Traženje posla
Pronađite pravi posao među tisućama poslova koji se nude diljem Europe. Rezultate pretraživanja pruža EURES - Europski portal za radnu mobilnost.
Vil du vere med og leie samfunnsoppdraget i kommunen vår?
Surnadal kommune skal tilsette ein engasjert og tydeleg Kommunalsjef Livsløp som er opptatt av å utvikle eit inkluderande livsmeistringssamfunn frå "vogge til grav".
Stillinga er ei ny nøkkelrolle i kommunedirektøren si strategiske leiargruppe, og du får ein unik sjanse til å forme rolla frå grunnen av. Stillinga vil ha stor gjennomslagskraft i lokalsamfunnet.
Samfunnsoppdraget vårt er å skape eit samfunn der alle innbyggarane kan oppleve tryggleik, vekst og eit godt liv gjennom heile livsløpet.
Kommunalsjef Livsløp har oppvekst og helse og omsorg som sitt arbeidsområde.
Kva får du?
- Du får utøve leiing med stor gjennomslagskraft ved at du har det overordna ansvaret for å vidareutvikle og leie viktige tenesteområde i kommunen. Du får vide rammer til å utfordre det vi har i dag og drive fram prossar for kontinuerleg forbetring og innovasjon.
- Handtere omstilling gjennom å ha mot til å prioritere og leie organisasjonen gjennom endringsprosessar knytt til berekraft, ressursbruk og digitalisering.
- Bygge godt leiarskap ved å utvikle og motivere kompetente einingsleiarar. Du har som mål å styrke Surnadal kommune som ein attraktiv arbeidsgjevar.
- Assisterande kommunedirektør. Til stillinga ligg funksjonen som assisterande kommunedirektør. Innhald m.v i funksjonen vil bli avklart i dialog med kommunedirektøren vår og vil bli tilpassa den som får stillinga som kommunalsjef.
Kjerneoppgåver:
Oppdraget ditt er å sikre forsvarleg, framtidsretta og samla drift og utvikling av tenesteområda i Livsløp-sektoren med fokus på:
- Strategisk utvikling: Utøve overordna fagleg, administrativt og økonomisk ansvar. Du sikrar at tenestene møter menneska der dei er.
- Endrings- og innovasjonsleiing: Vere ein pådrivar for innovasjon og med evne til å tilpasse tenestene og organisasjonen i takt med endringane i Surnadalssamfunnet.
- Leiarutvikling og personalansvar: Leie og motivere leiarane i sektoren og fremme ein kultur for samarbeid, åpen kommunikasjon og tillit, basert på kommunen sine verdiar.
- Politisk samhandling: Sikre god dialog og saksbehandling opp mot politisk nivå.
Kven er du?
Du er ein samfunnsbyggar som er levande opptatt av folk og samhandling, og som evner å balansere mange omsyn.
Kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå.
- Leiarerfaring frå komplekse organisasjonar, gjerne frå kommunal verksemd.
- Dokumenterte resultat frå endringsleiing, organisasjonsutvikling og budsjettansvar.
- Erfaring frå personalarbeid og oppfølging av medarbeidarar.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Vi ser særleg etter deg som:
- Er ein tydeleg og trygg leiar med god rolleforståing.
- Kan motivere tilsette med brei og god kompetanse innafor ulike fagområde.
- Har engasjement for å bygge "framtidskommunen" og evne til å gjennomføre endringar i det beståande.
- Er analytisk og har godt blikk ofr strukturert, systematisk og systemisk arbeid.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt høgt i vurderinga av kandidatane.
Vi tilbyr:
- Ei interessant og spennande leiarstilling, der du får delta både i strategisk arbeid, samfunnsutvikling og drift av kommunen.
- Ei sentral rolle for deg som vil påvirke og vidareutvikle Surnadal kommune som ein attraktiv stad å bu og leve i.
- Lønn etter avtale.
- Konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
Søknad og prosess:
Vi ønskjer at arbeidsplassane i Surnadal kommune skal vere prega av mangfald og inkludering og at medarbeidarane vår skal spegle befolkninga i kommunen elles.
Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande og fortruleg samtale:
MindMap v/partner Yngve Kruse, tlf 99393707
MindMap v/partner Linda Kristin Offenberg, tlf 97644848
Kommunedirektør i Surnadal kommune Lars Inge Kvande, tlf 95188822
Om offentleggjering av søkarar:
Surnadal kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det inneber at du som for søkar må begrunne særskilt kvifor du ønsker unntak frå offentleggjering. Kommunen vurderer eventuelle søknader om unntak etter reglane i offentleglova.
Dersom søknad om unntak ikkje blir innvilga, vil søkaren bli kontakta og får høve til å trekke søknaden på stilling før søkarlista blir gjort offentleggjort.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Surnadal kommune ligg på Nordmøre ved foten av Trollheimen og har ca 6000 innbyggjarar. Vi har eit variert næringsliv og barnehage- og skuletilbodet er godt utbygd. Kommunen har eit svært allsidig kultur- og organisasjonsliv. Naturen er flott og variert, med lett tilgang til skog og mark, fjell, fjordar og elver. Surnadal kommune er ein stor arbeidsplass med eit mangfald av oppgåver og tenester som blir utført av dyktige medarbeidarar. Vi tilbyr varierte og spanande arbeidsoppgåver, trivelege kollegaer og gode pensjonsordningar. Dei om lag 525 årsverka våre er fordelt på mange ulike arbeidsstader, og med forskjellige yrke og kompetanse. Saman har vi eit felles ansvar for å arbeide til beste for innbyggarane våre. Vi ønskjer tilsette som kan vere gode bidragsytarar i utviklinga av dei kommunale tenestene.Vi søkjer no etter to engasjerte og kompetente fagkonsulentar. Den faste stillinga er for tida i vårt ROP-team, og vikariatet for tida i eit av våre allmennteam.
Som fagkonsulent vil du få ei spennande og variert rolle innanfor helse- og sosialfagleg arbeid. I seksjonen er vi om lag 20 fagkonsulentar med ulik fagleg bakgrunn – frå psykiatriske sjukepleiarar til sosionomar, vernepleiarar og barnevernspedagogar – alle med vidareutdanning. Hos oss vil du jobbe tett saman med andre helse- og sosialfaglege spesialistar som legar, psykologar, fysioterapeutar.
Om oss
Poliklinikken vår ein allmennpsykiatrisk poliklinikk som tilbyr utgreiing og behandling til personar med moderate til alvorlege psykiske lidingar og rus. Vi nyttar eit breitt spekter av behandlingsformer – ulike former for samtaleterapi individuelt og i grupper, og medikamentell behandling der det er naudsynt. Poliklinikken har brei kompetanse innan fleire terapeutiske retningar, mellom anna psykodynamisk terapi, kognitiv og mentaliserings terapi, gruppebehandling, motiverande intervju og traumebehandling. Behandlinga blir alltid tilpassa den enkelte pasient basert på utgreiing og behov.
Poliklinikken vår har om lag 54,5 tilsette og er organisert i ulike team: allmennteam, oppfølgingsteam, ROP-team og avklarings- og utgreiingsteam. I tillegg har vi eit ambulant akutteam og eit FACT-team som held til utanfor poliklinikken.
ROP-teamet (Rus- og psykiatriteamet) vårt tilbyr utgreiing og behandling til personar med moderat til alvorleg rus- og avhengigheitsproblematikk i kombinasjon med psykiske lidingar. Vi nyttar blant anna kognitiv terapi, motiverande intervju, gruppebehandling og medikamentell behandling i oppfølgingsarbeidet, og jobbar tett saman med kommunale tenester og andre aktørar for å sikre heilskapleg behandling. Allmennteamet behandlar på si side breidda av allmennpsykiatriske problemstillingar – frå angst og stemningslidingar til psykose og personlegdomsutfordringar – med individuelt tilpassa behandlingsløp for kvar pasient.
Oppstart på fast stilling er 01.02.26, og 1 års vikariat med oppstart frå 01.01.26.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av rus og psykiske lidingar i samarbeid med spesialist
- Delta regelmessig i tverrfaglege behandlingsmøter, veiledning og vere med på alle faste møte
- Delta i diverse samarbeidsfora rundt pasienten
- Vidareutvikling av behandlingstilbodet
Kvalifikasjonar
- 3-årig helse- og/ eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå med relevant vidareutdanning frå høgskole/universitet
- Fortrinnsvis sykepleiar, sosionom eller vernepleiar
- Vi ønskjer at rett kandidat har erfaring frå denne type arbeid eller tilsvarande
- Det er sterkt ønskjeleg at ein har terapiutdanning i tillegg til grunnutdanninga
- Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskaper
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er strukturert og målretta
- Du er nytenkande og endringsorientert
- Du liker å arbeide sjølvstendig og i tverrfagleg team
- Du kommuniserer godt både internt og eksternt
- Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø med dyktige og erfarne kollegaer
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Moglegheit for vidare- og etterutdanning
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg til CV.
Byer vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Jørgen Lægreid, Seksjonsleiar, +47 92849056, Jorgen.Legreid@helse-mr.noArbeidssted
Hagan 96516 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5044251025
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 31.12.2025
Om arbeidsgiveren: