europass

Traženje posla

Pronađite pravi posao među tisućama poslova koji se nude diljem Europe. Rezultate pretraživanja pruža EURES - Europski portal za radnu mobilnost. 

Rezultati
Prikazuje se 44422 Rezultati

Sort by
Sjukepleiar
LEIKANGER SJUKEHEIM
Norway, LEIKANGER

Me ynskjer fleire dyktige sjukepleiarar til heimetenesta på Leikanger.

No er det ledig stilling, og vi håpar du vil bli vår nye kollega.

 

Som sjukepleiar i heimetenesta vert du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me har stor bredde i oppgåvene og i bebuar og brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande.

Det er eit godt tverrfagleg samarbeid i tenestene våre, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til brukarane våre. Me legg til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg i eigen heim. Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer.

 

Leikanger heimeteneste har ledig følgjande stilling som sjukepleiar:

  • 100% fast stilling i turnus ledig frå 01.08.26

For stillinga gjeld turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for 4. kvar med langvakter.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiefaglege oppgåver i heimetenesta
  • Rapportering/tiltak/prosedyrar i Gerica, IPLOS, ADL
  • Utføre direkte og heilskapleg pleie og omsorg til brukarar heime.
  • Rettleie og følgje opp studentar/lærlingar og kollegaer og bidra til fagleg utvikling i avdelingane.
  • Vurdere behov og planlegge pleie i samarbeid med brukar, pårørande, tilsynslege/fastelege, kollegaer og leiing.
  • Bidra til god informasjonsflyt i avdelinga
  • Observere, dokumentere og iverksette nødvendige tiltak i tråd med avdelinga sine føringar.
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
  • Ivareta godt pårørandesamarbeid
  • Legemiddelhandtering og administrering

 

Sentrale ansvarsområde:

  • Pasientflyt
  • Pasientjournalsystem
  • Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta
  • Medikamenthandtering
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Velferdsteknologi

 

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan velferdsteknologi, demens, psykiatri eller geriatri.
  • Førarkort klasse B

 

Personlege eigenskapar:

  • Er løysingsorientert og positiv
  • Er fagleg sterkt og er trygg i rolla som sjukepleiar
  • Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Taklar ein uforutsett arbeidskvardag
  • Er ansvarsfull og serviceinnstilt
  • Er open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet
  • Er endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosesser.

 

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.

 

Me tilbyr:

  • Aktivt og spanande arbeidsmiljø, varierande dagar og faglege utfordringar.
  • Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Lønn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø
  • Tilrettelagt turnus med 3. kvar helg og moglegheit for langvakter.

 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar skjer med seks månaders prøvetid. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjort, sjølv om du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil alltid bli varsla før eventuell offentleggjering.

Alle søknadar må sendast inn via EasyCruit og innan søknadsfristen. 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837
Vinstra vidaregåande skule - Undervisningsstilling i folkemusikk
VINSTRA VIDAREGÅANDE SKULE
Norway, VINSTRA

Beskrivelse

 Vinstra vidaregåande skule har ledig inntil 60% fast stilling i folkemusikkfag på utdanningsprogram for musikk, dans og drama – landslinje folkemusikk.

Vi søkjer deg som

  • har utdanning innan folkemusikk og kompetanse i samsvar med kompetansemåla i faga, samt relevant pedagogisk utdanning

Vi tilbyr

  • motiverte elevar, kollegaer og leiarar
  • gode fasilitetar med kultursal, lydstudio, bandrom m.m
  • eit arbeidsmiljø prega av glede, kreativitet, rausheit, ansvar, fleksibilitet og tillit
  • teknisk sterk avdeling med fokus på lydopptak, video og strøyming
  • lønn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

  • Inntil 60% fast stilling i folkemusikkfag frå 01.08.2026

Arbeidsoppgåver

  • Undervise i faget «musikk i perspektiv» – folkemusikk VG2 og VG3
  • Undervise i folkemusikkensemble / spelemannslaget Spira
  • Undervise i biinstrument kveding (avhengig av kompetanse)
  • Undervise i biinstrument: ulike folkemusikkinstrument
  • felelærar (hovudinstrument)
  • andre fag kan vere aktuelle

 

Ønskte kvalifikasjoner

  • Vi søker deg som har utdanning innan folkemusikk og kompetanse i samsvar med kompetansemåla i faga, samt relevant pedagogisk utdanning

Ønskte eigenskapar

  • kjenner breidda i folkemusikkfeltet – klingande, historisk, geografisk og teoretisk – og ser samanhengar mellom fag
  • liker å arbeide med ungdom, ser kvar elev, er god til å motivere og tilpasse undervisninga
  • arbeider godt, både sjølvstendig og i fagteam og bidreg i det faglege fellesskapet
  • har gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
  • evnar å setje seg inn i læreplanar og lovverk og ser moglegheiter framfor avgrensingar
  • har god orientering om musikkfagleg kompetansebehov i samfunnet
  • er ein aktiv folkemusikkutøvar
  • har digital kompetanse og ser nytta av dette

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

I hjartet av Gudbrandsdalen finn du Vinstra vidaregåande skule som ein arena for kunnskap, læring og fellesskap, med moglegheiter for alle. Skulen er tufta på gamle tradisjonar, men er likevel moderne og i stadig utvikling. Vinstra videregående skule har seks utdanningsprogram: Studiespesialisering, musikk og dans, helse- og oppvekstfag, elektrofag, byggfag, og teknikk og industriell produksjon. Skulen har litt over 370 elevar og om lag 80 lærarar. Skulen skal vera ein døropnar for ungdomar til vidare utdanning og arbeidsliv. Vi arbeider for at elevane skal bli gode samfunnsborgarar og for å gjere dei klare for framtida. Vi legg vekt på høg kvalitet, både sosialt og fagleg, for å fremje trivsel og læring. Vi ønskjer å gi våre elevar kompetanse på vegen til å nå sine mål og draumar - gode forbilde formar framtida! Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune. Tilgjengelighetserklæring for EasyCruit: https://uustatus.no/nb/erklaringer/publisert/f9747c75-22c2-4118-972a-c13193edfc8a
Driftstilskot fysioterapeut, 100%
VOLDA KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSSJEF SITT KONTOR
Norway, VOLDA

Volda kommune har ledig fast 100 % kommunalt driftstilskot for fysioterapeut i felles fysioterapipraksis frå 01.09.2026. Avtaleheimelen er knytt til Aarflot fysioterapi AS. Instituttet ligg sentralt i Volda og her jobbar til saman 3 fysioterapeutar med 100 % driftsavtale kvar. Fysioterapeuten vi søkjer etter vil utøve sin praksis i nært samarbeid med dei andre fysioterapeutane i selskapet og med den øvrige fysioterapitenesta når det gjeld prioriteringar, behandlingstilbod og ventelister.  

Stillinga er til ei kvar tid regulert etter gjeldande ASA 4313 og tildeling vert gjort etter vilkåra i ASA 4313. Merk at tildeling av heimelen er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd, bokstav b.

Praksisen skal driftast etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester, forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale og gjeldande retningslinjer for samarbeid og fordeling mellom fastløna og sjølvsendig næringsdrivande fysioterapeutar med driftsavtale i Volda kommune. 

Fysioterapitenesta i Volda har 4,6 årsverk fastløna fysioterapeutar, 5,6 årsverk private avtaleheimlar og er organisert under sektor Helse og omsorg, seksjon Førebygging og rehabilitering.

Kommunen er oppteken av å stå sterkt rusta for å møte både dagens og morgondagens utfordringar. Førebygging, rehabilitering og meistringsfokus er sentralt i tenesteutviklinga. Vi ynskjer ein fysioterapeut som vektlegg dette og gjerne har erfaring frå og ønske om å drive gruppebehandling.


Arbeidsoppgåver

Det er forventa at fysioterapeuten nyttar behandlingsformer forankra i kunnskapsbasert praksis og samarbeidar på tvers med øvrig kommunehelseteneste og spesialisthelseteneste. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk offentleg autorisasjon som fysioterapeut
  • Brei fagleg kompetanse og erfaring innan allmenn fysioterapi
  • Erfaring frå rehabilitering/nevrologi er ynskjeleg
  • Erfaring frå privat fysioterapipraksis
  • Meistringsfokus og vektlegging av aktiv deltaking i behandlinga
  • Søkjar frå land utanfor skandinavia må meistre norsk språk på minimum B2-nivå både skriftleg og munnleg
  • Politiattest må leggast fram før oppstart
  • Personlege eigenskapar er avgjerande.

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst og kan jobbe sjølvstendig
  • Evne til å drifte privatpraksis
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner
  • Fagleg engasjert og motivert for kontinuerleg oppdatering og utvikling
  • Fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver og endringar

Vi tilbyr

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • God pasienttilgang

Kontaktinformasjon

Randi Heltne Alfsvåg, Seksjonsleiar, 91623905, randi.heltne.alfsvag@volda.kommune.no
Elin Høydal Vatne, Ass. kommunalsjef, +47 91 55 59 70, elin.hoydal.vatne@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Industrigata 12
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5106379370
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2026

Om arbeidsgiveren:

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Sjukepleiar med fagsjukepleiarfunksjon
HELSE FONNA HF FOLGEFONN DPS DØGNAVDELING - VALEN
Norway, VALEN

Eining for sikkerheit og rehabilitering har ledig stilling for sjukepleiar. Delar av stillinga er knytt til fagsjukepleiarfunksjon.

Helse Vest RHF arbeider for eit heilskapleg pasientforløp innan det sikkerheitspsykiatriske fagområdet, med samhandling på systemnivå når det gjeld overgangar, pårørandearbeid og kompetanseutvikling.

Innan sikkerheitspsykiatri har Helse Fonna etablert lokal sikkerheitspost, sikkerheits- og rehabiliteringspost og eit FACT sikkerheitsteam. Vi er i prosess med å etablere trenings-/overgangsbustader for pasientar som er innlagde i sikkerheitspsykiatrien.

Eining for sikkerheit og rehabilitering er ei spesialeining med til saman åtte døgnbehandlingsplassar for kvinner og menn. Eininga har ein sentral funksjon i den sikkerheitspsykiatriske behandlingslinja.

For pasientar som er innlagde i sikkerheitspsykiatrien, er det viktig med ein gradvis overgang frå sikkerheitsavdeling til kommunale butiltak. Eit forsterka rehabiliteringstilbod vil gi høve til kartlegging og identifisering av risikofaktorar, samstundes som pasienten blir følgd opp av personell med kompetanse på sikkerheitspsykiatrisk behandling og risikohandtering.

Gjennom kartlegging og utgreiing blir behandlinga tilpassa den enkelte pasienten, sjukdomsbiletet, evnene og ressursane deira. Behandlinga kan omfatte legemiddel, samtaleterapi, miljøterapi, fysisk aktivitet og livsmeistring. Eininga har fokus på brukarmedverknad.


Kva går jobben ut på?

  • Arbeide målretta for å styrke fagutvikling i posten og vere rådgjevar for funksjonsleiar vedrørande fag og fagutvikling for alle faggrupper som arbeider i posten
  • Sjukepleie og behandling tilpassa pasienten sine individuelle behov
  • Observasjon og dokumentasjon av pasientforløp
  • Overvaking og implementering av sikkerheitstiltak for pasient- og personaltryggleik
  • Tverrfagleg samarbeid med helsepersonell som legar, psykologar og sjukepleiarar
  • Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å fremje endring
  • Utforming av kort- og langsiktige behandlingsplanar

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Sjukepleiar med norsk autorisasjon.
  • Ynskjeleg med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller rus.
  • Gode datakunnskapar og evne til å handtere digitale verktøy.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • har evne til å arbeide sjølvstendig
  • har evne til å halde framdrift i prosessar
  • er positiv, engasjert og initiativrik
  • har god evne til å samarbeide
  • er ryddig og strukturert
  • har gode kommunikasjonsevner
  • er tilpassingsdyktig og kan takle stressande situasjonar med ro og faglege haldningar

Personlege eigenskapar blir vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing.
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.

Vi oppmodar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen (www.vitnemålsportalen.no) for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Har du teke utdanning i utlandet, må godkjenning frå UDIR/NOKUT leggjast ved søknaden. Om du ikkje finn alle dei relevante vitnemåla dine i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Helena Heimvik, Funksjonsleiar, 53466482, helena.heimvik@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26
5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5111110406
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 06.07.2026
Søknadsfrist: 24.05.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Psykologspesialist
HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS
Norway, FØRDE

Psykiatrisk klinikk har ledig 100% fast stilling som psykologspesialist i Førde. 

Stillinga er plassert ved Akutt Døgn, og psykologspesialisten inngår i behandlarteam saman med overlegar, legar i spesialisering (LIS) og sosionom.   

Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sjukehusoppgåver med Akutt Døgn som har ØH plikt, sikkerheitspost og ambulant vaksenhabilitering. Helse Førde sitt opptaksområde omfattar om lag 110 000 innbyggjarar. 

Akutt Døgn er ein lukka akuttpsykiatrisk sengepost med 15 sengeplassar. Vi flytta inn i nybygg i 2021. Vi tek imot pasientar som treng øyeblikkelig hjelp og har akuttberedskap heile døgnet. Akutt Døgn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungent psykisk helsevern. 

Søkjer du ein variert og spennande arbeidskvardag i eit triveleg arbeidsmiljø, er dette avdelinga for deg!

Nyttig informasjon ved jobbsøknad til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet vil bestå av akutte vurderingar av pasientar som er i behov av rask psykisk helsehjelp, diagnostisering, korte intervensjonar, behandling for ein allmenn pasientpopulasjon, samt rådgjeving og rettleiing til kommunane
  • Utøve fagleg ansvar for vedtak etter psykisk helsevernlova
  • Rettleiing av psykologar i spesialisering og anna helsepersonell
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Samarbeid med pårørarande

Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist med norsk autorisasjon i klinisk psykologi med vedtakskompetanse i henhold til psykisk helsevernlov
  • Ha god kjennskap til psykisk helsevernlova og erfaring med vedtakshandtering
  • Søkjar må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Erfaring ifrå spesialisthelsetenesta og arbeid med alvorlege psykiske lidingar
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert
  • Du er prosess- og løysingsorientert
  • Du tåler å stå i krevjande situasjonar.
  • Du kan ta avgjersler som er til det beste for pasienten og det samla tenestetilbodet
  • Du trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Du har gode evner til å kommunisere, samarbeide og til å tenkje heilskapleg
  • Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Roger Lundekvam, Seksjonsleiar, +47 57839488

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5119002328
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Lærar
ÅLFOTEN OPPVEKSTSENTER AVD SKULE
Norway, ÅLFOTEN

Ålfoten oppvekstsenter har ledig ei 50 % fast lærarstilling og ønskjer ein engasjert, fagleg sterk og relasjonsorientert medarbeidar velkommen til laget vårt.

Ålfoten oppvekstsenter ligg i den vesle bygda Ålfoten i Nordfjord. Ved oppvekstsenteret har vi ein barnehage, ein barneskule og SFO. Vi har ein todelt skule. Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Vi har PALS-modellen som som grunnmur i alt arbeidet vi gjer både med læringsmiljø, trivsel, relasjonar, motoivasjon, inkludering og samarbeid med heimane. PALS-modellen består av systematiske, førebyggande tiltak som rettar positiv merksemd mot alle elevane i skulen. Modellen er basert på forskning og kunnskap om tiltak som fremjar eit trygt læringsmiljø der elevane kan utvikle sosial og skulefagleg kompetanse.  Hos oss står arbeidet med trygt og godt skulemiljø som den gjennomgåande raude tråd i alt arbeidet vi gjer. Elevar og tilsette må vere trygge og trivast for å lære, og yte sitt beste.


Arbeidsoppgåver

Vi søkjer grunnskulelærar med undervisningskompetanse for 1.- 7. klasse, innan fagområda norsk, engelsk, matematikk m.m.

Søkjarar med andre fagområde kan òg søkje.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Ved utveljing vektlegg vi søkjarar som er/har:

  • Godkjend pedagogisk utdanning
  • Digital kompetanse
  • God kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål

Vi ser etter deg som:

  • Har høg relasjonell kompetanse og gode samarbeids- og formidlingsevner
  • Er fagleg kompetent, utviklingsorientert og oppdatert innan eige fagfelt
  • Er ein tydeleg klasseleiar som skapar struktur og tryggleik
  • Er positiv, engasjert og høgt motivert
  • Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:

  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage
  • Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
  • Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
  • Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
  • Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. 

    Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/   

    I tillegg får du:
  • Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
  • Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
  • Gode pensjons- og låneordningar gjennom SPK, Statens pensjonskasse.
  • Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
  • Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!   

 

Kontaktinformasjon

Gro Bakke Abildsnes, Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid, +47 97167462

Arbeidsstad

Ålfotevegen 52
6737 ÅLFOTEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 5117669120
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 18.05.2026

Om arbeidsgiveren:

Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?

Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.

Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet. 

Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!

 

 

Brukerstyrte personlige assistenter søkes i Trondheim
BRAGEVA AS AVD TRONDHEIM
Norway, TRONDHEIM

Hvem er jeg?

Jeg er ei blid og sosial jente på 26 år som bor i egen leilighet i Trondheim sammen med min førerhund og katten min. Hos meg er alle dager ulike, hvor noen dager er aktive med  svømming, sykling eller skrivearbeid, mens andre dager er rolige med mye tv-titting. For å få dagene til å gå rundt, trenger jeg assistanse til alt fra daglige gjøremål og studier til trening, fritid, helserelatert bistand og hvilende nattevakt.

 

Om stillingen

Jeg søker

  • En fast assistent i 42% stilling (15 timer i uken) 
  • En fast assistent i 22% stilling (8 timer i uken)

 

Arbeidstid 

Jeg søker etter to assistenter i faste stillinger med mulighet for å ta på seg ekstra vakter. Arbeidet vil være på dagtid, kveld, hvilende natt og helg. Jobbing i ferier og høytider må påregnes. Det er en fordel om du har en fleksibel hverdag og kan ta vakter på kort varsel.

 

Arbeidsoppgaver                        

Som min personlige assistent blir du med på å gjøre hverdagen min litt enklere. Ingen dager er helt like, og oppgavene vil variere, men typiske ting du vil hjelpe meg med er:

  • Hverdagslige gjøremål som matlaging, husarbeid og organisering
  • Assistere i svømmehall og på sykkelturer
  • Hjelp med forflytning og ledsaging (til legetimer, på turer, shopping m.m.)
  • Noe helserelatert assistanse (Håndtering av medisiner)
  • Hvilende nattevakt 
  • Stell av hunden og katten min
  • Assistanse ved reiser, sosiale sammenkomster og ærender
  • Synstolking av f.eks. filmer, nyhetsartikler eller under utendørsaktivitet
  • Lese- og skrivehjelp

Du trenger ingen spesielle forkunnskaper – det viktigste er at vi samarbeider godt, og at du er til stede for å bistå meg i min hverdag. Jeg gir deg grundig opplæring i alt du trenger å kunne, så du vil føle deg trygg i jobben.

 

Hvem er du?

Jeg ser etter deg som ønsker en meningsfull jobb du kan trives i over tid. Som min personlige assistent blir du en viktig del av hverdagen min, og derfor trenger jeg at du er fleksibel, løsningsorientert og trygg på å ta initiativ. Jeg ser etter deg som er effektiv, punktlig og ansvarsbevisst – og som i tillegg liker hunder, siden jeg har en firbeint hjelper i livet mitt.

