Vi søkjer:
GUIDE/RIB-BÅTFØRAR I GEIRANGER, ÅLESUND OG NORDFJORDEID, SESONG 2026.
Som ei følgje av auka satsing på Geiranger, Nordfjordeid og Ålesund søkjer vi etter fleire kvalifiserte guidar/båtførar til å utføre våre daglege turar..
Vi har behov for folk både i fulle sesongstillingar og på deltid. Stillinga kan til dømes passe perfekt for deg som allereie jobbar turnus og ønskjer nokre ekstra jobbdagar i friperiodane.
Arbeidsoppgåver:
-
Guide og køyre RIB-turar.
-
Formidle naturen, kulturen og historia til området
-
Høgt fokus på service og opplevingar til kunde
-
Forfallande arbeid som vask og vedlikehald av båtar, lokale og anna utstyr
Kvalifikasjonar:
-
Flytande norsk språk munnleg og skriftleg, god engelsk munnleg
-
Fritidsskippar sertifikat D5L,
-
STCW Grunnleggande sikkerheitskurs
-
STCW Krise og passasjerhandteringskurs
-
VHF-kurs
-
Personlege eigenskapar vert vektlagde og kvinner vert særleg oppmoda om å søkje
-
Dersom du ikkje har naudsynte sertifikat så tilbyr vi ein avtale på utføring av desse kursa der du forpliktar deg til å jobba hos oss over ein lengre tidsperiode.
Vi ynskjer at du:
-
Er glad i å formidle og snakke med gjester.
-
Er nysgjerrig på å lære meir om natur og kulturlandskapet i Verdsarvfjorden
-
Likar å være i naturen og brukar gjerne fritida di på turar på fjord og fjell.
-
Er sosial, utadvent, ansvarsbevisst, løysingsorientert, glad, lojal og omgjengeleg.
-
Kan takle eit høgt tempo i høgsesongen
Vi tilbyr:
-
Gode lønnsordningar
-
Overnatting med eige soverom
-
Sosialt arbeidsmiljø med fornøgde gjestar!
-
Full opplæring
-
Mogelegheit for jobb i fleire sesongar
-
Moglegheit for vidare karriere i selskapet
Spørsmål kan rettast til Margrethe Thune Trædal - 90872995
Søknad med CV sendast til: margrethe@fjordguiding.no snarast.
Om arbeidsgiveren:
Fjord Guiding er eit aktivitetsselskap som blei stifta i 2007.
Selskapet tilbyr aktivitetar, båtturar og events i området Stavanger i sør til Ålesund i nord.
Hovudaktiviteten er RIB-turar på Geirangerfjorden.
I sommarsesongen er vi over 50 tilsette på våre ulike aktivitetar.