Bømlo kommune har behov for tilkallingsvikarar for både undervisningspersonale (lærarar), miljøarbeidarar (assistentar) og miljørettleiarar i grunnskulane gjennom skuleåret 2026/2027.
Kommunen må etter Opplæringslova § 17-7 leggja til rette for at skulane har tilgang på vikarar, og denne stillingsutlysinga vil fungera som ein «vikarpool». Vikarbehovet oppstår ofte på kort varsel og variera mellom skulane. Det kan òg bli aktuelt med tilsetjing i kortare vikariat.
Om skulane
Det er åtte grunnskular i Bømlo. Fem av desse er barneskular, ein er rein ungdomsskule og to er kombinerte barne- og ungdomsskular. Storleiken varierer frå ca 75 elevar på dei minste skulane, til ca 350 elevar på dei største. Fleire opplysningar om grunnskulane og kontaktopplysningar finn du på skulane si heimeside: Skulane i Bømlo
Søknadsprosess:
Me tek i mot søknader fortløpande. Du vil i søknaden få spørsmål om kva type vikarstilling (lærar/miljøpersonale) du søkjer og om du er interessert i kortare vikariat. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta av den einskilde skule då alle rektorane vil ha oversikt over inkomne søknadar.
Arbeidsoppgåver
- Lærarvikar: Undervisning i ulike fag på alle trinn i grunnskulen.
- Miljøpersonale: Følgje opp elevar i skule, og ha ansvar for gruppeaktivitetar på SFO.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- For stillingane som lærarvikar og miljøarbeidar søkjer me høvesvis etter kvalifiserte lærarar og fagarbeidarar innan helse og oppvekst. Andre med relevant utdanning, fagkompetanse eller erfaring kan òg vere aktuelle. Me vil særskilt oppmode studentar i lærarutdanning til å søkje. For miljørettleiarstillingane krevst relevant utdanning.
- Personar som ikkje fyller kompetansekrava kan òg vere aktuelle som tilkallingsvikarar.
- Gode norske språkferdigheiter, både munnleg og skriftleg, er nødvendig.
Personlege eigenskapar
- Trygg og tydeleg i møte med barn og unge.
- Gode samarbeids- og formidlingsevner.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
- Raus og fleksibel.
I vurderinga legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon.
Me tilbyr
- Varierte og meiningsfulle oppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- For lengre vikariat er det tilbod om velferdsklubb med tilsettegoder.
- Løn og vilkår etter gjeldande avtaleverk.
Andre opplysingar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Offentleg søkarliste vert oppretta. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast (Offentleglova § 25).
Høyrest dette ut som noko for deg? Send søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga, kontakt rektorar på dei skulane du ynsker å vera vikar på.
Kontaktinformasjon
Kari Østensen, Rektor v/Svortland skule, 993 86 606Maryann Steinsbø, Rektor v/Gilje skule, 992 77 987
Olaug Norenes Hovda, Rektor v/Våge skule, 404 64 340
Joakim Lund, Rektor v/Moster skule, 930 08 438
Torunn Hatlevik, Rektor v/Hillestveit skule, 934 61 743
Christin Klubben, Rektor v/Bremnes ungdomsskule, 957 74 456
Tone Baugstø, Rektor v/Rubbestadneset skule, 990 34 994
Katrine Hausberg, Rektor v/Meling skule, 958 35 391
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5152923081
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 10.08.2026
Sluttdato: 18.06.2027
Søknadsfrist: 18.06.2027
Om arbeidsgiveren:
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.