Skulen har om lag 500 elevar. Vi tilbyr programfagområda helse- og oppvekstfag, studiespesialiserande og kunst, design og arkitektur. I tillegg til vårt tilbod i helse- og oppvekstfag med ordinært opplæringstilbod har vi tilbod om helse- og oppvekstfag som inkluderer studiespesialiserande fag. Innanfor særskilt tilrettelagt opplæring har vi tilbod om kvardagslivstrening, arbeidstrening og yrkesfagleg grunnutdanning.
Olsvikåsen videregående skole ligg vakkert plassert ved foten av Lyderhorn, sentralt i Bergen vest og med gode busstilbod til Askøy, Sotra og Bergen. Skulen legg vinn på å vere framtidsretta, samfunnsorientert og fagleg oppdatert og vi siktar oss heile tida inn på å ha eit trygt og utviklande lærings- og arbeidsmiljø.
På Olsvikåsen vgs er nærleik er eit kjerneomgrep. Det er kort veg mellom alle instansar på skulen vår. Det skal vere lett å få kontakt med den ein treng og ein skal bli møtt med respekt og få god oppfølging. Vi skal ha tette og nære relasjonar til kvar enkelt elev og ei god kollegial lagånd der vi raust deler med kvarandre og verdset eit godt samarbeid.
Olsvikåsen vidaregåande skule har ledig fast stilling som avdelingsleiar. Stillinga inneber særleg ansvar for å utvikle inkluderande læringsmiljø og tilpassa opplæring i tett samarbeid med fagmiljø, støtteapparat og eksterne samarbeidspartnarar. Vi søkjer ein trygg, relasjonssterk og utviklingsorientert leiar som vil vere med å vidareutvikle eit profesjonsfellesskap med høge ambisjonar for elevane si læring, utvikling og trivsel.
Du kan lese meir om oss her.
Arbeidsoppgåver
- Leie pedagogisk utviklingsarbeid med mål om godt læringsutbytte for alle elevar
- Leie og utvikle medarbeidarar gjennom tydeleg retning, systematisk oppfølging og profesjonsutvikling
- Personalansvar, inkludert arbeidsmiljøoppfølging og vikarhandtering
- Heilskapleg ansvar for oppfølging av elevane sitt læringsmiljø og faglege utvikling
- Aktiv deltaking i og utvikling av skulen sitt leiarteam
- Samarbeid med føresette og relevante eksterne instansar
- Ansvar for økonomi, forvaltning og skuleadministrative oppgåver i tråd med gjeldande regelverk
Endeleg fastsetjing av arbeidsoppgåver og ansvar vil skje ut frå ei samla vurdering av kompetanse og arbeidsdeling i leiinga.
Kvalifikasjonar
- God kjennskap til vidaregåande opplæring
- Relevant fagleg og pedagogisk utdanning og kompetanse
- God forståing for lov- og regelverk, inkludert arbeid med spesialundervisning og tilrettelegging
- Kompetanse i arbeid med tilpassa opplæring og inkluderande praksis er ønskjeleg
- Leiarutdanning og/eller erfaring frå leiing i skuleverket er ein fordel
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og høg relasjonell kompetanse
- Tydeleg, trygg og involverande leiarstil
- Strukturert, analytisk og målretta, med god gjennomføringsevne
- Utviklingsorientert og open for nyskaping
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø med sterkt elevfokus
- Fagleg samarbeid med engasjerte og kompetente kollegaer
- Deltaking i Vestland fylkeskommune sitt leiarutviklingsprogram
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Kontaktinformasjon
Andrè van der Heide, Rektor, 93058764, andre.van.der.heide@vlfk.no
Arbeidsstad
Olsvikåsen 152
5183 Olsvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5105532493
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.04.2026
Om arbeidsgiveren:
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.