Er du vår nye kvardagshelt? Mønshaugen barnehage søker barnehagelærar i 60% stilling.
Hva vi ser etter
Me ser etter ein leiken og kreativ barnehagelærar som er god både på å jobbe på eigenhand og i samarbeid med andre. Om du er nyutdanna eller har mange års erfaring er ikkje så viktig, så lenge du er omsorgsfull og kan bygga gode relasjonar både til barna og dei vaksne.
Me ynskjer ein person som er er glad i å vera ute, men som også kan finna på kreative aktivitetar og god leik inne.
Arbeidsoppgaver
Planlegging, gjennomføring og dokumentering av pedagogisk arbeid i barnehagen.
Du må vera villig til å delta i alle kvardagslege gjeremål i barnehagen, både inne og ute.
Vi tilbyr
Eit trygt og koseleg arbeidsmiljø.
Løn etter tariff i PBL.
Forsikring og pensjon gjennom Storebrand.
Om arbeidsgiveren:
Mønshaugen barnehage er ein ein-avdelings barnehage som ligg i Bjørgum skulekrins. Per no har barnehagen 16 barn frå 1-6 år. Mottoet vårt er "lykkelig som liten". Det vil sei at me prøver å gje barna dei fordelane som er ved å gå i ein liten barnehage. Me leikar på tvers av alder, det er rom for fleksibilitet og spontanitet. Og barna får ha stor medverkand i kvardagen sin.
Me har eit koseleg inne-areal, med fleire rom slik at det er mogeleg å ha fleire leikesoner. Uteområdet er heller ikkje så stort, men det har set det treng for å gje barna utfordringar og rom for leik og kreativitet i kvardagen! I tillegg til barnehagen sitt inne og ute-areale har me ein veldig fin naurleikeplass 5 minutt frå barnehagen, hit går me så ofte som me kan!