Vi har no ledig 60% vikariat som helsefagarbeidar
Alderspsykiatri SNR ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk helsefagarbeidar med nok audmjukheit til å kjenne si eiga styrke og begrensning nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe sine synspunkt inn til drøfting med kollega. Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på menneske som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det er forventa at du tåler å stå i det.
Seksjonen vår er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåvene til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD) ,alvorleg depresjon, angstliding, alvorleg spiseforstyrring og andre alvorlege psykiske lidingar. Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har 9 sengeplasser inkludert moglegheit for 2 intensivplasser - ingen akuttfunksjon. Innlegging skjer etter henvisning frå fastlege, sjukeheimslege eller annan lege/seksjon/avdeling i helseføretaket. Alderspsykiatri SNR gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunane
Kan dette vere noko for deg? Då håpar vi du søkjer – vi gleder oss til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Bidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing. Seksjonen har et stort fokus på miljøtiltak
- Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollega i sengeposten og poliklinikk
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak
- Halde seg fagleg oppdatert og følge seksjonen sine kompetansehevingstiltak
- Bidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunane
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/ hjelpepleiar
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv
- Du må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringar i organisasjonen vår
- Du må vere positiv og ein god relasjonsbyggar
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du er god til å samarbeide på tvers av yrkesgrupper
- Du har stor arbeidskapasitet
- Du er fysisk og psykisk eigna til stillinga
- Du må vere fagleg tydeleg og gje tilbakemeldingar til kollega både på det negative og positive
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Kontaktinformasjon
Marit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 26450 HJELSET
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5099214162
Stillingsprosent: 60%
Vikariat
Startdato: 01.04.2026
Sluttdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 06.04.2026
Om arbeidsgiveren: