Hva vi ser etter
-
Erfaring frå vegprosjekt, kraftverksprosjekt, tomtearbeid og VA‑arbeid
-
Relevant utdanning (fagskule/bachelor) og/eller solid praksis med anleggsstikking/landmåling og dokumentasjon
-
Interesse for digitale arbeidsprosessar og bruk av moderne måleutstyr og programvare
-
Erfaring med mengdeberekning, NS 3420 og prosesskodar
-
Førarkort klasse B
-
Strukturert, nøyaktig og oppteken av kvalitet
-
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
-
Løysingsorientert og praktisk, med forståing for produksjon på anlegg
-
Ein som bidreg positivt til arbeidsmiljø og HMS‑kultur
Arbeidsoppgaver
Du vil få ein variert kvardag med oppgåver innan mellom anna:
-
Anleggsstikking og oppmåling (grunn, veg, VA og betong)
-
Etablering og vedlikehald av grunnlag/fastmerke
-
Mengdeberekning og grunnlag for kontraktsavrekning
· Kvalitetskontroll, dokumentasjon og as‑built/FDV
-
Handtering av stikningsdata, maskinstyring og produksjonsunderlag
-
Tett samarbeid med prosjektleiar, anleggsleiar, formenn, UEar og byggherrar i utføringsfasen
Vi tilbyr
• Ei sentral rolle i gjennomføringa av spanande anleggsprosjekt
• Eit sterkt og jordnært fagmiljø med korte beslutningsliner
• Varierte arbeidsdagar og spanande prosjekt i regionen
• Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
• Moderne maskiner og utstyr
• Vi er tariffbedrift med AFP ordning og tilbyr trygge og ordna arbeidsvilkår, svært gode pensjonsordningar og helseforsikringar
Arbeidstid og arbeidsstad:
Vanleg arbeidstid er måndag--fredag kl. 07.30--15.30. Arbeidsstad vil vere knytt til våre prosjekt, hovudsakleg i Sunnfjord med kontor i Førde. Nokre periodar kan innebere reising etter nærare avtale.
Om arbeidsgiveren:
Magne Hafstad AS er ein solid maskinentreprenør med base i Førde. Vi vart etablerte i 1979 og har i dag om lag 50 dyktige fagfolk. Vi leverer prosjekt innan veg, VA og grunnarbeid for både offentlege og private byggherrar, og jobbar mykje for Statens vegvesen, Vestland fylkeskommune og Sunnfjord kommune.
Vi har moderne maskinpark og jobbar systematisk med HMS, kvalitet, ytre miljø og arbeidsmiljø gjennom sertifiserte leiingssystem (ISO 9001, ISO 14001 og ISO 45001).