Vi har ledig eit 50 % vikariat som barnehagelærar ved Audiopedagogisk poliklinikk, ØNH, Ålesund sjukehus. Poliklinikken følger opp barn med nedsatt høyrsel i Møre og Romsdal, og som barnehagelærar vil du bidra i høyrsels- og språkstimulerande grupper, observere barna si utvikling og gi veiledning til foreldre og samarbeidspartnarar. Du vil også jobbe tverrfagleg saman med andre faggrupper i ØNH for heilheitleg utredning, behandling og oppfølging av barna.
Vi ser etter deg som har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter, og som trivst med å jobbe tett saman med kollegaer frå ulike faggrupper. Du er trygg, varm og til stades for barna, og har evne til å sjå kvart enkelt barn.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge det pedagogiske innhaldet for ulike barnegrupper
- Planlegge og utføre ulike aktivitetar som stimulerer høyrsel-, språk og sosial utvikling
- Observere og kartlegge barnas funksjon på dei ulike områda
- Dokumentere i journal
- Delta på ulike samarbeidsmøte
Kvalifikasjonar
- Utdanna barnehagelærar, relevant erfaring kan eventuelt kompensere
- Erfaring med å følge opp barn med spesielle behov
- Erfaring med observasjon
- Teiknkompetanse er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Du må kunne framvise politiattest
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter
- Evne til å sjå det enkelte barnet og støtte det i kvardagen
- Vere god i samspel med barn
- Vere trygg, varm og til stades for barna
- Sjå moglegheiter
- Kunne ta imot rettleiing og ha eit ønske om å lære om fagfeltet
- Kunne jobbe i team med ulike faggrupper
- Evne til å jobbe sjølvstendig
Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Godt arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Monika Dahl Berget, Seksjonsleiar, 70105271, Monika.Berget@helse-mr.noVibeke Marie Røvik, Spesialpedagog, 70106076
Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5106210059
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 04.07.2027
Søknadsfrist: 31.05.2026
Om arbeidsgiveren: