Om stillingen
Bjørgvin fengsel lavere sikkerhet og Ungdomseininga Vest søkjer tilkallingsvikarer for sporadisk teneste heile året, og sommarvikarar som er tilgjengeleg for å jobba tilnærma 100% stilling i veke 25-32.
Ein fengselsbetjent/miljøterapeut har ansvar for dei innsette i kvardagen. Arbeidet omfattar både tryggleiksarbeid og målretta miljøterapeutisk oppfølging. Du skal vere ein tydeleg vaksenperson, samtalepartnar, rollemodell og rettleiar, og delta aktivt i progresjonsarbeid retta mot domfelte.
Miljøterapeutisk arbeid inneber å motivere og støtte innsette – også unge innsette – gjennom strukturert og målretta miljøarbeid.
Vi søkjer:
- ferdig utdanna fengselsbetjentar
- personar som ønskjer å arbeide i kriminalomsorga og vurderer å søkje fengselsskulen
- studentar innan relevante fagområde
ferdig utdanna miljøterapeutar og studentar innan relevante studieretningar
Opptak og opplæring
Søkjarar må vera tilgjengeleg for å vera med på fysisk opptaksprøve og intervju i veke 9 i Bergen.
Lenkje til funksjonstest:
https://www.krus.no/fysisk-funksjonstest.521471.no.html
Alle som blir tilsette må delta på:
- obligatorisk opplæring i fysisk maktbruk (5 dager)
- opplæring på avdeling og teori opplæring.
Ferdig utdanna fengselsbetjentar er fritekne for opptaksprøve og obligatorisk opplæring i fysisk maktbruk.
Opplæringa er løna.
Arbeidsoppgåver
- avdelingsteneste og dagleg oppfølging av innsette
- utføring av rutinemessige oppgåver
- aktiv deltaking i utviklinga av fagleg arbeid og tryggleiksarbeid ved avdelinga
- motivere innsette til positiv utvikling og meistring
Den som blir tilsett må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha éin av følgjande bakgrunnar:
- bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
- interesse for å jobbe i fengsel/ønsker å søke fengselsskulen
- student innan relevante fagområder (tildømes politi, jus helse eller sosialfag)
- minimums utdanning er generell studiekompetanse
Du må oppfylle krava til opptak ved Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS som du finn her:
https://www.krus.no/opptakskrav.520927.no.html
Eller:
- relevant utdanning frå høgskule på bachelornivå (sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar er særleg ønskjeleg)
- studentar kan også søkje, men krav om minimum bestått 3-årig videregåande skule
- erfaring frå miljøterapeutisk arbeid, eller erfaring frå arbeid i institusjon vert vektlagt.
Du må også ha:
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- førarkort klasse B
- fylt 20 år i 2026
- god helse og fysikk, må kunne gjennomføre ein fysisk funksjonstest. https://www.krus.no/fysisk-funksjonstest.521471.no.html
- må kunne delta på obligatorisk modulopplæring.
Det er ønskelig at du har
- erfaring frå liknande arbeid
- gode språkkunnskapar
Personlige egenskaper
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne og vilje til å drive påverknadsarbeid
- god tryggleikstenking og evne til grensesetting
- vere ein samtalepartner og rollemodell for dei innsette
- har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- interesse for og erfaring i miljøarbeid
- evne og vilje til å delta på aktivitetar med ungdom eller vaksne innsette, også utanfor fengselet
- evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk
- evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons, forsikrings- og låneordninger i Statens pensjonskasse. (Det blir trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse.)
- gode treningsmoglegheiter
- parkering, med lademuligheter mot betaling.
Løn:
- Fengselsbetjent (0264): kr. 500.000 - 630.000
- Betjent (1078): kr. 405 000 - 474.000
- (søkere m/ relevant kompetanse kan ved vurdering få høyere avlønning).
- Miljøterapeut (1201): kr. 525.000 - 670.000
- Miljøterapeut (0808): kr. 474.000 – 550 000
Løn avheng av ansiennitet og kvalifikasjonar.
Det blir gitt gode tillegg for kveld-, natt- og helgearbeid i samsvar med gjeldande tariffavtale.
Generell informasjon
Kriminalomsorgen mener at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysning.
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søker i kvar av disse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av disse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkerportalen vår. Du kan lese meir om kravafor å bli vurdert som søker i desse gruppene her.
Vi gjør merksam på at det ikkje må vere noke å utsette på vandelen til den som ver tilsett. Dette må dokumenterast med en uttømmande politiattest før tilsetting
Vi gjer også merksam på at opplysningar om søkarar kan bli offentliggjort sjølv om søkar har bede om å verte unnateken søkarlista. Søkar vil i så fall bli varsla om dette og gitt anledning til å trekke søknaden.
Den som vert tilsett må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemt om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakt til HR-rådgivar Linda Solberg tlf: 55251296.
Søknad og CV sendes elektronisk via linken "Søk stillingen" på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske skjemaet. Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål fra Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktes på 75 54 22 20.
Om arbeidsgiveren:
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.