksemdsstyring, analyse, rapportering og styringsinformasjon. Resterande del av stillinga vil omfatte drifts-, stabs- og utviklingsoppgåver, mellom anna innan eigedomsforvaltning, organisasjonsutvikling (HR), internkontroll og andre område etter verksemda sine behov.
Du vil inngå og bidra i nasjonale fagnettverk saman med andre hjelpemiddelsentralar, noko som gir gode moglegheiter for fagleg utvikling, samarbeid og erfaringsutveksling.
Har du høgare utdanning og erfaring innan økonomi, og interesse for statistikk, analyse og styringsinformasjon? Er du oppteken av kvalitet, struktur og kontinuerleg forbetring? Då kan dette vere stillinga for deg.
Om Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde er lokalisert i Førde og er organisert i to avdelingar med 36 tilsette. Hjelpemiddelsentralen har eit overordna og koordinerande ansvar for formidling og forvaltning av tekniske hjelpemiddel i Sogn og Fjordane.
Vi hjelper kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgiving, rettleiing, kurs og opplæring. Som ressurs- og kompetansesenter arbeider vi tverrfagleg og har spesialkompetanse innan tilrettelegging på arenaer som heim, skule, arbeid og fritid. Vi har tilsette med ulik fagleg bakgrunn, eige lager, teknisk verkstad, gjenbrukstenester og ambulerande tekniske tenester som bidreg til at menneske med funksjonsnedsetjingar kan leve aktive og sjølvstendige liv.
Om Nav hjelpemiddel og tilrettelegging
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde er organisert under Nav hjelpemidler og tilrettelegging, som består av om lag 1 400 tilsette fordelt på 14 hjelpemiddelsentralar over heile landet.
Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsetjingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremje funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking. Gjennom tett tverrfagleg samarbeid bistår vi brukarar, kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar med rådgiving, opplæring og tilrettelegging som gjer kvardagen enklare for mange menneske.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til økonomistyring, budsjettoppfølging, analysearbeid og utarbeiding av styringsinformasjon
- Utarbeide rapportar og grunnlag for leiaravgjerd
- Følgje opp eigedomsrelaterte oppgåver og koordinere driftsaktivitetar
- Drive utviklings- og forbetringsarbeid for å sikre gode arbeidsprosessar og effektiv ressursutnytting
- Vere ein fagleg ressurs og rådgjevar for leiargruppa innan økonomi, HR, drift og verksemdsutvikling
- Utføre administrative og driftsrelaterte oppgåver etter behov
Nav hjelpemiddel og tilrettelegging er i utvikling, og vi arbeider aktivt for å styrkje samarbeid og ressursutnytting på tvers av hjelpemiddelsentralane. Dette kan føre til at arbeidsoppgåver og ansvarsområde blir justerte i tråd med framtidige behov.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- Bachelorgrad innan økonomi, administrasjon, rekneskap, revisjon eller tilsvarande relevant fagområde.
- God kompetanse på Excel og andre digitale verktøy.
- Godt norsk, både munnleg og skriftleg.
Det er ønskjeleg at du har:
- Minst 2-3 års erfaring frå relevante arbeidsoppgåver innan økonomi- og verksemdsstyring, analyse, rapportering, internkontroll eller anna utviklings- og stabsarbeid
- erfaring frå offentleg verksemd
Personlige eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er strukturert og analytisk
- har ein proaktiv arbeidsstil og evne til raskt å setje deg inn i nye arbeidsoppgåver
- er løysingsorientert
- arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigne oppgåver
- har god verksemdsforståing og evne til å sjå heilskap og samanhengar
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til å byggje tillit og gode relasjonar
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
Om du blir tilsett hos oss, får du:
- Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver knytt til eit viktig samfunnsoppdrag
- Engasjerte og dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- Fleksitidsordning
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Moglegheit for ein fleksibel arbeidskvardag med hybride løysingar
- Tilsetting som rådgjevar (stillingskode 1434) eller seniorrådgjevar (stillingskode 1364), avhengig av kvalifikasjonar og erfaring
- Løn frå kr 639000 til kr 694 000 per år
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Bente Solheim, Controller , 40702814Frode Hovland, Avdelingsdirektør, 48108828
Arbeidssted
Steinavegen 126800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5163505905
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2026
Om arbeidsgiveren:
Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling