Ieškoti darbo
Iš tūkstančių galimybių Europoje išsirinkite sau tinkamą darbą. Paieškos rezultatus teikia EURES - Europos darbo mobilumo portalas.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i narrativ datavisualisering knytt til Senter for digitale forteljingar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Er du ein person som brenn for narrativ og for korleis historier formar måten vi ser og forstår data og informasjon i verda rundt oss?
Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i narrativ datavisualisering ved Senter for digitale forteljingar, som er del av Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Planlagd oppstart er 1. januar 2027, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.
Stillinga er knytt til Senter for digitale forteljingar (CDN), eit norsk senter for framifrå forsking, og er tett kopla til Visualiseringsgruppa (VisGroup) ved Institutt for informatikk. Den som vert tilsett, vil dele arbeidstida si mellom dei to forskingsmiljøa og vil bli oppmoda til å delta aktivt i begge miljøa. Sjølv om kandidaten vil ha noko fridom til å velje kva data som skal brukast i ph.d.-prosjektet, forventar vi at det vert utvikla koplingar til pågåande prosjekt ved CDN, særleg ERC Advanced Grant-prosjektet AI STORIES, samstundes som ein nyttar fullt ut den metodiske og tekniske kompetansen som finst i VisGroup.
Om institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium:
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har om lag 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 stipendiatar og 13 postdoktorar. Instituttet omfattar fagområda allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske studium, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk- og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, lingvistikk og teatervitskap. Instituttet er òg vertskap for to senter – Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk – i tillegg til tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.
Om senter for digitale forteljingar (CDN)
Senter for digitale forteljingar er eit norsk senter for framifrå forsking som er dedikert til humanistisk forankra forsking på digitale forteljingar, inkludert elektronisk litteratur, spelstudiar, digital kultur og berekningsbaserte former for historieforteljing. CDN har søkjelys på algoritmisk narrativitet, nye miljø og materialitetar, og dei skiftande kulturelle kontekstane der digitale forteljingar vert mottekne og tolka. Vi undersøkjer korleis samspel mellom menneskelege forfattarar og ikkje-menneskelege aktørar fører til nye narrative former, korleis materialiteten i digitale forteljingar har endra seg over tid, og korleis kulturelle kontekstar omformar materialiteten deira, bruk og funksjon. CDN tilbyr òg eit livleg, tverrfagleg forskingsmiljø med omfattande internasjonalt samarbeid, utstillingar, opplæringstilbod og tverrsektorielle partnarskap.
Om prosjektet AI Stories:
AI STORIES: Narrative Archetypes for Artificial Intelligence er eit femårig ERC-finansiert prosjekt (2024–2029) leia av professor Jill Walker Rettberg. Prosjektet utforskar og testar hypotesen om at djupe narrative strukturar i dataa og prosessane som vert nytta til å trene generative KI-modellar, vert reproduserte og kanskje til og med forsterka i outputen frå generativ KI, og at dette kan føre til kulturelt spesifikke narrative skeivskapar. Dette er humanistisk forsking som nyttar kvalitative metodar frå litteraturvitskap og studium av digital kultur.
Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga:
Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse.
Stillinga har ein samla periode på tre år, der 2,5 år er sett av til arbeidet med doktorgradsprosjektet. Som stipendiat blir du tatt opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjaren må ha:
- Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan digital kultur, digitale humaniora, informatikk eller eit anna fag som omfattar opplæring i anten digital design, kritisk teori eller narrativ teori og analyse. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
- Erfaring med å utforme og utvikle (dvs. programmere) datavisualiseringar, dokumentert gjennom kursarbeid, portefølje eller kodearkiv.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeidsevner.
- Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i engelsk.
Det er ein føremon med:
- Kunnskap om kritisk teori og kjennskap til kvalitative analysemetodar.
- Kunnskap om narrativ teori eller narrativ analyse.
- Svært gode programmeringsferdigheiter, særleg i utvikling av visuelle grensesnitt og/eller applikasjonar.
- Kunnskap om prinsipp for UI/UX og grafisk design.
Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå Ph.d.-programmets pkt. 2.1.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, saman med ein framdriftsplan for prosjektet.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og personleg eignaheit.
Hos oss får du:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
- Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
- Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
- Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 593 700 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
- Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen din for å søkje stillinga. Du bør forklare kvifor du er interessert i stillinga, og kvifor bakgrunnen og forskingsinteressene dine gjer deg godt eigna.
- Under «CV», oppgi:
- Personalia.
- Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste).
- Språkferdigheiter.
- Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve, eller den nyaste rettleiaren dersom søkjaren kjem frå privat sektor.
- Under «Vedlegg» skal du laste følgjande opp som separate dokument:
- Prosjektskisse på inntil 2 sider. Prosjektskissa skal tydeleg presentere dei sentrale forskingsidéane du ønskjer å utforske, og forklare relevansen deira både for dine eigne forskingsinteresser og for AI STORIES-prosjektet.
- Framdriftsplan for prosjektskisse som tek omsyn til opplæringsdelen i ph.d.-programmet.
- Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Last dei opp som vanlege filer dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som opplyser om oppgåva sitt omfang i ECTS.
- Kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
- Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
- Inntil tre fullstendige faglege publikasjonar kan leggjast ved dersom aktuelt.
- Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar.
Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsetjingsprosessen her.
Formelle reguleringar:
- Kandidatar som tidlegare har hatt stipendiatstilling ved Universitetet i Bergen kan ikkje søkje stillinga.
- Tilsetjingsperioden kan bli redusert for kandidatar som tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon.
- Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte senterleiar, professor Jill Walker Rettbert, e-post: jill.walker.rettberg@uib.no, telefon: +47 55588431 eller instituttleiar, professor Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, telefon: +47 55583653.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om arbeidsgiveren:
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i norsk fagspråk med fokus på berekraft ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar
Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i norsk fagspråk ved Senter for norsk fagspråk, som ligg under Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar. Planlagd oppstart er så snart som mogleg. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.
I stillinga får du ein unik moglegheit til å utvikle deg innan fagfeltet, bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø.
Om instituttet:
Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studiar har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.
Om Senter for norsk fagspråk
Forskingsprosjektet er knytt til Senter for norsk fagspråk (Fagspråksenteret) som er ei nasjonal satsing med finansiering frå Noregs forskingsråd. Senteret har som mål å samordne ein langsiktig nasjonal innsats for norsk språkforsking, utvikling og utdanning i terminologi og fagspråk, arbeidsspråk, leksikografi, namnegransking og språkteknologi. Senteret skal knyte til seg fleire stipendiatar og postdoktorar, og vil samarbeide med forskarar både nasjonalt og internasjonalt.
Samarbeidspartnarar inkluderer Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Volda, Universitetet i Agder, Høgskulen i Østfold og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Meteorologisk institutt, Helse Vest RHF og Institutet för språk och folkminnen, i tillegg til nasjonale og internasjonale institusjonar i og utanfor universitets- og høgskulesektoren.
Om stillinga
Stillinga er knytt til fokusområde 1 Terminologi og fagspråk i Fagspråksenteret (2025-2033). Gjennom ei tverrfagleg tilnærming skal aktivitetane i senteret bidra til å utvikle ny, empirisk kunnskap om kva rolle fagspråk spelar i samfunnet, korleis det fungerer, blir lært og brukt i ulike kontekstar. Den som blir tilsett som stipendiat, vil delta i eit delprosjekt som skal forske på formidling av ekspertkunnskap innan området berekraft.
Delprosjektet studerer kva som skjer språkleg når kunnskap skal implementerast, omsetjast og reartikulerast frå globale rapportar till ein norsk kontekst på ulike fagfelt, i sjangrar med ulik grad av fagleg spesialisering og i tekstar nytta i utdanning, næringsliv og forvaltning, slik som lærebøker, anna undervisningsmateriell, leksikonartiklar og verksemders berekraftsrapportar. Terminologi og fagspråk er eit viktig aspekt som vil bli vigd særskilt fokus i dette delprosjektet. Prosjektet vil nytta metodar frå korpuslingvistikk, terminologi, nyordsstudiar, fagomsetjing, etnografi og dokument- og diskursanalyse.
Delprosjektet har nært samarbeid med nordiske partnarar som driv forsking innan berekraftsterminologi. Delprosjektet vil også samarbeide tett med Termportalen, den nasjonale infrastrukturen for terminologi som er ein del av Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket ved UiB. Det vil blant anna vere eit mål å utvikle parallellspråkleg terminologi innan fagfeltet.
Meir informasjon om Fagspråksenteret kan du finne her.
Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga:
Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse.
Stillinga har ein samla periode på fire år:
- 2,5 år er sett av til arbeidet med doktorgradsprosjektet.
- 1 år er sett av til karrierefremjande arbeid innan undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga vert avtalt ved tilsetjing.
- Som stipendiat blir du tatt opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjaren må ha:
- Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan relevante fagfelt, til dømes språkvitskap, kulturvitskap, sosiologi og geografi. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeids- og formidlingsevner.
- Evne til å ta initiativ og sikre god gjennomføring i arbeidet.
- Evne til å samarbeide i tverrfaglege fellesskap.
- Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i eit skandinavisk språk ved tilsetting.
- God framstillingsevne på engelsk, skriftleg og munnleg.
Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå ph.d.-programmets pkt. 2.1.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, og ein framdriftsplan for prosjektet.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane, inkludert erfaring med relevante metodar. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.
Hos oss får du:
- Eit godt og fagleg spennnande arbeidsmiljø.
- Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
- Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
- Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
- Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 568 700 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
- Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga.
- Under «CV», oppgi:
- Personalia.
- Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste).
- Språkferdigheiter.
- Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- Under «Vedlegg» skal følgjande lastast opp som separate dokument:
- Prosjektskisse på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal tydeleg skildre det vitskapelege prosjektet, inkludert forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og empiri som skal nyttast i prosjektet. Prosjektskissa skal også vise korleis det foreslåtte prosjektet bidrar til forskinga i fokusområde terminologi og fagspråk. Litteraturliste skal følgje prosjektskissa.
- Framdriftsplan for prosjektet som tek omsyn til karrierefremjande arbeid og ph.d.-programmet sin opplæringsdel.
- Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, skal dei lastast opp som vanlege filer. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som oppgir oppgåva sitt omfang i ECTS.
- Kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
- Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
- Inntil tre fullstendige faglege publikasjonar kan leggjast ved dersom aktuelt.
- Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar.
Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Formelle reguleringar:
- Kandidatar som tidlegare har hatt stipendiatstilling ved Universitetet i Bergen kan ikkje søkje stillinga.
- Tilsetjingsperioden kan bli redusert for kandidatar som tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon.
- Kandidatar som allereie har doktorgrad på fagområde som overlappar med utlysinga vil ikkje bli vurdert.
- Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, telefon:+47 55583653 eller leiar for Fagspråksenteret Marita Kristiansen, e-post: marita.kristiansen@uib.no, telefon:+47 55583069/97604624.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post:fakadm@hf.uib.no.
Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivtsærbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om arbeidsgiveren:
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i personnamngransking ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i personnamngransking knytt til Senter for norsk fagspråk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar. Planlagd oppstart er så snart som mogleg. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.
I stillinga får du ei unik moglegheit til å utvikle deg innan fagfeltet, bidra til ny kunnskap på området og delta i eit stimulerande akademisk miljø.
Om instituttet:
Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studier har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.
Om Senter for norsk fagspråk
Forskingsprosjektet er knytt til Senter for norsk fagspråk (Fagspråksenteret) som er ei nasjonal satsing med finansiering frå Noregs forskingsråd. Senteret har som mål å samordne ein langsiktig nasjonal innsats for norsk språkforsking, utvikling og utdanning i terminologi og fagspråk, arbeidsspråk, leksikografi, namnegransking og språkteknologi. Senteret skal knyte til seg fleire stipendiatar og postdoktorar, og vil samarbeide med forskarar både nasjonalt og internasjonalt.
