Vi har ledig stilling som seksjonsleiar ved Dialyse Ålesund.
Dialysen i Ålesund behandlar pasientar med kronisk og akutt nyresjukdom. Vi har eit sterkt fagleg miljø med pasienten i fokus. I tilknytning til vår avdeling har vi peritonealdialyseeining, satelittdialysestasjon ved Volda sjukehus, nyrepoliklinikk, nyreskule og oppfølging av transplanterte pasientar. Vi er ei dagavdeling som for tida er i drift 6 dagar i veka, frå mandag til og med lørdag.
Vi søker etter deg som ønsker å utvikle denne veldrevne seksjonen vidare framover. Med på laget får du dyktige og fagleg engasjerte sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar, og samarbeidar tett med nyrelegane. Det er høgt fokus på fagleg utvikling og samarbeid i seksjonen, noko som bidreg til eit godt lærings- og arbeidsmiljø.
Seksjonsleiar er ein del av avdelinga si leiargruppe, og er direkte underlagt avdelingssjef. Det vil vere tett samarbeid med dei øvrige 6 seksjonsleiarane ved Medisinsk avdeling og avdelingssjefen. Oppdraget til medisinsk avdeling er å levere spesialisthelsetenester av høg kvalitet til innbyggarane i Møre og Romsdal. Våre verdiar bygger på tryggleik, respekt og kvalitet.
God opplæring og leiarstøtte vil bli gitt!
Vi har eit høgt faglig nivå med fokus på utvikling av pasientens helseteneste innanfor dei akutelle fagområda. Vi håper du vil vere den som driv dette arbeidet videre!
Arbeidsoppgåver
- Seksjonsleiar vil inngå i avdelinga si leiargruppe, og ha avdelingssjef som sin nærmaste overordna
- Utvikle tenestetilbodet - vere pådrivar for nytenkning
- Ansvar for personalleiing, oppfølging av tilsette, ressurs- og økonomistyring
- Resultatansvar i henhold til leiaravtale for: kvalitet, fag, personalleiing, budsjett og HMS
- Bidra til at fagutvikling og kompetansesamansetning er i tråd med framtidige behov og målsetting
- Jobbe for eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom seksjonar og andre samarbeidspartnarar internt og eksternt
- Bidra til at ein gjennom tverrfaglig leiing og samarbeid oppnår klinikken, avdelinga og seksjonen sine definerte mål
- Ivareta administrative oppgåver innanfor ansvarsområdet
- Gjennom planlegging, organisering, leiing og utvikling skal seksjonsleiar sørge for drift av eigen seksjon iht. ambisiøse mål
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig høgskuleutdanning på bachelornivå innan helse- og sosial
- Leiarutdanning og/eller -erfaring er ein fordel
- Det er ønskeleg med erfaring med personal, fag og økonomi oppfølging, herunder budsjett og regnskap
- Det er ønskeleg med erfaring frå endrings- og omstillingsprosessar, samt erfaring frå arbeid med generell arbeidsmiljøutvikling
- Det er ønskeleg med erfaring og kompetanse frå turnusplanlegging
- God digital kompetanse og behersking av IKT verktøy
- Personlig eignaheit vektleggast
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg sterk, og er god til å involvere, motivere, delegere og skape arbeidsglede
- Du skapar engasjement, og evner å oppnå resultat gjennom medarbeidarar
- Du ser nødvendigheita av endringsprosessar og står trygt i dei
- Du evner å arbeide både operasjonelt og strategisk mot krevande mål
- Du er ein trygg og glad person, som har gode samarbeidsevner og kan inspirere dine medarbeidarar
- Du er beslutningsdyktig, fleksibel og viser handlekraft
- Du ser nødvendigheita i å ha eit godt samarbeid på tvers av avdelingar og seksjonar, og på tvers av tenestenivå
- Du er strukturert og sjølvstendig
- Evner å vidareutvikle kultur for samarbeid, refleksjon, kunnskapsdeling og forbedring
- God skriftleg og muntleg framstillingsevne
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Eit solid og godt fagmiljø
- Ein arbeidsplass med fokus på nærvær og trivsel
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfald av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Jørn-Åge Longva, Avdelingssjef (lege), +47 93423140, Jorn-Age.Longva@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5149868960
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Om arbeidsgiveren:
Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede an i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal