İş bul
Avrupa'daki binlerce iş fırsatından kendinize uygun olanı bulun. Arama sonuçları EURES - Avrupa İş Hareketliliği Portalı - tarafından sağlanmıştır.
Vil du bli vår nye overlege innan kardiologi?
Fagområdet kardiologi er organisert under Hjarte- og lungeavdelinga, som er ein del av medisinsk klinikk. I dag har vi ni sengeplassar og dekkjer dei fleste fagområda innan hjartesjukdomar – med unntak av invasiv kardiologi og nokre spesialiserte undersøkingar. Eininga har òg ansvar for innlegging av pacemakar i Helse Fonna. I februar 2027 flyttar hjarteposten inn i heilt nye, moderne lokalar. Vi ser frem til dei utviklingsmuligheitane dette vil gje oss.
Ved hjartepoliklinikken er det stor aktivitet. Her utgreier og følgjer vi opp pasientar med hjartesjukdomar frå heile regionen. Vi har òg etablert ei hastepoliklinikk for å sikre raskare forløp for pasientar med mistanke om koronarsjukdom.
Vi har eit sterkt og engasjert fagmiljø innan kardiologi, med totalt åtte overlegestillingar knytta til Hjarteseksjonen. Det er tett samarbeid med spesialsjukepleiarar innan både kardiologi og intensiv. Deltaking i det felles indremedisinske vaktlaget kan bli ein del av stillinga. Vi har legar som forsker i avdelinga og det ønsker vi å kunne utvikle videre og tilrettelegger for. Vi har eit godt samarbeid med Fag- og forskningsavdelinga i foretaket.
Oppstart etter avtale. Heiltid eller deltid - vi finn ei løysing saman.
Kva går jobben ut på?
- Dagteneste ved hjartepoliklinikken og hjarteposten
- Vaktarbeid, inkludert dagteneste ved Medisinsk intermediær overvakingseining (MIO), kan vere ein del av stillinga
- Overlegane som inngår i vaktordninga, deltek per i dag i ei 12-delt felles indremedisinsk vakt
- Veiledning og undervisning av medisinstudentar og leger i spesialisering.
- Det er tett samarbeid på tvers av avdelingar og mellom ulike tverrfaglege yrkesgrupper
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Vi søkjer ein lege som er godkjend spesialist i kardiologi, eller som er under spesialisering i dette fagområdet
- Gode kunnskapar i generell indremedisin er nødvendige for å kunne delta i vaktordninga
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som ikkje har nordisk morsmål, må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan godkjend norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon på språkkunnskapar må leggjast ved søknaden
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er engasjert i fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- har god fagleg vurderingsevne, og arbeider målretta og strukturert
- kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Kvifor skal du velje oss?
- Eit høgt fagleg nivå med rom for vidare kompetanseutvikling
- Ein aktiv avdeling med spanande og utfordrande oppgåver
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Tilrettelegging for forsking og fagleg utvikling
- Organisert internundervisning innan hjartesjukdommar og indremedisin
- Arbeids- og lønsvilkår i samsvar med gjeldande lokal overeinskomst og individuell avtale
Andre opplysningar
- Reiseverksemd: Det er ikkje krav om reise til andre sjukehus
- Vi kan vere behjelpelege med å finne mellombels bustad i ein overgangsperiode på inntil seks månader
Kontaktinformasjon
Eva Karin Schmidt, Avdelingsleiar, 45223879, eva.karin.schmidt@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5050712846
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.02.2026
Om arbeidsgiveren:
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Vil du vere med og styrkje og utvikle Tolletatens samhandling med næringslivet? Vi søkjer deg som veit at innsikt i behova til brukarane og tidleg dialog er avgjerande for å utvikle gode tenester.
Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar. Samfunnsoppdraget vårt er like enkelt som det er viktig: å sikre at varene som kryssar Noregs grenser til sjøs, på land og i lufta, er trygge og lovlege. Tolletaten har ein tydeleg endringsagenda med høg endringstakt og store digitaliseringsinitiativ.
Vareførselsdivisjonen (VD) skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for både næringslivet og privatpersonar og er etablert med hovudkontor i Bergen. Divisjonen står framfor mange utviklingsoppdrag, og vi er i gang med fleire endrings- og utviklingsprosjekt.
Brukardialogavdelinga har eit nasjonalt ansvar for brukardialogen til Tolletaten. Vi styrkjer samhandlinga vår med næringslivet og søkjer etter ein ny kollegaer som skal bidra til å byggje opp dette fagområdet. Det finst spennande oppgåver for den rette kandidaten. Du vil få ein variert arbeidskvardag i ein tverrfagleg etat.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Vi søkjer deg som har mastergrad innan til dømes samfunnsvitskap, humaniora eller tenestedesign. Bachelorgrad og relevant erfaring kan kompensere for mastergrad.
- du har god kjennskap til kvalitative metodar
- du har erfaring med brukarorientert forretnings- eller tenesteutvikling
- du har god skriftleg framstillingsevne på norsk og erfaring med rapportskriving
- du kan nytte engelsk som arbeidsspråk
- du har gode kommunikasjonsevner og kan bidra både internt og eksternt
- du trivst med å utforske og definere korleis ting kan fungere på ein best mogleg måte
- du må kunne dokumentere relevant erfaring med prosjekt-, prosess- eller endringsleiing
I tillegg ønskjer vi at du har erfaring med
- klarspråk
- workshop-leiing
Kva kjem du til å jobbe med?
Du vil jobbe tverrfagleg og tett saman med andre kollegaer som har ansvar for ulike delar av samhandlinga vår med næringslivet. Du skal jobbe med å kartleggje, innhente informasjon om og dokumentere korleis logistikk og vareflyt fungerer hos næringslivet. Målet er å bidra til å utvikle gode tenester. Vidare skal du
- byggje nettverk og ressursgrupper i næringslivet for å kartleggje behov
- bidra til å følgje opp næringslivet i ulike utviklingsinitiativ
- samarbeide med kommunikasjonsmiljø og andre fagmiljø i etaten om relevante tiltak
- vere oppsøkjande og møte aktørane der dei er
Vi tilbyr
- arbeid med eit viktig samfunnsoppdrag, med gode høve til utvikling gjennom ulike oppgåver som er tilpassa kompetansen din
- eit godt arbeidsmiljø i ein seksjon som jobbar tverrfagleg og tett på næringslivet
- ryddige pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstidsordning og tilbod om ein time bevegelse i arbeidstida i veka
- moderne kontorlokale i Solheimsviken med sykkelparkering, garderobar, treningsrom og tilgang til ei godt driven kantine
- lønn som seniorrådgivar, kr 700 000–800 000, avhengig av kompetanse og erfaring (for særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte seksjonssjef for førebyggingsseksjonen, Stig Løland, på telefon 414 49 986
Til deg som søker jobb i Tolletaten
Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
I Tolletaten meiner vi at mangfald og inkludering er ei styrke, og vi har nulltoleranse for trakassering og diskriminering. Vi er avhengige av medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse og erfaringar for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Dersom du har hol i CV-en, funksjonsnedsetting eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette då du kan ha rett til positiv særbehandling. Les meir om dette på arbeidsgivarportalen.
Om arbeidsgiveren:
null
Fjaler kommune har kjøpt ein studieplass på desentralisert helsesjukepleiarutdanning gjennom Studiesenter Vesterålen. Det er ingen karakterkrav, men du må være offentleg godkjent sjukepleiar med minimum eitt års praksis etter endt utdanning.
Vi søkjer ein motivert sjukepleiar som vil ta ei spanande vidareutdanning i kombinasjon med jobb på helsestasjonen. Du eig ei 100% fast stilling i Fjaler kommune, men jobbar 70 % under utdanninga (du får løn tilsvarande prosenten du jobbar). Det er to års bindingstid etter endt studie. Den faste stillinga fordrar at du startar på studiet i 2026 og fullfører på normert tid. Kommunen dekker studieplassen og utgifter knytt til studiet, med unntak av kostnader til dei fysiske samlingane i starten av kvart semester, som studenten sjølv må dekke.
Om studiet
- Ordinær helsesjukepleiarutdanning tek 1,5 år (2 år dersom ein vel masterutdanning).
- Den desentraliserte utdanninga går over 6 semester (3 år) og gir 90 studiepoeng.
- Undervisninga er digital forutan ei veke fysisk samling på Elverum i starten av kvart semester.
- Universitetet arbeider for at flest mogleg eksamenar kan takast lokalt.
- Det er tre periodar praksis i løpet av dei tre første semestera (ikkje på eigen arbeidsplass).
- Tilrettelegging i studiet: Studenten bør ha 7–10 timar per veke avsett til studiar.
- Det kan leggast til rette for masterstudium over 4 år etter nærare avtale.
Krav til kandidaten
- offentleg godkjent sjukepleiar
- minimum eitt års praksis etter endt utdanning
- interesse for fagfeltet barn, unge og familiane deira
- gode relasjonelle ferdigheiter
- god på kommunikasjon og i dialog med barn og foreldre
- evne til å arbeide både sjølvstendig, i team og tverrfagleg.
- interesse for og ønskje om å styrkje kompetansen i samtalar med barn og foreldre, og i vurdering av psykososiale forhold
- god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- førarkort klasse B
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Les meir om studiet:
Lån og stipend hos Lånekassen:
Studiet er lagt til Universitetet i Innlandet som er godkjent for støtte i Lånekassen.
Studentar kan søkje om:
- basislån
- skulepengelån
- På lånekassen.no finn du meir informasjon om ordningar for vaksne studentar.
Vi tilbyr
- Studieplass på desentralisert helsesjukepleiarutdanning
- Løn etter utdanning og ansiennitet
- 35 000,- alltid på topp rekruttere- og behalde tillegg ved er ferdig utdanna Helsesjukepleiar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit godt arbeidsmiljø
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du sender inn ein søknad. Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Fjaler kommune har om lag 2800 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500. Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod. UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord, fjell og vakker natur.Ønsker du å bidra til å fremme tryggleik for personar med demens?
Vi har ledig ei fast 80 % stilling som helsefagarbeidar i pleie- og omsorgsavdelinga. Arbeidsstaden er for tida ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå.
Dette er ei kombinasjonsstilling som er delt mellom vårt dagaktivitetssenter og skjerma enhet. Dvs. at 60 % av stillinga er på dagaktivitetssenteret, og 20 % av stillinga er på skjerma enheit, med arbeid kvar 3 helg.
Du vil få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med fokus på å skape tryggheit, trivsel og aktivitet for våre brukere. Stillinga er ledig frå 01.03.2026.
Seksjon blå er ein skjerma seksjon ved Herøy omsorgssenter, som ligg på Eggesbønes. Seksjonen har 16 pasientar. Vi jobbar særskilt med individtilpassa miljøarbeid for å fremje tryggleik hos desse pasientane. Blåtunet dagaktivitetssenter er ein del av seksjon blå ved Herøy omsorgssenter.
Arbeidsoppgåver
- miljøarbeid for personar med demens
- pleie- og omsorgsoppgåver til bebuarar i sjukeheim
- utarbeide og følge opp tiltaksplanar
- dokumentasjon etter gjeldande lovverk
- samarbeide med anna helsepersonell
- rettleie og samarbeide med pårørande
- bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald etter kompetanse for å kvalitetssikre tenesta
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel
- kan bruke IKT som arbeidsverktøy, og har gjerne erfaring med Gerica
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting
Personlege eigenskapar
- tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte
- tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
- kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
- er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
- kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
- møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
- vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
- bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
- løn etter gjeldande tariffavtale
- pensjon og forsikringsordning gjennom KLP
- elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen
- stipendordning ved vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen til helse og omsorg
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Sissel Reite, Seksjonsleiar, +47 99210028
Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5C
6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5047671434
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 18.12.2025
Om arbeidsgiveren:
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Faste helgestillingar ved Hellemyra Bufellesskap (18–21 %)
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune søkjer deg som ønskjer ei meiningsfull helgestilling i eit fagleg sterkt og varmt arbeidsmiljø. Vi har 5 ledige faste stillingar i turnus, kvar 4. helg (langvakter).
Om arbeidsstaden
Hellemyra Bufellesskap ligg i Eikelandsosen og er heim for fem vaksne tenestemottakarar med ulike behov for bistand. Her jobbar vi målretta for å skapa tryggleik, meistring og gode kvardagar – både for bebuarar i bufellesskapet og for heimebuande tenestemottakarar som vi følgjer opp.
Du blir ein del av Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune, som består av 9 bufellesskap og 2 dagsenter, og som er kjend for godt samarbeid og høg fagleg kvalitet.
Arbeidsoppgåver
Som tilsett på helg vil du vere ein viktig person i kvardagen til tenestemottakarane.
Arbeidet inngår bl.a følgende:
- Målretta miljøarbeid og oppfølging av individuelle tiltak
- Å bidra til meistring i daglege gjeremål og sosiale aktivitetar
- Å jobbe etter prinsippet «Kva er viktig for deg?» – og omsetje det til praksis i møtet med kvar enkelt.
Du vil få god opplæring og støtte undervegs.
Kven ser vi etter?
Vi ønskjer særleg deg som er student innan helse-, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning, men du kan også søke dersom du:
- har relevant erfaring
- er ufaglært, men har stor interesse for å jobbe med menneske og vurderer utdanning på sikt
- er trygg i møte med andre, og har gode haldningar, etisk forståing og evne til samarbeid
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og på at du har eit ekte engasjement for brukargruppa.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Du må kunne legge fram politiattest.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull helgestilling der du verkeleg gjer ein forskjell
- Eit inkluderande og kompetent fagmiljø som vil at du skal lykkast
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande avtalar - studentavlønning for relevant utdanning
- Moglegheit for vidare jobb og større stilling – vi satsar aktivt på heiltidskultur
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?Vil du vere med på å forme framtida si akuttjeneste? Ønsker du å bruke heile bredda av kompetansen din? Vi søker nå etter engasjert sjukepleiar som vil vere med oss vidare - på eit heilt nytt akuttsjukehus!
Akutt 24 er eit nytt konsept på SNR, der faglegheit, pasienttryggheit og tverrfagleg samarbeid står i sentrum.
Målsettinga med akutt24 er gode og effektive pasientforløp der pasientane raskt diagnostiserast, behandlast og utskrivast uten innlegging i ordinær sengepost. Seksjonen vil vere eit hurtigsjukehus i sjukehuset. Vi har i hovedsak øyeblikkeleg hjelp behandling, men har også enkelte elektive pasientforløp.
Seksjonen har totalt 19 pasientsenger, og har både medisinske og kirurgiske pasientar. Vi har pasientar innanfor følgjande fagområder:
- Kardiologi
- Indremedisin
- Nevrologi
- Kirurgi
- ØNH
- Ortopedi
- Gynekologi
Hos oss vil du ha moglegheit til å komme med innspel til eigen turnus. Vi har arbeidshelg med langvakter kvar 4. helg.
Vi har eit godt arbeidsmiljø, og du vil bli ein del av ei kunnskapsrik og engasjert personalgruppe.
Vi har også stort fokus på fag og kompetanseheving, men faste fagdager i turnus og ukentlig internundervisning.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til akutt sjuke pasientar og elektive pasientforløp
- Sjukepleieadministrative oppgåver
- Legevisitt
- Legemiddelhåndtering
- Samarbeid med samhandlande avdelingar og primærhelsetjenesta
- Rettleiing av studentar og kollegaer
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Behersker norsk muntleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team
- Du er endringsvillig, positiv og engasjert
- Du bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Du er motivert til å utføre varierte arbeidsoppgåver
- Du bidreg til fagleg utvikling og kontinuerlig forbetringsarbeid
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Stort fokus på fagutvikling og kompetanseheving
- Faste fagdager i turnus og ukentlig internundervisning
- Godt og positivt arbeidsmiljø, med engasjerte kollegaer
- Spennende og varierte oppgåver
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Beate Eilen Svanemsli Lyngvær, Seksjonsleiar, +47 97613848, beate.svanemsli.lyngvaer@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5028124630
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 12.12.2025
Om arbeidsgiveren: