Medisinsk sengepost Volda har ledig fast stilling som seksjonsleiar frå 16.11.2026
Sengeposten har 30 sengeplassar og tek imot pasientar med eit stort spekter av diagnosar. Dette er ein arbeidsplass med god breidde i kompetanse.
Seksjonsleiar er med i klinikken si leiargruppe og samarbeidar tett med dei andre seksjonsleiarane i Klinikk Volda. Klinikksjef er næraste overordna.
Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for dagleg drift i seksjonen
- Samarbeide med andre seksjonar
- Fag-, personal- og resultatansvar
- Ansvar for ressursstyring
- Sikre fagleg forsvarlege tenester, pasienttryggleik og kvalitet i seksjonen
- Utvikle mål og handlingsplanar innanfor gjeldande rammer og strategiar
- Delta aktivt i leiargruppa i klinikken
- Leie omstilling og utviklingsarbeid i eigen seksjon
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
- Relevant vidareutdanning i leiing og/eller relevant leiarerfaring kan vere ein fordel
- Relevant klinisk erfaring frå fagområdet er ønskjeleg
- God datakompetanse og erfaring i bruk av IKT verktøy
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Personleg eigning vert særleg vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du er ein synleg og tydeleg leiar for dine tilsette
- Du kan motivere og inspirere andre
- Du kan arbeide i team med ulike profesjonar
- Du er endringsvillig og handlekraftig
- Du er nytenkjande og løysingsorientert
- Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjordar og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.
Kontaktinformasjon
Siv Jensen, Konst. ass. klinikksjef, siv.jensen@helse-mr.noArbeidssted
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5149461484
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 16.11.2026
Søknadsfrist: 10.08.2026
Om arbeidsgiveren:
Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede an i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal