europass

Знайти роботу

Знайдіть потрібну роботу з тисяч можливостей, доступних по всій Європі. Результати пошуку надає EURES  - Європейський портал мобільності робочих місць.

Search Results
Showing 44427 results

Sort by
Fagarbeidar og miljøterapeut
AUSTEVOLL KOMMUNE OPPVEKST, KULTUR OG FRITID
Norway, STOREBØ

Om arbeidsstaden

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 350 elevar og ca. 60 tilsette. Skulen er plassert på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling.  


Om stillinga

Ledig stilling som fagarbeidar i skule og SFO inntil 100 %.

Ledig stilling som miljøterapeut inntil 100 %

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Fagarbeidar:
Elevassistent i skule og SFO. Arbeid med elevar med særskilde behov i undervisning og friminutt.
Deltaking i, og oppfølging av skulen sine satsingsområde.
Samarbeid med lærar og deltaking i team for assistentar.

Miljøterapeut:
Følge opp enkeltelevar og elevgrupper med fagleg, sosiale og emosjonelle behov.

Delta i arbeid knytt til tilrettelegging og oppfølging av elevar med særskilte behov.

Observere, dokumentere og følge opp tiltak rundt elevar med behov.


Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav

Fagarbeidar

Fagbrev barne- og ungdomsarbeidar og/eller relevant helsefagleg/pedagogisk utdanning

Miljøterapeut

Relevant 3-årig høgskuleutdanning

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeida sjølvstendig med varierte arbeidsoppgåver
  • Det vert stilt krav til gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • Godt humør og løysingsorientert tilnærming til oppgåver vert vektlagt
  • Du må like å vere i fysisk aktivitet ute og inne
  • Erfaring frå arbeid med born som har store og samansette behov
  • Kompetanse og forståing innan målretta miljøarbeid, relasjonsbygging og tilrettelegging vil vere viktig i arbeidet

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søker du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.


Om arbeidsgiveren:

Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.

Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
 
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.

Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta kr 25.000,- av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2026, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. 

Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!

Lærar
AUSTEVOLL KOMMUNE OPPVEKST, KULTUR OG FRITID
Norway, STOREBØ

Om arbeidsstaden

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 350 elevar og ca. 60 tilsette. Skulen er plassert på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling.  


Om stillinga

Storebø skule har ledig 3 faste lærarstillingar i 100 % og 2 vikariat inntil 100 %

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Undervisning
  • Kontaktlæraransvar kan vere aktuelt
  • Delta i utviklingsoppgåver som skulen har
  • Arbeide i team med pedagogar, fagarbeidarar og miljøterapeuter
  • Bidra til å skape eit godt skulemiljø

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav

  • Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.-7. trinn
  • Kunnskapar om og evner til god klasseleiing
  • Har du anna relevant bakgrunn blir du også oppfordra til å søke
  • Internasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT

Personlege eigenskapar

  • Vere strukturert, sjølvstendig, fleksibel, løysingsorientert og ha evne til å motivere
  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, vere inkluderande, ha pedagogisk engasjement og evne til nytenking
  • Vere ein tydeleg og dyktig klasseleiar
  • God IKT- kompetanse
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år, kontaktlærartillegget er kr 32 000 kr pr år.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søker du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.


Om arbeidsgiveren:

Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.

Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
 
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.

Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta kr 25.000,- av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2026, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. 

Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!

Overstyrmann Askvoll-Værlandet-Fure
FJORD1 AS
Norway, ASKVOLL

Vi ser etter ein overstyrmann til vår ferge MF Nordfjord. Vil du bli ein del av eit dyktig og engasjert team?

Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.Gode velferdsordningar med m.a leilegheit i Bergen, Oslo, Voss m.m. 

Jobben er fagleg utfordrande og meiningsfull. Her bidrar du til at lokalsamfunnet går rundt. Fjord1 er eit framtidsretta selskap med fokus på miljø og teknologi. MF Nordfjord er eit fartøy som viser gode resultat tilknytta HMS og generelle måltal. Vi treng no forsterkningar som kan bidra til det gode arbeidet om bord. 

Familievenleg turnus: mandag-onsdag, fredag-mandag, onsdag-fredag etterfulgt av 9 døgn fri. Du arbeider bare dag/kveld og ikkje på natt. Fri 2 av 3 helger i ordinær turnus, ekstra fri på sommaren med fri 3 av 4 helger.

Kvifor bør du søke?

  • Du får ein nøkkelrolle i å sikre pålitelig drift.
  • Engasjerte og dyktige kollegaer.
  • Mykje fritid både på helg og i kvardager.

Turnus gjer at ein bør bu innenfor rimelig avstand frå Askvoll. Ta kontakt ved spørsmål. 


Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dekksavdeling og sikre effektiv drift 
  • Vere avløysar for skipsførar 
  • Ta avgjerder i kritiske situasjonar dersom skipsføraren ikkje er tilgjengeleg
  • Utføre ettersyn og vedlikehald av navigasjonsutstyr
  • Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig og oppfyller tryggleikskrav
  • Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekk
  • Ansvar for opplæring, utvikling og trening av mannskapet 
  • Sikre at mannskapet har riktig verneutstyr og følgjer tryggleiksrutinar
  • Sørge for at passasjerane vert behandla på ein høfleg og profesjonell måte
  • Kontrollere at kommunikasjonsutstyr fungerer som det skal 
  • Påsjå at billettering og kontroll vert gjennomført i samsvar med retningslinjer 
  • Sikre trygg og effektiv lasting og lossing av fartøyet

Kvalifikasjonar

  • D3-sertifikat
  • VHF/ROC-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • ECDIS kurs
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest

Personlege eigenskapar

  • Vi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar

 

Vi ser fram til å høyre frå deg! Fjord1 har og fleire ledige stillingar – både på sambandet og i andre delar av bedriften. Sjå gjerne oversikta på www.fjord1.no.

Kontaktinformasjon

Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no

Arbeidsstad

Askvoll
6980 Askvoll

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5076984909
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026

Om arbeidsgiveren:

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Utdanningsstilling  jordmor
HELSE FØRDE HF LÆRDAL SJUKEHUS
Norway, LÆRDAL

Helse Førde lyser ut fire utdanningsstillingar for sjukepleiarar som skal ta vidareutdanning som jordmor. Ordninga inneber løn under utdanning, og det blir gitt fast stilling som jordmor ved Kvinneklinikken etter fullført og bestått utdanning.

Stillingane er fordelt mellom Lærdal sjukehus og Førde sentralsjukehus.

God Start, Lærdal - 1 utdanningsstilling 🦋
Stillinga er knytt til God Start ved Lærdal sjukehus. Eininga har ansvar for:
-  Barselomsorg
-  Svangerskaps -og barselpoliklinikk
-  Følgeteneste for gravide med lang reiseveg til nærmaste sjukehus.

Kvinneklinikken,Førde sentralsjukehus - 3 utdanningsstillingar🦋
Stillingane ved Førde sentralsjukehus inneber praksis innan:
-  Oppfølging av gravide
-  Fødselshjelp
-  Barselomsorg
-  Gynekologi
-  Følgeteneste for gravide


Kvifor velje jordmorutdanning i Helse Førde?
Som jordmor spelar du ei avgjerande rolle i omsorgen for gravide kvinner før, under og etter fødselen. Utdanninga gir deg høg klinisk kompetanse, og moglegheit til å arbeide med fagutvikling og forsking.

Du blir ein viktig fagperson for å gje kvinner og familiar moglegheit til meistring i eigen livssituasjon.

Krav til søkjar
Føresetnad for å nytte seg av tilbodet er at ein kan dokumentere studieplass for relevant utdanning ved ein av høgskulane i landet. 


Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre utdanning i samsvar med studieoppsett for jordmorutdanning.
  • Den som får utdanningsstilling må pårekne 20% stilling utanom 90% utdanningsstipend, knytt til å arbeide i avdelinga kvar tredje helg under utdanninga.
  • Sommaren 2027 må ein jobbe 100% i minimum fire veker.

Kvalifikasjonar

  • Må ha autorisasjon som sjukepleiar og minimum eit års praksis.
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk munnleg og skrifteleg. 
  • Erfaring og kompetanse vil bli vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Må kunne ta initiativ, være sjølvstendig og ta viktige og raske avgjersle i akutte situasjoner.
  • Engasjement for kvinnehelse og jordmoryrke.
  • Må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Lønn tilsvarande 90% av full stilling etter gjeldande ansiennitet i samsvar med overeinskomst mellom Spekter og NSF, del A2, pkt.1.3.1. Lønn vert berre utbetalt i dei månadane studiesemesteret varer, dvs. ikkje i juli og august. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Fast 100% stilling som jordmor med atterhald om gjennomført og bestått praksis og eksamen.
  • Bindingstid tre år


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ingeborg E.Frøysland, Seksjonsleiar/jordmor i Lærdal, (+47) 576 40 231
Kristin Opseth Rygg, Seksjonsleiar/jordmor i Førde., (+47) 578 39 688

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5087633357
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.05.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sommerjobb / vikar - Midtbyen hjemmetjeneste
TROMSØ KOMMUNE MIDTBYEN HJEMMETJENESTE
Norway, TROMSØ

Midtbyen hjemmetjeneste søker etter dyktige ferievikarer i perioden 22. juni - 16. august.

Vi jobber i turnus med dag og aften vakter og arbeidshelg hver 2. - 3. helg. Om du i tillegg ønsker å jobbe ekstra ellers i årets, er det en fordel. Vi har behov for sykepleiere, helsefagarbeidere, omsorgsarbeidere, hjelpepleiere og assistenter til våre avdelinger på enheten. Om du er i er utdanningsforløp innen helse- og omsorgsfaglige studier (f. ek. lege, sykepleier, fysioterapi, ergoterapi m.m), så er det også en fordel.

Avdeling Guleng og Valhall er tradisjonelle hjemmetjenesteavdelinger som gir tjenester til brukere som bor i private hjem. Avdeling Skansen, Skriverplassen, Almelund, Nansenplass og Natt- omsorgsbolig gir tjenester til brukere som bor i omsorgsboliger som ligger i Seminaret bo- og rehabiliteringssenter.

Oppgi gjerne i søknaden i hvilken type avdeling du ønsker å jobbe i og, i hvilket tidsrom du ønsker å jobbe. Aktuelle kandidater vil bli kontaktet fortløpende.


Arbeidsoppgaver

  • Pleie, omsorg, rehabilitering og praktisk bistand.
  • Vi bidrar med hjelp i alle dagliglivets situasjoner.
  • Turnus med helgejobb.

Kvalifikasjoner

  • Dersom du har annet morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarende B2 nivå. Gjelder ikke søkere med et skandinavisk språk som morsmål.
  • Førerkort klasse B er et krav ved søknaden til avdeling Guleng og Valhall.
  • Det er ønskelig med pleieerfaring, men opplæring vil bli gitt.
  • Du må ha fylt 18 år.

Personlige egenskaper

  • Du må like å omgås mennesker.
  • Er du positiv, samarbeidsorientert og fleksibel, kan du være den rette for oss.
  • Personlig egnethet vil vektlegges ved ansettelse.

Vi tilbyr

  • Stillingskode 6572 Assistent (årslønn 397 000 - 494 200 kr.)
  • Stillingskode 7076 Helsefagarbeider(årslønn 452 500 - 528 300 kr.)
  • Et godt arbeidsmiljø og hyggelige kollegaer.
  • Lærerike dager med varierte arbeidsoppgaver.

  • Tilsetting skjer i henhold til gjeldende lover, reglementer og tariffavtaler.
  • Vi gjør oppmerksom på at søkere kan føres opp på offentlig søkerliste selv om søkeren har bedt om anonymitet. Dette blir du i så fall varslet om.
  • Ved tilsetting må gyldig politiattest iht. helse- og omsorgstjenesteloven §5-4 fremlegges.
  • Ved tilsetting kreves tuberkuloseundersøkelse for søkere som i løpet av de siste tre årene har oppholdt seg sammenhengende mer enn tre måneder i land med høy forekomst av tuberkulose iht. tuberkuloseforskriftens § 3.1 og 3.2.
  • Attester og vitnemål legges ved søknad før intervju.
  • Referanser registreres på forespørsel etter intervju.
  • Søknad sendes elektronisk via Webcruiter.

Kontaktinformasjon

June Elisabeth Eikrem, Avdelingsleder Skriverplassen og Natt- omsorgsbolig, 913 57 703, june.eikrem@tromso.kommune.no
Oden Singarajah, Avdelingsleder Skansen, 913 20 233, oden.singarajah@tromso.kommune.no
Siri Pedersen, Avdelingsleder Nansenplass, 404 36 565, siri.pedersen@tromso.kommune.no
Siri Andersen, Avdelingsleder guleng, 99 35 74 11, siri.andersen@tromso.kommune.no
Katrine Næss Holmgren, Avdelingsleder, 90829651, katrine.naess.holmgren@tromso.kommune.no
Stephanie Langlois, Personalkonsulent, 902 22 747, stephanie.langlois@tromso.kommune.no

Arbeidssted

Seminarbakken 1
9008 TROMSØ

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Tromsø kommune

Referansenr.: 5125763374
Stillingsprosent: 100%
Sommerjobb
Søknadsfrist: 03.06.2026

Om arbeidsgiveren:

Midtbyen hjemmetjeneste er en enhet innen seksjon for hjemmetjenester i avdeling for helse og omsorg. Det er fem avdelinger i enheten. Tre avdelinger arbeider innen omsorgsboliger, og to avdelinger arbeider med utetjenester. Enheten tilbyr hjemmetjenester til brukere i egne hjem sentralt i byen, Nordbyen og i omsorgsboliger. Vi har primært eldre, men også en del yngre brukere med varierte behov. I tillegg til de fem avdelingene er fysio- og ergoterapitjenesten for voksne organisatorisk lagt under Midtbyen hjemmetjeneste. De tilbyr tjenester til alle kommunens innbyggere over 18 år. Våre lokaler ligger i Seminaret bo- og rehabiliteringssenter ved bruhodet sentralt på Tromsøya. Vi skal fokusere på å skape tjenester som hjelper brukerne våre til å bli så selvstendig og uavhengig som mulig.

Helsefagarbeider, 80-100 % fast stilling
SULA KOMMUNE BUKOLLEKTIVA
Norway, LANGEVÅG

Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og fagleg dyktig!

Ved Bukollektiva, Molværsvegen 15/17/19 har vi ledig 80% fast stilling som helsefagarbeidar grunna interne omrokkeringar. Arbeid i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Om ønskeleg kan stillinga aukast til 100% då med 20% flytvakt i turnus. 

Er du ein helsefagarbeidar som ønskjer å arbeide kunnskapsbasert, systematisk og personsentrert i demensomsorga? Hos oss får du høve til å bruke og vidareutvikle di faglege kompetanse i eit miljø med høg kvalitet og faglege ambisjonar.

Hos oss står mennesket i sentrum. Vi arbeider aktivt med å skape trygge, gode og meiningsfulle dager for våre bebuarar med utgangspunkt i den enkelte sine behov, ressursar og livshistorie.

Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv med heildøgns omsorg for personer med sjukdomen demens. Avdelingane er adskilte, men har felles leiing og det er nært samarbeid både fagleg og sosialt. Avdelinga og eininga har godt omdømme.

Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!
Søknadsfrist 25.mai 2026


Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og gjennomføre systematisk pleie og miljøterapeutiske tiltak  
  • Kartleggje funksjonsnivå, åtferd og behov ved bruk av faglege verktøy  
  • Bidra til struktur, forutsigbarheit og tryggleik for bebuarar med demens  
  • Delta i faglege drøftingar, refleksjon og kontinuerleg kvalitetsforbetring  
  • Dokumentere i tråd med lovverk, faglege standardar og interne rutinar  
  • Samarbeide tett med sjukepleiarar, vernepleiarar og anna fagpersonell  
  • Praktisk hjelp   
  • Primærpleie   
  • Medisinhandtering   
  • Nært samarbeid med pårørande

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeidar  
  • Vidareutdanning og/eller erfaring med sjukdomen demens kan vere ein fordel  
  • Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad  
  • Kjennskap til personsentrert omsorg, miljøbehandling og åtferdsforståing  
  • Gode ferdigheiter i observasjon, vurdering og dokumentasjon 
  • Gode datakunnskaper  
  • Erfaring med Helseplattformen kan vere ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

VI søker ein positiv og løysningsorientert kollega som er engasjert, kunnskapsrik og som vil vere med å bidra til eit godt miljø for bebuarar og kollegaer. Du har ei genuin interesser for demensomsorg og ønsker å vere ein aktiv bidragsyter for å gjere kvar dag best mogleg for bebuarar og pårørande. Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel med både kollegaer og tenestemottakarar.

Du må vere ein lagspelar og samstundes kunne arbeide sjølvstendig.

Personlege eigenskaper vert vektlagt.

Vi tilbyr

 
  • Inkludering i eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer  
  • God opplæring og nærleiing  
  • Mentor-ordning ved oppstart
  • Fokus på demensomsorg og fagleg utvikling  
  • Tilbod om deltaking i refleksjonsgrupper  
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver  
  • Gratis parkering  
  • Tillegg for relevant vidareutdanning
  •  I tillegg til tariffløn har kommuna generelle tillegg på kr 4000,-  som kompensasjon for å arbeide på helg og 20-års ans.stige.

Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår

Kontaktinformasjon

Catharina Klokk Eide, Avdelingsleiar Molværsvegen 15/17/19, 48074239, catharina.klokk.eide@sula.kommune.no
Cecilie Ørjasæter, Einingsleiar, 91596764, Cecilie.Orjasaeter@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Molværsvegen 19
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5110515811
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 25.05.2026

Om arbeidsgiveren:

Bukollektiv for personer med demens-sjukdom. Målet er å gje bebuarane eit tilpassa tilbod i trygge og rolege omgjevnader og hjelp til å nytte eigne ressursar lengst mogleg. Det er nært samarbeid med pårørande.

Turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg. Personalet består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar og assistentar. Nokre ansatte har vidareutdanning innan sjukdomen demens.

Instagram

Facebook

Sjukepleiar/Vernepleiar i 60% nattstilling ved Korttidspost Engenhuset
HELSE BERGEN HF RUS- OG AVHENGIGHEITSKLNIKKEN POLIKLINIKK ENGENHUSET
Norway, BERGEN

RAK Korttidspost Engenhuset er ein del av Rus- og avhengigheitsklinikken i Helse Bergen HF. Vi held til i flotte, nye lokale i Håkonsgaten 1 - midt i Bergen sentrum.

På Engenhuset er vi eit stort fagmiljø beståande av korttidspostane, Heroinassistert behandling (HAB), Poliklinikk, KORUS, forsking, Ambulant og URO.  Vi gir tilbod om rusbehandling til 24 pasientar fordelt på 2 postar. Vi tilbyr kjønnsdelt behandling, derav ein post for kvinner og ein post er for menn. På korttidspostane jobbar vi hovudsakleg med medisinsk avrusing men har stort fokus på å utøve god miljøterapi. Vi har også eigen treningsterapeut og musikkterapeut. 

Vil du jobbe tett på mennesker i en sårbar fase – og bidra til trygg avrusning?
Har du erfaring innen psykisk helsevern eller TSB/rusomsorg og ønsker å gjere ein forskjell i pasientens veg mot betring? Hos oss møter du pasientar med samansette behov, og blir ein viktig del av eit tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse. 

