europass

Căutați un loc de muncă

Găsiți locul de muncă potrivit, printre miile de oportunități disponibile în Europa. Rezultatele căutării sunt furnizate de EURES - portalul mobilității europene pentru ocuparea forței de muncă. 

Rezultate
Sunt afișate 49313 Rezultate

Sort by
Miljøveileder  med teiknspråkkompetanse - Orstad læringssenter
ORSTAD SKULE
Norway, KLEPP STASJON

Vil du bidra til at elevane ved Orstad læringsenter får ein lærerik kvardag?

Orstad læringssenter har ledig fast stilling som miljøveileder med teiknspråkkompetanse frå 01.08.2026.

Orstad skule er en 1-10 skole med læringssenter som er lokalisert like ved Kverneland og Klepp stasjon. Det er totalt ca 320 elever og 65 ansatte. Skulen ligg i flotte omgjevnadar like ved flotte turområde slik som Kalbergskogen og Frøylandsvatnet. Orstad læringssenter har no 13 elevar frå 1.-10.trinn med særskilde behov. Elevgruppa består av elevar med store samansette funksjonsnedsettingar, elevar med autismespekterforstyrrelse og elevar med ulike diagnosar.  Personalet er samansett av miljøarbeidarar, miljøveiledare og pedagogar. Avdelinga har SFO-tilbod.

Skulen er oppteken av å utvikle eit inkluderande fellesskap som fremjer helse, trivsel og læring for alle. Me er opptekne av at alle elevane og dei tilsette skal ha eit trygt og godt lærings - og arbeidsmiljø. 

Skulen sin visjonen er "Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra", og verdiane våre er å vere godt fagleg førebudd, ha eit trygt, ope og positivt læringsfellesskap, klare mål og forventningar til elevane og tydelege vaksne.

Ikkje vent til fristen med å søkje, me kjem til å invitera inn aktuelle søkarar fortløpande til intervju. Velkommen til ein spennande arbeidsplass!


Arbeidsoppgåver

  • Aktivt arbeide med elever i skule og skulefritidsordning, det inneber tilrettelegging for læring for elever med ulike funksjonsnedsettelser, inkludert atferdsmessige og/eller medisinske utfordringer
  • Delta og samarbeide i fleirfaglige team
  • Bruk av evidensbasert metodikk og arbeidsmåtar
  • Bruk av digitale hjelpemiddel, teiknspråk og ASK i undervisning
  • Ved behov yte bistand til elever i drosjeskyss til/frå skolen og aktivitetar utanfor ordinar skuletid i skulen sin regi

Kvalifikasjonar

  • Vernepleiar/sjukepleiar/barnevernspedagog eller anna relevant høgskuleutdanning
  • Kompetanse innan teiknspråk
  • Erfaring frå arbeid med elever med autismespekterforstyrrelser og/eller store samansette funksjonsnedsettingar
  • Kompetanse vedr forebygging og handtering av utfordrande åtferd
  • Kjennskap til alternative kommunikasjonsformer og - hjelpemiddel
  • Oppdatert på relevante arbeidsmåtar og forskingsbasert metodikk
  • Veiledningskompetanse i en til en og i grupper
  • Personlig egnethet blir vektlagt

I tråd med opplæringslova er tilfredstillande politiattest ei forutsetning før tilsetting.

Attestar og vitnemål

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kan gi uttelling på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

  • Du er systematisk og strukturert
  • Du holder deg fagleg oppdatert
  • Du viser engasjement og evne til refleksjon
  • Du er raus og positiv og har genuin interesse for arbeid med barn med nedsatt funksjonsevne
  • Du tar ansvar, er fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Evne til å tenke helhetlig rundt elevens læringsmiljø
  • Flink til å formidle bodskap i veiledningssituasjonar

Vi tilbyr

Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger. Ansettelse skjer forøvrig på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysing, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler. Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk

Kontaktinformasjon

Randi Harveland, rektor, +47 41292877

Arbeidsstad

Skogvegen 26
4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5096147879
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2026

Om arbeidsgiveren:

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

 

Teiknspråklærar-Orstad læringssenter
ORSTAD SKULE
Norway, KLEPP STASJON

Teiknspråklærar - Orstad læringssenter

Orstad læringssenter har ledig stilling som teiknspråklærar frå 01.08.2026.

Orstad skule er en 1-10 skole med læringssenter som er lokalisert like ved Kverneland og Klepp stasjon. Det er totalt ca 320 elever og 65 ansatte. Skulen ligg i flotte omgjevnadar like ved flotte turområde slik som Kalbergskogen og Frøylandsvatnet. Orstad læringssenter har no 13 elevar frå 1.-10.trinn med særskilde behov. Elevgruppa består av elevar med store samansette funksjonsnedsettingar, elevar med autismespekterforstyrrelse og elevar med ulike diagnosar.  Personalet er samansett av miljøarbeidarar, miljøveiledare og pedagogar.

Skulen er oppteken av å utvikle eit inkluderande fellesskap som fremjer helse, trivsel og læring for alle. Me er opptekne av at alle elevane og dei tilsette skal ha eit trygt og godt lærings - og arbeidsmiljø. 

Skulen sin visjonen er "Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra", og verdiane våre er å vere godt fagleg førebudd, ha eit trygt, ope og positivt læringsfellesskap, klare mål og forventningar til elevane og tydelege vaksne.

Ikkje vent til fristen med å søkje, me kjem til å invitera inn aktuelle søkarar fortløpande til intervju. Velkommen til ein spennande arbeidsplass!


Arbeidsoppgåver

  • vere kontaktlærar for 3 elevar
  • Delta og samarbeide i fleirfaglige team
  • Bruk av digitale hjelpemiddel, teiknspråk og ASK i undervisning
  • Planleggja og gjennomføra eit tilrettelagt, variert og inkluderande undervisning med vekt på å utvikla den faglege og sosiale kompetansen til elevane
  • Sikre ein trygg, inkluderande og god skulehvardag for elevane

Kvalifikasjonar

  • Du har formell undervisningskompetanse og erfaring frå grunnskolen, 1.-7. trinn / barnehagelærar
  • Undervise etter § 3-4 i teiknspråkopplæring og følgje opp eleven sin teiknspråkutvikling
  • Pedagogisk utdanning med minst 60 studiepoeng i teiknspråk
  • Du har god forståing og kjennskap til  læreplanverket
  • Du har god kunnskap i norsk både munnleg og skriftleg
  • Kompetanse vedr forebygging og handtering av utfordrande åtferd
  • Kjennskap til alternative kommunikasjonsformer - og hjelpemiddel
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

I tråd med opplæringslova er tilfredstillande politiattest ei forutsetning før tilsetting.

Attestar og vitnemål

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kan gi uttelling på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

  • Du vert motivert av å gjere ein forskjell for elevane

    Du er raus og positiv og har genuin interesse for arbeid med barn av nedsatt funskjonsevne
    Du er god til å samarbeide med både elevar, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
    Du er fagleg oppdatert og trivst med utviklingsarbeid
    Du er løysningsorientert, fleksibel og sjølvstendig
    Du har godt humør 

Vi tilbyr

  • ein spanande, krevande og viktig jobb i eit energisk og positivt arbeidsmiljø
  • gode muligheter for fagleg og personleg utvikling

Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons - og forsikringsordninger. Ansettelse skjer for øvrig på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysning, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler. Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk.

 

Kontaktinformasjon

Randi Harveland, rektor, +47 41292877

Arbeidsstad

Skogvegen 26
4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5096112292
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2026

Om arbeidsgiveren:

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

 

Helsefagarbeidar i natt-tenesta
KVAM HERAD SENTRALADMINISTRASJON
Norway, NORHEIMSUND

Vil du jobba med oss i natt-tenesta?

Me gjev tenester til pasientar og brukarar i heildøgnsomsorg, i heimetenesta og til menneske med utviklingshemming. Gruppa jobbar fleksibelt og samarbeider på tvers av dei ulike gruppene i heile kommunen,  Øystese -Norheimsund - Strandebarm 

Me søkjer helsefagarbeidarar til to faste stillingar. Stillingane er ledige frå snarast.

  • 50 % fast stilling med arbeid 3.kvar helg
  • 60 % fast stilling med arbeid 2.kvar helg  

Skriv i søknaden din kva stilling du søkjer på.


Arbeidsoppgåver

Omsorgsoppgåver som stell og pleie i heimetenesta, ved heildøgns omsorg og i omsorgsbustad

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. Dersom det ikkje søkjer helsefagarbeidarar kan søkjarar med relevant erfaring frå pleie og omsorg bli vurdert for vikariat 
  • Du må ha sertfikat klasse B 
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, tilsvarande B2
  • Du må kunna arbeida sjølvstendig og i team
  • I natt-tenesta er me avhengig av eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenester og kollegaer og me søkjer difor etter ein fleksibel, engasjert og løysingsorientert helsefagarbeidar

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. 

Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som:

  • Tek ansvar og likar ei utfordring
  • Har lyst til å utvikla deg fagleg
  • Du likar ein variert arbeidskvardag med spanande utfordringar
  • Møter andre på ein respektfull og open måte

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø, på ein arbeidsplass som er i utvikling
  • Hjå oss får du moglegheit til fagleg utvikling
  • Du får øvd opp vurderingskompetansen din og brukt kunnskapen din i samspel med pasientar i ulike livsfasar
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.   


Kontaktinformasjon

Ioana Hauge, Gruppeleiar Natt-tenesta i Kvam, +47 481 45 217

Arbeidsstad

Nedre Norheim 44
5600 NORHEIMSUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5088391671
Stillingsprosent: 50,6%
Fast
Søknadsfrist: 08.04.2026

Om arbeidsgiveren:

Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek. 

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir

Rektor i Lesja og Dovre kulturskole og UKM-kontakt for Dovre kommune
DOVRE KOMMUNE ADMINISTRASJONSAVDELING
Norway

Ved Lesja og Dovre kulturskole er det frå 01.08.2026 -- 01.08.2027 ledig 45 % vikariat som rektor, og 5 % som UKM-kontakt i Dovre kommune. Til saman 50% stilling.

Arbeidsoppgåver:

  • Kulturfagleg, pedagogisk og administrativ leiing, med fag-, økonomi-, og personalansvar.

  • Planarbeid og rapportering.

  • Marknadsføring av kulturskulen, blant anna gjennom heimesider, Friskus og andre plattformer.

  • Arrangementsleiing og produksjonsarbeid.

  • Utviklingsarbeid og tverrfagleg samarbeid med andre tenester i kommunen, i tråd med kulturskulen sin rammeplan og lokalsamfunnet sitt behov.

  • Deltaking i regionale-, fylkeskommunale-, og nasjonale samarbeid, blant anna i regi av Kulturskolerådet.

  • UKM-kontakt for Dovre kommune.


Kompetansekrav

  • Høgare relevant utdanning frå universitet eller høgskule, på minimum bachelornivå.

  • Pedagogisk kompetanse.

  • Evne til å uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg.

  • Gode digitale dugleikar.


Kompetanseønske

  • Leiarutdanning eller leiarerfaring.

  • Erfaring frå undervising i kulturskulen.

  • Kunnskap om kommunar og offentleg forvaltning.


Vi vil gjerne ha din søknad dersom du

  • Er god til å samarbeide og har gode evner til kommunikasjon.

  • Er positivt innstilt, er engasjert i kulturskule, er nyskapande og nytenkande.

  • Innehar fagleg kunnskap om kulturskulefaget, og har vore aktiv sjølve innanfor kunst- og kulturfeltet.

  • Ynskjer å utvikle Lesja og Dovre kulturskole i tråd med rammeplanen <<Kulturskole for alle>>.

Personleg høvelegheit vil bli tillagt stor vekt.
Søkar er nøydd til å ha førarkort klasse B.
Politiattest er påkravd ved tilsetjing.

Det er moglegheiter for auka stilling dersom søkar har kompetanse innanfor dansepedagogikk, då det vil bli ledig eit vikariat på 30 % som dansepedagog i same periode.

Kulturskulen si arbeidstid kan gå føre seg både på dagtid, kveldstid og på helg, og det forventast fleksibilitet med tanke på dette.

Vi tilbyr deg eit spennande, tverrfagleg og utviklande arbeidsområde, lønn etter avtale/tariff, pensjonsordning i KLP, bilgodtgjering og mobiltelefonordning. For øvrig gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår. Vi gjer deg også merksam på at Dovre kommune er i kommunegruppe 5, og er med i den nasjonale ordninga til Lånekassen som omhandlar sletting av studiegjeld.

Vi har om lag 130 elevar fordelt på danse- og musikktilbod mellom alderen 6 og 19 år. Vi tilbyr vekentleg undervising i tråd med grunnskulen sitt årshjul, i tillegg til at vi har fleire kortkurs i laupet av skuleåret og samarbeid med fleire lag og foreiningar.

Lesja og Dovre kulturskole er eit ressurssenter for kunst og kultur i kommunane våre, og eit viktig bidrag til det lokale kulturlivet. Difor er vi opptekne av å nå ut til også andre målgrupper enn vår kjernemålgruppe (1. trinn til 3. vgs.), som til dømes barnehagar og eldreheimar.

Vi arrangerer mange førestillingar, kurs og tilstellingar gjennom året, og ser på det som ei viktig kjelde til motivasjon og glede både for elevar og resten av lokalsamfunnet.

I Lesja og Dovre kulturskole er det tilsett ein rektor, ein kontorhjelp, og sju lærarar. Vi er ei samansveisa og ressurssterk gruppe som brenn for kulturskulen vår, og for å vidareutvikle kulturskulen til å bli den beste for innbyggjarane i Lesja og Dovre.

Nærare opplysingar får du ved å kontakte Martine Haugen, kulturskulerektor, på tlf. 975 95 638 eller e-post: martine.haugen@dovre.kommune.no eller Ingunn Korsen, oppvekstsjef, på tlf. 992 94 019 eller e-post: ingunn.korsen@dovre.kommune.no.

Kopiar av vitnemål og attestar ber vi om at du tar med på eit eventuelt intervju.

Vi gjer deg merksam på at namn på søkar kan bli offentleggjort sjølv om det blir bedt om reservasjon mot det, jamfør offentleglova §25. Søkarane vil i så fall bli varsla om dette på førehand.

Om arbeidsgiveren:

Lesja og Dovre kulturskole er ein interkommunal kulturskole for Lesja og Dovre kommunar, øvst i Gudbrandsdalen. Vi grenser til Trøndelag i nord og Møre og Romsdal i vest, og held til i store og langstrakte kommunar.

Sjukepleiarar ved Skodje omsorgssenter
SKODJE OMSORGSENTER
Norway, SKODJE

 Skodje omsorgssenter har ledig to sjukepleiestillingar:

  • 1 x 85 % - Arbeid i todelt turnus dag /kveld og med arbeid kvar 3.helg.
  • 1 x 80 % - Arbeid i todelt turnus dag/kveld og med arbeid kvar 3. helg.

Verksemda har økonomisk rekrutteringstiltak for sjukepleiarar.

Skodje omsorgssenter har 27 sjukeheimsplasser fordelt på tre avdelingar. Ei avdeling for personar med demens, to somatiske avdelingar med langtidsplassar, kortidsplassar og avlastning.

Skodje omsorgssenter har eit allsidig praksisfelt, med eit stort spekter av pasientutfordringer og diagnoser. Det er dermed gode moglegheiter for å få bruke, samt videreutvikle sjukepleiekompetansen din hos oss.

