Om stillinga
Vi har ledig ei fast stilling som etterforskar på avsnitt for etterforsking av grov vald og seksuelle overgrep i Kristiansund, ved felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE).
Stilling som etterforskar på FEFE skal sikre stabilitet og kvalitet i etterforskningsarbeidet, og bidra til at politidistriktet handterer sakene med høg kvalitet og effektivitet. Arbeidsoppgåvene er givande og krevjande som følgje av at ein ofte jobbar med menneske i krise. Du blir eksponert for sterke inntrykk gjennom handtering av ulike typer overgrepsmateriale. Vi har derfor eit særleg fokus på HMS og vektlegg å ha eit godt arbeidsmiljø.
Avsnittet har eit nært samarbeid med Statens Barnehus i Ålesund. Vi arbeider også tett med avsnitt for kriminalteknikk og avsnitt for digitalt politiarbeid. Avsnittet har eit sterkt fagmiljø med ei fin blanding av erfarne medarbeidarar og unge etterforskarar med stor interesse for fagfeltet. Læring og utvikling står sterkt i miljøet og det er eit mål at dette skal vidareførast og prege avsnittet. Ønskjer du å bli ein del av avsnittet vårt, vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- etterforsking av straffesaker som høyrer inn under FEFE/seksjon for etterforsking/avsnitt for grov vald og seksuelle overgrep og ved behov bistå dei geografiske driftseiningane
- sørgje for effektivitet og høg kvalitet i etterforskingsarbeidet
- utarbeide etterforskingsplanar i politiet sitt prosjektstyringsverktøy, herunder identifisere aktuelle hypoteser i den enkelte sak
- gjennomføre avhøyr og andre etterforskingsskritt i tråd med hypoteser og bevistema
- bistå til at dei faglege oppgåvene som er lagt til avsnittet blir utført i samsvar med gjeldande lovar, reglar og instruksar
- vere pådrivar og støttespelar for utvikling av eit godt medarbeiderskap
- delta i operative aksjonar i regi av eige avsnitt eller som bistand til andre avsnitt/einingar
- kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- fullført og bestått Politi(høg)skule ved tiltreding. Vitnemål må leggast ved, evt. ettersendast. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema
- god skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne
- plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med
- erfaring frå etterforsking utover PHS
- vidareutdanning innen etterforsking, særleg innan fagfeltet grov vold og seksuelle overgrep
- erfaring frå etterforsking av seksuallovbrot og alvorlege valdssaker
- erfaring og kompetanse på gjennomgang av digitale beslag
- kurs i datasystem brukt til gjennomgang av digitalt beslag
- anna relevant utdanning/erfaring
Personlege eigenskapar
- gode samarbeidsevner og er opptatt av å skape resultat i samhandling med andre
- strukturert og systematisk i arbeidet ditt
- høg arbeidskapasitet/gjennomføringsevne
- gode kommunikasjonsevner og flink på relasjonsbygging
- fleksibel og løysingsorientert
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ei lærerik og meiningsfull stilling i Møre og Romsdal politidistrikt
- fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
- politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 - 610 000 kr
- politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 - 635 000 kr
- politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 - 690 000 kr. For særskilt kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn bli vurdert. Stillingskode som politiførstebetjent eller politioverbetjent kan også bli vurdert, jmf. lokale retningslinjer for Etterforskningsløftet, politiførstebetjent brutto årslønn frå kr. 650 00 til kr 720 000, politioverbetjent brutto årslønn frå 680 000 kr. til kr 760 000.
- godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell tunusteneste
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar Les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- mogelegheit for trening i arbeidstida
- tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Om arbeidsgiveren:
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 270 000 menneske.
Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.