Korttidspost Engenhuset i Helse Bergen søker etter ei fagleg, engasjert og trygg sjukepleiar eller vernepleiar til 60% fast stilling i langvaktsturnus på natt


Arbeidsoppgåver

  • Medisinsk oppfølging av inneliggande pasientar
  • Observasjon, vurdering og tiltak knytta til abstinens og psykisk helse 
  • Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring 
  • Tverrfagleg samarbeid med legar, psykologar og øvrig behandlingsapparat
  • Følgje opp praktiske gjeremål på post
  • Dokumentasjon og fagleg oppfølging 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Har erfaring fra arbeid med psykisk helsevern eller TSB/rusomsorg
  • Fagleg engasjement og interesse for rusbehandling 
  • Trivst i ein kvardag prega av tverrfagleg samarbeid og pasientkontakt
  • Har gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å handtere krevande situasjonar med ro og tryggleik
  • Er strukturert, fleksibel og en positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad

Personlege eigenskapar

  • Trivst med å jobbe i team og bidrar til eit positivt og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Evne til å etablere og vedlikehalde gode relasjonar
  • Gode samarbeidsevne 
  • Det vil bli lagt vekt på erfaring frå psykisk helse, TSB og personleg egnethet

Vi tilbyr

  • Strukturert opplæring og rettleiing 
  • Tverrfagleg samarbeid med erfarne og dyktige kollegaer
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Langvaktturnus 
  • Lønn i henhald til gjeldende tariffavtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.


Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Anne-Britt Sunde, Seksjonsleiar, 40063110

Arbeidsstad

Håkonsgaten 1
5015 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5117177715
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 26.05.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Lærar ved Selje skule
SELJE SKULE
Norway, SELJE

Har du lyst til å bli ein del av teamet på Selje skule?

Vi har ledig 100 % vikariat frå 01.08.2026, som lærar 1. - 7. trinn, basisfag og kontaktlærar skuleåret 2026/27

Selje skule ligg i Selje sentrum og er ein 1-10-skule med om lag 140 elevar. Vi er opptekne av at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Dei tilsette er positive til utvikling og arbeider tett saman i team i eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisningsøkter
  • Leie læringsarbeidet ved å legge til rette for praktiske og varierte læringsaktivitetar i klasser og grupper
  • Arbeide systematisk og målretta med grunnleggande ferdigheiter i alle fag
  • Bidra i skulen sitt arbeid med å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
  • Delta og bidra i samarbeid med kollegaer
  • Tett samarbeid med føresette, interne og eksterne samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • Godkjent grunnskulelærarutdanning 1–7
  • Søkjarar med grunnskulelærarutdanning 5–10 eller faglærarutdanning kan verte vurdert dersom dei har relevant fagleg fordjuping i basisfaga (norsk, matematikk, engelsk)
  • Anna pedagogisk utdanning med relevant fagkrins kan òg verte vurdert
  • God IKT-kompetanse
  • Du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Du har god relasjonskompetanse
  • Du har gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide i team
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell- og sosial bakgrunn og med ulike livssyn
  • Du kan leie grupper og klasser på ein god og inkluderande måte
  • Du arbeider sjølvstendig og systematisk
  • Du har god vurderingsevne og god rolleforståing
  • Du har god fagleg kompetanse, er fleksibel og løysingsorientert
  • Du kan syne til stabilitet og kontinuitet over tid

Vi tilbyr

  • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Gode lærings- og arbeidsmiljø
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi ber om at søkjarane lastar opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden. 
Dei som vert tilsette må leggje fram politiattest av nyare dato.
Stad kommune har prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon ta kontakt med rektor Per Kenneth Hovdevik tlf 468 98 848.

Kontaktinformasjon

Per Kenneth Hovdevik, Rektor Selje skule, 46898848, per.kenneth.hovdevik@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Fv618 169
6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5123600574
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 21.05.2026

Om arbeidsgiveren:

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

www.nordfjord.no/stad

www.hjartestad.no

Er du glad i livet, da er vi to! 💙
MIO BPA AS AVD BPA
Norway, LARVIK

📍 Arbeidsgiver: Mio BPA
📅 Tiltredelse: Snarest
📌 Stillingstype: Midlertidig 14,7% og tilkallingsvikar
⏰ Arbeidstid: kveld og natt

Jeg, Lena - ei livsglad dame som er heldig å leve lenge til tross for ALS – trenger nå flere folk for å toppe den fantastiske gjengen jeg har med assistenter. 🌻

Ett ord, en tanke, en handling
er alt som skal til
for at vi finner veien
sammen til et samarbeid.

Er det akkurat DEG jeg trenger hjelp av i min aktive hverdag?

Er du en omsorgsfull, ærlig og pliktoppfyllende person, vil du passe godt inn i teamet vårt!

Arbeidstid og stillingsstørrelse:

Jeg ser nå etter en assistent som kan tre inn i en midlertidig stilling på 14,7%. Stillingen vil tre inn i en fast 8-ukers turnus, hvor vikariatet innebærer 6 aftenvakter (kl. 16:00 - 23:00) på 8 uker. Vikariatet vil vare ut året.

Jeg ser også etter en tilkallingsvikar med arbeid primært på natt. Arbeidstid vil være fra 23:00 – 08:00, hvor vaktene er våken nattevakt. Oppstart fortløpende. Oppgi hvilken stilling du søker på i søknaden din.

Stillingene følger tariff og inngår i en fast turnusordning. Vi intervjuer aktuelle kandidater fortløpende og ansetter så raskt vi har funnet riktig kandidat. Så ikke vent – søk nå hvis dette høres ut som noe for deg!

Arbeidsoppgaver:

Som min assistent vil du være mine armer og ben, og bistå meg med alt som kan forekomme i min hverdag. Dette vil blant annet innebære å bli med ut på turer, husarbeid, matlaging og personlig stell. Relevant opplæring vil bli gitt, så det er ikke krav om erfaring fra helsesektoren.

Kvalifikasjoner og personlige egenskaper:

· Personlig egnethet og kjemi vektlegges

· Plettfri politiattest

· Omsorgsfull, fleksibel og pålitelig

· Førerkort klasse B er nødvendig og at du er over 23 år grunnet bilforsikring

· Glad i å jobbe med mennesker

· Fleksibel

· Evne til å skape gode relasjoner

· Høy arbeidsmoral og et brennende ønske om å gjøre en forskjell

· Ikke allergisk mot kjæledyr

Ved spørsmål angående stillingen, kontakt rekrutterer Hedda Bringedal på epost: hedda.bringedal@mio.no. Søknader sendes inn via eget søknadsskjema.

Vi tilbyr:

  • En meningsfylt jobb

  • Erfaring fra helse- og omsorgssektoren

  • Lønn etter tariff: Timelønn 225,40,-, kveldstillegg på 60,- og helgetillegg på 57,-

  • Teoretisk og praktisk opplæring, i tillegg til relevante kurs

  • Fordelsportal med rabattavtaler på blant annet hotell, hvitevarer, nettbutikker etc.

Om arbeidsgiveren:

Mio BPA er en av Norges største BPA-leverandører. Vi har lang og bred erfaring, og leverer tjenester i over 150 norske kommuner. Vi har som mål å levere Norges beste BPA-tjenester, og tilbyr skreddersydde BPA-løsninger i henhold til den enkeltes behov. Det er viktig for oss å kunne gi våre kunder den aller beste tjenesten og at vi er den beste arbeidsplassen for våre medarbeidere. Mio BPA er en del av Mio-konsernet som er 100 prosent norskeid.

Vi jobber alltid ut ifra disse verdiene:

• Respektfull: Vi er åpne og møter andre med vennlighet og forståelse. Alle vi møter skal føle seg sett, anerkjent for den de er og verdifulle.

• Pålitelig: Vi er til å stole på og holder det vi lover. Vi opptrer på en måte som gir tillit og trygghet.

• Modig: Vi utgjør en forskjell for hvert enkelt menneske vi møter. Vi gir mennesker et bedre liv og frihet til å leve slik de vil.

Rådgjevar
NAV KINN AVD FLORØ
Norway, FLORØ

Blir du motivert av å arbeide med menneske og ønskjer å bidra til at fleire får betre levekår og meistring i eige liv? Har du tru på at alle, uansett livssituasjon, har ressursar å byggje vidare på? Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du arbeider tett med brukarane og bidreg til heilskapleg oppfølging gjennom dei sosiale tenestene i Nav. 

Nav Kinn er eit kontor med to lokasjonar - Florø og Måløy- og 34 tilsette som saman jobbar for å gi gode tenester til innbyggjarane i kommunen. No søkjer vi ein rådgjevar i 100 % fast stilling og vi har ledig vikariat til kontoret vårt i Florø, i avdeling brukarsenter.

Vi er ein lærande organisasjon som er opptatt av tverrfagleg samarbeid og heilskapleg oppfølging. Vi har ansvar for oppgåver innan arbeids- og velferdstenester. Som rådgjevar har ein ansvar for oppfølging, råd og rettleiing etter lov om sosiale tenester. Vi skal bidra til å betre levekåra for vanskelegstilte, sosial og økonomisk tryggleik, herunder at den einskilde får høve til å leve og bu sjølvstendig, samt fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet. Avklaring og kartlegging er sentrale arbeidsoppgåver, der ein har fokus på barneperspektivet, ungdomsgarantien og kvalifiseringsprogram. 


Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, forvaltning og oppfølging av søknader om økonomisk sosialstønad.
  • Råd og rettleiing etter lov om sosiale tenester.
  • Oppfølging av brukarar med frivillig eller tvungen forvaltning.
  • Oppfølging med fokus på barneperspektivet.
  • Oppfølging av ungdommer med fokus på overgang til arbeid.
  • Økonomisk rådgjeving.
  • Oppgåver i publikumsmottak.
  • Medverke i kommunen sitt bustadsosiale arbeid og sikre mellombels bustad ved behov.
  • Du kan få tildelt arbeidsoppgåver som koordinator i Individuell plan. 

NAV Kinn har to lokasjonar. Du må difor rekne med noko reising mellom Florø og Måløy ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning på bachelornivå som til dømes sosionom, samfunnsvitenskap og juss. Deler av utdanningskravet kan erstattast av lang og relevant erfaring.
  • Erfaring og trives med forvaltningsarbeid.
  • Ønskeleg med juridisk og økonomisk forståelse.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Gode IKT-ferdigheiter og evne til å setje deg raskt inn i nye system og digitale arbeidsverktøy.
  • Kjennskap til NAV sitt samfunnsoppdrag og lovverk.
  • Ønskeleg med erfaring frå tverrfagleg samarbeid med brukarar som har sammensatte utfordringar, samt heilskapleg sosialfagleg - og arbeidsretta oppfølging.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Personlege eigenskapar

  • Du er systematisk og strukturert, og arbeider sjølvstendig med eigne saker.
  • Du handterer ein variert og tidvis hektisk arbeidshverdag på ein trygg og stabil måte.
  • Er motivert for og trivast med arbeidsoppgåver med brukarkontakt via samtalar, digitale system og på telefon.
  • Tenkjar heilskapleg rundt brukars situasjon.
  • Ein relasjonsbyggar som likar å arbeide med mennesker og har evne til å skape gode relasjonar til brukarar og samarbeidspartar.
  • Møter brukarar med likeverd og respekt, samstundes sette grenser og avklare forventningar.
  • Du er nysgjerrig, endringsvillig og open for nye måtar å jobbe på i ein organisasjon i utvikling.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde.
  • Godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer.
  • Relevant opplæring og gode høve til utvikling.
  • Fleksitidsordning.
  • Tilsetting i Kinn kommune etter gjeldande tariffavtalar.
  • Gode pensjonsordningar gjennom KLP(2% pensjonstrekk).

Kontaktinformasjon

Ina Trengereid, Avdelingsleiar, 97524473, ina.trengereid@nav.no

Arbeidsstad

Hans Blomgate 39
6900 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 5123722891
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 19.05.2026

Om arbeidsgiveren:

Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.  Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.  I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Go to top