Ieškoti darbo
Iš tūkstančių galimybių Europoje išsirinkite sau tinkamą darbą. Paieškos rezultatus teikia EURES - Europos darbo mobilumo portalas.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetslektor II i nordisk fagdidaktikk
Velkomen som søkjar til ei 20 % åremålsstilling (ekstraerverv – «bistilling») som universitetslektor II i nordisk fagdidaktikk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetjing med mogelegheit til forlenging i to nye år. Planlagd oppstart er 1. januar 2026, eller så snart som mogleg etter dette.
Eit krav for tilsetjing i ekstraerverv er at ein har ei hovudstilling (minst 50 %) utanfor Universitetet i Bergen i heile åremålsperioden.
Om institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Instituttet har kring 80 vitskapleg tilsette, 18 administrativt tilsette,og kring 50 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Me tilbyr studieprogram i nordisk språk og litteratur, klassisk filologi, allmenn litteraturvitskap, digital kultur, lingvistikk, norsk som andrespråk, norrøn filologi, kunsthistorie, teatervitskap, og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. Lektorutdanninga i nordisk (norsk) er også ein del av LLE. Instituttet er òg vertskap for to senter: Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk. Til instituttet ligg også arbeid med tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.
For tida arbeider tolv tilsette innanfor nordisk språk og litteratur og tre innanfor nordisk fagdidaktikk. I tillegg er det sju stipendiatar innan nordisk ved instituttet.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning (forelesing og seminar), praksisbesøk, rettleiing og eksamensarbeid for studentar innanfor alle program som gjeld norsklærarutdanninga ved Universitetet i Bergen. Ein del av undervisninga kan måtte gjevast som nettundervisning.
- Undervisning både i det femårige lektorutdanningsprogrammet med master i nordisk, den eittårige praktisk-pedagogiske utdanninga (eittårig PPU) og «Erfaringsbasert master i undervisninga med fordjuping i norsk» er aktuelt.
- Administrative oppgåver knytt til undervisning og delta i denkontinuerlegeutviklinga av faget høyrer også med.
Undervisings-, rettleiings- og sensoroppgåver innan sitt kompetanseområde ved andre institutt ved Det humanistiske fakultet etter behov.
Undervisningsspråket er norsk eller skandinavisk.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande i nordisk fagdidaktikk, nordisk litteratur, nordisk språk, norsk som andrespråk eller tilsvarande er eit krav.
- Dokumentert kompetanse i nordisk fagdidaktikk og brei fagleg orienteringer ein føremon.
- Det er ein føremon med særleg kompetanse i tilknyting til ein av disiplinane innanfor nordisk, dvs. nordisk språk eller nordisk litteratur, inkludert norsk som andrespråk eller norrøn filologi, eller kompetanse i eit meir overgripande norskdidaktisk felt som til dømes skriving, tekstvitskap eller lesevitskap.
- Undervisningskompetanse som i skuleverket er eit krav, og undervisningspraksis frå skuleverket vil verta særleg vektlagt i vurderinga av søkjarane.
- Erfaring med å utvikla læremiddel, erfaring frå digital undervisning og relevant erfaring med undervisning og rettleiing i nordisk litteratur og fagdidaktikk på universitets- og høgskulenivå vil verta vektlagt i vurderinga.
- Morsmålskompetanse eller tilnærma morsmålskompetanse i norsk og kunna dokumentera kompetanse i både bokmål og nynorsk.
- Ein vil ved tilsetjing leggja vekt på at søkjarane er skikka til å driva undervisningsarbeid.
Den som blir tilsett må vere godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, formidlingsevner og entusiasme for arbeidet blir tillagt vekt.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og at ein følger gjeldande retningslinjer. Krav om nærvær på campus kan variera gjennom tilsetjingsperioden. UiB dekkjer som hovudregel ikkje reise- eller bukostnader for den som vert tilsett.
Hos oss får du:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
- Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
- Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
- Brutto årsløn på kr 625 500 – 665 500 i full stilling (kode 1009). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
Slik søkjer du stillinga
Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
- Under«Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om din motivasjon for å søkje stillinga.
- Under «CV», oppgi:
- Personalia.
- Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn i dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar (publikasjonsliste) kan leggjast ved som eit separat dokument dersom ønskjeleg.
- Språkferdigheiter.
- Minst tre referansepersonar. Personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar vil vere særleg relevante.
- Under «Vedlegg» lastast følgjande opp som separate dokument:
- Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk erfaring).
- Vitnemål som dokumenterer fullførte grader (skanna versjon av originalar eller rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning) og relevante attestar.
- Eventuelle evalueringsrapportar eller annan tilbakemelding på eiga undervisning.
- Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar og inntil fem vitskaplege arbeid.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til fagkoordinator Ragnhild Lie Anderson på e-post: ragnhild.anderson@uib.no, tlf: 55 58 94 89 eller instituttleiar Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, tlf: 55 58 36 53
Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultetet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at me kan løysa oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Me oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søkja. Dersom du kryssar av for dette i søknaden, kan du bli positivt særbehandla. Me inviterer alltid minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Om arbeidsgiveren:
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Om stillinga
Avdelinga har om lag 55 tilsette, 600 studentar og samarbeider med partnarar i inn- og utland.
Den som vert tilsett vil ha hovuddelen av stillinga knytt til bachelorgradsprogrammet i PR, kommunikasjon og media, men vil også undervise og rettleie i andre program og emne ved Høgskulen i Volda eller våre samarbeidspartar. Aktuelle undervisningsemne for stillinga vil vere dei praktiske emna innan kommunikasjon, journalistikk og medieproduksjon. Dette kan innebere å undervise i mellom anna praktisk medie- og kommunikasjonsarbeid innanfor nye, digitale verktøy, grunnleggande kommunikasjonsteori, strategisk kommunikasjon, public relations, journalistikk, samfunnskunnskap, medievitskap og vitskapleg metode, organisasjonsteori, verdiar og etikk, samt makt og demokrati. I tillegg kjem rettleiing i samband med praktiske prosjektoppgåver, avsluttande oppgåver i kommunikasjon eller journalistikk, samt rettleiing av studentar i samband med fellesemne på bachelor- og masternivå.
Kvalifikasjonar
- For kvalifikasjonar på ulike kompetansenivå (Førstelektor, høgskulelektor og høgskulelærar), viser vi til kapittel 3: Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger
- For stilling som førstelektor krevst fagleg utviklingsarbeid på høgt nivå
- Søkjarar som ikkje tilfredsstiller kravet om høgre grads eksamen eller tilsvarande kan tilsetjast på vilkår om fullføring innan to år
- Utdanningsfagleg kompetanse er ein fordel, men du vert tilboden naudsynt opplæring i høgskulepedagogikk ved behov
- Gode skriftlege og munnlege norsk- og engelskkunnskapar
Søkjarar bør ha:
- Erfaring frå undervising innan høgare utdanning
- Relevant, praktisk erfaring frå det kommunikasjonsfaglege praksisfeltet
- Erfaring frå rettleiing av studentar i praktiske oppgåver
- Interesse for studentaktiv undervisning
- Erfaring frå forskings- og utviklingsarbeid
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til problemløysing og kreativitet
- Evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig
- Personlege eigenskapar vert særleg vektlagde
Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vert det lagt vekt på:
- Utdanningsbakgrunn
- Relevant yrkespraksis innan kommunikasjonsarbeid eller journalistikk
- Erfaring frå undervisning og rettleiing frå universitets- og høgskulesektoren
- God evne til å kommunisere og samarbeide med studentar og kollegaer
- Personlege eigenskapar som kan bidra positivt til studie- og arbeidsmiljøet
- Interesse for å følgje med på trendar innan medium og kommunikasjon og halde seg oppdatert på endringar og utvikling
- Forskings- og utviklingsarbeid dersom ein søker stilling som førstelektor.
Arbeidsfelt
Faglege stillingar er delt inn i ein forskings- og utviklingsdel, ein undervisingsdel og ein formidlingsdel. Du vil ta del i mellom anna praktisk og teoretisk undervisning, rettleiing og fagleg utvikling, internpraksis og administrative oppgåver. Du må også rekne med å ta del i arbeidsoppgåver innan andre emne ved HVO og i ekstern verksemd. Du vil få høve til å ta del i det vidare arbeidet med medie- og kommunikasjonsfagets profil og utvikling av nye studietilbod. I forskings- og utviklingsdelen er det forventa at du bidreg aktivt i utvikling av forskingsprosjekt og -samarbeid. Arbeidsoppgåver kan verte endra ved skifte i fagleg tilbod eller personalsamansetning.
Vi tilbyr
Vi kan tilby eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar. Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodane ved Høgskulen i Volda: Høgskulelærar, stillingskode 1007, kr. 575 000- 640 000, høgskulelektor stillingskode 1008 kr. 650 000 -784 185, førstelektor stillingskode 1198 kr. 770 310-862 285 .
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål, attestar og CV.
- Masteroppgåve
- Eventuelle vitskaplege arbeid
- Kort plan for framtidig FoU-arbeid
Dei faglege kvalifikasjonane vert vurderte av sakkunnig komité.
Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og eventuell prøveundervisning. Det er planlagt intervju i februar med mål om tilsetjing i mai 2026.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å vende seg til dekan Ivar John Erdal, ivar.john.erdal@hivolda.no, tlf.: 909 19 596.
Om avdelinga
Vi byr på eit av landets største medie- og kommunikasjonsfaglege miljø.
Kommunikasjonsutdanninga i Volda er over 50 år, og er ei ettertrakta utdanning med svært god rekruttering frå inn- og utland. Utdanninga har faste praksisordningar med store verksemder i alle delar av landet. Miljøet tek del i regionale, nasjonale og fleire internasjonale forskings- og utviklingsprosjekt
Den som vert tilsett vil ha hovuddelen av stillinga knytt til bachelorgradsprogrammet i PR, kommunikasjon og media, men vil også undervise og rettleie i andre program og emne ved Høgskulen i Volda eller våre samarbeidspartar. Aktuelle undervisningsemne for stillinga vil vere dei praktiske emna innan kommunikasjon, journalistikk og medieproduksjon. Dette kan innebere å undervise i mellom anna praktisk medie- og kommunikasjonsarbeid innanfor nye, digitale verktøy, grunnleggande kommunikasjonsteori, strategisk kommunikasjon, public relations, journalistikk, samfunnskunnskap, medievitskap og vitskapleg metode, organisasjonsteori, verdiar og etikk, samt makt og demokrati. I tillegg kjem rettleiing i samband med praktiske prosjektoppgåver, avsluttande oppgåver i kommunikasjon eller journalistikk, samt rettleiing av studentar i samband med fellesemne på bachelor- og masternivå.
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no
Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXcOm arbeidsgiveren:
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.