Samarbeidspartnarar inkluderer Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Volda, Universitetet i Agder, Høgskulen i Østfold og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Oslo, Meteorologisk institutt, Helse Vest RHF og Institutet för språk och folkminnen, i tillegg til nasjonale og internasjonale institusjonar i og utanfor universitets- og høgskulesektoren.
Om stillinga
Stillinga er knytt til arbeidspakke 4 Namnegransking i Fagspråksenteret (2025–2033). Gjennom tverrfagleg tilnærming skal aktivitetane i senteret bidra til å utvikle ny, empirisk kunnskap om utviklinga av personnamnbruk i Noreg.
Eit sentralt tema for arbeidet er korleis personnamnbruk utviklar seg i Noreg i møte med eit stadig meir fleirkulturelt samfunn, særleg møtet mellom namnetradisjonar hos majoritet og minoritet, med særleg vekt på perioden etter 1970 då innvandringa til Noreg auka markant. Ei aktuell problemstilling kan vere å utforske tilhøvet mellom norsk lovgiving og internasjonale namnesystem, og korleis ulike namnetradisjonar møtest i offentleg forvalting. Gjennom sosioonomastiske og sosiolingvistiske tilnærmingar kan stipendiaten undersøkje korleis val av personnamn reflekterer identitet, tilhøyrsle og kulturell bakgrunn, og korleis namnemateriale kan nyttast til å forstå samfunnsprosessar som fornorsking, assimilering og kulturell integrasjon.
Meir informasjon om Fagspråkssenteret kan du finne her.
Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga:
Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse.
Stillinga har ein samla periode på fire år:
- 2,5 år er sett av til arbeidet med doktorgradsprosjektet.
- 1 år er sett av til karrierefremjande arbeid innan undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt ved tilsetjing.
- Som stipendiat blir du tatt opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjaren må ha:
- Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan relevante fagfelt, til dømes språkvitskap, sosiologi, historie, religionsvitskap eller kulturvitskap. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurdert etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeidsevner.
- Evne til å ta initiativ og sikre god gjennomføring i arbeidet.
- Evne til å samarbeide i tverrfaglege fellesskap.
- Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i eit skandinavisk språk ved tilsetting.
- God framstillingsevne på engelsk, skriftleg og munnleg.
Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå ph.d.-programmets pkt. 2.1.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, og ein framdriftsplan for prosjektet. Prosjektet bør bidra til å styrkje granskinga av personnamn som grunnforsking og som eit fullverdig forskings- og utdanningsfelt. Personnamn står sentralt i arbeidspakke 4 i Fagspråksenteret.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførlege dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane, inkludert erfaring med relevante metodar. Det vil òg bli vurdert i kva grad prosjektet kan bidra til ny empirisk kunnskap, metodeutvikling innan namnegransking, og korleis forskinga kan understøtte offentleg forvalting av namn eller kaste lys over allmenne språkvitskaplege problemstillingar. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.
Hos oss får du:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
- Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.
- Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
- Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 568 700 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
- Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga.
- Under «CV»,oppgi:
- Personalia.
- Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg).
- Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste).
- Språkferdigheiter.
- Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- Under «Vedlegg» skal følgjande lastast opp som separate dokument:
- Prosjektskisse på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal tydeleg skildre det vitskapelege prosjektet, inkludert forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og empiri som skal nyttast i prosjektet. Prosjektskissa skal også vise korleis det føreslåtte prosjektet bidrar til forskinga i arbeidspakke 4. Litteraturliste skal følgje prosjektskissa.
- Framdriftsplan for prosjektet som tek omsyn til karrierefremjande arbeid og ph.d.-programmet sin opplæringsdel.
- Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen,skal dei lastast opp som vanlege filer. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som oppgir oppgåva sitt omfang i ECTS.
- Kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
- Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
- Inntil tre fullstendige faglege publikasjonar kan leggjast ved dersom aktuelt.
- Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar.
Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Namngje vedlegga tydeleg.
Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Formelle reguleringar:
- Kandidatar som tidlegare har hatt stipendiatstilling ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje stillinga.
- Tilsetjingsperioden kan bli redusert for kandidatar som tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon.
- Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, telefon:+47 55583653, eller leiar for Fagspråksenteret Marita Kristiansen, e-post: marita.kristiansen@uib.no, telefon:+47 55583069 eller 97604624, eller arbeidspakkeleiar Peder Gammeltoft, e-post: peder.gammeltoft@uib.no.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post:fakadm@hf.uib.no.
Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søkje. Dersom du kryssar av for dette i søknaden, kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om arbeidsgiveren:
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
En Salud Laboral llevamos a cabo servicios de fisioterapia y psicología dentro de empresas.
Actualmente estamos buscando un fisioterapeuta, para comenzar en un nuevo centro de Salamanca, con una jornada mensual de 4h.
La empresa está situada en Castellanos de Moriscos, a las afuera de Salamanca.
Se llevará a cabo una jornada al mes, a elección del candidato del día (martes, miércoles o jueves) y en horario de 15:00 a 19:00h, o bien de 14:00 a 18:00h.
Habrá que llevar camilla y material para llevar a cabo los tratamientos de terapia manual de 30 minutos a los empleados.
En función de la demandá habrá una ampliación de horas a medio plazo, y se tendrá en cuenta al candidato para futuras incorporaciones en la zona, así como la realización de talleres y formaciones.
Interesados enviar CV con asunto.
Para acceder al detalle de la oferta haga click aquÃ
¿Eres el/la próxima estrella de nuestra sidrería? En "Las Güelas", no solo servimos sidra, ¡creamos experiencias! Somos una sidrería con alma joven, en plena expansión, y estamos buscando gente con energía y pasión por el buen hacer para que se una a nuestro "team". ¿Qué buscamos? Buscamos a un/a Camarero/a con actitud, ganas de aprender y que crea de verdad en el poder de un buen equipo. Para nosotros, lo más importante no es solo la experiencia (que también se valora), sino las ganas, el compromiso y la capacidad de sumar. ¡Esta es tu oferta si buscas estabilidad! No es un trabajo temporal, es una oportunidad para crecer con nosotros y formar parte de una familia que no para de expandirse. Tu misión, si decides aceptarla: Servir sidra con el arte y el ritual que se merece. Atender a nuestro público con una sonrisa y haciendo que se sientan como en casa. Trabajar codo con codo con el equipo para que el servicio sea impecable. Aprender sobre nuestras sidras y platos para recomendarlos como un auténtico experto. Mantener el ambiente vibrante y positivo que nos define. ¿Eres la persona que estamos buscando? Tienes actitud positiva y eres un jugador/a de equipo nato. ⚽️ Eres una persona comprometida, responsable y con ganas de dar lo mejor de sí. Te gusta el trato con la gente y se te da genial. Valoras un trabajo estable y un proyecto a largo plazo. Tienes iniciativa y no te asustan los ritmos altos. ¡Nos gusta la energía! (Se valora, pero no imprescindible) Experiencia previa como camarero/a. ¿Qué te ofrecemos nosotros? Contrato estable: Únete a un proyecto serio y con visión de futuro. Buscamos a alguien para quedarse, no para pasar. Crece con nosotros: Somos una empresa en constante crecimiento. ¡Las oportunidades de desarrollo interno están aseguradas para los que demuestren su valía! Si te sientes identificado y quieres dejar de buscar trabajo para tener un proyecto, envíanos tu CV o.
Para acceder al detalle de la oferta haga click aquÃ
Estamos buscando
Fisioterapeuta
Se valora formación complementaria:
Formación en readaptación
Conocimientos en ejercicio terapéutico
Horario de lunes a viernes
Jornada continua
Requisitos:
Colegiado/a
➡️ Envía tu CV:
📧 graditim.zaragoza@gmail.com.
Para acceder al detalle de la oferta haga click aquÃ