Знайти роботу
Знайдіть потрібну роботу з тисяч можливостей, доступних по всій Європі. Результати пошуку надає EURES - Європейський портал мобільності робочих місць.
Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune søkjer deg som vil jobbe fast i sone Sogndal.
Her får du ein jobb der du er tett på menneske og der du faktisk ser at det du gjer har verdi i kvardagen til den enkelte.
Grunna eit auke i vedtak, ser vi etter fleire gode kollegaer som vil bli ein del av vår gjeng!
Me har no ledig 2 x 100% og 1 x 80%, med oppstart snarast. I tillegg til dette har vi óg helgestillingar som blir ledig frå hausten.
Det kan bli aktuelt å tilsetje i fleire stillingar enn dette, ettersom behova kan endre seg, gi gjerne beskjed dersom du ønskjer å bli vurdert for fleire stillingar.
Aktivitetar tilpassa den enkelte sine interesser og utvikling
Samarbeid med pårørande og andre fagpersonar
Dokumentasjon og fagleg oppfølging
Du blir ein del av eit team, men mykje av jobben handlar om relasjonen mellom deg og den du jobbar med.
Kva går jobben ut på?
I bu- og miljøtenesta jobbar me med barn, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar og samansette behov. Målet er å skape trygge, meiningsfulle og føreseielege kvardagar.
Arbeidet kan mellom anna innebere:
Praktisk og sosial støtte i heim og bustad
Miljøarbeid og struktur i kvardagen
Kvifor søkje denne stillinga?
Du får føreseielegheit, fagmiljø og utvikling – ikkje berre ekstravakter eller deltidsarbeid.
Hos oss får du:
Fast tilsetjing med prøvetid på 6 månader
Opplæring og rettleiing
Eit fagmiljø som bryr seg om kvalitet
Lønn etter gjeldande avtaleverk
Ein arbeidskvardag der du faktisk betyr noko
Kven ser me etter?
Me vil gjerne snakke med deg som er miljøterapeut, miljøarbeidar eller miljøassistent.
Du må vere over 18 år. Det er ein fordel med erfaring eller utdanning innan helse, sosialfag eller arbeid med barn og unge, men det viktigaste er kven du er.
Me ser etter deg som:
Er trygg og tolmodig
Har evne til å skape tillit
Er omsorgsfull og tydeleg
Klarer å stå i krevjande situasjonar
Ser moglegheiter framfor avgrensingar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Du må ha sertifikat og tilgang til bil. Grunna behov hos tenestemottakar oppmodar med spesielt kvinner til å søkje.
Praktisk informasjon
Faste stillingar
Oppstart snarast
Arbeidsstad: Sogndal
Politiattest av ny dato må leggjast fram før tilsetjing
Teiepliktsskjema må underteiknast
Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk.
I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla før eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837Sunde barnehage har ledig 100% stilling som barne-og ungdomsarbeidar. Stilling er 60% fast frå 1.8.2026 og 40% vikariat i perioden 1.8.2026-31.07.2027, forlenging eller auke av fast stilling kan vere aktuelt.
Barnehagen ligg sørvendt til i Solevågen i Sula kommune, ca 8 minutt kjøring frå Moa. Barnehagen har friluftsprofil, og bruker det unike nærområdet vårt til turar i fjøra, i skogen, på fjellet og til Sundsmyra.
Sunde barnehage er ein kommunal barnehage med 2 avdelingar, ein for barn mellom 1-3 år og ein avdeling for barn mellom 3-6 år.
Visjonen vår er: Med omsorg for framtida.
Verdigrunnlaget vårt er: Alle i Sunde barnehage skal kvar dag ha kjensle av å vere viktige og å bli sett. Vi bygger gode relasjonar og møter barnehagedagen med omsorg, refleksjon og faglegheit.
Du kan lese meir om barnehagen på Sula kommune si heimeside, under Oppvekt og utdanning.
Arbeidsoppgåver
- ha fagleg medansvar for pedagogisk målretta arbeid i barnehagen, i samarbeid med og under rettleiing av pedagogisk leiar
- ha medansvar for å planlegge, gjennomføre aktivitetar og evaluere desse
- ha ansvar for at praktiske arbeidsoppgåver blir gjennomført i samarbeid med det øvrige personalet i barnehagen
- ha delansvar for å observerer, vurdere og dokumentere aktivitetar ut frå barna sine føresetnadar og behov, i henhald til barnehagen sitt system for dette
- ha ansvar for tilsyn, tryggleik og omsorg for barna
- ha medansvar til å oppfylle måla og krava i rammeplan, årsplan og avdelinga sine mål
- sette seg inn i og bruke datasystema og digitale verktøy som barnehagen nyttar
- sette seg personlege mål og arbeide sjølvstendig
- ha ansvar for å følgje opp avtalte daglege rutinar innan HMS eller anna
Kvalifikasjonar
- godkjent fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- god norskkunnskap, munnleg og skriftlig. Nynorsk er tenestemålet i barnehagen
- kunne bruke og vise interesse for digitalt verktøy i arbeidet
- politiattest av nyare dato må leggast fram ved tilsetting
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein person som
- er positiv og fleksibel
- er initiativrik og utviklingsorientert
- liker å gå på tur, vere ute i all slags vêr og vere aktiv deltakande i leik og læring saman med barn og vaksne
- viser engasjement og vilje til å handtere alle sider ved arbeidet på avdelinga
- viser høg arbeidsmoral og har stor tilstedeværelse på jobb
- kan jobbe både på storbarn- og småbarnsavdeling, alt etter barnehagen sin behov
- tek positivt medansvar for eigen og andre sin trivsel, og like å arbeide i team
Faglege og personlege eigenskapar bli vektlagt.
Vi tilbyr
- arbeide tett i lag som personale med fokus på kvalitet, endring og utvikling
- godt arbeidsmiljø med høg trivsel
- løn etter hovedtariffavatlen sine rammer og lønnspolitiske retningslinjer
- god offentleg tenestepensjon i KLP med gode låne- og forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Anita Beth Quon Eikrem, Einingsleiar, 47648090, anita.beth.quon.eikrem@sula.kommune.noArbeidsstad
Rystene 306037 Eidsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 5142904303
Stillingsprosent: 100%
Anna
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 23.06.2026
Om arbeidsgiveren:
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9800 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.
Meir informasjon om Sula kommune her
Om stillinga
Vi har no ei spanande stilling i 50-80% for ein engasjert sjukepleiar som ønskjer å arbeide natt, og som vil gje pasientane gode og trygge tenester når resten av verda søv. Hos oss vil du få ein viktig rolle i å sikre kontinuitet, ro og kvalitet i oppfølginga gjennom natta.
Arbeidet vil vere i snitt kvar 3 helg og som sjukepleiar vil du få eit funksjonstillegg for arbeid på natt. Sjukepleiarar i Alver kommune ligg også 10 000 over tariff.
Om oss
Knarvik sjukeheim er lokalisert sentralt i Knarvik. Stillinga er organisert under avdeling 3 , men på natt vil ein ha arbeidsstad på alle avdelingane ved sjukeheimen.
Knarvik sjukeheim har 3 avdelingar:
- Avdeling 1: Langtidsplass somatisk
- Avdeling 2: Langtidsplass somatisk og korttidsplassar
- Avdeling 3: Korttidsplassar
For oss er det viktig at alle pasientane får riktige og hensiktsmessige tenester, god pleie og omsorg.
På korttidsplassane er det pasientar som skal kartleggast og enten tilbakeførast til eigen bustad, eller få meir hjelp i kvardagen. Derfor arbeider vi tverrfagleg, i samarbeid med fysio- og ergoterapitenesta, sjukeheimslege, heimeteneste og forvaltning. Eit viktig fokusområde for når ein arbeider på natt er at vi skal bidra heile døgnet med å følge opp pasienten sine tiltaksplaner, og med det sikre at pasientene får riktig og hensiktsmessige tenester.
Avdelinga har eit aktivt miljø og det er viktig at ein kan snu seg fort. Vi har eit arbeidsmiljø med mykje humor og god takhøyde.
Arbeidsoppgåver
- Yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg sjukepleie på natt, i tråd med gjeldande lovverk og interne rutinar – med pasienten i fokus
- Vere ein trygg og fagleg støttespelar for kollegaer
- Sikre godt samarbeid og informasjonsflyt med pårørande og andre tenester, med fokus på gode overgangar mellom dag- og nattarbeid
- Vere ein aktiv pådrivar for å oppretthalde kvalitet og gode rutinar i pasientoppfølginga
- Leggje til rette for ro, kvile og tryggleik
- Følgje opp, evaluere og dokumentere tiltaksplanar, og bidra til god kontinuitet i pasientforløpet gjennom natta
- Handtere akutte situasjonar og gjere sjølvstendige faglege vurderingar når behov oppstår
Kompetanse
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Beherske godt munnleg og skriftleg norsk språk. B2 nivå for sjukepleiarar.
- Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy.
- Erfaring frå eldreomsorga er eit føremon
- Erfaring med nattarbeid er ynskjeleg
Kven er du?
- Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid
- Er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press
- Har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging
- Ser moglegheiter der andre ser utfordringar
- Kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar
- Er fleksibel og løysingsorientert
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til både pasient og pårørande!
- Oppfølging og rettleiing
- Gratis parkering
- God pensjonsordning i KLP
- 10 000 over tariff i årsløn
- Funksjonstillegg på 18 000 i 100% stilling
- Løn i samsvar med ansiennitet: 522 600 - 614 400
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4, vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneOm arbeidsgiveren:
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 5 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Såtabu bu-og servicesenter. Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim og Velferdssenteret på Manger.
Sjukeheimstenesta har plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.
I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og organisert i sjukeheimstenesta.