Skodje omsorgssenter er også ei klinisk utdanningsenhet (KLU-enhet). Dette innebærer eit tettare samarbeid mellom institusjonen og NTNU. Formålet med dette samarbeidet er å gi sjukepleiestudentar ein ekstra god læringsarena i praksis. Skodje Omsorgssenter er dermed ein god bidragsyter for utdanning av framtidige sjukepleiarar. Vi har flere sjukepleiarar med videreutdanning i praksisveiledning, og har god erfaring med veiledning i Svip-modellen.

Skodje er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping like i nærheita, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i distriktet Skodje har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, kor osv.


Arbeidsoppgåver

  • Sikre at bebuarar/pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer.
  • Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen).
  • Legemiddelhandtering.
  • Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar.
  • Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar.
  • Fremje godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell.
  • Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar.
  • Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen. 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sykepleiar 
  • Relevant erfaring er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
  • Beherske IKT-verktøy
  • Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
  • Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
  • Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
  • Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen mm)

Personlege eigenskapar

  • Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren
  • Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
  • Sjølvstendig og samarbeidsorientert
  • Ein god kollega som bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning
  • Løn og arbeidsvilkår etter tariff
  • KLP pensjonsordning
  • Har godkjent Bedriftshelsetjeneste

Kontaktinformasjon

Marianne Brandal, Avdelingsleiar, 917 86 893, Marianne.Brandal@alesund.kommune.no
Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Ådalsbakken
6260 Skodje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5033240944
Stillingsprosent: 85%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2026

Om arbeidsgiveren:

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Seniorrådgjevar økonomi
NAV VESTLAND AVD MØLLENDALSVEIEN 6 OG 8
Norway, BERGEN
Vi søkjer ein kompetent medarbeidar til økonomiteamet ved Nav fylkeskontor Vestland.
 
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt, inkluderande og samarbeidande økonomiteam. Du vil jobbe tett saman med økonomiansvarleg og rekneskapsmedarbeidar, og få ansvar for varierte oppgåver innan økonomioppfølging, analyse og styring.

Vi ønskjer oss ein kollega som trivst med samarbeid, bidreg med eigne faglege perspektiv og er oppteken av å skape gode og effektive arbeidsprosessar saman med andre. Kjenner du deg igjen i dette, vil vi gjerne høyre frå deg.
 
Nav fylkeskontor Vestland er fylkesadministrasjonen for Arbeids- og velferdsetaten i Vestland. Vi har det strategiske ansvaret for gjennomføringa av arbeids‑ og velferdspolitikken i fylket. Fylkeskontoret består av fire avdelingar med overordna styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Økonomiteamet høyrer til avdeling økonomi og analyse.

Kva går jobben ut på?

  • bidra i budsjettering, økonomioppfølging og rekneskapsarbeid
  • følgje opp budsjett og rekneskap for regionane i Nav Vestland
  • arbeide med utvikling og kvalitetssikring av rapportering og økonomistyringsprosessar
  • produsere analysar, vurderingar og anbefalingar innan rekneskap og økonomi
  • medverke i arbeid med fordelingsmodellar og gevinstrealisering
  • utføre ulike økonomioppgåver, som fakturabehandling, utfakturering og omposteringar

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • fullført utdanning innanfor økonomi på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.   
  • erfaring med å koordinere mellom ulike arbeidsoppgåver og kontaktpersonar 
  • erfaring frå økonomioppfølging
  • gode digitale ferdigheiter og interesse for nye dataverktøy og fagsystem 
  • kunnskap om avanserte funksjonar og formlar i Excel

Det er ein fordel om du har

  • kjennskap til Lean-metodikk  
  • gode rettleiingsevner
  • kjennskap til ulike type økonomiverktøy og visualiseringsverktøy 

Vi nyttar mellom anna Tableau, PowerBI, Micro Strategy, Anaplan, Planning, Analytics Unit4 og Oracle Business suite.

Kva ser vi etter hos deg?

  • arbeider sjølvstendig, strukturert og nøyaktig
  • er fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • er omstillingsdyktig og har blikk for forbetringar
  • tek i bruk nye arbeidsverktøy og datasystem på ein rask og trygg måte
  • har god evne til å formidle fag på ein forståeleg måte
  • er inkluderande og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Kvifor velje oss?

  • ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar  
  • bli en del av eit arbeidsfelleskap med eit meningsfullt samfunnsoppdrag 
  • store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i ein stor offentlig virksomhet 
  • bli del av eit innovativt miljø med stort fokus på kontinuerleg forbetring og utvikling
  • ulike velferdsgode som fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogleheit for trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse  
  • stillinga blir plassert i stillingskode 1364 seniorrådgivar. Lønsspennet er frå kr. 690 000 til 750 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.  

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Frode Storvik, Avdelingsdirektør, 917 50 277, Frode.Storvik@nav.no

Arbeidssted

Solheimsgaten 7E
5058 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5078865950
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2026

Om arbeidsgiveren:

Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Ledige helgestillingar i Helse og omsorg
STAD KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON
Norway, NORDFJORDEID

Vi søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til helgestillingar i Stad kommune. Vi har ledige både faste stillingar og vikariat.

Vi ser særleg etter deg som:

  • Har helsefagleg utdanning.
  • Er elev eller student innan helse-, sjukepleie- eller vernepleiefag.
  • Har interesse for faget eller vurderer ei utdanning innan sektoren.

Hos oss får du høve til å gjere ein forskjell der det verkeleg betyr noko – enten du allereie er fagutdanna eller brenn for å arbeide med menneske.

Merk: Spesifiser gjerne i søknaden kva avdeling eller stilling du ønskjer å søkje på.

Oversikt over einingar med ledige stillingar:

Institusjon
Hogatunet, Nordfjordeid
Seljetunet, Selje

Heimetenesta
Nordfjordeid
Selje / Stadlandet

Bu- og miljøtenesta
Avdeling indre:
Myroldhaug/Gjerdane (psykisk helse og rus)
Myroldhaug (teneste for funksjonshemma)
Elvebøen (teneste for funksjonshemma)
Barneavlastning

Avdeling ytre:
Bu- og miljøtenesta ytre (Kvia, Reidahauen, Triveli)


Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføring av faglege oppgåver, omsorg og behandling 
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar
  • Lærlingar, studentar innan helsefagarbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget kan gjerne søkje.
  • Studentar innan helsefag, sosialfag eller pedagogikk på høgskulenivå blir oppfordra til å søke
  • Det er ønskeleg med relevant erfaring
  • Ufaglært med gode personlege eigenskapar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner, høfleg og interessert
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Moglegheit for stipendordning for sjukepleie- og vernepleiestudentar
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Dersom du ønskjer høgare stillingsprosent og vil arbeide i fleire einingar, så vil vi forsøke å legge til rette for det

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Kontaktinformasjon

Heidi Munch Starheim, einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no
Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72, annette.hovden@stad.kommune.no
Ann Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97723146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no

Arbeidsstad


6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5048744814
Søknadsfrist: 06.04.2026

Om arbeidsgiveren:

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

https://www.nordfjord.no/stad

https://www.einstadistad.no/

HR-jurist
NAV VESTLAND NONNESETERGATEN
Norway, BERGEN

Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for å gjennomføre arbeids- og velferdspolitikken i fylket, og har styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret held til i Bergen og består av om lag 45 tilsette fordelte på fire avdelingar: HR og organisasjon, partnarskap og kommunikasjon, fag og tenester samt økonomi og analyse.

No søkjer vi ein engasjert og fagleg sterk HR‑jurist med juridisk kompetanse og eit ønske om å bidra breitt innan HR‑faget.

I denne rolla blir du ein sentral fagressurs for leiarar i Nav Vestland gjennom rådgiving og støtte i arbeidsrettslege spørsmål. Samstundes blir du ein aktiv del av HR‑teamet, der du samarbeider tett med HR‑rådgivarar og vår andre jurist. Du vil få eit variert arbeidsfelt og bidra i utgreiingar, personalsaker, omstillingsprosessar og utviklingsarbeid ute i organisasjonen.

Som HR‑jurist hos oss får du kombinere juridisk spisskompetanse med praktisk HR‑arbeid i eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse innan HR, HMS, leiarstøtte og innovasjon. Du får ein variert arbeidskvardag, gode moglegheiter til å vidareutvikle fagområdet – og høve til å påverke utviklinga av Nav i heile Vestland.

Frå juni flyttar vi inn i nye, moderne lokale i Solheimsviken.


Kva går jobben ut på?

  • rettleiing og leiarstøtte i arbeidsrettslege problemstillingar
  • rådgiving i personalsaker og omstillingsprosessar
  • arbeid med medbestemming, tilsettingssaker, lønn og tariff, konflikthandtering og anna relevant avtaleverk
  • handtering av personvernspørsmål på HR‑området
  • bidra i formidling, opplæring og kompetanseheving innan HR og arbeidsrett
  • delta i varierte HR‑ og personaladministrative oppgåver i HR‑teamet

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • master i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen
  • nyare erfaring frå arbeid med arbeidsrettslege problemstillingar, som personalsaker, endringsprosessar og omstillingsarbeid
  • god formuleringsevne på norsk, både munnleg og skriftleg
  • gode digitale ferdigheiter

Det er ein fordel om du har

  • kjennskap til lov- og avtaleverk i staten
  • erfaring frå arbeid i HR‑funksjon
  • kjennskap til Lean-metodikk

Kva ser vi etter hos deg ?

  • trivst med formidling og kunnskapsdeling
  • evnar å forklare juridiske reglar på ein enkel og forståeleg måte
  • har interesse for fagutvikling og held seg oppdatert på eige fagfelt
  • kommuniserer godt og samarbeider på tvers av team og fagområde
  • strukturert og løysingsorientert med god evne til å veksle mellom operative og strategiske oppgåver 

Kvifor velje oss?

  • ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
  • store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
  • stillinga blir plassert i stillingskode1364 seniorrådgivar. Lønsspennet er frå kr. 730 000 til 820 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast. 

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Kathrine Martinsen, Avdelingsdirektør HR og organisasjon, 402 39 734, Kathrine.Martinsen@nav.no

Arbeidssted

Solheimsgaten 7E
5058 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5092132286
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.04.2026

Om arbeidsgiveren:

Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Psykologspesialist 
HELSE BERGEN HF BJØRGVIN DPS DØGNBEHANDLING TERTNES
Norway, TERTNES

Har du lyst til å vere med å bygge opp vårt psykosebehandlingstilbod? Vi har tilsett seksjonsoverlege og psykologspesialist. Vi ønsker å supplere teamet vårt ytterlegare med ein psykiatrar og ein psykologspesialist. Du vil i stor grad kunne vere med å utforme behandlingstilbodet, og påverke korleis vi yter tenestene til pasientgruppa.

Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken omfattar fagområda psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS søker etter ein psykologspesialist i 100% fast stilling til fagområdet psykose, psykolog med interesse for fagfeltet kan også søke.Stillinga gir rom for alternativ tenking knytt til arbeidsplan. Dette inneber at ein kan arbeide intensivt i periodar for så å ha fri i periodar. I friperiodane vil det vere noko ubunden arbeidstid som psykologspesialisten nyttar til førebuing. Klinikken har ei kognitiv behandlingstilnærming.


Arbeidsoppgåver

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:

  • Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
  • Opplæring av pasientar og pårørande
  • Rettleiing til den kommunale psykiske helsetenesta
  • Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

Klinikken har for tida 11 legespesialistar og 20 psykologspesialistar. Vi ønsker å styrke spesialistkompetansen ytterlegare.

Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar og vi har fokus på klinikknær forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er ein viktig del av jobben

Bjørgvin psykosepoliklinikk/ FACT team: 

* Teamet er breitt, tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, psykologar, sosionomar, IPS konsulentar, spesialsjukepleiarar, spesialvernepleiarar, musikkterapeut, ergoterapeut, fysioterapeut og erfaringskonsulent. Totalt er der 20 årsverk i poliklinikken/ FACT teamet.

*  Seksjonen har pasientar i frivillig vern, pasientar som er under psykisk helsevern på tvang utan døgnopphald og pasientar som er domfelte til psykisk helsevern på tvang. Poliklinikken /FACT teamet har totalt 140 pasientar i behandling.

Bjørgvin psykose døgnbehandling:

*  Eininga har ei velkvalifisert personalgruppe der den store majoriteten er høgskuleutdanna personale med vidareutdanning i psykisk helse og/eller rusproblematikk

*  Totalt har seksjonen 12 døgnplassar. Seksjonen har i tillegg psykolog, psykologspesialist, lege med spesialitet i allmennmedisin og sosionom

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i klinisk vaksenpsykologi med vedtakskompetanse ihht psykisk helsevern lov
  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med erfaring frå psykose
  • Ønskeleg med erfaring frå rettleiing 

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og løysingsorientert
  • Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
  • Du likar å jobbe tverrfagleg, både internt i eigen seksjon og med samarbeidspartnarar
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivst i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande psykologspesialiststilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
  • Lønn etter avtale 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Wenny Karin Bernes, Seksjonsleiar, +47 90980134

Arbeidsstad

Tertnesvegen 37
5113 Tertnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5068349447
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Overlege 
HELSE BERGEN HF BJØRGVIN DPS POLIKLINIKKAR TERTNES
Norway, TERTNES

Har du lyst til å vere med å bygge opp vårt psykosebehandlingstilbod? Vi har tilsett seksjonsoverlege og psykologspesialist. Vi ønsker å supplere teamet vårt ytterlegare med ein psykiatar og ein psykologspesialist. Du vil i stor grad kunne vere med å utforme behandlingstilbodet, og påverke korleis vi yter tenestene til pasientgruppa.

Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken omfattar fagområda psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS søker etter ein overlege i 100% fast stilling til fagområdet psykose. Stillingene gir rom for alternativ tenking knytta til arbeidsplan. Dette inneber at ein kan arbeide intensivt i periodar for så å ha fri i periodar på inntil 14 dagar samanhengande. I friperiodane vil det vere noko ubunden arbeidstid som legen nyttar til førebuing. Legane styrer sjølve denne arbeidstida. Klinikken har ei kognitiv behandlingstilnærming.


Arbeidsoppgåver

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:

  • Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
  • Opplæring av pasientar og pårørande
  • Rettleiing til den kommunale psykiske helsetenesta
  • Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

Klinikken har for tida 11 legespesialistar og 20 psykologspesialistar. Vi ønsker å styrke spesialistkompetansen ytterlegare. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar og vi har fokus på klinikknær forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er ein viktig del av jobben

Bjørgvin psykosepoliklinikk/ FACT team:

  • Teamet er breitt, tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, psykologar, sosionomar, IPS konsulentar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, ergoterapeut, fysioterapeut og erfaringskonsulent. Totalt er der 20 årsverk i poliklinikken/ FACT teamet
  • Seksjonen har pasientar i frivillig vern, pasientar som er under psykisk helsevern på tvang utan døgnopphald og pasientar som er domfelte til psykisk helsevern på tvang. Poliklinikken /FACT teamet har totalt 140 pasientar i behandling

Bjørgvin psykose døgnbehandling: 

  • Eininga har ei velkvalifisert personalgruppe der den store majoriteten er høgskoleutdanna personale med vidareutdanning i psykisk helse og/eller rusproblematikk
  • Totalt har seksjonen 15 døgnplassar. Seksjonen har i tillegg psykolog, psykologspesialist, lege med spesialitet i allmennmedisin og sosionom

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri 
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med erfaring frå psykose
  • Ønskeleg med erfaring frå rettleiing av LIS

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og løysingsorientert
  • Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
  • Du likar å jobbe tverrfagleg, både internt i eigen seksjon og med samarbeidspartnarar
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivst i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande overlegestilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Wenny Karin Bernes, Seksjonsleiar, 90980134

Arbeidsstad

Tertnesvegen 37
5113 Tertnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5032021377
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Go to top