europass

Traženje posla

Pronađite pravi posao među tisućama poslova koji se nude diljem Europe. Rezultate pretraživanja pruža EURES - Europski portal za radnu mobilnost. 

Rezultati
Prikazuje se 243095 Rezultati

Sort by
Ph.d.-stipendiat i algoritmar og ekstremal kombinatorikk
UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN
Norway, BERGEN

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Stipendiat

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i algoritmar og ekstremal kombinatorikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til finansiering frå NFR-prosjektet 355137 “From Extremal Combinatorics to Algorithms and Back”. 


Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Dette prosjektet bygger bru mellom to grunnleggande fagområde innan informatikk og matematikk: algoritmeteori og ekstremal kombinatorikk. Ved å integrere disse områda, har prosjektet som mål å utvikle nyskapande berekningsteknikkar og teoretiske innsikter som utvidar grensene for begge fagfelt. Det fokuserer på å utnytte nylege gjennombrot som kombinerer algoritmiske tilnærmingar med klassiske resultat innan ekstremal kombinatorikk.

Dei forventa resultatene er todelte: å vidareutvikle moderne parameteriserte og approksimasjonsalgoritmar for å løyse krevjande berekningsproblemer med høg effektivitet, og å formulere nye stabilitetsteoremar innan ekstremal kombinatorikk, drevet av praktiske algoritmiske bruksområde.

Til stillinga søkjer vi ein forskar som vil bidra til prosjektets suksess og synlegheit. Ein vellukka kandidat vil gjere forsking innan algoritmar og ekstremal kombinatorikk, samt samarbeide med andre medlemmer av algoritmeforskingsgruppa. Vi ser etter framifrå kandidatar med bakgrunn og erfaring innan eitt eller fleire av følgande områder: grafalgoritmar, parameterisert kompleksitet, approksimasjonsalgoritmar, ekstremal kombinatorikk, strukturell grafteori og relaterte fagfelt.


 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematikk (kombinatorikk og/eller diskret matematikk) eller informatikk (algoritmar), eller må ha levert masteroppgåva si til vurdering før søknadsfristen. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Kompetanse innan diskret matematikk og algoritmar er eit krav.
  • Kompetanse innan ekstremal kombinatorikk og/eller parameterisert kompleksitet er ein fordel. 
  • Dokumentert publikasjonsrekord i dei fremste konferansane innan informatikk, som til dømes STOC, FOCS, SODA, ICALP og ESA, eller i høgt rangerte tidsskrift som TALG, JCTB, Combinatorica eller tilsvarande leiande publiseringskanalar er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. 


For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 


Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr.593 700 . Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad.  Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. 

 


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forskar 1183 Petr Golovach, Institutt for informatikk, UiB på petr.golovach@uib.no, eller instituttleiar Inge Jonassen, UiB på inge.jonassen@uib.no.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Maria Svåsand på maria.svasand@uib.no eller 55 58 86 62

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

Om arbeidsgiveren:

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Stipendiatstilling ved Det juridiske fakultet (3 eller 4 år)
UNIVERSITETET I BERGEN DET JURIDISKE FAK
Norway, BERGEN

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Stipendiat

Ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stipendiatstilling. 

Stillinga er tematisk open. Kandidaten står fritt til å utvikle eigne idear innanfor ramma av strategiplanen for Det juridiske fakultet 2023-2030.

Ønska oppstart er så tidleg som mogleg.


 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Det er ein føresetnad at du har levert masteroppgåva innan søknadsfristen, og at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. 
  • Du må gjennom karakternivå og/eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid.
  • Du må ha gode ferdigheiter i engelsk. 
  • Du må ha god kjennskap til det norske rettssystemet, og det er ein føremon at du meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert. 
  • Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til utvikling av fagmiljøet. 

Om stipendiatstillinga:

Du skal arbeide med og levere ei doktoravhandling (artikkelbasert eller monografi). 

Normal åremålsperiode for stillinga er tre år med moglegheit for utviding inntil eitt år. Avgjerda om utvida tid, som skal nyttast til anna karrierefremmande arbeid som mellom anna undervisning og arbeid i tilknyting til forskingsprosjekt, skal vurderast særskilt etter søkarens kvalifikasjonar. Avgjerda treffast innan seks månader etter tilsetting. 

Undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB. Undervisningsspråket på fakultetet er til vanleg norsk. 

Som stipendiat skal du delta i fakultetets obligatoriske utdanningsprogram for ph.d.-graden innanfor ei tidsramme på tre år. Utdanningsprogrammet gjennomførast normalt på engelsk, og gode ferdigheiter i engelsk er ein føresetnad for deltaking i programmet. Du kan lese om kravet for opptak på fakultetet sitt ph.d.-program her.

Fakultetet utnemner rettleiar for kandidaten ved tilsetjing og opptak på ph.d.-programmet.


Søknaden skal innehalde:

  • Ei prosjektomtale på mellom 7 og10 sider inkludert litteraturliste. Ho skal innehalde ei utgreiing om temaet og ein plan for gjennomføringa av prosjektet og forskarutdanninga. Prosjektskildringa skal følgje dei krava til innhald som står i rettleiing til søkjarar til stipendiatstilling.
  • Eit søknadsbrev med ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga (fyllast ut i søknadsportalen). 
  • CV (fyllast ut i søknadsportalen). 
  • Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål for mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert, samt relevante attestar.
  • Full versjon av masteravhandlinga. Den må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, med mindre anna er avtalt.
  • Eventuelle vitskaplege arbeid og liste over desse (publikasjonsliste). Publikasjonar utover mastergraden er ikkje eit krav. 
  • Det er ein føremon om søkjaren legg ved namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør fortrinnsvis vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva/doktoravhandlinga. 

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla, karakter-utskriftene og anna dokumentasjonen ikkje er på eit av disse språka. Det må også leggjast ved eit Diploma Supplement med standardisert omtale av oppbygging, nivå, struktur, innhald og status av utdanninga til søkjaren. Søkjarar med utdanning frå utanfor Skandinavia, vil få si utdanning evaluert med utgangspunkt i HK-dir. sine retningslinjer for godkjenning av utanlandsk utdanning.

Søkjarar med anna morsmål enn norsk (eller eit anna skandinavisk språk) må òg leggje ved attest eller anna relevant dokumentasjon som viser at dei har språkkunnskapen som krevjast for stillinga. 

Søknaden og prosjektomtalen kan skrivast på engelsk, norsk eller eit anna skandinavisk språk. All dokumentasjon må vere lagd ved søknaden. Søknad og vedlegg må lastast opp i JobbNorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillingen». 

Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen. Søknader som ikkje inkluderer alle obligatoriske vedlegg vil ikkje bli vurdert. 


Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Stilling som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Vurderinga av søkjarane vil leggje vekt på kvaliteten på prosjektomtalen.Vurderinga vil òg leggje vekt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnadar for å gjennomføre ph.d.-programmet og bidra til fagmiljøet ved fakultetet. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju. 

Nærare informasjon om tilsettingsprosessen ved Universitetet i Bergen finn du her

  • Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Visedekan for organisasjon og innovasjon, Miriam Skag: Miriam.Skag@uib.no
  • Utfyllande informasjon om rekrutteringsprosessen og tilsetjingsvilkår kan ein få ved å vende seg til HR ved fakultetet: hrjur@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.     

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

Om arbeidsgiveren:

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her. 

Førsteamanuensis II i norrøn filologi
UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN
Norway, BERGEN

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Førsteamanuensis II i norrøn filologi

Velkomen som søkjar til ei 20 % åremålsstilling (ekstraerverv – «bistilling») som førsteamanuensis II i norrøn filologi ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetjing.

Eit krav for tilsetjing i ekstraerverv er at ein har ei hovudstilling (minst 50 %) utanfor Universitetet i Bergen i heile åremålsperioden.


Om institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Instituttet har kring 80 vitskapleg tilsette, 18 administrativt tilsette, og kring 50 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Me tilbyr studieprogram i nordisk språk og litteratur, klassisk filologi, allmenn litteraturvitskap, digital kultur, lingvistikk, norsk som andrespråk, norrøn filologi, kunsthistorie, teatervitskap, og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. Lektorutdanninga i nordisk (norsk) er også ein del av LLE. Instituttet er òg vertskap for to senter: Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk. Til instituttet ligg også arbeid med tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.

For tida arbeider to fast tilsette, ein forskar og ein stipendiat innan norrøn filologi ved instituttet. Det er fleire med norrønkompetanse i tilstøytande fag og ved Universitetsbiblioteket.


Arbeidsoppgåver:

Arbeidet består hovudsakleg av undervisning (emne på 100-, 200- og 300-nivå), rettleiing og eksamensarbeid for studentar innanfor BA- og MA-programma i norrøn filologi og i nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen.

Administrative oppgåver knytt til undervisning og deltaking i den kontinuerlege utviklinga av faget høyrer også med.

Undervisningsspråka er norsk (eller eit anna skandinavisk språk) og engelsk.


Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Forskingskompetanse tilsvarande norsk doktorgrad innan norrøn filologi, nordisk språk og litteratur eller tilsvarande er eit krav.
  • Dokumentert kompetanse i norrønt språk og norrøn litteratur er eit krav. Ei brei fagleg orientering og kunnskapar innan tilstøytande mellomalderdisiplinar er ein føremon.
  • Undervisningskompetanse er eit krav, og erfaring med undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå vil verta særleg vektlagt i vurderinga av søkjarane. Erfaring med å utvikla læremiddel ein føremon.
  • Gode norsk- (hhv. svensk-, dansk-) og engelskkunnskapar er eit krav; det er forventa at søkjaren kan undervise både på skandinavisk og engelsk etter behov.
  • I tillegg vil det vera ein føremon med dokumentert kompetanse i moderne islandsk.

Den som blir tilsett må vere godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, formidlingsevner og entusiasme for arbeidet blir tillagt vekt. 

Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og at ein følger gjeldande retningslinjer.

Krav om nærvær på campus kan variera gjennom tilsetjingsperioden. UiB dekkjer som hovudregel ikkje reise- eller bukostnader for den som vert tilsett.


Hos oss får du:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
  • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen - nær både byliv og natur.
  • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
  • Brutto årsløn på kr 757 600-785 000 i full stilling (kode 1011). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdera høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. 

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:

  • Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om din motivasjon for å søkje stillinga.
  • Under «CV», oppgi:
    • Personalia.
    • Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn i dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar (publikasjonsliste) kan leggjast ved som eit separat dokument dersom ønskjeleg.
    • Språkferdigheiter.
    • Minst tre referansepersonar. Ein av desse bør vere noverande eller tidlegare overordna.
  • Under «Vedlegg» lastast følgjande opp som separate dokument:
    • Liste over vitskaplege publikasjonar og inntil fem vitskaplege arbeid som det skal takast omsyn til i vurderinga.
    • Dokumentasjon på pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis, utviklingsarbeid, mottekne prisar eller anna pedagogisk røynsle), undervisningsopplegg og/eller evalueringar.
    • Vitnemål som dokumenterer fullførte grader (skanna versjon av originalar eller rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning) og relevante attestar.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.

Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til fagkoordinator, førsteamanuensis Jens Eike Schnall på e-post: eike.schnall@uib.no, tlf: 415 99 161 eller instituttleiar, professor Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, tlf: 55 58 36 53

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultetet på e-post: fakadm@hf.uib.no.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Mangfald er ein styrke og gjer at me kan løysa oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.


Om arbeidsgiveren:

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Tre stipendiatstillingar ved Institutt for samfunnspsykologi
UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN
Norway, BERGEN

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Stipendiat

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultetet, er det ledig tre stipendiatstillingar (100%). Stillingane er for ein åremålsperiode på 4 år, med 25% karrierefremmande arbeid (undervisning, rettleiing, sensur, m.m.). Stillingane er finansiert av UiB. Oppstart i stillingane er seinast januar 2027.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Instituttet vil nytte universitetsstipendiatstillingane til å styrke pågåande forskingsfelt i regi av våre forskingsgrupper, med hovudrettleiar tilsett ved Institutt for samfunnspsykologi.

Dersom du vil søkja på stillinga, må du ta kontakt med potensiell rettleiar eller forskingsgruppe og utvikle ei prosjektskisse (sjå programskildringa for ph.d.-programmet for krav til prosjektskisse).

Tilsetting som stipendiat skjer på grunnlag av tidlegare utdanning og tidlegare vitskapelege arbeid samt kvalitet og relevans på idé og planar for forskingsprosjekt. Sjølve forskingsprosjektet som kandidaten søker om, vil bli vidareutvikla i samråd med den aktuelle forskingsgruppa og rettleiarar.

Stipendiaten vil ha sin arbeidsplass i Bergen, ved Institutt for samfunnspsykologi (ISP).


 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må på søknadstidspunktet ha oppnådd ein mastergrad i psykologi eller cand.psychol.-grad
  • Søkjarar må frå oppstart i stillinga kunne bidra i undervisnings- og formidlingsaktivitet på norsk eller eit anna skandinavisk språk
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå undervisning er ein fordel 

Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva for opptak i ph.d.-programmet ved fakultetet. Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. Sjølve tilsettingsprosessen, inkludert intervju av aktuelle søkarar, vil gå føre seg på norsk.


For stillinga gjeld følgande:

Om stipendiatstillinga:  Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid (undervising, rettleiing, sensur, m.m.) som skal bidra til at du kvalifiserer deg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. Du kan ikkje tidlegare ha vore tilsett i ein åremålsperiode som stipendiat ved Universitetet i Bergen

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Dersom UiB ikkje har mottatt svar på søknad om eksportlisens innan 6-12 veker, vil eit eventuelt tilbod om tilsetting annullerast.

Om ph.d.-utdanninga
Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet. 

Meir om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet finn du her.


Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Brutto årsløn som stipendiat (kode 1017) kr 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. Dersom du har spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert. 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Prosjektskisse (maks 10 sider inkl. referanseliste)
  • Stadfesting frå forskingsgruppe og ph.d-rettleiar
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve 
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning)
  • Dersom du har utanlandsk utdanning må du leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka  
  • Viktig: Dersom du har utanlandsk utdanning må du i tillegg legge ved HK-dir si generelle godkjenning av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå utvalde land er automatisk godkjent. Sjekk denne sida for kva utdanningar det gjeld: Automatisk godkjenning – et raskere alternativ | HK-dir (hkdir.no). Dersom dette gjeld deg, må du laste ned godkjenninga og legge den ved søknaden.
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Instituttleder Rune Aune Mentzoni, Institutt for samfunnspsykologi, rune.mentzoni@uib.no, tlf: 55588679

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

Om arbeidsgiveren:

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Arkeologisk feltarbeid 2026
UNIVERSITETET I OSLO SENTRALADMINISTRASJON
Norway, OSLO

Arkeologisk feltarbeid

Kulturhistorisk museum (KHM) søker engasjerte personer til arkeologisk feltarbeid i 2026.

Vi har ansvaret for forvaltningen av automatisk fredede kulturminner innenfor vårt myndighetsområde, som består av fylkene på Øst- og Sørlandet. Dette innebærer blant annet arkeologiske undersøkelser av kulturminner/fornminner som er frigitt med vilkår om utgravning. Funnmaterialet er basis for museets arkeologiske forskning og formidling.

For feltsesongen 2026 har KHM behov for både nyutdannede og erfarne medarbeidere. Vi ser etter deg som ønsker å jobbe sesongbasert med arkeologisk utgravning i felt.

Feltsesongen strekker seg normalt fra slutten av april til ut oktober, og av og til også utenfor dette tidsrommet. Arkeologisk seksjon er ansvarlig for gjennomføring av utgravningene.

De midlertidige ansettelsene vil være av ulik lengde og kan omfatte deltakelse i flere prosjekter. Vi betrakter alle søknadene som generelle, det vil si at de gjelder for alt feltarbeid som kommer i løpet av det tidsrommet du har oppgitt at du kan arbeide. Du har også mulighet for å uttrykke faglige ønsker i søknadsbrevet. Våre feltansatte skal samlet sett ha den nødvendige kompetansen for å undersøke lokaliteter fra alle perioder av forhistorien.


Hva ser vi etter hos deg? 

Vi ser etter deg som er ansvarsfull og som kan jobbe godt i team, av og til under krevende forhold. Du må ha evne og vilje til å skape gode arbeidsmiljø og samarbeide godt med andre. Personlig egnethet vil bli tillagt vekt.


Om stillingene

For feltsesongen 2026 har vi behov for følgende:

Feltassistenter (SKO 1514 Ledende forskningstekniker)

Arbeidsoppgaver: Feltassistent utfører oppgaver og assisterer ved feltarbeid under veiledning av ansvarlig feltleder/utgravningsleder. Eksempler på oppgaver er utgravning, prøvetaking, funnbehandling, dokumentasjon og assistanse ved innmåling.

Kvalifikasjonskrav:

  • Minimumskrav vil normalt være at søkeren er i gang med arkeologisk utdanning.

Feltassistent er lønnet fra kr 485 200 til 538 400.

Assisterende feltledere (SKO 1514 Ledende forskningstekniker)

Arbeidsoppgaver: Assisterende feltleder skal avlaste feltleder/utgravningsleder og ha stedfortrederfunksjon. Stillingen kan tillegges daglig arbeidslederansvar for en avgrenset del av et større feltarbeid. For- og etterarbeid kan bli aktuelt.

Kvalifikasjonskrav: 

  • Minimumskrav vil normalt være fullført bachelorgrad i arkeologi samt at søkeren har relevant erfaring fra arkeologisk feltarbeid. Kompetanse innenfor GIS/intrasis og katalogisering er en fordel. Det er ønskelig med førerkort for bil (klasse B).

Assisterende feltleder er lønnet fra kr 515 400 til 580 700.
 

Feltledere (SKO 1514 Ledende forskningstekniker) og Utgravningsledere (SKO 1434 rådgiver)

Arbeidsoppgaver: Feltleder/utgravningsleder har operativt ansvar for at feltarbeidet gjennomføres i henhold til gjeldende bestemmelser og retningslinjer og skal ivareta løpende koordinering og arbeidsledelse i felt. Stillingene innebærer for- og etterarbeid knyttet til utgravningsprosjektet. Nærmeste faglige overordnet er prosjektleder ved Arkeologisk Seksjon eventuelt prosjektleder/utgravningsleder på større utgravningsprosjekter.

Kvalifikasjonskrav: 

  • Minimumskrav vil normalt være fullført bachelorgrad i arkeologi (feltleder) eller master i arkeologi (utgravningsleder), samt at søkeren har bred relevant erfaring fra arkeologisk feltarbeid.
  • Det kreves god skriftlig formuleringsevne på norsk eller annet skandinavisk språk.
  • Kompetanse innenfor GIS/intrasis og katalogisering er en fordel. 
  • Det er ønskelig med førerkort for bil (klasse B). For utgravingsleder er dette et krav.

Feltleder er lønnet fra kr 546 100 til 600 000. Særlig godt kvalifiserte søkere ansettes som utgravningsleder (rådgiver SKO 1434).


 


Generelt om stillingene

  • Tiltredelse: Fra mars/april og ut feltsesongen. 

    Vi tar sikte på å avvikle fellesferie i uke 29 og 30 og det vil bare unntaksvis være aktivitet i felt i denne perioden. Ved ansettelse som feltleder/utgravningsleder kan etterarbeid også tilkomme.

    Ansettelser knyttet til sesongen 2026 vil maksimalt vare ut året.

  • Arbeidssted: Dagpendling og ukependling i forbindelse med feltarbeid på forskjellige prosjekter på Sør-og Østlandet. 

Vi tilbyr

  • Arbeid i Norges største miljø av arkeologer
  • Kollegaer med høyt faglig nivå
  • Varierte arbeidsoppgaver i ulike landskapstyper og med ulike kulturminnetyper
  • God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordninger

Søknad

Søknaden skal inneholde:

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Vitnemål og attester

Søknad med vedlegg må sendes inn via vårt rekrutteringssystem Jobbnorge, klikk “Søk stillingen”.

Når du søker på stillingen, ber vi deg hente utdanningsresultatene dine fra Vitnemålsportalen.no. Om utdanningsresultatene dine ikke er tilgjengelige via Vitnemålsportalen, ber vi deg laste opp kopier av vitnemålene eller karakterutskriftene dine. All dokumentasjon må være på engelsk eller et skandinavisk språk.

Vi ber om at du fyller ut CV og søknad nøyaktig. Angi hvilke stillingskategorier du er interessert i. Spesifiser gjerne faglige interesser/ønsker og opplys om eventuelle begrensninger i tidsrommet du kan arbeide eller om andre forhold som kan være av betydning. I forbindelse med tildelingen av arbeidet vil det bli foretatt lønnsplassering. Utdanning og arkeologisk erfaring må dokumenteres.

Feltarbeid tildeles fortløpende gjennom hele sesongen. De som får tilbud vil bli kontaktet. Send kun én søknad, men hold oss gjerne oppdatert gjennom sesongen dersom det skjer endringer av betydning, gjerne pr. mail til arkeologi-adm@khm.uio.no

Det kan være behov for å bemanne prosjekter tidlig i sesongen og vil kunne dukke opp behov for tiltredelse på kort varsel. Det er derfor fint å sende inn søknad snarest for å komme tidlig i betraktning. Søknader vil håndteres løpende.
 

 


Generell informasjon

Søkerlister kan bli offentliggjort iht. Offentleglova § 25 andre ledd. Når du søker jobb hos oss vil navnet ditt stå på den offentlige søkerlisten. Det er mulig å be om å bli unntatt denne listen. Du må begrunne hvorfor du ønsker unntak fra offentliggjøring og vi tar deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikke det vil du høre fra oss. 

Inkludering og mangfold er en styrke. UiO har et personalpolitisk mål om å oppnå en balansert kjønnssammensetning og rekruttere personer med innvandrerbakgrunn. Videre ønsker vi medarbeidere med ulike kompetanser, fagkombinasjoner, livserfaring og perspektiver. Vi vil tilrettelegge for medarbeidere som har behov for det. 


Kontaktinformasjon

Prosjektkoordinator Stine Annette Melvold, tlf. 22851947, epost: arkeologi-adm@khm.uio.no

 

 


Om arbeidsgiveren:

Universitetet i Oslo er Norges eldste og høyest rangerte forsknings- og utdanningsinstitusjon med 28 000 studenter og 7 500 ansatte. Faglig bredde og internasjonalt anerkjente forskningsmiljøer gjør UiO til en viktig samfunnsaktør.

 

Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo er et av landets største kulturhistoriske museer.  Museet er forskningsintensivt og en universitetsenhet med status på linje med UiOs fakulteter. Det rommer den største arkeologiske-, etnografiske- og numismatiske samlingen i Norge. Museet inkluderer også vikingskipene på Bygdøy, en kirkekunstsamling fra middelalderen, klassiske og egyptologiske samlinger fra Middelhavslandene og et runearkiv.
KHMs etos: Åpen, utforskende, troverdig.

Operátor CNC stroje (m/ž), Seřizovači a obsluha číslicově řízených dřevoobráběcích strojů na výrobu dřevěných výrobků
CZECH DOORS a.s.
Czechia, Těšovice
Příspěvek na stravovaní, nástup se zácvikem. Podmínkou je zasílání životopisu na email: czechdoor@seznam.cz.
General practice specialists for opportunities in Sweden
KLETOR AS
Sweden

Dignus Medical connects family medicine specialists with long-term GP jobs across Sweden. We specialize in matching your medical qualifications and personal preferences with clinics and healthcare providers that value your contribution and support your professional development.

 

We are currently looking for EU-certified specialists in family medicine whose qualifications align with the Swedish GP specialty.

 

About the position

We offer permanent roles at primary care centers and medical clinics throughout Sweden. As a general practitioner, you will be a key point of contact for patients and play an essential role in early diagnosis, treatment, and the long-term management of both chronic and acute conditions.

 

Whether you are drawn to smaller communities or urban environments, we will help you find a position that fits your lifestyle and career goals.

 

What we offer

  • Permanent employment with public or private clinics
  • Competitive salary and balanced working hours
  • Relocation support for you and your family
  • Language training and integration support
  • Full assistance throughout the recruitment and onboarding process

Requirements

  • EU-recognized specialist qualification in family medicine or general practice, equivalent to Swedish standards
  • Good communication skills in English
  • Willingness to learn Swedish (language course provided)
  • Team-oriented and patient-focused approach
  • Motivation to build a long-term career in Swedish primary care

Why choose Dignus Medical?

With over 20 years of experience in international medical recruitment, Dignus Medical is a trusted partner for doctors seeking permanent GP jobs in Sweden. We guide you through every step of the process, from your first interview to your relocation and integration, ensuring a smooth transition and a sustainable career in Swedish healthcare.

 

Interested in learning more?

We’d love to hear from you. Submit your application or contact us today to explore current openings.

 

Let us help you take the next step in your career as a general practitioner in Sweden!

 

You can also register your CV or sign up for our newsletter to stay updated on future opportunities. 

 

Om arbeidsgiveren:

Dignus Medical specializes in recruiting doctors, specialists and nurses for the healthcare sector across Scandinavia. We help solve staffing challenges by matching the right professionals with the right employers – at the right time. This year, we proudly celebrate our 20th anniversary. Watch our anniversary film and join us on our journey!

Are you passionate about Italian cuisine? Chef wanted
PASTA SENTRAL AS
Norway, BERGEN

Chef – Join the Kitchen Team at Pasta Sentral

Are you passionate about Italian cuisine and looking to work in a restaurant with a long-standing tradition?

 

Pasta Sentral is looking for a skilled and enthusiastic Chef to join our kitchen team in Bergen, Norway. Every day, we prepare fresh homemade pasta, bake authentic pizzas in our wood-fired oven, and serve classic Italian dishes made with high-quality ingredients.

 

This is a great opportunity to become part of a well-established restaurant where craftsmanship, quality, and great guest experiences are at the heart of everything we do.

Your responsibilities

  • Prepare high-quality Italian dishes
  • Produce fresh homemade pasta and other kitchen preparations
  • Prepare and bake pizzas in a wood-fired pizza oven
  • Assist with food preparation before service
  • Work efficiently during busy à la carte service
  • Maintain high standards of food safety, hygiene, and cleanliness
  • Collaborate closely with the rest of the kitchen team

We are looking for someone who

  • Has previous experience as a chef or pizza chef in a restaurant
  • Is passionate about Italian food and quality ingredients
  • Works efficiently and stays organized under pressure
  • Enjoys working in a fast-paced environment
  • Is reliable, positive, and a strong team player
  • Speaks fluent English. Norwegian is an advantage but not required.

We offer

  • Full-time, permanent position
  • Competitive salary and employment conditions
  • The opportunity to work with both fresh handmade pasta and authentic wood-fired pizza
  • A welcoming and supportive international team
  • A stable workplace with a strong reputation and nearly 40 years of history
  • Opportunities for professional growth and increased responsibility
  • Start date: As soon as possible or by agreement

If you enjoy Italian cooking and want to be part of a kitchen where fresh pasta, authentic pizza, and quality are the main focus, we'd love to hear from you.

 

Apply today with your CV and a short introduction. Applications will be reviewed on an ongoing basis.

Om arbeidsgiveren:

Pasta Sentral is one of Bergen's best-known Italian restaurants, serving authentic Italian cuisine since 1988. Located in the heart of the city, we are known for our fresh homemade pasta, wood-fired pizzas, and classic Italian dishes prepared with high-quality ingredients. Our kitchen combines traditional Italian craftsmanship with a welcoming, fast-paced atmosphere where quality and guest satisfaction always come first. Every day, we prepare fresh pasta from scratch and take pride in delivering genuine Italian flavors in a relaxed and friendly setting.

Housekeeper – Full-Time Seasonal Position
KONGSVOLD FJELDSTUE
Norway, DRIVDALEN

Do you enjoy creating a clean, welcoming environment for guests? Are you hardworking, reliable, and looking for a seasonal opportunity in one of Norway's most beautiful mountain destinations?

Kongsvold Fjeldstue, part of Frich's Hotels & Restaurants, is looking for a dedicated Housekeeper to join the team for the summer season, with employment until the end of September.

About the role

As a Housekeeper, you will play an important part in ensuring our guests enjoy a comfortable and pleasant stay. The work is fast-paced during the summer season, so we are looking for someone who enjoys staying active and takes pride in delivering high standards.

Your responsibilities

  • Cleaning guest rooms and bathrooms
  • Cleaning and maintaining public areas
  • Changing bed linen and replenishing room supplies
  • Reporting maintenance issues when necessary
  • Following hygiene and cleaning standards
  • Working closely with the hotel team to ensure excellent guest experiences

We are looking for someone who

  • Speaks fluent English
  • Holds a valid Category B driver's licence
  • Is physically fit and enjoys practical work
  • Is reliable, efficient, and pays attention to detail
  • Can work both independently and as part of a team
  • Has previous housekeeping experience

We offer

  • Full-time seasonal employment until the end of September
  • Staff accommodation in shared housing
  • Accommodation cost: NOK 3,500 per month
  • A supportive and friendly international team
  • The opportunity to live and work in the beautiful Norwegian mountains
  • A busy workplace where no two days are the same

If you are motivated, enjoy working in hospitality, and are ready for an exciting summer in Norway, we would love to hear from you.

 

Apply today with your CV and a short introduction. We review applications on an ongoing basis, so don't wait to apply.

 

Om arbeidsgiveren:

Kongsvold Fjeldstue is a historic mountain hotel located in the heart of Dovrefjell National Park in Norway. Surrounded by mountains, hiking trails, musk ox safari experiences, and untouched nature, the hotel offers guests a peaceful and authentic Norwegian mountain experience. The hotel is part of the Frich’s hotel group and combines traditional Norwegian hospitality with local food traditions and a strong focus on homemade cuisine.  The property has 36 guest rooms and welcomes both tourists and travelers exploring central Norway. In addition to the hotel restaurant, Kongsvold also operates a small café/kro where guests can enjoy sandwiches, traditional meals, and lighter dishes throughout the day. Working at Kongsvold means living and working closely with nature in a quiet mountain setting, while being part of a small and social team.

IESAIŅOTĀJS (ROKU DARBS)
UAB "Live group" Latvijas filiāle
Latvia

Darba pienākumi. 

Manuāla šprotu pakošana kārbās uz līnijas. Kārbas: dzelzs 160 g un stikla 250 g. Darbs stāvus, viena maiņa 8 stundas, cehā +20°C.

Prasības. 

Nepieciešami fiziski izturīgi darbinieki, kas spēj veikt darbu stāvot kājās 8 stundas un veicot manuālu un diezgan monotonu darbu. Meklējam uz ilgtermiņu orientētus darbiniekus, kas arī iepriekš ir strādājuši ilgtermiņā darba vietā

Atalgojums. 

Akorda alga, par nosacīto kārbu. No 1 690 € bruto mēnesī. Pārsniegums tiek apmaksāts atsevišķi. 

Mēs piedāvājam. 

Laicīgu algas izmaksu. Speciālo apģērbu un tā mazgāšanu. Telpu pusdienām rūpnīcā. 10 nedēļu apmācību periods.

Darba vieta. 


SIA NS Estate Konservu rūpnīcā, Nīcā, Latvijā., 15 km no Liepājas.



Interesentiem lūdzu rakstīt un sūtīt CV uz email: info@ u-recruit.lv


Go to top