 

For å trives i rollen som min assistent er det viktig at du:

  • Har et bevisst forhold til smittevern, da jeg har nedsatt immunforsvar.
  • Har førerkort klasse B og er komfortabel med å kjøre bil.
  • Ikke er allergisk mot hund eller katt, da mine firbeinte venner er en viktig del av livet mitt.
  • Snakker og skriver flytende norsk, slik at vi kan kommunisere godt sammen.

Høres dette ut som en jobb for deg?

Da håper jeg du sender en søknad og forteller litt om deg selv.

 

Jeg ser frem til å høre fra deg!

 


Om arbeidsgiver

Brageva har vært formell arbeidsgiver for assistenter siden 2016. Vi har spesialisert oss på tjenesten BPA (brukerstyrt personlig assistanse) og leverer i dag denne tjenesten i hele Norge. Vi har konsesjon for å levere BPA i over 120 kommuner.

Vi elsker for øvrig frigjøringsverktøyet BPA som gir mennesker med funksjonsnedsettelser muligheter til å leve selvstendige liv og bidra på alle områder i samfunnet.

Vi er en liten aktør i BPA-bransjen og har derfor korte beslutningsveier, som kommer både våre ansatte og våre arbeidsledere til gode. Vår administrasjon sitter i Trondheim og består av en herlig gjeng med ulik bakgrunn, kunnskap og personligheter. Vi er den lille BPA-leverandøren med det store hjertet.

Les mer om oss på https://brageva.no/

Om arbeidsgiveren:

null
Kommunal lege 100 % fast stilling
ROSENDALSTUNET
Norway, ROSENDAL

Kommunal lege – utvikling, kvalitet og tverrfagleg samarbeid

Har du hjarte for dei eldre og eit godt lag med menneske? Då kan du vera akkurat den sjukeheimslegen vi gler oss til å få med på laget!

Kvinnherad kommune ønskjer å opprette ei ny 100 % legestilling knytt til legetenesta. Stillinga er knytt til Rosendalstunet dei første to åra. Institusjonen har seks avdelingar og 60 plassar fordelt på langtidsplassar, demens og korttid/rehabilitering. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø, tverrfagleg samarbeid og god tilgang til treningsfasilitetar. Som sjukeheimslege er du ein del av eit tverrfagleg team som består av sjukepleiarar, ergoterapeutar og fysioterapeutar. I tillegg til denne stillinga er det 1,1 årsverk i kliniske legestillingar fordelt på tre legar.

Rosendalstunet ligg i nydelege omgjevnader ved Hardangerfjorden (ja, du får nydeleg utsikt på kjøpet kvar dag).

 

Omtale av stillinga

Vi søkjer ein dyktig og engasjert lege som har strukturert arbeidsstil, kan jobba sjølvstendig og delta i kvalitetsutviklande arbeid. Vi ønskjer ein lege med kompetanse og erfaring frå sjukeheimsmedisin, allmennmedisin og/eller indremedisin. Søkarar med annan relevant bakgrunn vert òg vurderte. Engasjement, fleksibilitet, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og personleg eignaheit vert vektlagde. Søkarar bør ha gjennomført LIS1/turnus, ha norsk autorisasjon som lege og ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.

ALIS
Kvinnherad kommune er registrert som utdanningsverksemd i allmennmedisin. For kandidatar i ALIS‑løp kan vi tilby individuell utdanningsplan, rettleiing og internundervisning. Detaljar vert avtalte i samband med tilsetjing.

Oppstart
Det er mogleg med snarleg oppstart og redusert stillingsprosent.

Arbeidsoppgåver:

  • Gi heilhetlig medisinsk oppfølging av pasientar, inkl. legevisitt, innkomstjournal, epikrise, årskontroll, legemiddelgjennomgong, samtykkevurdering og behandlingsavklaring
  • Sikre god og korrekt dokumentasjon
  • Dialog med pasient og pårørande
  • Tverrfaglig samarbeid med øvrige faggrupper på sjukeheimen
  • Samhandling med fastlegar, andre kommunale tjenester og spesialisthelsetjenesta
  • Bidra til internundervisning, kompetanseheving og fagutvikling
  • Holde seg fagleg oppdatert, mellom anna ved å delta på relevante møter og kurs

 

Vi tilbyr

  • Engasjert og fagleg sterkt sjukeheimslegeteam med fagmøte annan kvar månad
  • Avsett tid til fag/undervisning og dekning av relevante kurs
  • Høve til å møte mange ulike pasientgrupper og problemstillingar
  • Konkurransedyktig løn (etter avtale)
  • Offentleg pensjonsordning
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet
  • Per i dag er det ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring
  • Gratis SFO, kommunal reduksjon i foreldrebetaling i barnehage og søskenmoderasjon
  • Dekning av flyttekostnader etter nærare reglar
  • Trygt og godt oppvekstmiljø
  • Natur i verdsklasse – fjord, fjell og friluftsliv rett utanfor døra

 

Legevakt
Kvinnherad kommune har eiga legevakt. Det er mogleg å ta legevakter utanom arbeidstid dersom du ønskjer det, men det er ikkje pålagt.

Oppstart
Ønskt oppstart er 01.08.2026, eller etter avtale.

Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:

Einingsleiar Irina Zimina tlf. 488 94 055

irina.zimina@kvinnherad.kommune.no

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet
Vil du bli min nye assistent?
MEDVIND ASSISTANSE AS AVD VESTLAND
Norway, PARADIS

Jeg heter Marikken. Jeg er 16 år og kommuniserer uten ord. Mamma skriver dette på mine vegne – fordi vi leter etter DEG som kan være med på å gi meg et rikt og godt liv.  Jeg ønsker å øve meg på å leve som ungdom, få faste sosiale møteplasser og aktiviteter jeg kan glede meg til.

Jeg er ei blid og sosial jente som elsker musikk og å være sammen med mennesker. Jeg snakker ikke med ord, men bruker noen tegn og mye kroppsspråk. Jeg trives aller best når dagene har innhold og rytme – og når jeg får være med på det som skjer.

Samtidig trenger jeg støtte til å forstå sosiale situasjoner, og hjelp til å roe meg ned når noe blir vanskelig.

 Om rollen din

 Hvis vi har god kjemi, kan du bli min personlige assistent – en trygg støtte og god venn i hverdagen. Du hjelper meg med å forstå og mestre dagene, og veileder meg på en rolig og fast måte når jeg trenger det. Sammen kan vi for eksempel:

  • Lytte til musikk (det elsker jeg!)
  • Sykle en tur når været tillater det
  • Dra på biltur i mammas bil (eller din)
  • Bade i svømmehallen – kanskje AdO?
  • Gjøre små huslige oppgaver sammen
  • Være på rommet mitt når jeg trenger ro
  • Delta på tilrettelagte aktiviteter sammen med andre brukere og assistenter

Hvem er du?
Du er en trygg, tydelig og omsorgsfull ung voksen som:

  • Har godt humør og et rolig vesen
  • Er god på å sette grenser på en kjærlig og tydelig måte
  • Liker musikk, aktivitet og et enkelt hverdagsliv
  • Ser verdien i små øyeblikk og ekte relasjoner

 Praktisk informasjon

  • Stillingstype: Assistent annenhver uke når jeg er hos mamma. Vi kan tilpasse arbeidstiden og oppgavene etter hva du har kapasitet til.
  • Vi søker deg som vil jobbe i sommer, gjerne være med på reise. Vi planlegger tur i slutten av juni og ca 14 dager frem, samt en tur til Måløy uken en uke i juli.
  • Arbeidssted: Hjemme hos meg (i Bergen) og i nærområdet
  • Oppstart: Så snart som mulig – jeg gleder meg såååå til å møte deg!
  • Lønn og kontrakt: Etter gjeldende satser hos Medvind Assistanse 
  • Krav: Du må ha førerkort. Personlig egnethet vektlegges. Opplæring vil bli gitt.

Interessert?

Send inn din søknad idag. 

I Medvind Assistanse er vi stolte over å tilby våre ansatte:

  • Konkurransedyktig, tariffestet lønn som starter på 225,40 kr. per time, med tillegg for kveld/natt, helg og helligdager.
  • Medvind Assistanse er en solid leverandør av BPA tjenester. Vi har lokal tilstedeværelse over hele landet for å kunne være nær våre arbeidsledere og assistenter. Det er viktig for oss!
  • Arbeidsleders koordinator er også assistentenes kontaktperson. Vi ønsker å ha gode relasjoner til både arbeidsledere og assistenter.
  • Et inkluderende arbeidsmiljø med utviklingsmuligheter.
  • God opplæring.
  • Enkle digitale systemer for vaktplan og timeføring.
  • Ryddige forsikrings- og pensjonsordninger.
  • Ansattgoder, som rabattert trening på Sats-sentre.

Medvind Assistanse AS er et norskeid selskap som leverer likestillingsverktøyet BPA for mennesker med funksjonsvariasjon. For funksjonsvarierte skal BPA bidra til å til å gi mulighet til å leve et aktivt og selvstendig liv med fokus på selvrealisering og samfunnsdeltakelse. BPA handler like mye om friheten til å kunne velge hvilket liv man vil leve, og hvem man vil være. Med BPA skal man i størst mulig grad kunne ivareta plikter, interesser, behov og ønsker som alle andre samfunnsborgere. Medvind Assistanse AS ble stiftet i 2020 og har lokale kontorer i store deler av landet.

Om arbeidsgiveren:

null
Tilkallingsvikar
SØVIK BARNEHAGE
Norway, SØVIK

Søvik barnehage har tre avdelingar. Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnader, med fjøra rett utanfor gjerdet og kort veg til skog og fjell. Barnehagen har eige naust, båt og gapahuk ved strandkanten.

Vi treng no fleire tilkallingsvikarar som har moglegheit å stille på kort varsel ved sjukdom, ferie og liknande. Vi søker etter deg som er aktiv, leiken, og engasjert og som bidrar til å skape eit trygt og godt barnehage-/ arbeidsmiljø til det beste for barna og kollegaene dine.  Du er engasjert og omsorgsfull, og ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn.

Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte tilsette med lang erfaring. Høyrest dette interessant ut, ønsker vi kontakt med deg og håper du vil søke på stillinga.
Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida. I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.


Arbeidsoppgåver

Arbeide med barn i alderen 0-6 år i tråd med barnehagelov og rammeplan for barnehagar, samt kommunen sine retningslinjer.

  • Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barn 
  • Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa 
  • Bidra til at kvart enkelt barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe 
  • Bidra i gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på avdelinga
  • Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt 
  • Følge opp den rettleiinga ein får
  • Ansvar for å sette seg inn i og følgje barnehagen sine HMS-prosedyrar 

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett vil måtte legge fram tilfredstillande politi- og tuberkulinattest. 

  • Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav, jamfør Barnehagelova §18b.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid i barnehage.
  • Personlege kvalifikasjonar og gode referansar vil bli vektlagt. 

Personlege eigenskapar

  • Vere glad i friluftsliv og uteleik
  • Vere aktiv i leiken med barna
  • Vere løysningsorientert, fleksibel og open for endring 
  • Jobbe sjølvstendig i det daglege arbeidet   
  • Vere ein pådrivar både i det praktiske og det faglege arbeidet 
  • Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov 
  • Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus 
  • Samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartnarar 
  • Vere ein god rollemodell 
  • Vere ein inkluderande medarbeider og bidra til eit godt arbeidsmiljø 

Vi tilbyr

  • Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
  • Ein barnehage fint plassert, nær sjø, skog og skule
  • Moglegheit til å bestemme sjølv kor mykje du vil arbeide
  • Løn etter gjeldande tariff
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Synnøve Standal, Styrar Søvik barnehage, 90018161, synnove.kathrin.farstad.standal@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Plassen 19
6280 Søvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5075331850
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 09.02.2026
Søknadsfrist: 31.08.2026

Om arbeidsgiveren:

Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Go to top