Căutați un loc de muncă
Găsiți locul de muncă potrivit, printre miile de oportunități disponibile în Europa. Rezultatele căutării sunt furnizate de EURES - portalul mobilității europene pentru ocuparea forței de muncă.
Er du klar for nye utfordringar og ein jobb som gir meining?
Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeidar i 80% fast stilling til Myrvåg omsorgssenter, seksjon A. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø med faglege utfordringar. Stillinga er for tida organisert med tredelt turnus og arbeid kvar tredje helg.
Stillinga er ledig frå 21.09.2026
Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar:
seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)
seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald
Arbeidsoppgåver
- pleie- og omsorgsoppgåver til bebuarar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobiliering, og miljøarbeid)
- utarbeide og følge opp tiltaksplanar
- dokumentasjon etter gjeldande lovverk i journalsystemet Gerica
- samarbeide tett med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløp
- bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- gode datakunnskapar, erfaring med Gerica er ein fordel
- god munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte
- tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
- kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
- er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
- kan handtere utfordrande situasjonar roleg og utan å miste fatninga
- møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
- vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
- bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
- har fokus på heilskaplege pasientforløp
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel
- elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI), Visma Veilederen og Glup
- fagdag i turnus
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Anna Emilie Blomstervik, Seksjonsleiar, +47 98075478Arbeidsstad
Åsvegen 136080 Gurskøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5156498995
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 21.09.2026
Søknadsfrist: 17.08.2026
Om arbeidsgiveren:
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Noklus Møre og Romsdal har ledig eit 50% vikariat frå 1. september 2026, eller etter avtale. Vikariatet er for seks månader, med moglegheit for forlenging.
Noklus arbeider for at laboratorieundersøkingar blir rekvirert, utført og tolka korrekt og i samsvar med pasienten sitt behov for utgreiing, behandling og oppfølging.
Noklus Ålesund og Molde er organisatorisk tilknytta Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank i helseføretaket. Kontorstad for stillinga vil vere Hjelset, alternativt Ålesund, etter avtale.
Vitnemål og attestar/tenestebevis må lastast opp som vedlegg til CV/søknad.
Arbeidsoppgåver
- Hovudoppgåvene inneber veiledning og undervisning i laboratoriearbeid for legekontor, sjukeheimar og heimetenester i Møre og Romsdal. Dette skjer mellom anna gjennom møter, undervisning og arrangering av kurs.
- Stillinga krev stor grad av sjølvstendig arbeid.
- Den som blir tilsett, må rekne med ein del reiseaktivitet og bruk av eigen bil.
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon som bioingeniør.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå sjukehuslaboratorium innan medisinsk biokjemi og/eller mikrobiologi.
- Du er ein erfaren blodprøvetakar.
- Pedagogisk utdanning og erfaring med opplæring og rettleiing vil vere ein fordel.
- Du har svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du har gode engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du har god kompetanse i bruk av IT-verktøy og presentasjonsprogram.
Personlege eigenskapar
- Du er imøtekomande og serviceinnstilt.
- Du er sjølvstendig, fleksibel og handterer fleire oppgåver samtidig.
- Du er ansvarsmedviten og strukturert.
- Du arbeider effektivt og handterer eit høgt arbeidstempo.
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Personleg eignaheit blir lagt vekt på.
Vi tilbyr
- Eit landsomfattande og inspirerande samarbeid i Noklus.
- God opplæring - høgt fagleg nivå.
- Kontakt med andre yrkesgrupper.
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med gode høve til fagleg utvikling.
- Løn etter gjeldande overeinskomstar.
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, gruppelivsforsikring og ulykkesforsikring.
- Ein arbeidsplass i ei inkluderande verksemd.
Kontaktinformasjon
Marie Nora Roald, Avdelingssjef, +47 41570968, Marie.Nora.Roald@helse-mr.noAnja Haukeberg, Labratorierådgjevar, 70167766, Anja.Haukeberg@helse-mr.no
Arbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5153995824
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Søknadsfrist: 23.08.2026
Om arbeidsgiveren:
Ynskjer du ein spennande og meiningsfull jobb med høve til fagutvikling i eit utviklingsorientert miljø, er dette jobben for deg!
Omsorgsenteret har totalt 43 plassar, fordelt på langtid, korttid, avlastning, demens, KAD og palliative rom.
Som sjukepleiar på omsorgsenteret jobbar du med bebuarar med komplekse og samansatte diagnoser og palliativ behandling i livets sluttfase. Jobben inneber tett samarbeid både tverrfagleg og tverrprofesjonelt, med brukarar og pårørande. Som sjukepleiar hos oss har du høve til å vere med å utvikle din eigen arbeidsplass og bidra til koordinering av tenestene vi yter.
Vanylven helse- og omsorgssenter har god sjukepleiarfagleg kompetanse og har fokus på både individuell og kollektiv utvikling. Vi har tett samarbeid med sjukeheimslege med legevisitt to gonger i veka, har eige laboratorium for prøvetaking.
Er du innovativ, jobbar for kontinuerlig forbetring, og kan bidra med nye idear og perspektiv i utvikling av tenesta? Då ynskjer vi akkurat deg med på laget!
Arbeidet er for tiden to delt turnus med vakter på dag og kveld, arbeid kvar tredje helg. Ein kan eventuelt gå komprimert turnus med langvakter, arbeid kvar fjerde helg.
Vi har årsturnus, noko som vil skape forutsigbarhet for deg som arbeidstakar. Turnus kan tilrettelaggjast etter behov så langt det let seg gjere. Stillingsprosent er inntil 100%, men kan tilpassast etter ynskje.
Vanylven helse-og omsorgssenter er lokalisert på Fiskå, bygget sto ferdig i 2014 og framstår som nytt og funksjonelt.
Vanylven kommune har rekrutteringstillegg for sjukepleiarar med 30 000,- pr år i 100% stilling.
Høyrest dette spennande ut? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon om stillinga.
Om du er i sluttfasen av sjukepleiestudiet, må du gjerne søkje fast stilling hos oss allereie no.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling
- Sørge for god dokumentasjon, vi brukar Helseplattforma.
- Vurdere og kartlegge behov hos bebuarane
- Medikamenthandtering
- Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell som fysioterapeut, ergoterapeut, lege og andre einingar
- Sikre gode pasientforløp
- Ta i bruk velferdstekologiske løysingar
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend/autorisert skjukepleiar
- Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
- Godkjent politiattest
- God kunnskap og dokumentasjon og bruk av IKT verktøy
- Gode språkkunnskaper i norsk både munnleg og skriftleg
- Effektiv fleksibel og løysingsorientert
- Engasjert og ynskjer å bidra til å utvikle avdelinga
- Positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar
- Du arbeider for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø
- Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
- Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
- Du tek initiativ, er positiv, tilpasningsdyktig og tek ansvar
- Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Personleg egnaheit blir vektlagt
Vi tilbyr
- Lønns- og pensjonsbetingelsar iht tariffavtale
- Faglege utfordringar
- Spennande og varierte kvardagar
- Moglegheit for eigenutvikling
- Positivt og godt etablert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Godt samarbeid både internt i avdelinga og tverrfagleg
- Moglegheit for tilrettelagt turnus
- Tilrettelegging for vidareutdanning på områder som Vanylven kommune har behov for
- Rekrutteringstillegg
- Gode pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Katrin Brekke Sunde, avdelingsleiar avd. 2, +47 70030221, katrin.sunde@vanylven.kommune.noArbeidsstad
Rådhusvegen 16143 Fiskå
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 5138623087
Stillingsprosent: 100%
Fast
Om arbeidsgiveren:
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Ynskjer du ein spennande og meiningsfull jobb med høve til fagutvikling i eit utviklingsorientert miljø, er dette jobben for deg!
Omsorgsenteret har i dag totalt 43 plassar fordelt på langtid, korttid, demens, avlastning, KAD og palliative rom.
Som helsefagarbeider på omsorgsenteret jobbar du med bebuarar med komplekse og samansatte diagnoser. Jobben inneber tett samarbeid både tverrfagleg og tverrprofesjonelt, med brukarar og pårørande. Som helsefagarbeidar hos oss har du høve til å vere med å utvikle din eigen arbeidsplass og bidra til koordinering av tenestene vi yter.
Vanylven helse- og omsorgssenter har god fagleg kompetanse og har fokus på både individuell og kollektiv utvikling. Vi har tett samarbeid med sjukeheimslege med legevisitt to gonger i veka, har eige laboratorium for prøvetaking.
Er du innovativ, jobbar for kontinuerlig forbetring, og kan bidra med nye idear og perspektiv i utvikling av tenesta? Då ynskjer vi akkurat deg med på laget!
Arbeidet inneber per tiden to delt turnus med vakter på dag og kveld. Med arbeid kvar tredje helg eventuelt komprimert turnus med langvakter og arbeid kvar fjerde helg. Vi har årsturnus noko som skaper forutsigbarhet for deg som arbeidstakar. Turnus kan tilrettelaggjast etter behov så langt det let seg gjere. Stillingsprosent er inntil 100%, men kan tilpassast etter ynskje.
Vanylven helse-og omsorgssenter er lokalisert på Fiskå, bygget sto ferdig i 2014 og framstår som nytt og funksjonelt.
Vi ønsker deg velkommen til vårt team! Send inn søknad og bli ein del av ein arbeidsplass med dyktige kollegaer, faglege utfordringar og ein meiningsfull kvardag.
Arbeidsoppgåver
- Helsefaglege oppgåver
- Dagleg stell og pleie etter bebuarane sine behov og tiltaksplaner
- Observere, vurdere og kartlegge behov hos bebuarane
- Sørge for god dokumentasjon. Vi bruker Helseplattforma.
- Medikamenthandtering
- Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell som fysioterapeut, ergoterapeut, lege og andre einingar
- Sikre gode pasientforløp
- Ta i bruk velferdstekologiske løysingar
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeider/aut.hjelpepleier
- Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
- Godkjent politiattest
- God kunnskap og dokumentasjon og bruk av IKT verktøy
- Gode språkkunnskaper i norsk både munnleg og skriftleg
- Effektiv fleksibel og løysingsorientert
- Engasjert og ynskjer å bidra til å utvikle avdelinga
- Positiv bidragsytar til eit godt arbeid
Personlege eigenskapar
- Du arbeider for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø
- Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
- Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
- Du tek initiativ, er positiv, tilpasningsdyktig og tek ansvar
- Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Personleg egnaheit blir vektlagt
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar
- Spennande og variable kvardagar
- Moglegheit for eigenutvikling
- Positivt og godt etablert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Godt samarbeid både internt i avdelinga og tverrfagleg
- Løn etter gjeldande tariff, gode pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Katrin Brekke Sunde, avdelingsleiar avd. 2, +47 70030221, katrin.sunde@vanylven.kommune.noArbeidsstad
Rådhusvegen 16143 Fiskå
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 5138620990
Stillingsprosent: 100%
Fast
Om arbeidsgiveren:
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Herøy kommune har no ei spanande stilling ledig for deg som brenn for leseglede og gode språklege ferdigheiter hos barn og unge. Vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert leseinspirator i 100 % stilling. Stillinga er ei prosjektstilling for eitt år.
Stillinga er organisert med 50 % ved Herøy folkebibliotek og 50 % retta mot skulane i kommunen. Arbeidet inneber tett samarbeid med både bibliotek, skular og føresette, med mål om å styrkje leseferdigheitene og lesegleda hos barn og unge
Ved folkebiblioteket vert oppgåvene:
- særleg ansvar for litteratur og tilbod retta mot barn og unge
- planlegge og gjennomføre lesefremjande tiltak og aktivitetar
Samarbeidet med skulebiblioteka og skulebibliotekarane vil omfatte:
- bidra til reetablering og utvikling av skulebiblioteka
- vere ein ressurs for lærarar i arbeidet med leseopplæring
- støtte elevar i utvikling av leseferdigheiter
- samarbeide med foreldre og føresette
Arbeidsoppgåver
- planleggje og gjennomføre lesefremjande tiltak for barn og unge ved folkebiblioteket
- ha særleg ansvar for litteraturformidling til barn og unge
- bidra til reetablering og utvikling av skulebiblioteka
- vere ein ressurs for lærarar i arbeidet med leseopplæring
- rettleie og støtte elevar i utvikling av leseferdigheiter
- samarbeide med og rettleie føresette
- inspirere føresette til å vere gode lesemodellar
- styrkje samarbeidet mellom skule og bibliotek
- leggje tilrette for gode lesearrangement for barn og foreldre i regi av folkebiblioteket på ettermiddagar og einsklide laurdagar
Kvalifikasjonar
- relevant utdanning innan bibliotek eller opplæring t.d. bibliotekar, skulebibliotekar, lærar eller barnehagelærar med vidareutdanning i leseopplæring
- kompetanse eller erfaring innan leseopplæring er ønskjeleg
- kunnskap om og interesse for barne- og ungdomslitteratur
- gode digitale ferdigheiter
Godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetting (ikkje eldre enn tre månader).
Kommunen har nynorsk administrasjonsmål.
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
- er engasjert og inspirerande
- har gode samarbeidsevner
- arbeider sjølvstendig og strukturert
- har gode kommunikasjons- og formidlingsevner
- har evne til å motivere barn, unge og vaksne
Vi tilbyr
- ei spennande og utviklingsorientert stilling
- moglegheit til å påverke og utvikle leseopplæringa i kommunen
- tett samarbeid med skular og bibliotek
- løn etter avtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- IA-bedrift
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1.januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset etter gjeldande tariffavale, lover og reglement. Søkarlista kan verte offentleg. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn på intervju.
Kontaktinformasjon
Hilde Hestås, Avdelingsleiar grunnskule/PPT, +47 97542422Arbeidsstad
Lisjebøvegen 146091 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5147949696
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 30.09.2027
Søknadsfrist: 02.08.2026
Om arbeidsgiveren:
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Other Remarks:
Full time on a permanent basis with shift.